Møtebok frå møte i soknerådet (SR).

Møtedato: 16.01.20 Møtetid: Kl. 19:30-21:45. Møtestad: Kyrkjestova

Desse møtte: Kari Kvikne (leiar), Kjetil Netland (geistleg repr.), Berit Støle, Jenny Kristin Menes, Laila Vang, Ole Eilifsen, Per Tusvik, Kristi Tjoflaat Miconi, Jan Herland, Helge Ulvestad.

Forfall: Anne Karin Solheim Sjøthun og Laila Vang.

Underskrifter:

Sakliste:

01/20: Godkjenning av innkalling og saksliste.

02/20: Godkjenning av referat 31.10.19

03/20: Godkjenning av referat 14.11.19

04/20: Referatsaker:

05/20: Lys på uteområdet kyrkjegarden.

06/20: Godkjenning av prosedyrar.

07/20: Omtale av Balestrand sokn sine mål og arbeidsoppgåver. .

08/20: Årsmøte for Alværa i juni

09/20: Nytt kurs for sokneråda i . Epost frå kyrkjeverja.

10/20: Oppgraderingar i Sæle og kyrkje.

1 11/20: Dugnad for soknerådsmedlemene?

12/20: Kurssekvens i soknerådsmøtet.

13/20: Lokalgruppe for Balestrand.

--

Tilleggssaker:

14/20: Samarbeidsavtale med Teater vedr framsyning av Maria III den 24 mars. 2020

15/20 Ymsesaker.

2

Saker: 01/20: Godkjenning av innkalling og saksliste. Ingen merknad

02/20: Godkjenning av referat 31.10.19 Ikkje mottatt.

03/20: Godkjenning av referat 14.11.19 Uklart om referatet var mottatt. Tek dette opp i neste møte.

04/20: Referatsaker: • Søknad til OVF om midlar til påsketidsvandring er sendt. • Økonomi. Jostein har orientert om at det vil ta tid før vi har oversyn over rekneskapen for Balestrand sokn for 2019 og oppdelinga mellom fellesråd og sokneråd kan ikkje skje før fjorårsrekneskapen er klar. Rekneskapen skal (i teorien) vere ferdig til 15. februar, men etter å har vore utan økonomisjef i Balestrand i heile haust og mange ekstra ting for i samband med samanslåing KAN ting ta lenger tid. AU-Vedtak: Saka må utsettast til vi får rekneskapen frå kommunen. Må be Jostein om ein grov oversikt over disponible midlar. Kari kontaktar Jostein. Orienteringssak til SR. • Konfirmanthelg på Alværa 17 – 19. januar. Kjetil har avgrensa kapasitet i høve til ansvar for konfirmantleir. Har snakka med ein til to foreldre som kan vere med. AU vedtak: Meldingssak til SR der Kjetil orienterer.

SR vedtak: Meldingssakene vart tekne til orientering.

05/20: Lys på uteområdet ved Tjugum kyrkje. Innspel frå Jostein: Lys på vegen til kyrkja har vore drøfta fleire gonger. Det er ikkje så mange gonger i året behovet er der: Berre når ting skjer på kveldstid i vinterhalvåret. Dette gjeld då i hovudsak julekonserten og ev. julaftan (veit ikkje kor mørkt det er på Tjugum kl.16.00). I fjor la eg ut ei lysslynge som hjelpte litt ved julekonserten. I år hadde vi berre faklar. Eg såg også etter julekonserten at to av lyskastarane var vridd feil veg i år. Vanlegvis lyser dei opp litt betre framfor trappa. Eit innspel her er at at vi relativt snart må fornye flaumljos på Tjugum (fordi det ikkje er mogeleg kjøpe pærer til dei vi har lenger). Dette skal ligge inne i økonomiplanen til fellesrådet eit av dei næraste åra, men fordrar at fellesrådet får midlar av kommunen… Det er då snakk om LED-lys, men vi vonar å sleppe å legge nye leidningar. Det kan likevel vere aktuelt å få lagt nokre mye leidningar til lys innanfor porten i samband med denne jobben, så det kan vere greitt å få utgreidd alternative løysingar før det.

