Nedleggig Av Guddal Skule

Total Page:16

File Type:pdf, Size:1020Kb

Nedleggig Av Guddal Skule FJALER Arkiv: K2-N06 JournalpostID: 20/781 KOMMUNE Sakshandsamar: Flekke, Ingvard Dato: 28.01.2020 Saksframlegg Ikkje offentleg § 23.1 Saksnr. utval Utval Møtedato 035/20 Kommunestyret 27.02.2020 007/20 Komité for oppvekst, flyktningteneste og kultur 27.02.2020 Nedleggig av Guddal skule Kommunedirektøren sitt framlegg: Guddal skule vert lagt ned frå 01.08.2020. Guddal skulekrins vert lagt under Flekke skulekrins frå same dato. Dei tilsette vert ført over til andre stillingar i kommunen. Saka vert sendt ut på høyring med høyringsfrist måndag 06.04.2020, med endeleg vedtak i kommunestyret 23.04.2020. 27.02.2020 Komité for oppvekst, flyktningteneste og kultur Handsaming: Komitéen støtta kommunedirektøren sitt framlegg. KOFK-007/20 Vedtak i: Komitéen sitt framlegg til kommunestyret: Guddal skule vert lagt ned frå 01.08.2020. Guddal skulekrins vert lagt under Flekke skulekrins frå same dato. Dei tilsette vert ført over til andre stillingar i kommunen. Saka vert sendt ut på høyring med høyringsfrist måndag 06.04.2020, med endeleg vedtak i kommunestyret 23.04.2020. 27.02.2020 Kommunestyret Handsaming: Det vart samrøystes vedteke å handsame saka i lukka møte i medhald av ofl. § 23.1. Røysting: Kommunedirektøren sitt framlegg vart samrøystes vedteke. KOM-035/20 Vedtak i: Guddal skule vert lagt ned frå 01.08.2020. Guddal skulekrins vert lagt under Flekke skulekrins frå same dato. Dei tilsette vert ført over til andre stillingar i kommunen. Saka vert sendt ut på høyring med høyringsfrist måndag 06.04.2020, med endeleg vedtak i kommunestyret 23.04.2020. Saksutgreiing: Elevtalet på Guddal skule har gått dramatisk ned dei siste åra. Tidlegare var elevtalet oftast mellom 15 og 20. Skuleåret 2018/19 var det 17 elevar på skulen, elevtalet dette skuleåret er 10. Neste skuleår er det, ut frå det vi veit i dag, att 4 elevar. Barnehagen vart lagt ned for 2 år sidan, grunna at det var for få barn til å oppretthalde den. Slik fødselstala ser ut i dag, så er det ikkje grunnlag for barnehagedrift dei næraste åra. Fleire foreldre som har elevar som høyrer til Guddal skulekrins har søkt barna til Sande skule og til Flekke skule. Dette gjeld eit fåtal elevar. Søknadane har dei av forskjellige grunnar fått innvilga. Søknad til Sande skule i Gaular kommune (no Sunnfjord kommune) vart først ikkje imøtekome, men etter klage innvilga formannskapet søknad. Sidan september 2019 har vi hatt 2 møte på Guddal skule der foreldre, rektor og kommunalsjef oppvekst har delteke. Temaet har vore framtida til skulen. Begge møta har vore etter initiativ frå FAU Guddal skule. Leiar i FAU har vore møteleiar. Dette har vore saklege og gode møte. På første møtet var det meiningsutveksling, spørsmål og svar om framtidsutsiktene til skulen, samt kva som kunne gjerast for å få ned reisebelastninga. På siste møtet i januar 2020 var temaet i hovudsak skyss og skyssproblematikk. Korleis få ned den auka reisebelastninga for elevane? Ut frå det vi veit i dag så vil det frå hausten vere 4 elevar på Guddal skule. Pedagogisk, fagleg og sosialt ser vi det som lite hensiktsmessig å oppretthalde tilbodet. Det pedagogiske tilbodet kan vere godt sjølv om skulen er liten, men når elevtalet er så lite som det blir her, så