Fylkesveg 609 Ringstad - Behov for utbetring Utgreiing som grunnlag for Regional transportplan 2014 - 2023 fylkeskommune

Region vest Vegavdeling Sogn og Fjordane Plan- og forvaltningsseksjonen SVEIS: 2012/154985-1 Desember 2012

Forord Denne rapporten er ei utgreiing som gjeld strekninga mellom Ringstad og Stongfjorden på fylkesveg 609.

Denne strekninga er omtala i «Handlingsprogram for fylkesvegnettet 2010 – 2013 (19)» under kapittel 8.2.1 Større investeringar:

Stongfjorden – . Vegen mellom Askvoll og Førde har ein svært varierande standard. Særleg er den 11 km lange strekninga mellom Ringstad og Stongfjorden dårleg. Det er utført mindre rassikringstiltak på strekninga. Kostnaden med å utbetre strekninga er ikkje vurdert, då dette vil avhenge av val av standard og om det må byggjast tunnel på delar av strekninga.

Fylkestinget vedtok 8. desember 2009 at Stongfjorden – Askvoll skulle stå på ny marginalliste for store prosjekt – alfabetisk/uprioritert.

Utgreiinga er laga etter oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Den er ei fagleg tilråding frå Statens vegvesen og vil vere eit av grunnlagsdokumenta for Regional transportplan 2014 ‐ 2023. Denne vil bli handsama etter reglane i plan‐ og bygningslova. Det er der prioriteringar og val vert gjorde.

Fylkesveg 609 Ringstad – Stongfjorden. Behov for utbetring. Desember 2012 1

Innhald Forord ...... 1 1. Innleiing ...... 3 2. Vegen sin noverande og framtidige funksjon ...... 4 2.1 Omfanget, utstrekninga og funksjonen til vegen ...... 4 3. Status og utfordringar for vegen ...... 6 3.1 Trafikktilhøve ...... 6 3.2 Geometrisk standard og framkomst ...... 6 3.3 Trafikktryggleik ...... 9 3.4 Miljøtilhøve ...... 10 4. Mål for utvikling av vegen ...... 13 4.1 Mål i eit 30‐årsperspektiv ...... 13 4.2 Utfordringar for Ringstad ‐ Stongfjorden ...... 13 4.3 Mål for Ringstad ‐ Stongfjorden ...... 13 5. Strategiar og tiltak for å nå måla ...... 14 5.1 Investeringstiltak ...... 14 5.2 Skredsikringstiltak ...... 15 5.3 Opprusting av tunnelar...... 16 5.4 Mindre utbetringar. Trafikktryggingstiltak ...... 16 5.5 Oppsummering ...... 17

2 Fylkesveg 609 Ringstad – Stongfjorden. Behov for utbetring. Desember 2012

1. Innleiing Riksvegane er ryggrada i det overordna nasjonale vegsystemet. Dei bind landsdelar og regionar saman. Mellom riksvegane, og ut frå riksvegane, går fylkesvegane som fordeler trafikken i regionen.

Mange av fylkesvegane, særleg dei som var riksvegar før regionreforma frå 1. januar 2010, har viktige hovudvegfunksjonar. Samstundes er dei viktige for den lokale trafikken.

Fylkesveg 609 frå Dale til Førde er ein slik veg (dagens ferjesamband Dale – Eikenes er ein del av fv. 609). Den knyter Askvoll kommune til resten av vegnettet i landet.

Denne utgreiinga omfattar den 10,52 kilometer lange strekninga frå Ringstad (krysset med fv. 608 til Askvoll) til Stongfjorden (krysset med fv. 363 til Holevika). Dette utgjer hovudparsellane 7 og 8.

Grunnlaget for utgreiinga er vegnormalane frå Statens vegvesen. Fylkeskommunen kan gjere fråvik frå dei, men det er i enkeltsaker og etter konkrete vurderingar. Dei viktigaste vegnormalane i denne samanhengen er “Veg‐ og gateutforming” (veggeometri for nye og utbetra vegar), “Rekkverk” (side‐ området til vegen), “Vegbygging” (oppbygging av vegkroppen) og “Vegtunneler”.

Kostnadane i utgreiinga er i 2012‐kroner inkludert meirverdiavgift, om anna ikkje er angitt. Dei nye reglane for meirverdiavgift for vegtiltak (ingen fritak) er lagd til grunn.

