Reguleringsplan, Gudvangen Sentrum, Aurland Kommune, Sogn Og Fjordane Fylke Konsekvensutgreiing
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Reguleringsplan, Gudvangen sentrum, Aurland kommune, Sogn og Fjordane fylke Konsekvensutgreiing FORORD Sweco utarbeida på oppdrag frå Aurland kommune konsekvensutgreiing i samband med reguleringsplan for Gudvangen sentrum. Vinteren 2009 vart saka lagt fram for planutvalet, og det vart gjort vedtak om at arbeid med reguleringsplan for Gudvangen kunne starte opp. Planen vart vurdert omfatta av for- skrift om konsekvensutgreiing, og i februar vart det utarbeidd planprogram. Varsel om oppstart vart sendt grunneigarar, berørte partar og høyringsinstansar 03.02.2009. Varse- let vart kunngjort i Sogn Avis og Hordaland 03.02.2009. Planen vart lagt ut til offentleg ettersyn 10.06.2010. Aurland kommune har etter det overteke vidare bearbeiding av planen. Siv.ark. Jarle Sandvik har i samband med dette vore innleidd som rådgjevande konsulent. Det finst i dag ein godkjend reguleringsplan for Gudvangen sentrum. Reguleringsplanen som no vert lagt fram gjer mindre justeringar av denne samt føreslår nokre nye tiltak. Nye tiltak i planen er to parkeringsplassar, gjestetoalett, bygg for avfallshandtering, utviding av dagens kai for tendarbåtar frå cruiseskipa og utviding av småbåthamn. Utanfor den gjel- dande reguleringsplanen vert det føreslått ei utvida skulder langs E16 som kan nyttast til ferdsel, gjestahamn langs Ramsøy samt ei utskipingskai for mineral. Det er i vedteken kommuneplan av 18.06.2009 fastsett 4 alterna- tiv til plassering for utskipingskai. Det er vidare fastsett at desse alternativa skal drøftast i sam- band med ei konsekvensutgrei- ing. Konsekvensutgreiinga inneheld to omfangsvurderingar, ein for dei nye tiltaka i planen utan utski- pingskai og ein som vurderar dei fire alternativa for utskipingskai. I samband med offentleg ettersyn vart det reist fleire motsegner mot planen. Krava i motsegnene vart etterkomne i revidert plan utarbeidd våren og sommaren 2011, med unntak av utskipingsanlegget. Aurland kommune gjorde i møte 27.08.2012 vedtak om at den delen som går på utskiping av anorthositt vert teken ut av detaljplanen og at planen vert lagt ut på ny høyring. Når det er aktuelt med større utskiping av anorthositt, må det løysast gjennom ein kommunedel- plan for Nærøydalen. Framsidefoto: Gudvangen. Foto: Jarle Sandvik Aurland, februar 2013 Jan Olav Åsarmoen Møller Rådgjevar Siv.ark. mnal Jarle Sandvik Aurland kommune Reguleringsplan for Gudvangen sentrum. Konsekvensutgreiing Side 1 av 59 INNHALD 1 BAKGRUNN ................................................................................................................... 3 2 MÅL FOR PLANARBEIDET ........................................................................................... 3 3 FORESLAGSTILLER ..................................................................................................... 3 4 KRAV OM KONSEKVENSUTGREIING (KU) ................................................................. 4 5 OVERORDNA PLANAR OG RETNINGSLINJER .......................................................... 5 6 SKILDRING AV PLANOMRÅDET .................................................................................. 8 6.1 INTENSJON MED PLANEN ............................................................................................................ 8 6.2 NULLALTERNATIV ....................................................................................................................... 9 7 TEMA FOR UTGREIING .............................................................................................. 10 8 METODE ...................................................................................................................... 11 9 KONSEKVENSUTGREIING ......................................................................................... 13 9.1 SAMFUNNSUTVIKLING I GUDVANGEN ......................................................................................... 13 9.1.4 VEGSYSTEM OG TRAFIKK .......................................................................................................... 15 9.2 STØY OG FORUREINING ............................................................................................................ 18 9.3 NATURMILJØ, FRILUFTSLIV, TURISME, NÆRMILJØ LANDSKAP, ESTETIKK, LANDBRUK OG GRØNSTRUKTUR ...................................................................................................................... 22 9.4 KULTURMINNE, KULTURLANDSKAP ............................................................................................ 27 9.5 ROS ....................................................................................................................................... 36 9.6 OPPSUMMERING OG RANGERING AV KAIALTERNATIV .................................................................. 