får elevane få utfordringar i høve det å måle seg opp mot andre, samt det å lære å samarbeide med andre. Sosialt så kan miljøet bli for lite til at elevane får naudsynte utfordringar og erfaringar i det å knytte sterkare og fleire kontaktar med elevar på same alder. Guddal skule har for tida 2 tilsette. Siste året har skulen hatt meir administrasjonstid enn normen for administrasjonstid. Dette for å sikre at det er 2 tilsette på skulen mesteparten av tida. Til hausten vil behovet for lærartimar bli endå mindre. Med få tilsette vil det ikkje alltid vere mogleg å oppfylle krav til kompetanse og faglegheit, samt at det faglege og sosiale fellesskapet for dei tilsette vert lite. Elevane skal sikrast tilstrekkeleg kompetanse i alle fag og emne. Skulen har og ansvar for å ivareta elevane sine eventuelle behov for spesial- og sosialpedagogisk karakter. Det kan i enkelte tilfelle vere vanskeleg med få tilsette. Begge tilsette har faste stillingar i Fjaler kommune, med for tida arbeidsstad Guddal skule. Dei er sikra jobb i kommunen, og vil bli følgde opp på vanleg måte i høve endring av arbeidsstad. Det vil bli lang skuleveg for elevane om skulen på Guddal vert lagt ned. For dei som får lengst veg vil, slik skyssrutene er lagt opp i dag, skysstida til Flekke bli ca. 55 minutt kvar veg. Her er det start på Heggheim kl. 07.35, bussen er i Flekke ca. 08.30 og i Dale ca 08.45. Vi er i dialog med Vestland fylkeskommune, der vi ser på løysingar på å få ned skysstida. Vi har enno ikkje gjort noko endeleg avtale. Fylkeskommunen har vore løysingsorienterte og har kome med forslag om å skysse barneskuleelevane med eigen buss til Flekke, med start på Heggheim kl. 07.50 og køyre Nordsidevegen. I dag køyrer skulebussen sørsida om Hovlandsdalen. Det er foreslått tilførsleskyss til dei elevane som ikkje bur langs med vegen. Skysstida vil då bli ca 40-45 minutt ein veg. Fortsatt er skysstida lang, men den vil vere innafor akseptabel reisetid. På foreldremøtet vart det poengtert at det var viktig å få ned skysstida, også for elevane på ungdomsskulen. Vi har teke det vidare til skyssavdelinga, og dei arbeider med det. Om ein har alle elevane inn i ein buss kunne det gått, men Firda billag vil ikkje kunne køyre med stor buss på Nordsidevegen. Vi vil få eit forslag frå skyssavdelinga før kommunestyremøtet i februar. Eit anna punkt som nokre foreldre tok opp var at det var ynskeleg med rutebuss/skyss til Sande. Reisetida frå Heggheim til Sande med privatbil er normalt ca 25 minutt. Vi kjøper i dag elevplass til nokre elevar i Sunnfjord kommune. Kjøp av elevplass i annan kommune kostar utan tillegg i underkant av 100 000/år. No har foreldra ansvaret for skyss sjølve. Skyssavdelinga hjå Vestland fylkeskommune seier det er usannsynleg at det vert sett opp skyssrute den vegen. Vurdering: I Guddal skulekrins vil det frå hausten vere få elevar. I tillegg til at elevgrunnlaget har blitt mindre dei siste åra, har fleire foreldre søkt andre skular for borna sine. Vi vurderer det slik at med det elevgrunnlaget som er frå hausten, så er det ikkje grunnlag for å oppretthalde skulen. Guddal skule vert difor foreslått lagt ned frå 01.08.2020, samt at Guddal skulekrins vert lagt under Flekke skulekrins frå same dato. Saka vert sendt ut på høyring, med endeleg vedtak i kommunestyremøtet i april. .