Utgreiinga er laga på eit overordna nivå, og er meint å vere det faglege grunnlaget for vidare prioriteringar. Denne utgreiinga vil vere eit grunnlagsdokument for fylkeskommunen sitt arbeid med Regional transportplan og for konkrete prioriteringar for perioden 2014 – 2023. Formell planlegging med heimel i plan‐ og bygningslova vil eventuelt vere neste steg.

Fylkesveg 609 Ringstad – Stongfjorden. Behov for utbetring. Desember 2012 3

2. Vegen sin noverande og framtidige funksjon

2.1 Omfanget, utstrekninga og funksjonen til vegen Fylkesveg 609 startar i dag på Eikenes ferjekai. (Den 5,7 kilometer lange ferjestrekninga Dale – Eikenes er og ein del av fylkesveg 609, medan armen frå fylkesveg 57 i Dale til ferjekaia, inkludert ferjekaia, formelt sett er ein del av fylkesveg 57.) I 2013 vert det nye Dalsfjordsambandet ferdig, og fylkesveg 609 vil då starte i rundkjøringa i Nishammartunnelen (krysset med ny fylkesveg 57). Ferje‐ sambandet vert samstundes lagt ned. Fylkesveg 609 endar i Førde i krysset med E39.

I dag er det 67,048 kilometer frå Eikenes ferjekai til Førde. Frå 2013 vil lengda til fylkesveg 609 vere 73,71 kilometer.

Mellom Ringstad og Stongfjorden er det 10,5 kilometer.

Vegen går gjennom kommunane Fjaler, Askvoll og Førde.

Figur 2.1 Fylkesveg 609 Dale – Førde (2012)

Fylkesveg 609 har kryss med desse fylkesvegane:

 fv. 361 i  fv. 608 i Ringstad  fv. 363 i Stongfjorden  fv. 367 i Skorven  fv. 366 i  fv. 366 i Fauske

4 Fylkesveg 609 Ringstad – Stongfjorden. Behov for utbetring. Desember 2012

 fv. 485 i Ulltang

Fylkesveg 609 knyter Askvoll (og deler av Førde) til resten av vegnettet i landet, og er såleis hovud‐ vegen i dette området. Dette vil bli forsterka i 2013 når Dalsfjordsambandet opnar. Frå Dale er det tilknyting sørover via fylkesveg 57 til ferjesambanda over Sognefjorden (fv. 57 Rysjedalsvika – Rutledal og E39 Lavik – Oppedal), og austover via fylkesveg 57 og fylkesveg 610 til E39. I Førde har fylkesveg 609 kryss med E39.

Strekninga frå Ringstad til Stongfjorden inngår i dag i viktigaste sambandet for Askvoll kommune til resten av fylket. Det vil delvis endre seg når Dalsfjordsambandet opnar, men vegen til Førde frå Ringstad om Stongfjorden vil framleis vere om lag like lang som vegen om Dale ( 57 km mot 56 km).

I tillegg er strekninga Ringstad – Stongfjorden eit viktig internt samband i Askvoll kommune, og har dessutan lokalfunksjon for dei som bur langs vegen.

Vegen var ferdig i 1947.

Fylkesveg 609 Ringstad – Stongfjorden. Behov for utbetring. Desember 2012 5

3. Status og utfordringar for vegen

3.1 Trafikktilhøve Trafikken mellom Ringstad og Stongfjorden er relativt liten. I 2011 var årsdøgntrafikken (ÅDT1) 550.

Vi kjenner ikkje fordelinga av lengre reiser (til og frå Førde) og lokalt i kommunen. Trafikkmengda vidare på neste parsell, vidare frå Stongfjorden, er ÅDT 450. Her er det relativt lite lokaltrafikk, slik at ein stor del venteleg er gjennomgangstrafikk til Førde.

Ein del av dei reisande til og frå Førde vil truleg velje Dalsfjordsambandet når dette opnar, men sidan ruta om eksisterande fylkesveg 609 framleis vil vere om lag like lang som det nye alternativet, vil venteleg mange framleis kjøre denne vegen2. Vi ventar derfor ikkje nokon stor nedgang i trafikken. Vi kan derfor leggje til grunn at trafikken framover vil vere om lag som i dag.

Tungtrafikkandelen er 7 %, noko som er relativt lite.