Handsaming i AU - tilråding til SR. Saka vert teken opp med soknerådet for drøfting, men må gå vidare til fellesrådet på bakgrunn av at den ivolverer kostnader som ligg til fellesrådet.

3 AU meier det bør vere låge og minst mogeleg dominerande lys langs vegen. Må leggast til rette slik at slått og brøyting ikkje vert hemma. Område som er aktuelt er gangen inn mot hovuddøra, over hovuddøra og langs kyrkja sin nordre vegg til rullestolinngang. I tillegg er rullestolrampen glatt og det må vurderast tiltak ogso her.

Handsaming: Helge informerte, etter samtale med elektrikar om at det vil vere mogeleg å legge ut ledningar og lage soklar til lysa på dugnad. Dette vil redusere utgifter monaleg.

SR Vedtak: Soknerådet går inn for at saka vert sendt til fellesrådet, men spelar inn at deler av arbeidet kan gjerast arbeid på dugnad, evt gjennom innsamling kunne forsere arbeidet.

06/20: Godkjenning av prosedyrer. Når Balestrand sokneråd no ikkje lenger har støtte frå kyrkjeverje som hadde kontroll med det meste, ser ein for seg at det vil bli meir naudsynt med prosedyrar for ulike arbeidsoppgåver der fleire er involvert. Der finns dessutan alt mange prosedyrar som er utarbeida av kyrkjeverje. Desse kan vere naturleg å vurdere for evt justeringar ut frå den nye situasjonen. Det vil vere naturleg at AU utarbeidar utkast til prosedyre som vert lagt fram for SR for godkjenning. Ein får då ein breid vurdering og samtidig er SR informert. Prosedyre for kyrkjekaffiansvarleg: I samband med at det er laga oversikt over personar med kyrkjekaffiansvar for komande halvår er det no laga utkast til prosedyre for kyrkjekaffiansvarleg. Prosedyren vert lagt fram til godkjenning. Sjå vedlegg på eiga fil.

SR-Vedtak: Alle prosedyrar skal vedtakast av soknerådet. Prosedyre for kaffiansvarleg vert vedteken som den føreligg.

07/20: Omtale av Balestrand sokn sine mål og arbeidsoppgåver. Innspel frå Helge: Eg er vant frå ‘organisasjonslivet’ at ein har eit kvalitetssikringssystem som gir, både overfor styret og tilsette eit bilde av lovgrunnlag, retningsliner, målsettingar mv som gjeld. Er dette aktuelt for soknerådet? For fellesrådet i Sogndal er det laga eit ‘mål og verdidokument’ som har noko tilsvarande innhald. Vedlagt er utkast til mal / overskrifter for eit slikt system. Dette er kun eit framlegg frå meg til drøfting. Som del av denne saka må ein få klart kva oppgåver Jostein skal ha i høve til soknerådet ut frå den nye situasjonen med samhandling med Sogndal.

SR-Vedtak: SR ser det som viktig å få til slikt system. AU jobbar vidare med utkast og det vert sett av tid i neste møte til å arbeide vidare med dokumentet.

4 08/20 Årsmøte for Alværa i juni. Ingvald Frøyen har orientert om Årsmøtet den 7. juni. Alle sokn som brukar leirstaden vert invitert til møtet med stemmerett. Viktig at Balestrand støttar opp om leirstaden som no har snudd underskot til overskot ved at alt arbeid vert gjort på frivillig basis. AU vedtak: Kjetil skaffar meir informasjon om drifta og orienterer i kommande SR møte.

Handsaming i SR: Kjetil orienterte om årsmøte på alværa den 7. juni.

SR vedtak: SR tek orienteringa til vitande. Ein kjem attende til dette i neste møte då det òg må veljast representantar til årsmøtet på Alværa.