Recommended publications
  • Flekke Og Guddalsvassdraget
    Flekke og Guddalsvassdraget Ansvarlig koordinator: Godtfred Anker Halvorsen, LFI, Unifob, Universitetet i Bergen Vannkjemi: Randi Saksgård og Ann Kristin Schartau, NINA Fisk: Sven-Erik Gabrielsen, LFI, Unifob Miljøforskning 1 Innledning 1.1 Områdebeskrivelse Flekke og Guddalsvassdraget (Figur 1.1) består av et Nøkkeldata høyereliggende subalpint område som inneholder en rekke innsjøer. De lavereliggende delene er karakterisert ved flere forholdsvis store innsjøer med korte elvestrekninger Vassdragsnummer fylke: 082.Z, Sogn og Fjordane Kartblad: 1117 I i mellom. I denne delen ligger det en rekke gårdsbruk. Areal nedbørfelt: 263 km2 Vassdraget er noe påvirket av humus, men mest i de nedre Spesifikk avrenning: 87,8 L/s/km2 (Hindar et al. 1995) delene. Forsuring av vassdraget har vært dokumentert Middelvannføring: 19,2 m3/s (Hindaret al. 1995) på åtti- og nittitallet ved hjelp av bunndyrprøver og vann- Lakseførende strekning: ca. 8 km Vassdragsregulering: Ingen kjemiske analyser. I hovedvassdraget har forsurings- Vernestatus: Deler av elva nedenfor Markhusvatnet skadene vært størst i de nedre delene. er fredet (Skor naturreservat) Flekke og Guddalsvassdraget Teiknforklaring Laksens vandringsstopp Fig. 1.1. Flekke og Guddalsvassdraget med kalkdoserere og vandringshinder for laks. ! 1.2 Kalkingsstrategi og kalkforbruk Tabell 1.1. Kalkforbruk i tonn i Flekke og Guddalsvassdraget årene 2004-2008. I de siste årene er det i hovedsak brukt filterkalk og fint kalkstensmel (98 % CaCO3). Alle verdier er omregnet til 100 % Bakgrunn for kalking: Forsuring av lakseførende strekning CaCO3. og innsjøer i nedbørfeltet. Biologisk mål: Å sikre god vannkvalitet for År 2004 2005 2006 2007 2008 forsuringsfølsomme invertebrater og Tuland doserer 690 768 560 801 1035 fisk i og ovenfor anadrom strekning.
    [Show full text]
  • Vegliste Desember 2020
    Vegliste 2020 TØMMERTRANSPORT Fylkes- og kommunale vegar Desember 2020 Vestland www.vegvesen.no/veglister Foto: Torbjørn Braset Adm.område / telefon / heimeside: Adm.område Telefon Heimeside Vestland fylkeskommune 05557 www.vlfk.no Alver 56 37 50 00 www.alver.kommune.no Askvoll 57 73 07 00 www.askvoll.kommune.no Askøy 56 15 80 00 www.askoy.kommune.no Aurland 57 63 29 00 www.aurland.kommune.no Austevoll 55 08 10 00 www.austevoll.kommune.no Austrheim 56 16 20 00 www.austrheim.kommune.no Bergen 55 56 55 56 www.bergen.kommune.no| Bjørnafjorden 56 57 50 00 www.bjornafjorden.kommune.no Bremanger 57 79 63 00 www.bremanger.kommune.no Bømlo 53 42 30 00 www.bomlo.kommune.no Eidfjord 53 67 35 00 www.eidfjord.kommune.no Etne 53 75 80 00 www.etne.kommune.no Fedje 56 16 51 00 www.fedje.kommune.no Fitjar 53 45 85 00 www.fitjar.kommune.no Fjaler 57 73 80 00 www.fjaler.kommune.no Gulen 57 78 20 00 www.gulen.kommune.no Gloppen 57 88 38 00 www.gloppen.kommune.no Hyllestad 57 78 95 00 www.hyllestad.kommune.no Kvam 56 55 30 00 www.kvam.kommune.no Kvinnherad 53 48 31 00 www.kvinnherad.kommune.no Luster 57 68 55 00 www.luster.kommune.no Lærdal 57 64 12 00 www.laerdal.kommune.no Masfjorden 56 16 62 00 www.masfjorden.kommune.no Modalen 56 59 90 00 www.modalen.kommune.no Osterøy 56 19 21 00 www.osteroy.kommune.no Samnanger 56 58 74 00 www.samnanger.kommune.no Sogndal 57 62 96 00 https://www.sogndal.kommune.no Solund 57 78 62 00 www.solund.kommune.no Stad 57 88 58 00 www.stad2020.no Stord 53 49 66 00 www.stord.kommune.no Stryn 57 87 47 00 www.stryn.kommune.no Sunnfjord
    [Show full text]
  • Rognplanting I Flekke-Guddal Med Ny Forside 18.10.2007