3.2 Geometrisk standard og framkomst

3.2.1 Vegstandard

Vegnormalstandard Denne strekninga inngår i hovudvegnettet i fylket. Ut frå trafikkmenga skal då i hovudsak dimensjon‐ eringsklasse H1 (ÅDT 0 – 1 500 og fartsgrense 80) i handbok 017 «Veg‐ og gateutforming» nyttast for nye vegstrekningar. (Dimensjoneringsklasse HØ1 i høyringsforslag til ny handbok 017.) Vegnormal‐ standard for fylkesveg 609 når det gjeld vegbreidde, er 6,5 meter.

Vegbreidde Strekninga kan grovt delast i tre når det gjeld vegbreidde.

Frå Ringstad og til Søreide, om lag 1,7 kilometer, held vegen bort i mot to‐felts breidde (6 meter). Her gjennomsnittleg vegbreidde 5,8 meter.

Frå Søreide til brua i Stongfjorden, ei strekning på om lag åtte kilometer, er vegen vesentleg smalare. Her gjennomsnittsbreidda 4,5 meter.

Gjennom Stongfjorden sentrum er vegen 7,5 meter, før den vert noko smalar opp mot krysset med fylkesveg 363.

I praksis har store deler av strekninga ei vegbreidde som tilsvarar 1‐feltsveg. (1‐feltsveg er 4,0 meter brei og bør nyttast på samleveg med ÅDT mindre enn 300.)

Minste vegbreidde for å kunne merkje opp gul midtlinje er 6,0 meter. (I tillegg må strekninga vere minst fire kilometer lang.)

1 ÅDT, årsdøgntrafikk, gjennomsnittleg trafikk pr. døgn rekna over året 2 Det er tidlegare gjort berekningar med Regional transportmodell som indikerer at trafikken over Dalsfjordbrua vil vere 620 kjøretøy pr. døgn ved opninga. 136 av desse skal austover/kjem austfrå på fv. 57. Det er ikkje kjent i kor stor grad dette er overførd trafikk eller nyskapt trafikk

6 Fylkesveg 609 Ringstad – Stongfjorden. Behov for utbetring. Desember 2012

Horisontalkurvatur 68 % av strekninga har rettlinje eller kurveradius over 200 meter – som er minimumsradius i forslaget til ny handbok 017 (dagens krav er minimum 150 meter). 24 % har kurveradius under 150 meter, og 10 % har radius under 100 meter. Mindre enn 1 % har radius under 50 meter (fire kurver), den skarpaste kurva har radius på berre 35 meter.

Stigningstilhøve Det er små høgdeforskjellar totalt sett langs vegen, men den har mange høg‐ og lågbrekk. Det er ikkje mange sterke stigningar langs vegen, men det er eksempel på stigningar over maksimumsverdien i handbok 017 (80 ‰).

Tunnelstandard Det er to korte tunnelar på strekninga (Stigabergtunnelen – 47 meter – og Lynghogtunnelen – 17 meter). Begge har skilta maksimumshøgde 4,0 meter. Vegbreidde i dei to tunnelane er høvesvis 2,8 og 3,0 meter).

Tunnelane har ikkje noko form for tryggleiksutstyr eller veglys, noko det heller ikkje er krav om.

Dekketilstand og bereevne Det er nylagt dekke frå Ringstad til Nordeide og gjennom Stongfjorden sentrum. Resten av strek‐ ninga, som har dekke som er 17 – 19 år gamalt, ber preg av slitasje. Det held likevel framleis kravet til spordjupne, men har noko for dårleg kvalitet på langsgåande jamnheit.

På enkelte parti er det synlege skader (krakelering) som tyder på dårleg bereevne. Det gjeld særleg tre strekningar på til saman 1,75 km. Vi har ikkje bereevnemålingar som dokumenterer dette.

Rekkverk Strekninga er stort sett godt dekka med rekkverk.

Enkelte rekkverk kan vere noko korte. Dessutan gjeld det generelt at rekkverka ikkje er avslutta slik som dagen vegnormal krev (utbøying, ettergjevande rekkverksendar).

Rekkverket er til dels gammalt og treng oppgradering (småskader, rust, for lågt). Nokre stader er det ikkje stålrekkverk, men i staden stabbesteinar. Det er behov for 1 600 meter nytt rekkverk.

