Biologisk Mangfald I Sogndal Kommune
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
BIOLOGISK MANGFALD I SOGNDAL KOMMUNE Kartlegging og verdisetting av naturtypar, vilt og raudlisteartar Nærare studiar av artsrike vegkantar i Sogndalsdalen Eldrid Nedrelo Cand. scient. oppgåve Institutt for biologi og naturforvaltning Norges Landbrukshøgskule 2001 Føreord Denne hovudoppgåva er utført som Cand. scient. oppgåve ved Institutt for biologi og naturforvaltning, Norges Landbrukshøgskule, Ås. Inspirasjonen til å skriva oppgåva har først og fremst kome gjennom alle dei fine naturopplevingane eg har hatt i heimkommunen min gjennom mange år. Arbeidet med oppgåva har vore særs lærerikt, og eg har lært naturtilhøva i Sogndal endå betre å kjenna. Først vil eg rette ei stor takk til Jørn Erik Bjørndalen som har vore hovudrettleiar og til siderettleiar Inger Auestad; for god rettleiing, nyttig kritikk undervegs, og inspirerande samtalar! Takk til Liv Norunn Hamre for god hjelp i samband med ordinasjonsanalysane og for utforminga av ordinasjonsdiagramma! Takk også til Halvard R. Pedersen for innføring i Arc View og tolmodig hjelp med datatekniske problem. Ei spesiell takk til Johannes Anonby, Knut Kay Berget, Jørn Erik Bjørndalen og Gjert Heiberg for god informasjon, samt lærerike turar i felt, og til alle andre som har kome med nyttige opplysningar om naturtilhøva i Sogndal! Takk også til Liv Kvåle Nedrelo som har lese korrektur, og til Sogndal kommune for økonomisk støtte og lån av kontor. Elles vil eg takka sambuarane mine på Pentagon for eit triveleg og oppmuntrande miljø! Takk til deg Halvard for interessante diskusjonar om biologisk mangfald, for di støtte når frustrasjonen har teke overhand, og ikkje minst for at du har fått meg til å gløyma oppgåveskriving og biologisk mangfald innimellom! Til slutt vil eg få retta ei stor takk til den næraste familien min heime på Loftesnes for all støtte som de har gitt meg i løpet av studietida! Sogndal, september 2001 Eldrid Nedrelo Samandrag Oppgåva inneheld sensitive opplysningar, og dette eksemplaret er difor unnateke offentlegheit, med heimel i ”Lov om offentlighet i forvaltningen” av 19. juni 1970 nr. 69 § 5 og § 6 pkt. 2c. St. meld. nr. 58 (1996-97) er ei direkte oppfølging av ”Rio-konvensjonen” om vern og bærekraftig bruk av biologisk mangfald. I følgje denne stortingsmeldinga er alle kommunane i landet plikta å gjennomføre ei registrering av biologisk mangfald innan 2003. Oppgåva tek føre seg kartlegging og verdisetting av biologisk mangfald i Sogndal med utgangspunkt i metoden som er skildra i DN-handbok 13-1999, ”Kartlegging av naturtyper. Verdisetting av biologisk mangfold”. Opplysningane byggjer hovudsakleg på eksisterande informasjon om naturareala i kommunen, men tidlegare uskildra lokalitetar er også registrerte. Til saman er 92 naturtypeområde klassifiserte, kartlagde, skildra og verdisette. Desse lokalitetane er fordelte på følgjande hovudnaturtypar: 2 område med myr, 2 område med rasmark, berg og kantkratt, 2 område med fjell, 44 område med kulturlandskap, 5 område med ferskvatn/våtmark, 30 område med skog og 7 område med havstrand/kyst. 26 naturtype- område har fått verdi A som svært viktige, 46 naturtypeområde har fått verdi B som viktige, og 20 naturtypeområde har fått verdi C som lokalt viktige. Utanom dei 92 naturtypeområda er det registrert totalt 19 punktførekomstar av raudlisteartar. 14 av desse punktførekomstane har fått verdi A som svært viktige, og dei resterande 5 punktførekomstane har fått verdi B som viktige. Vegkantar er nærare studerte i eit avgrensa område i Sogndalsdalen. Dette for å sjå kva tyding naturtypen artsrike vegkantar har for biologisk mangfald. Vegetasjonen i vegkantane er undersøkt ved transektanalysar. Vegkantane i Sogndalsdalen er artsrike, og førekomst av ulike økologiske artsklassar viser at vegetasjonen er heterogen. Skogsvegkantane viser høgst artsdiversitet, og dei har ein verdi med omsyn til bevaring av biologisk mangfald på lokalt nivå. På regionalt og nasjonalt nivå er det derimot viktigast å kartleggja tørrengvegkantane fordi dei husar sårbare og sjeldne slåtteengartar. Dette er i tråd med prioriteringane i DN- handbok 13-1999. DN-handbok 13-1999 har i seg ulike metodar for kartlegging av biologisk mangfald, og ser difor ut til å vera både føremålstenleg og brukarvennleg. Likevel er det behov for konkretisering av skjønnsmessige kriterium og presisering av relative omgrep som ligg til grunn for naturtypeklassifisering og verdisetting av biologisk mangfald. I utgangspunktet skal kartlegginga baserast på eksisterande informasjon, men feltarbeid viser seg å vera naudsynt for å kvalitetssikra opplysningane. I tillegg til registrering av raudlisteartar bør viltkartlegging integrerast i naturtypekartlegginga for å få ei meir grunngitt prioritering, eit betre grunnlag for forvaltning, samt skjøtsel av dei avgrensa områda. For å bevara