09/20: Nytt kurs for sokneråda i Sogndal. E-post frå kyrkjeverja. Det har kome fram kritikk av kurset for sokneråda som var arrangert av bispedømmekontoret. Kurset var lite konkret i høve til soknerådsarbeid. Det vert difor skipa til nytt kurs for sokneråda der kyrkjeverje Jorunn Merete Haukaas Eide står for organiseringa. Fokus vert retta mot det konkrete arbeidet i sokneråda og fordeling mellom oppgåvene for sokneråd og oppgåvene for fellesråd. Kurset vert halde onsdag 5. februar, ettermiddag (tidspunkt vert avklara). AU har meldt ønske om at kurset vert halde på . Ein avventar nærare innkalling. Viktig at så mange som mogeleg av soknerådsmedlemene vert med.

SR-vedtak: Fleire av SR medlemene melde seg til kurset i møtet. Deltakarar som treng meir tid for avklaring melder seg innan 3. februar.

10/20: Oppgradering i Sæle og Tjugum kyrkje: Sæle: • Regulering av manus-pult på preikestolen • Lys over altaret • Rydding av møblar i sakristi. • Lys i sakristi.

Orientering av Kjetil: Sæle: Det er dårleg arbeidslys både i koret og sakristiet i Kyrkja. Det må vurderast betre lyssetting. Sakristiet er lite rom og har mørk trefarge. Dert må vurderast å måle taket for å lyse opp rommet. Det må avklarast om dette må leggast fram for Riksantikvaren.

Tjugum: Diverse må òg gjerast i Tjugum både når det gjeld elektrisk installasjon, fjerne benker, vurdere høgtalaranlegg mv.

AU-vedtak: Kjetil og Helge inviterer med Kurt Ove Lidal og gjer synfaring. Lidal vil kunne gje prisoverslag for arbeidet.

5 Meldingssak til SR.

SR – vedtak: SR tok orientering til vitande. AU vil etter synfaring legge fram meir konkrete forslag til kva som kan gjerast og kjem attende til SR med forslag til tiltak.

11/20: Dugnad for soknerådsmedlemene? Ein del av arbeidet nemnt i sak 13/20 kan gjerast på dugnad. AU ynskjer å utfordre SR til dugnad. Dette kan òg gi eit godt høve å bli betre kjend med utfordringar i kyrkja. Ein legg fram sak for SR og drøftar evt. aktuell dag.

SR-vedtak: Fleire sa seg viljug til dugnad. Endeleg avklaring når ein veit meir konkret om arbeidet og dato for dugnad er sett.

12/20: Kurssekvens i soknerådsmøtet. I første møtet vart bestemt at Kjetil på kvart soknerådsmøte tek opp ulike tema med bakgrunn i boka vi har fått utdelt om arbeidet i sokneråda. I kommande møte tek Kjetil opp: Kapittel 4 med hovudvekt på side 67-74. SR medlemene les gjennom desse sidene før møtet.

Handsaming: Kjetil gjekk gjennom ovannemnde avsnitt av boka. Ein hadde påfølgande drøfting.

SR- vedtak: Ein følgjer opp i Mål og verdidokumentet kva deler av arbeidet ein skal prioritere og kva utval ein skal opprette for å ivareta arbeidet.

13/20: Lokalgruppe for Balestrand. Kjetil tok opp tankar om å etablere ei gruppe som jobbar samla for å fremje saker for Balestrand i nye Sogndal kommune. Fleire instansar er aktuelle å delta, ogso kyrkja. Når det gjeld kyrkjelydsbladet, som no vert endra frå eige blad til fellesblad for heile Sogndal kan ein alternativt tenke eit fellesblad for det som før var Balestrand kommune og som inkluderer funksjon som kyrkjelydsblad. Organet må fundamenterast på lag og organisasjonar og næring. Orienteringssak til SR. Kjetil orienterer vidare.