Drenssystem Grøftene held ikkje dagens krav og har fleire stader dårleg kapasitet. Det er behov for oppgradering på heile strekninga.

Ei stikkrenne må skiftast, men det er mange fleire som også treng oppgradering (gamle, mura stikk‐ renner).

Ei ferist (av fire) treng utskifting.

Strekningar med spesielt dårleg standard Spesielt dårleg standard har vi når fleire av faktorane kurvatur, breidde og stigning slår dårleg ut sam‐ tidig, eller når ein av dei kjem spesielt dårleg ut. Spesielt dårleg standard kan det også seiast at tunnelar har dersom dei ligg langt under standardkrava.

Fylkesveg 609 Ringstad – Stongfjorden. Behov for utbetring. Desember 2012 7

Frå Ringstad til Søreide, og delvis også vidare til Nordeide, er det akseptabel vegstandard. Det same gjeld i Stongfjorden sentrum.

Samla sett er strekninga frå Nordeide til Størdal dårlegast, men også vegen vidare frå Størdal til Stongfjorden sentrum har låg standard.

3.2.2 Fartsgrenser Frå Ringstad er det 80 km/t fartsgrense til om lag 1 400 meter sørvest for Stongfjorden sentrum. Herfrå er fartsgrensa 60 km/t. Gjennom Stongfjorden sentrum er det ei 600 meter lang sone med fartsgrense 50 km/t. Siste 200 meter fram til krysset med fylkesveg 363 har fartsgrense 60 km/t.

Det vil seie at 85 % av strekninga har fartsgrense 80 km/t.

3.2.3 Reisetid Reisetid er vurdert på fleire måtar.

For det første er det brukt Statens vegvesen sin reiseplanleggjar Visveg. Dette programmet tek ikkje omsyn til vegstandard, men baserer seg i stor grad på fartsgrenser. På vegar med så dårleg standard som her, gir denne metoden for kort reisetid. I dette tilfellet blir resultatet 10 minutt.

Reisetida er også berekna med programmet EFFEKT. Denne metoden gjer det mogeleg å vurdere konsekvensane av å utbetre vegen. Resultatet herfrå er vel 16 minutt.

I tillegg er strekninga prøvekøyrd. Gjennomsnittleg kjøretid var 12 og eit halvt minutt.

3.2.4 Kollektivtransport Det er ni tosidige og to enkle (ei på venstre side og ei på høgre side) haldeplassar for buss på den aktuelle strekninga. Dei fleste (14 er kantstopp). Det er fire små busslommer og ei fullverdig buss‐ lomme (i Stongfjorden). Ein haldeplass ligg i eit vegkryss.

3.2.5 Skredsikring Det er tidlegare bygd to vollar ved Størdalsurene. Dei skredpunkta som no står att, ligg mellom Nordeide og Størdal.

Frå 2000 og fram til i dag er det registrert 37 skred på strekninga. Dei fleste er steinsprang og er relativt små. Berre nokre få har ført til vegstenging.

Statens vegvesen la 15. desember 2011 fram ein oversikt over behovet for skredsikringstiltak for riks‐ og fylkesvegane i regionen. Denne oversikten inneheld ein prioriteringsmodell for aktuelle tiltak. Faktorane det vert lagt vekt på, er:

 trafikkmengde  skredfrekvens/lengde berørt veg  om det er mogeleg med omkjøring  kor ofte vegen er stengd på grunn av skred  kor ofte vegen er stengd på grunn av skredfare  om det er fare for skred i område der kjøretøy ventar som følgje av at det har gått skred

8 Fylkesveg 609 Ringstad – Stongfjorden. Behov for utbetring. Desember 2012

Skredsikringsoversikten har med seks prioriterte skredpunkt på strekninga mellom Ringstad og Stongfjorden. Alle ligg innafor ei strekning på 1,4 kilometer langs Eidsfjorden. Dei tre nordlegaste er samanhengande.

Tiltaka er delt inn i høg prioritet (prioriteringstal over 3,5), middels prioritet (mellom 2,5 og 3,5) og låg prioritet (under 2,5).

Tabell 3.1 viser dei seks skredpunkta som er med i skredsikringsoversikten.

