Microsoftxwordx ... 09Xavxkristinxhatledal.Pdf
Krigsheltinne eller tyskarjente? Historia om Dagmar Lahlum - i lys av andre etterretningskvinner Kristin Hatledal Masteroppgåve i historie Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) Universitetet i Oslo Våren 2009 Forord Når eg no etter to år avsluttar masteroppgåva mi er det fleire som fortenar ein takk. Aller først vil eg takke rettleiaren min, Gro Hagemann, for fleire fine rettleiingstimar og god hjelp med oppgåva. Eg vil spesielt takke for den gode hjelpa ho har gjeve meg med å få ein skikkeleg struktur på oppgåva. Eg vil også gje ein stor takk til Hans Olav Lahlum, som har vore til veldig god hjelp med oppgåva, både med opplysningar om Dagmar Lahlum, og ved å lese gjennom oppgåva og komme med nyttige kommentarar. I denne samanheng vil eg også takke Tore Pryser, som også har lest gjennom oppgåva mi, og gjeve meg faglege innspel i tilknyting til dette. Under arbeidet med oppgåva har eg vore så heldig å få møte, og intervjue, sju kvinner. Dei har vore veldig hjelpsame, og stilt opp med svar på dei spørsmåla eg har hatt. Utan deira samarbeid hadde denne oppgåva aldri vorte det den er i dag. Så tusen takk til Wenche Tenvig, Wanda Heger, Sonja Barth, Karin-Lise Brænden, Eva Kløvstad, Edith Hegnar og Bibbi Røset. Eg vil også takke alle gode vener for den fine tida eg har hatt her på Blindern, og all den støtta og oppmuntringa eg har fått i dei tidene det har gått litt trått, spesielt vil eg takke Aud Marit. Til slutt vil eg takke familien min og Anders, for at dei har lest gjennom oppgåva mi, og gjeve meg kommentarar på det dei har lest.
[Show full text]