    LFI-Unifob Laboratorium for Ferskvannsøkologi og lnnlandsfiske Rapport nr. 144 Rognplanting, etablering av et nytt gyteområde og gytefisktellinger i Flekke og Guddalsvassdraget - undersøkelser i perioden 2001-2006 Sven-Erik Gabrielsen Bjørn T. Barlaup Helge Skoglund Tore Wiers 2 LABORATORIUM FOR FERSKVANNSØKOLOGI OG INNLANDSFISKE LFI-UNIFOB UNIVERSITETET I BERGEN TELEFON: 55 582228 THORMØHLENSGATE 49 TELEFAX: 55 589674 5006 BERGEN ISSN NR: LFI-RAPPORT NR: ISSN-0801-9576 144 TITTEL: Rognplanting, etablering av et nytt gyteområde og DATO: gytefisktellinger i Flekke og Guddalsvassdraget. 18.10.2007 - Undersøkelser i perioden 2001-2006 FORFATTERE: GEOGRAFISK OMRÅDE: Sven-Erik Gabrielsen, Bjørn T. Barlaup, Helge Skoglund og Sogn og Fjordane Tore Wiers Prosjektansvarlig: Bjørn T. Barlaup OPPDRAGSGIVER: ANTALL SIDER: Direktoratet for Naturforvaltning og 29 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane UTDRAG: Det er i perioden 2002-2006 tilbakeført totalt ca. 1,3 millioner rogn fra genbanken i Eidfjord til Flekke og Guddalsvassdraget. I tillegg er det etablert et nytt gyteområde på utløpet av Hovlandsvatnet ved å tilføre egnet gytegrus. Resultatene fra undersøkelsene tilsier at tiltakene vil gi en betydelig økt lakseproduksjon. Årsakene til dette er høy overlevelse for den tilbakeførte rogna, suksessfull gyting av laks på det nye gyteområdet og at områder oppstrøms anadrom strekning siden 2004 er blitt benyttet som nytt oppvekstområde for laks. EMNEORD: SUBJECT ITEMS: Laks, rognplanting, Atlantic salmon, planting of salmonid etablering av nytt gyteområde e g g s , e s t a b l i s hment of a new spawning area FORSIDEFOTO: Tore Wiers 3 Forord På oppdrag fra Direktoratet for Naturforvaltning og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, har Laboratorium for Ferskvannsøkologi og Innlandsfiske (LFI) utført fiskebiologiske undersøkelser og tiltak i Flekke og Guddalsvassdraget i perioden 2001-2006.
    [Show full text]
  • Inhomogeneous Deformation in Deeply Buried Continental Crust, an Example from the Eclogite-Facies Province of the Western Gneiss Region, Norway
    NORWEGIAN JOURNAL OF GEOLOGY Inhomogeneous deformation in deeply buried continental crust 373 Inhomogeneous deformation in deeply buried continental crust, an example from the eclogite-facies province of the Western Gneiss Region, Norway Ane K. Engvik, Torgeir B. Andersen & Matthias Wachmann Engvik, A.K., Andersen, T.B. & Wachmann, M.: Inhomogeneous deformation in deeply buried continental crust, an example from the eclogite- facies province of the Western Gneiss Region, Norway. Norwegian Journal of Geology vol. 87, pp. 373-389. Trondheim 2007. ISSN 029-196X. Mesoproterozoic protoliths and Scandian eclogites with coronitic textures were preserved in low-strain domains during burial and exhumation in the Sunnfjord Region of western Norway. In domains with moderate deformation, eclogites were flattened, and form lenses occurring both as mas- sive and LS-tectonites. Highly strained eclogites occur in shear zones with thicknesses from the cm scale up to 20 m. PT estimates on kyanite and phengite-bearing eclogites give P of 2.3 GPa and T up to 635 °C for the eclogites in the Dalsfjorden area. Microfabric analyses of eclogite mylonites show that both intracrystalline and diffusional deformation mechanisms were active at the estimated temperature above 600 °C. EBSD measure- ments of omphacite from an eclogite mylonite show that {001} reveals a well-defined maximum parallel to the stretching lineation while {010} defi- nes a girdle approximately normal to the foliation. The EBSD measurements are in accordance with microfabric observations suggesting dislocation creep of omphacite. The deep-crustal, eclogite-facies, inhomogeneous deformation is assumed to be the result of compositional, mineralogical and structural variations in the protolith and access to a fluid phase.