Prioritet Stadnamn Type skred Prioriteringstal Tiltak 80 Lynhogtunnelen ‐ Svineelva stein, blautsnø/sørpeskred 3,6 Rensk + bolting 91 Stegaberget aust tørrsnø 3,5 Terrenginngrep 95 Elva ved Stegaberget tørrsnø 3,4 Terrenginngrep, stikkrenne/bru 100 Lynhogtunnelen tørrsnø 3,3 Terrenginngrep, brei grøft 107 Svineelva I og II tørrsnø, stein 3,3 Terrenginngrep 149 Nordalselva blautsnø/sørpeskred 2,8 Terrenginngrep Tabell 3.1 Utdrag frå prioriteringsmodellen i skredsikringsoversikten

Eitt av skredpunkta har høgt prioriteringstal, dei fem andre har middels prioriteringstal. I skred‐ sikringsoverssikten er det ikkje gjort kostnadsrekning av nokon av desse tiltaka.

3.2.6 Gang‐ og sykkelvegar Det er ikkje gang‐ og sykkelvegar på denne strekninga. I Stongfjorden sentrum er det eit einsidig fortau på 210 meter.

Ut frå trafikkmengda på vegen er det ikkje aktuelt med gang‐ og sykkelveg.

3.2.7 Drift og vedlikehald Vi har ikkje oversikt over dei totale drifts‐ og vedlikehaldskostnadene med ei inndeling som gjer det mogeleg å seie kva dette kostar mellom Ringstad og Stongfjorden.

Det er åtte bruer på strekninga med lengde mellom 4 og 13 meter. Ingen av bruene treng oppgrader‐ ing eller innsats for å fjerne forfall.

Det er svært mykje støttemurar på strekninga. Dei fleste er tørrmurar. Det er meldt om tiltaksbehov for tre av murane med eit areal på om lag 250 m2.

Det kjende forfallet og behovet for oppgradering på vegdelen av fylkesveg 609 på den aktuelle strek‐ ninga er på 6 millionar 2012‐kroner. Av dette utgjer vegkropp og drenering 1 million 2012‐kroner, rekkverk 3 millionar 2012‐kroner, støttemurar 1 million 2012‐kroner og overbygning og dekke 1 million 2012‐kroner. I tillegg er det 1,75 km med låg bereevne der det tidlegare ikkje er laga overslag for oppgraderinga.

3.3 Trafikktryggleik

3.3.1 Ulykkessituasjonen Det er registrert seks politirapporterte trafikkulykker med personskade i perioden frå og med 2001 til og med 2010 (10 år).

Fylkesveg 609 Ringstad – Stongfjorden. Behov for utbetring. Desember 2012 9

I ei av ulykkene var det alvorleg personskade, i dei fem andre lettare personskade.

Tre av ulykkene var møteulykker, ei var ulykke i kryss. Ei ulykke var utforkjøringsulykke, og ei ulykke var med velting i kjørebana.

Ei av ulykkene skjedde ved Eidsvika (Nordeidet), ei i Lynghogtunnelen (ulykka med alvorleg person‐ skade), to ved Størdal, ei om lag ein halv kilometer vest for Stongfjorden og ei Stongfjorden sentrum.

Gjennomsnittleg ulykkesfrekvens3 for perioden 2001 til 2010 er 0,29. Til samanlikning er gjennom‐ snittleg ulykkesfrekvens på vegnettet i Noreg 0,21. 2‐feltsveg med fartsgrense 80 km/t har gjennom‐ snittleg ulykkesfrekvens på 0,14.

3.4 Miljøtilhøve

3.4.1 Vegtrafikkstøy Det er utført ei overordna berekning av støy frå vegtrafikken for Askvoll kommune4.

Det er ein del bustadhus på strekninga som ligg i «gul sone», det vil seie utandørsnivå mellom 55 og 60 dBA. Det er ingen personar som bur i hus som ligg over tiltaksgrensa etter forureiningslova5, noko som ville ført til ansvar for vegeigaren til å gjennomføre tiltak.

3.4.2 Luftureining Trafikken på denne vegen er så liten at det ikkje er gjort berekningar av utslepp.

3.4.3 Natur‐ og kulturmiljø Det er laga eigen rapport for naturmiljø. Nedanfor er det teke med eit samandrag.

Ringstad – Søreide. Det er ikkje aktuelt med vegutbetring på denne strekninga no. Delar av grensa til Askvika naturreservat går langs eller nære fylkesvegen. Dersom det skulle bli aktuelt med tiltak i dette delområdet seinare, må det utgreiast om Åkerrikse kan bli påverka.