biologisk mangfald må informasjonen om verdifulle lokalitetar nå forvaltarane av områda, også private grunneigarar. Med ei kvalitetssikra oversikt over det biologiske mangfaldet i kommunen kan først og fremst dei kommunale arealplanleggarane og politikarane styra arealbruken i kommunen på ein forsvarleg måte. Gjennom sine avgjerder kan desse aktørane ta omsyn til biologisk mangfald som eit planelement i den langsiktige arealplanlegginga eller direkte i plan- og byggjesakshandsaminga. Abstract Nedrelo, E. 2001. Biodiversity in Sogndal Municipality, Norway. Habitats, Wild Animals, Threatened Species. Thesis, Institute of Biology and Nature Conservation, Agricultural University of Norway. This thesis contains sensitive information, and in accordance with ”Act of 19 June 1970 No. 69 relating to public access to documents in the public administration (Freedom of Information Act), § 5 and § 6 pt. 2c, it is not available for the publicity. Norway has ratified the Convention on Biological Diversity, Rio de Janeiro 1992. In accordance with the aim of this convention, all Norwegian municipalities are obliged to map and valuate areas important to biodiversity within 2003. The subject of this thesis is mapping and valuating biodiversity in the municipality of Sogndal by using a manual prepared by The Directorate for Nature Management, DN Manual 13-1999. The thesis includes a collection of formerly recorded locations that are valuable for biodiversity in Sogndal, but it also includes records of areas earlier unknown. A total of 92 habitats have been classified, mapped, described and valuated. These were 2 mires, 2 scree and rock areas, 2 alpine areas, 44 cultivated areas, 5 areas of freshwater and wetland, 30 forest areas and 7 coastal and seashore areas. 26 areas are valuated as “extremely important”, termed “A”, 46 areas are valuated as “important”, termed “B”, and 20 areas are valuated as “locally important”, termed C. In addition to the 92 habitats, 19 point-occurrences of threatened species are recorded. 14 point-occurrences are valuated as “extremely important”, termed “A”, and 5 point-occurrences are valuated as “important”, termed “B”. A more detailed study of road verges was conducted in Sogndalsdalen to evaluate the importance of these habitats to biodiversity. The floristic composition was studied by transect analysis. The study revealed that road verges in Sogndalsdalen are species-rich habitats, and the occurrence of species with different ecological adaptations within limited ranges indicates the diversity in these habitats. Different vegetation types are registered, and forest verges are the most species-rich road verges, thus regarded as important road verges to biodiversity on a local scale. On regional and national scales, dry meadow-like road verges are regarded as the most vulnerable, due to their content of vulnerable and rare species, i.e. light-demanding species associated with semi-natural vegetation types. This is in accordance with the criteria for classification and valuation of road verges in the DN Manual 13-1999. The guidelines on mapping of habitats in DN Manual 13-1999 seem suitable for the purpose. Nevertheless there is a need of more specific definitions of approximate criterions, and precisely definitions of relative concepts used for classifying areas and valuating their importance to biodiversity. Primarily the mapping is based on existing information, but the actual localities also should be inspected to verify the information. In addition to recording threatened species, wildlife should be an integrated part of the mapping to ensure a well-founded valuation, and also a more reliable management of the areas. To preserve biodiversity, information about valuable areas must be accessible to the managers. The principal objective of the mapping is to provide local authorities with a tool for considering biodiversity. This tool might enable the authorities and other actors to consider biodiversity in land- use planning, in both long and short terms. Biologisk mangfald i Sogndal kommune Innhald Innhald Innhald................................................................................................................................................................... 1 1 Innleiing........................................................................................................................................................ 4 1.1 Kva er biologisk mangfald?................................................................................................................................ 4 1.1.1 Kva finst av biologisk mangfald ? .............................................................................................................. 4 1.1.2 Raudlista....................................................................................................................................................