    [Show full text]
  • Vestland 01.04.20
    Frakttabell Vestland 01.04.20 Lager Fabrikk / Hovedkontor Rolf Knarvik Transport AS Skarpnes AS Kolskogheiane 12 Industriveien 11 5200 OS N-4879 GRIMSTAD Åpningstid 08,00-16,00 Åpningstid: 07-16 TLF: 37 25 88 00 +47 37 25 88 00 Direkte tlf 982 59340/ Rolf [email protected] MAIL: [email protected] FRAKTTABELL FOR VESTLAND GYLDIG FRA 01.04.20 (KUN VED HENTING) Ved henting i Os 1,40 Ved henting på Måløy 1, 55 FRAKTER OG OPPLØFT (BOMPENGER ER INKLUDERT) SONE 140 Se kart og postnr tabell 2,60 SONE 141 Se kart og postnr tabell 2,80 SONE 142 Se kart og postnr tabell 3,05 SONE 143 Se kart og postnr tabell 3,95 OPPLØFT 1,05 DIVERSE TILLEGG Til lager Minstefrakt 450,- Til byggeplass Minstefrakt 1400,- Ferje Ved kjøring med ferje beregnes et ventetillegg. 915,- NB ! Billett kommer i tillegg Venting/timepris Ved mye venting/tidsforbruk på byggeplass beregnes et timetillegg 915,- på Ekstra stor kran Timepris etter type kranbil som rekvireres Palleretur Ved retur av paller, kontakt ordre kontor: 37 25 88 00 eller [email protected]. Bomavgift tunnel / broer over kr. 200,- kommer tillegg. ✓ Frakt og oppløft beregnes pr. enhet i betong og tegl. ✓ Vanlig variasjon i leveringstidspunkt er +/- 2 timer, og vi fraskriver oss erstatningsplikt ✓ Ved oppløft regner vi med minst to mann på innenfor disse rammer. tak, og at de tar imot minst 1 100 stein i timen, ellers beregnes timepris ✓ Utsettelse av levering senere enn 3 dager før levering må avtales i hvert enkelt tilfelle. ✓ Paller anføres ikke – tilhører Skarpnes.
    [Show full text]
  • Fjaler Kyrkjeblad Desember 2013
    2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Venner for livet? I 2013 har vi ungdomsår i Bjørgvin bispedøme. I møta våre med ungdom hentar vi ofte fram dette biletet som står saman med andakten. Det passar som hand i hanske med juleevangeliet. Biletet viser Jesus og den egyptiske munken Menas frå ca. år 600. Det blir gjerne kalla «Jesus og vennen hans» og heng i dag i Louvre i Paris. Ofte når Jesus blir skildra i kunsten er han tydeleg større enn menneska som omgir han. Men i dette biletet er dei jamlike. Jesus og munken er omtrent like høge, og Jesus legg handa si rundt munken sine skuldrer. Dei er venner og går vegen saman. Dette er eit bilete om som fell i god jord hos ungdom, fordi det viser venner som bryr seg om kvarandre, der den eine ikkje gjer seg stor på den andre sin kostnad. Jesus vil ikkje vere fjern, men nær. Jesus vil ikkje vere eit uløyst mysterium, men ein venn som gir seg til kjenne og vil vere den for- trulege følgjesveinen gjennom livet vårt. Biletet minner oss om Jesu ord i Johannesevangeliet: «Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva her- ren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har fortalt dykk alt eg har høyrt av Far min». (15,15) Då Jesus blei fødd og lagd i krubba, blei noko av Gud sjølv overgitt i hendene våre. I Jesus kom Gud oss så nær som det er moge- leg. Han blei ein av oss, ein bror og ein venn. Kristus og abbed Mena.