Søreide – Nordeide. På denne strekninga er det aktuelt med utbetring av eksisterande veg med små omleggingar. I søre delen av dette vegpartiet ligg det ein lokalitet med regionalt viktig hagemark. Område ligg i noko varierande avstand frå vegen, men er på nokre parti heilt inntil. Området bør også sjekkast for kvitkurle (nært trua orkide).

Nordeide – Størdal. Her er det 4,5 km dårleg og skredutsett veg. Det er aktuelt med tunnelløysing eller utbetring av vegen med skredtiltak. På oppsida av garden Nordeide er det registrert eit område med lokalt viktig naturbeitemark. Lokaliteten går nærast vegen i den nordre enden. Lenger nord er det to lokalitetar med svært (nasjonalt) viktige naturbeitemarker. Desse strekker seg på båe sider av vegen. I det søre området er det registrert ein sterkt trua sopp med namnet grå narremusserong. Det er vurdert til å vere potensiale for fleire raudlista artar i desse områda.

3 Ulykkesfrekvens: Tal på personskadeulykker pr. million kjøretøykilometer 4 Berekninga er utført av Statens vegvesen Region vest, ressursavdelinga, planseksjonen med programmet Vstøy/Vluft 6.0.3 5 Tiltaksgrensa etter forureiningslova er 42 dB innadørs. Når vi gjer tiltak innandørs etter T‐1442, brukar vi teknisk forskrift (NS8175 klasse C) som gir eit støynivå på høgst 30 dB gjennomsnittleg i opphaldsrom

10 Fylkesveg 609 Ringstad – Stongfjorden. Behov for utbetring. Desember 2012

På Størdal er det i tidlegare rapportar registrert eit kulturlandskapsområde. Desse opplysningane er ikkje vidareført i Naturbase. Dette bør sjekkast nærare ved ev. tiltak i området.

Figur 3.1 Verna område, naturtypar, EDNA og grunnureiinin. Kjelde: Fylkesatlass

Av svartelista/framande skadelege artar er det funne parkslirekne i vegkanten ved Størdal. Denne arten har status svært høg risiko, og kan vere ressurskrevjande å fjerne.

Eidsfjorden er karakterisert med god tilstand i Vann‐Nett. Det er ikkje registrert påverknader på vassførekomsten.

Størdal – Stongfjorden. På denne strekninga er det aktuelt med mindre utbetringar av den eksisterande vegen. Fram til krysset med fv. 363 er det ingen registrerte naturtypar.

Stongselva er sjøaureførande (anadrom), men vassdraget er regulert til vasskraft. Det er truleg ingen eller små krav til minstevassføring i elva i gjeldande reguleringsregime. Det indre bassenget av Stongfjorden er elles karakterisert med god tilstand. Ein mogleg økologisk påverknad av fjorden kan likevel vere avfallsfyllingar inst i fjorden.

Det er ikkje registrert landskapsområde med landskapsverdi på lokalt eller regionalt nivå. Det same gjeld for nasjonale kulturlandskap og regionalt viktige kulturlandskap.

Det er ikkje registrert viktige friluftsområde eller område for småviltjakt langs vegen.

Fylkesveg 609 Ringstad – Stongfjorden. Behov for utbetring. Desember 2012 11

Det er ikkje registrert automatisk freda kulturminne langs vegen (i avstand som kan ha betyding for ei eventuell utbetring).

12 Fylkesveg 609 Ringstad – Stongfjorden. Behov for utbetring. Desember 2012

4. Mål for utvikling av vegen

4.1 Mål i eit 30‐årsperspektiv Det er naturleg å ta utgangspunkt i den målstrukturen som vil bli nytta i Nasjonal transportplan 2014 – 2023 for utvikling av transportsystemet:

 Betre framkomst og reduserte avstandskostnader for å styrkje konkurransekrafta i nærings‐ livet og for å bidra til samanknyting av felles bu‐ og arbeidsområde  Transportpolitikken skal byggjast på ein visjon om at det ikkje skal vere ulykker med drepne eller hardt skadde i transportsekstoren  Transportpolitikken skal bidra til å avgrense klimagassutslepp, redusere miljøskadelege verknader av transport og bidra til å oppfylle nasjonale mål og Noreg sine internasjonale forpliktingar på miljøområdet  Transportsystemet skal vere universelt utforma

