Møteprotokoll
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
MØTEPROTOKOLL Utval Eldrerådet Møtestad: Rådhuset Møtedato: 08.06.2020 Start kl.: 09.00 Slutt kl.: 13.30 Til stades på møtet Medl.: Johannes Lad, Kristoffer Skjolden, Liv Helen Nystuen, Astrid Martinsen, Bjørg Marit Solheim, Kjartan Kvien, Torvald Bakken, Observatør Ivar Kvalen (deler av fellesmøtet og deler av rådet sitt møte). Forfall: Varamedl.: Frå adm. (evt. I fellesmøtet: Rådmann Jarle Skartun, ass. Rådmann John Olaf andre): Røhme, leiar i omsorgstenesta Kari Olsen Paulsen, ergoterapeut Bjørn Ove Nytun Leirdal, leiar i Luster pensjonistlag Malvin Moen, leiar eigedom Jan Magne Svåi, planleggar Torunn Løne Vinje. Frå sekretariatet: Karin Leirdal og Anita Bjørk Ruud. I eldrerådet sitt møte: Kultursjef Erling Bjørnetun, sekretariatet v/Anita Bjørk Ruud. Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. SAKLISTE Saksnr. Tittel 11/20 20/1856 Godkjenning av møteprotokoll 12/20 16/3154 Høyringssak: Kommunedelplan for kulturminne 13/20 20/753 Kommunal planstrategi 14/20 20/1189 Planlegging av regionmøte for eldreråda hausten 2020 15/20 20/1863 Planlegging av eldredagen 2020 16/20 20/1859 Referat- og drøftingssaker eldrerådet 8.6.20. Side 1 av 7 Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Møteprotokoll er sendt til: Medlemene, varamedlemer, rådmann, revisor, kontrollutvalet, biblioteket i kommunen, lokalavisa, NRK-Førde og Luster radio. 11/20 Godkjenning av møteprotokoll Handsaming: Det var ikkje merknad til møteprotokollen. VEDTAK: Møteprotokollen frå møtet den 11.5.20 vert godkjent. Kristoffer Skjolden og Torvald Bakken vert valde til å skrive under på møteprotokollen. 12/20 Høyringssak: Kommunedelplan for kulturminne Handsaming: Det vart informert i møtet. Høyringsfrist 1. juli. Eldrerådet er samde om at me pr. no ikkje har høve til å kome med innspel, men medlemene vert oppmoda om å melde frå om aktuelle kulturminneprosjekt, direkte til kommunen eller via sogelaga. VEDTAK: Eldrerådet er samde om at me pr. no ikkje har høve til å kome med innspel, men medlemene vert oppmoda om å melde frå om aktuelle kulturminneprosjekt, direkte til kommunen eller via sogelaga. 13/20 Kommunal planstrategi Handsaming: Framlegg i møtet vart samrøystes vedteke. VEDTAK: Eldrerådet har ikkje merknader til planstrategien. 14/20 Planlegging av regionmøte for eldreråda hausten 2020 Handsaming: Luster eldreråd har meldt seg som vertskap for regionmøte for eldreråda til hausten og har informert eldreråda i Årdal, Lærdal, Aurland, Sogndal, Vik og Høyanger om dette. På grunn av koronasituasjonen er ikkje tid, stad eller program fastsett, men dei har fått høve til å melde inn saker. I møtet drøfta eldrerådet at møtet bør haldast på Hafslo. Fagleg info om tilbod til demente. Presentasjon og bilete pga koronasituasjonen. Lokale underhaldningskrefter. Ordførar held innlegg. VEDTAK: Sekretariatet arbeidet vidare med førebuing. 15/20 Planlegging av eldredagen 2020 Handsaming: Den internasjonale eldredagen er 1. oktober. Dei siste åra har eldredagen blitt arrangert på Eikum hotell, med informasjon frå kommunen, underhaldning og servering. Eldrerådet bør starte planlegging av årets markering. VEDTAK: Leiaren i eldrerådet får mynde til å førebu arrangementet saman med folkeakademiet. 16/20 Referat- og drøftingssaker eldrerådet 8.6.20. Handsaming: Informasjon i fellesmøte eldreråd/råd for menneske med funksjonsnedsetting: Rådmannen sin oversikt over dagsorden følgjer som vedlegg til protokollen. Omsorgstenesta v/Kari Paulsen og rådmannen: Hafslo Fullt på avdelinga for demente – fleire treng plass. P.g.a. korona har dei delt opp brukarane i to grupper og brukt eit avlastningsrom til aktivitetar for dei faste. Men no er dagsenteret i full drift att etter korona. Det er tilsett ny miljøarbeidar som skal starta opp frå august månad. Det er for tida 3 ledige omsorgsbustader. Gaupne Det er «trykk» på omsorgsplassane – 2 rom er avstengde i høve korona. Grandmo brukar framleis rom på omsorgssenteret. Det er to ledige bustader i den nye fløyen, 1 bustad er ledig i den andre. Aktivitetsstova er i full drift igjen. KA har vore ganske fullt, men no er det ledige plassar. Grandmo Nokon kan flytte inn tidleg haust. Rådmannen orienterte om at det har vore eit meiningsinnspel i Sogn Avis. Faglege tilsette i høgskulen har sendt kritiske innspel om ordninga som er vald ved Grandmo busenter. Kommunen vil ikkje gå inn i avisa med innspel, men rådmannen har sendt e- post og kritisert det upresise innlegget. Rådmannen har god tru på det som blir gjort på Grandmo. Det er og i tråd med Husbanken sine krav. Tilsette på Grandmo er heller ikkje samde i innlegget frå Sogn Avis. Dei tilsette har vore med i prosessen, og dei tykkjer det heile er fint og greitt. Luster 25 pasientar no, men det er rom og plass for fleire. - 