Trolltunga City
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Trolltunga city Ein analyse av Odda - ein mangesidig turiststad Kristian Valen Masteroppgåve i museologi og kulturarv MUSKUL4590 30 Studiepoeng Vår 2018 Institutt for kulturstudium og orientalske språk UNIVERSITETET I OSLO II Trolltunga city Ein analyse av Odda – ein mangesidig turiststad III © Kristian Valen 2018 Tittel: Trolltunga city Forfattar: Kristian Valen http://www.duo.uio.no/ Trykk: Reprosentralen, Universitetet i Oslo IV Samandrag Denne oppgåva tek føre seg å vise korleis Odda i Hardanger blir presentert til norske og internasjonale turistar. Eg går diskursivt til verks for å finne ut kva Odda som blir presentert. Spesielt går eg inn på omgrepa natur, kultur og industri og ser på korleis desse er i samspel i Odda. Odda er ein stad som er definert av dei høge fjella som ligg rundt, samt fjorden som ligg i botn av dalen. Sentrum er prega av industrireisinga på 1900-talet. Det er fleire store fabrikkar og vasskraftverk i Odda og Tyssedal. Nokre av desse er framleis i drift, medan andre er ute av drift og verna som kulturarv. Odda er ein turiststad som definerast av Trolltunga, «utspringet som kjemper mot naturkreftene», ei steintunge som ligg over Ringedalsvantet, opp frå Tyssedal. Det er ein av Noregs største turistattraksjonar, med 100 000 besøkande i 2017. Eg synar korleis Trolltunga er blitt ein så stor attraksjon, og drøfter kvifor det har blitt slik. Eg meiner at Trolltunga er «skapt» gjennom ein effektiv marknadsføringskampanje, samtidig som Odda er eit barn av moderne sosiale medium. På Instagram, Facebook og Tripadvisor spreiast «Trolltungabilete», som i stor grad er like i form og motiv, og når ut til alle verdshjørne. Dette på ein mindre profesjonell måte enn via tradisjonelle kanalar. Trolltunga er eit reisemål som ser meir spektakulært ut på bilete enn når ein står ytst på Tunga. Turisten møter Odda i fleire kanalar, og eg ser på fleire av dei, både korleis staden blir presentert lokalt, men og korleis staden blir presentert på internett og brosjyrar. Hovudfokus har vore på turistbransjen, som inkluderer både museum, kommunen og ulike turistfirma. Eg synar korleis Odda er forma av den enorme populariteten til Trolltunga, og korleis den saman med industri, kultur og andre naturreisemål formar ein mangesidig turiststad. V VI Føreord Denne masteren har vore i mine tankar heilt sida eg var på skitur i Vinje romjula 2016. Eg såg ned på det oppdemte Bordalsvatnet og bestemte meg for å skrive noko omkring vasskraft, industri og natur. Sida det har eg fått hjelp av utruleg mange ulike personar, både gjennom sparring av idear, spissing av tema, inspirasjon og samtalar. Eg ynskjer spesielt å takke mine to rettleiarar Bjørn Sverre Hol Haugen og Ulf Ingemar Gustafsson for godt samarbeid og gode tilbakemeldingar, utan rettleiing, ingen master. Eg ynskjer og å takke alle mine informantar i Hardanger, både hjå NVIM, Odda kommune, Trolltunga active og Reisemål Hardangerfjord. VII VIII Innhaldsliste Introduksjon ....................................................................................................................... 1 Problemstilling ................................................................................................................... 2 Kontrastfylte Odda ............................................................................................................. 2 Nokre omgrep ......................................................................................................................... 3 Stadhistorie ............................................................................................................................. 4 Forskingshistorie .................................................................................................................... 6 Relevans ................................................................................................................................. 8 Struktur ................................................................................................................................... 9 Metode, teori og materiale ............................................................................................... 11 Diskursanalyse ..................................................................................................................... 11 Tre tilgangar til diskursanalyse ........................................................................................ 12 Min metode .......................................................................................................................... 14 Metodebruk av diskursanalyse ......................................................................................... 14 Omgrep ................................................................................................................................. 18 Arv .................................................................................................................................... 18 Industriell kulturarv .......................................................................................................... 21 Naturarv ............................................................................................................................ 22 Natur og kultur ................................................................................................................. 24 Turisten, blikket og landskapet ........................................................................................ 25 Kva er turistane sitt Odda? ............................................................................................... 27 Innleiing ............................................................................................................................... 27 Naturen er ramme ................................................................................................................. 28 Kulturen i sentrum ................................................................................................................ 30 Det store spranget ............................................................................................................. 31 Odda før turismen ............................................................................................................. 33 Vegen mot Trolltunga ...................................................................................................... 34 Turisten, Oddingen, og reiselivsbransjen ......................................................................... 38 Trolltunga city ...................................................................................................................... 39 Naturstaden ....................................................................................................................... 40 Natur og Industri .............................................................................................................. 41 Innleiing ............................................................................................................................... 41 IX Industrituren Trolltunga? ...................................................................................................... 43 Industrien i naturen ............................................................................................................... 47 Speler industrien og naturen på lag? ................................................................................ 49 Odda på staden og på nett .................................................................................................... 52 Konklusjon ....................................................................................................................... 54 Litteraturliste ............................................................................................................................ 56 Bilete .................................................................................................................................... 59 Vedlegg .................................................................................................................................... 60 Vedlegg 1 Materiale ......................................................................................................... 60 Vedlegg 2 Kart over Odda og Tyssedal ........................................................................... 63 Vedlegg 3 Samtykkeskjema ............................................................................................. 64 X Introduksjon Odda – kontrastenes kaleidoskop Opplev et eventyr av brusende fosser, smaragdgrønne fjorder, blå isbreer, sølvstenkte topper og frodige daler. Oddas forunderlige natur kan tilby det meste. Trolltunga er det største eksempelet på hva Oddas overraskende natur kan tilby. Dette utspringet som kjemper mot naturkreftene skaper et av de mest imponerende utsiktspunktene som finnes. Hos oss er det et vell av andre ting å oppleve. Vi er omgitt av to nasjonalparker, Europas dypeste snø i Røldal, Røldals unike stavkirke, Buerbreen og den historiske industribygda Tyssedal. Vi har mange aktiviteter med stor bredde som venter på å bli utforsket.1 Dette er introduksjonen ein får når ein besøker visitodda.com, Odda kommune si reiselivsnettside, i tillegg er det eit stort bilete av den mest besøkte turistattraksjonen i Odda, Trolltunga. Dette er og ein god introduksjon til det Odda eg ynskjer å utforske i denne oppgåva. Trolltunga er eit av dei største reisemåla i Noreg, med eksplosiv vekst dei siste ti åra. Odda har i løpet av få år