57 Reguleringsplan for Gudvangen sentrum. Konsekvensutgreiing Side 2 av 59 1 BAKGRUNN Gudvangen ligg inst i Nærøyfjorden og er ein del av vestnorsk fjorlandskap som står på UNESCO si verdsarvliste og grensar til Nærøyfjorden landskapsvernområde. Gudvangen er i dag ei levande bygd med omlag 90 innbyggjarar. Viktigaste næringsvegar er landbruk, handel, industri og turisme. Her er hotell og campingplassar, og som eit ledd i satsinga på turisme er det etablert ein vikingleir som vert driven av Nærøy Kulturhistoriske Anlegg AS. I tillegg til turismen ligg det òg store verdiar i førekomstane av anortositt (kvitstein) i områ- det mellom Gudvangen og Mjølfjell. I 2005 vart det teke ut nær 200 000 tonn stein som vart eksportert og nytta m.a. til framstilling av isolasjonsmateriale. Utvinninga av anortositt er med på å skapa fleire lokale arbeidsplassar. Hamneanlegg for utskiping av mineral ligg i nærleiken til ferjekaien. Hamneanlegget ligg i eit rasutsett område. Det er trong for etab- lering av ny hamn, gangveg og klare rammer for mogleg sentrumsutvikling. SWECO vart engasjert av Aurland kommune for å utarbeide reguleringsplan for Gud- vangen sentrum. Vi vurderer dette planarbeidet i høve forskrift om KU, til å utløyse krav om KU etter §§ 2, 3 og 4 pkt.a. Etter 1. gongs utlegging til offentleg ettersyn har Aurland kommune ved rådgjevar Jan Olav Møller, overteke planarbeidet. Siv.ark. Jarle Sandvik har i samband med dette vore innleigd som rådgjevande konsulent. 2 MÅL FOR PLANARBEIDET Reguleringsplanen skal redusera konflikt mellom oppleving, innbyggjarar, næring og båt- /biltrafikk. Den skal gje eksisterande omgjevnadar rom for utvikling og medverka til nye aktivitetar. Reguleringsplanen skal løyse utfordringar i høve til dette og ta føre seg Gud- vangen sentrum, gangvegar og tilkomst. Ny utskipingskai for mineral, som var medteken i tidlegare planframlegg er trekt ut. Når det er aktuelt med større utskiping av anorthositt, må det løysast gjennom ein kommune- delplan for Nærøydalen. 3 FORESLAGSTILLER Aurland kommune. Reguleringsplan for Gudvangen sentrum. Konsekvensutgreiing Side 3 av 59 4 KRAV OM KONSEKVENSUTGREIING (KU) Føremålet med bestemmelsen om KU er å sikre at omsynet til miljø, naturressursar og samfunn blir teke omsyn til under førebuingan av planar eller tiltak, og når det tas stilling til om, og eventuelt på kva vilkår, planer eller tiltak kan gjennomførast (jf. Forskrift om konsekvensutgreiingar, §1, 1.avsnitt) Jf. § 3 i forskriften skal planar og tiltak vurderast etter § 4 dersom dei kan ha vesentlege verknadar på miljø, naturressursar og samfunn. § 4, pkt. a, seier at planar og tiltak etter § 3 skal handsamast etter forskrifta dersom dei ”er lokalisert i eller kjem i konflikt med om- råde med særlig verdfulle landskap, naturmiljø, kulturminne eller kulturmiljø som er verna eller freda, midlertidig verna eller freda eller foreslått verna eller freda, eller kor det finnets eller er stor sannsynlighet for å finne automatisk freda kulturminne som inngår i eit kultur- miljø med stor tidsdybde”. Tiltaket ligg i eit område som er avsett som kulturmiljø på UNESCO si verdsarvliste. Slik vi vurderer det utløyser reguleringsplanarbeid i kulturmiljø krav om konse- kvensutgreiing, jf. Forskrift om konsekvensutgreiing, § 3 og § 4, pkt.a. § 8 i forskrifta vert det sett krav til innhald og utforming av plan eller søknad med konse- kvensutgreiing. I § 8 fjerde avsnitt står det: ….For reguleringsplanar skal virkning av pla- nen som heilskap inngå ved vurdering av konsekvensane. Det skal gjerast reie for kva som kan gjerast for å tilpasse tiltaket til miljøoppfølgingsprogram med sikte på å overvake og klargjere faktiske verknader av planen eller tiltak. Forhold som er tilfredstillande ut- greiia i overordna plan, herunder aktuelle lokaliseringsalternativ, skal ikkje greiast ut på nytt.” I planprosessen vidare vil ein vurdere konsekvensar av tiltaket på nærområdet, med omsyn til natur, friluftsliv og landskap. Reguleringsplan for Gudvangen sentrum. Konsekvensutgreiing Side 4 av 59 5 OVERORDNA PLANAR OG RETNINGSLINJER Kommunale planar Kommuneplan for Aurland 2008-2020, godkjend 18.06.2009, kart for Gudvangen. Kommuneplan for Aurland 2008-2020, godkjend 18.06.2009, kart for Skjerping. I kommuneplanen er sentrum + dei fire alternativa for utskipingskai område som skal re- guleras etter pbl. Langs E16 er vegen avsett som vegareal, framtidig sykkelveg teikna inn og tilgrensande areal er LNF-område. Reguleringsplan for Gudvangen sentrum. Konsekvensutgreiing Side 5 av 59 Reguleringsplan for Gudvangen (1988). Overordna mål for planen er styrking av eksisterande arbeidsplassar og ynskje om auka aktivitet. I retningslinjene vert det mellom anna nevnt at Gudvangen og skal ha preg av ein tettstad som ligg til sjøen. Reguleringsendring for Gudvangen (1994) Reguleringsplan