3 ledige leigebustader. Aktivitetsstova er open, dei har under koronatida delt opp omsorgssenteret og eldresenteret. Litt språkvanskar, men det går bra. Omsorgstenesta har no fått vikarar frå eit svensk byrå – 8 svenske arbeidarar som skal fordelast på Gaupne og Hafslo. Omsorgstenesta har og bestilt komfyrvakter til alle bustadane, og dette arbeidet blir starta opp denne veka. Bjørn Ove Nytun Leirdal informerte om universell utforming. Presentasjonen følgjer som vedlegg til møteprotokollen. Det er ynskjeleg med eit innmeldingssystem om manglar i høve til tilgjenge for alle. Fiks gata mi er ikkje eigd av kommunen. Saka må arbeidast vidare med. Jon Ove Lomheim, leiar i rådet for menneske med funksjonsnedsetting, informerte om at det er ulikt korleis lydanlegg fungerer i offentlege bygg/arrangementslokale. Nokre døme: Kommunestyresalen er bra, men blir påverka av Radio Luster. I kyrkjene fungerer det ofte dårleg. På Eikum hotell er det bra. Høyrselskontakt: Oddny Nornes erstattar Kari Ødegård sine oppgåver som høyrselkontakt. Hermann Odd Stein peika på at bruk av lydanlegg bør skje automatisk, utan å spørje møtedeltakarane. Kristoffer Skjolden viste til at det ved mange busstopp ikkje er utkøyrsle og plass til rullestol. Korleis kan kommunen påverke i slike saker? Leirdal informerte om at diskrimineringsnemnd er klageinstans. Rådmannen sa at fjerdekvart år har kommunen gjennomgang med Vegvesenet om fylkesveg/riksvegnettet. Kan ta opp slike saker då, i tillegg til reguleringsplanar. Det er viktig med god merking og skilting. Ein feil på mange handicaptoalett er for lang avstand til toalettpapir, også på nyanlegg. Det er også behov for plakatar for å rettleie om nettsider. Oppfølging frå møtet den 11. mai 2020: Parkering for besøkande ved gravplassen i Luster: Parkering Jan Magne Svåi orienterte. Ny busstopp ved gravplassen i Luster med 4 parkeringsplassar ovanfor bussplassen. I tillegg litt parkering ved Lustrabui. Plassen må merkast opp. Det blir gjort no. Terapibasseng ved Hafslo omsorgssenter. Teknisk sjef i Lustrabadet, Siv Marås har kontakt med folk som undersøker det tekniske. Det er ei krevjande sak – ein god del må skiftast og det er usikkert. Det skal koma eit «grunnlag», men det er ikkje ferdig enno. Saka vil bli omtalt i halvårsrapporten. Hermann Odd Stein: Bruken av bassenget bør og undersøkast. Ass. Rådmann informerte om at ein har oversikt over bruken av bassenget i 2018 – 2019 (til det vart stengt) og at ev bruk av omsorgstenesta er vurdert. Om det vert vidare drift må eigar følgje krav i Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstu m.v. Komfyrvakt i kommunale bustader. Jan Magne Svåi informerte om at det er om lag 80 utleigebustader som kommunen leiger ut, kommunalt eigde og via Stiftinga Luster Utleigebustader. Det er komfyrvakt i om lag halvparten av dei, dei nyaste som stiftinga har bygd ut. Kommunen er med i «Brannløftet». Me har rapportert inn at 44 utleigebustader manglar komfyrvakt. Sogn Brann og Redning har meldt at me får det tilsendt for montering i resten av utleigebustadene. Lomheim etterspurde tilhøva kring parkering i Gaupne. Rådmannen svara at det må utarbeidast i forskrift for at me skal kunne håndheve feilparkering. Det er vinterarbeid, og vil bli utarbeida forskrift for Solvorn og Gaupne. Informasjon om høyringssaker: Plansjef Knut Vidar Svanheld informerte om planstrategien, og rådmannen sa at kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel er saker som råda bør engasjere seg i. Samfunnsdelen blir prioritert for handsaming. Rådmannen informerte også om at områdeplan for Hafslo kjem til handsaming snart, med kontordagar på Hafslo fo å kome med innspel. Torunn Løne Vinje informerte om kulturminneplanen og oppmoda om å kome med innspel. Eit kulturminne som er kome med i kommunen sin kulturminneplan vil ha større moglegheit for å løyse ut midlar frå fylkeskommunen og kulturminnefondet. Ass. Rådmann John Olaf Røhme informerte om saka heiltidskultur/rekruttering som skal til kommunestyret 18. juni. Han informerte også om at rehabilitering/habilitering er ønska kompetanse ved tilsetjing av ny ergoterapeut. Open post: Rådmannen informerte om at det blir jobba med fredingssak av Wittgensteinhuset. Det blir også arbeidd for å ivareta Harastølen som kulturminne. Liv Helen gav ros for den flotte turvegen til Marifjøra og spurde om det blir sett opp rekkverk på det smale partiet. Rådmannen svara at det må vere rekkverk der. Det er bestilt og blir sett opp om kort tid. Anita Kjørlaug sa at bygdelaget òg har sett opp bord og benker ved turstien. Informasjon i eldrerådet: Kultursjefen informerer om den kulturelle spaserstokken, eigen presentasjon vedlagt møteprotokollen. Dersom eldrerådet har ynskje om underhaldning, må leiaren ta kontakt med folkeakademiet og melding inn ynskje. Kulturmenyen