4.2 Utfordringar for Ringstad ‐ Stongfjorden Dei viktigaste utfordringane er:

 Redusert framkomst og høge avstandskostnader pga. dårleg vegstandard (smal, svingete, ujamn veg, låge tunnelar)  Behov for skredsikring  Ulykker  Generelt forfall på vegar, rekkverk, bruer og tunnelar

4.3 Mål for Ringstad ‐ Stongfjorden Statens vegvesen legg til grunn desse måla for strekninga:

 Vegstandarden skal forbetrast. Betre framkomst skal føre til reduserte avstandskostnader  Ulykkesfrekvensen skal reduserast  Forfallet på vegen må takast att

Fylkesveg 609 Ringstad – Stongfjorden. Behov for utbetring. Desember 2012 13

5. Strategiar og tiltak for å nå måla

5.1 Investeringstiltak

Oversikt over heile strekninga er vist på figur 5.1.

Dei strekningane som er føresett utbetra, vert bygd om til veg med breidde 6,5 meter. Tunnelprofil er føresett å vere T8,5 (tunnelbreidde 8,5 meter).

Ringstad ‐ Søreide 1,7 km. Brukbar standard, sjølv om nokre kurvar er noko for skarpe og vegbreidda litt for liten. Vi føreslår ikkje investeringstiltak i denne omgangen.

Søreide ‐ Nordeide 0,8 km. Utbetring av eksisterande veg (breidde og kurvatur) i midels tungt terreng. Kostnaden vil vere om lag 20 millionar kroner.

Nordeide ‐ Størdal Mellom Nordeide er tre alternativ undersøkt, sjå figur 5.1. Eit fjerde alternativ kan vere å ikkje ut‐ betre vegen i særleg grad, men berre gjennomføre skredsikringstiltak og mindre utbetringar (sjå kap. 5.2 og 5.4). Denne strekninga går gjennom tungt, til dels svært tungt, terreng med bratte fjellsider med store urar inn i mellom.

Alternativ 1 er 3,65 km og inneheld ein lang tunnel på om lag 2,6 kilometer. Innsparing i kjøretid kan bli i underkant av fire minuttar og kostnaden vert om lag 650 millionar kroner.

Alternativ 2 er 3,71 km og inneheld tre tunnelar, to korte (360 meter og 340 meter) og ein lang (1640 meter) tunnel, til saman vel 2,3 kilometer. Innsparing i kjøretid vert om lag som for alternativ 1, og kostnaden vert om lag 700 millionar kroner.

Alternativ 3 er 3,72 km og er ei daglinje, bortsett frå ein kort tunnel (40 meter – Stigabergtunnelen). Dette alternativet vil ikkje tilfredsstille vegnormalkrav for veg med fartsgrense 80 km/t. Forsvarleg fart vil vere 60 km/t. Dette alternativet må kombinerast med skredsikringstiltak, då det vil gå gjenn‐ om alle dei utsette områda. Innsparing i tid vert om lag 3 og eit halvt minutt og kostnaden vert over 300 millionar kroner. I tillegg kjem skredsikring av vegen til 16 millionar kroner.

Ei rein breiddeutviding, utan vesentleg forbetring av kurvaturen, vil bli noko billegare. Men også kostnaden med ei slik løysing vil bli vesentleg.

Størdal – Stongfjorden sør Lengde om lag 3,6 km. Utbetring av eksisterande veg (breidde og kurvatur) i middels tung terreng. Potensialet for innspart kjøretid er om lag to minutt. Kostnad vert nærare 100 millionar kroner.

Stongfjorden sentrum Om lag 0,7 km. Standarden gjennom sentrum er god. Det er ikkje aktuelt å gjere tiltak no.

14 Fylkesveg 609 Ringstad – Stongfjorden. Behov for utbetring. Desember 2012

Figur 5.1 Oversikt over fylkesveg 609 Ringstad ‐ Stongfjorden

5.2 Skredsikringstiltak I denne utgreiinga baserer vi oss på oversikten over behov for skredsikringstiltak for riks‐ og fylkesvegane i Region vest frå desember 2011.