Handsaming. Kjetil orienterte om lokalgruppe og stilte spørsmål om ein kan opne opp for at kyrkjelydsbladet kan ivareta funksjon som felles blad for Balestrand. Det var positiv reaksjon på forslaget. Innspel om at soknerådet bør ha ein el fleire representantar i ei redaksjonsnemnd.

SR vedtak: SR er positiv til evt oppretting av eit bygdelag for gamle Balestrand kommune. SR må velje ein el fleire representantar til redaksjonsnemnd.

6

Tilleggssaker:

14/20: Samarbeidsavtale med Vestland Teater vedr framsyning av Maria III den 24 mars. 2020

Viser til utsendt avtale frå Kari i dag. • SR må ta stilling til om Teater Vestland kan leige kyrkja for denne framsyninga. Maria II var ei framsyning klart i tråd med kyrkja sitt lære og trusgrunnlag. Dersom denne framsyninga er av tilsvarande innhald, er det grunnlag for å godkjenne søknad om å bruke kyrkja.

• SR må vidare ta stilling til om ein går inn for samarbeid i samsvar med tilsendt avtale.

• I tillegg må ein peike ut ansvarlege for følgjande: • Henge opp plakatar seinast tre veker før speledato. • Distribuere flygeblad seinast tre veker før speledato. • Informere så godt det let seg gjere i lokalsamfunnet. • Få framsyninga med på eventuelle lokale kulturkalendar / kulturoversikter. • Ansvar for sal av billettar ved inngang til framsyninga (Ticketco). • Har ansvar som vakt i tidsrommet teateret nyttar lokalet, sjå vedlegg for ansvarsoppgåver. • Føre opp ein sosiale media ansvarleg som kan invitere aktuelt publikum til arrangementet.

Balestrand songlag: Førre teaterframsyning (Maria II) var òg på ein tysdag som er øvingsdagen for Balestrand Songlag. For å promotere framsyninga for kormedlemene, vart det då ordna med grupperabatt. For at koret skulle få høve å gjennomføre si øving denne kvelden, vart det i tillegg lagt til rette for at koret kunne øve gratis i kyrkjestova. SR må vurdere om dette kan vere aktuelt òg ved denne framsyninga. Dersom det vert aktuelt, er det ønskeleg for koret at framsyninga startar kl 20:00 slik at korøving kan takast før framsyninga.

Handsaming: Kari orienterte om saka. Kort drøfting.

SR-vedtak: 1. Soknerådet går inn for at kyrkja vert utlegd til nemnde teaterframsyning. 2. Personar til utsending av plakatar mv: a. Kari spør Jostein om å sende ut felles SMS til kyrkjelyden b. Kari tek ansvar for plakatar og flygeblad og destribuerer. c. Kari kontakta teateret om grupperabatt til koret og Sygna, evt andre. Avklarar klokkeslett på kvelden. 3. Koret får høve til å øve gratis i kyrkjestova.

7 Ymse: • Ole Eilifsen ynskjer å trekke seg frå kyrkjevertfunksjonen ettersom han har delansvar som klokkar. o Dette vert teke til fylgje og Kari set opp erstattar i kyrkjevertfunksjonen. • Marit Vannes tok opp spørsmål om ein kan redusere bruken av papir i SR møtet. Tok og opp spørsmål om digital vising av salmar i kyrkja (vising på lerret). Dette kan vere lettare for svaksynte. o Soknerådssaker: Vart vist til at ein sender ut sakene elektronisk og at ein går gjennom på skjerm. o Forslag om at ein kjøper inn salmebøker med stor skrift. Digital vising av salmar i kyrkja er ei større sak som SR må vurdere nærare. • Per Tusvik tok opp spørsmål om attgraving av graver. Ikkje rett å presse saman grava. o Kjetil og Helge tek dette opp med vedkomande som har ansvar for gravinga i møte på komande tysdag. • Brev frå KRFU som er arrangør for Holmevassstemnet om samarbeidsavtale for Balestrand sokn vedr stemnet den 16. august. o Vert teke opp att i neste møte

Referent Helge Ulvestad

Helsing Kari Kvikne (leiar)

8