Dei seks aktuelle tiltaka er gått i gjennom, og det er laga eit grovt kostnadsoverslag. Kostnad for alle tiltaka til saman er rekna til 16 millionar kroner.

Nordalselva Sprenging og utgraving av magasin, ny kulvert gjennom vegen. Kostnad 4 millionar kroner.

Elva ved Stegaberget Ny og større stikkrenne/kulvert. Kostnad 1 million kroner.

Stegaberget aust Kontroll av området ovanfor vegen, rensking og sikring. Kostnad 2 millionar kroner.

Fylkesveg 609 Ringstad – Stongfjorden. Behov for utbetring. Desember 2012 15

Lynhogtunnelen Kontroll av området ovanfor vegen, rensking og sikring. Kostnad 3 millionar kroner.

Lynghogtunnelen ‐ Svineelva Rensking og bolting. Kostnad 1 million kroner.

Svineelva I og II To rasløp. Ved det sørlegaste oppreinsking og utretting av elveløp. Ved nordlegaste bør det byggjast ei kort bru for å føre skredet under vegen. Elveløpet bør gjerast djupare og det bør byggjast ein tørrmur for verne mot skredet. Kostnad 5 millionar kroner.

Tabellen nedanfor viser forslag til prioritering. Prioriteringstala i skredsikringsoversikten er nytta som grunnlag for rangeringa.

Prioritering Prosjektnamn Kostnad (millionar kroner) 1 Lynhogtunnelen ‐ Svineelva 3 2 Stegaberget aust 2 3 Elva ved Stegaberget 1 4 Lynhogtunnelen 3 5 Svineelva I og II 5 6 Nordalselva 4

5.3 Opprusting av tunnelar Dei to tunnelane på denne strekninga er så korte at det ikkje er krav til utrustning for dei, heller ikkje veglys. Dei har heller ikkje udekka PE‐skum. Problemet er at dei er smale (2,8 – 3,0 meter) og har lita fri høgde (4,0 meter).

Opprustingstiltak vil derfor eventuelt vere breiddeutviding og auking av høgda (Stigabergtunnelen) eller nedsprenging (Lynghogtunnelen). Slike tiltak er likevel naturleg å sjå på i samband med anna opprusting av vegen, og er derfor ikkje behandla særskilt her

5.4 Mindre utbetringar. Trafikktryggingstiltak Dersom strekninga vert utbetra samanhengande, kan det vere aktuelt med punktvise tiltak. Vi vil ut frå ei fagleg vurdering føreslå å nytte 25 millionar kroner til dette.

 Utskifting og utbetring av rekkverk (2 millionar kroner)  Oppsetting av rekkverk på strekningar som manglar rekkverk (særleg mellom Størdal og Stongfjorden) (1 million kroner)  Utbetring av dreneringssystem (1 million kroner)  Utbetring av bereevne og dekke (12 millionar kroner)  Bygging av møteplassar (særleg mellom Størdal og Stongfjorden) (1 million kroner)  Punktvis utbetring av einskildkurver og spesielt smale parti (6 millionar kroner)  Utbetring av breidde og høgde i tunnelane (2 millionar kroner)

16 Fylkesveg 609 Ringstad – Stongfjorden. Behov for utbetring. Desember 2012

5.5 Oppsummering

Kostnadane ved utbetring til vegnormalstandard vert svært høge. Overslaga for begge alternativa vi har vurdert, ligg om kring 770 millionar kroner (til saman for heile strekninga). Også ei utbetring til lågare geometrisk standard vil komme på over 400 millionar kroner. Ei rein breiddeutviding vil bli rimelegare, men vi vil rå frå ei slik løysing ut frå omsyn til trafikksikkerheit.

Dersom det viser seg vanskeleg å finne plass til så store investeringar, vil vi ut frå ei fagleg vurdering føreslå at det vert gjennomført mindre utbetringstiltak og trafikktryggingstiltak. Det bør i så fall setjast av 25 millionar kroner til dette.

Det er også behov for skredsikringstiltak til 16 millionar kroner. Desse tiltaka bør prioriterast i høve til andre slike tiltak i fylket i samsvar med oversikten over behov for skredsikringstiltak.

Fylkesveg 609 Ringstad – Stongfjorden. Behov for utbetring. Desember 2012 17

Region vest Askedalen 4 6863 Leikanger 57 65 58 28 [email protected]