    [Show full text]
  • Årsmelding 2018
    1 ÅRSMELDING 2018 Bildet er frå ei av Basistreningane, eit tilbod for alle aktive på tvers av alder og idrett. Dale IL legg nok eit år bak seg med høgt aktivitetsnivå og mykje treningsglede. Den dugnadsbaserte innsatsen frå medlemene er avgjerande for at vi kan tilby gode og varierte fritidsaktivitetar året rundt. Vi rettar ein stor takk til leiarar, trenarar, oppmenn, foreldre og aktive i særgruppene for det samarbeidet ein får til på tvers av gruppene. Frivilligheit er ein av verdiane Dale IL er bygd på. I tillegg til den mest synlege innsatsen til trenarar og oppmenn inneber dette alt frå blanding av saft,koking av kaffi, vedlikehald av anlegg, til å drifte laget meir på overordna nivå, til fakturering, køyring til kamp og mykje mykje meir. Vi kan rekne ca 25 årsverk som blir lagt i frivilleg arbeid årleg i Dale IL. Det er dette som dannar verdiane i vårt lag. I år vil hovudlaget trekke fram breidda i Dale IL og aktivitetane. Offisielle tal i idrettsregisteret til NIF tel nær 700 aktive frå 5 år til over 70. Vi opprettheld tal aktive og det må seiast er flott når ein generelt har nedgang i folketal. Då er ikkje aktiviteten som Dale IL Turgruppe og Norddalen ski genererer med i tala. Vi ser også at integrering har fått fokus i fleire av aktivitetane. Du som aktiv medlem eller støttemedlem kan vere stolt av laget. Nesten uansett kor tid på dagen gjennom heile veka er det full fres på, ved og i Dingemoen idrettspark, på fjellet både vinter, vår, sommar og haust.
    [Show full text]
  • Kulturminneplan for Fjaler 2019–2023
    KULTURMINNEPLAN FOR FJALER 2019–2023 Steingard på Arstein Steingjerda Det var steingjerda dei gamle slo kvart einaste strå som batt verden og raka vel etter seg saman etterpå kvilte dei studde seg mot steinen strake band frå elva som ryggen til ein gamal ven til fjellet varme å sitje på ennå er dei der i sommarkvelden over steinlinjene i landskapet hender steinene kila inn usynlege i lufta mot kvarandre som vengeslag med uendeleg tolmod: om du vågar nœrme deg tid og nevar dette er slitets steinar slåtteteigane tett inn til gjerdet dette er historiens skrift fullmogne og klare for ljåen tykk eng mot stein: slik fekk vi først sjå at det er mogeleg å forandre verden Paal-Helge Hauge 1 KULTURMINNEPLAN FOR FJALER 2019–2023 Innhald Føreord 3 DEL 1 – BAKGRUNN FOR PLANEN 4 1.1 Definisjonar og lovgrunnlag 4 1.2 Bakgrunn for planarbeidet 6 1.3 Tidlegare kulturminnearbeid i Fjaler 7 DEL 2 – OVERSYN OVER KULTURMINNA 10 2.1 Kort oversyn over Fjaler si historie 10 2.2 Kulturminne frå før reformasjonen (automatisk freda) 13 2.2.1 Buplassar og aktivitetsområde 13 2.2.2 Gravminne 14 2.2.3 Jordfunn 15 2.2.4 Religiøse kulturminne 16 2.2.5 Immaterielle kulturminne 17 2.3 Kulturminne frå nyare tid 19 2.3.1 Religiøse kulturminne 19 2.3.2 Kulturminne knytt til embetsstand, elite og kulturpersonar 21 2.3.3 Industrielle aktivitetsspor og bygningar 24 2.3.4 Landbruk, kulturlandskap og gardsbygningar 25 2.3.5 Vegar og stiar 27 2.3.6 Kraftstasjonar og elektrisitet 28 2.3.7 Maritime kulturminne 28 2.3.8 Skular og skulehistorie 30 2.3.9 Andre samfunnsmessige fellesbygg 32 2.3.10 Andre verdskrigen 33 2.3.11 Minnesmerke 33 2.3.12 Arkiv og fotografi 34 2.3.13 Immaterielle kulturminne 34 DEL 3 – HANDLINGSDEL 36 3.1 Mål 36 3.2 Planperiode 36 3.3 Ressursar til arbeidet 36 3.4 Prioritering av kulturminne 37 3.4.1 Fornminne 37 3.4.2 Særprega bygningsmiljø 37 3.4.3 Industrihistorie 37 3.4.4 Samferdsle og kommunikasjonar 37 3.5 Tiltak 38 Kjelder 39 Register 40 2 Føreord Kulturminna våre er bitar i det store puslespelet som utgjer historia vår.
    [Show full text]
  • Bestandsplan Ytre Sogn Og Sunnfjord Årsleveområde for Hjort 2019-2021
    Bestandsplan Ytre Sogn og Sunnfjord årsleveområde for hjort 2019-2021 Vedteken på årsmøte 3. april 2019 Leiar :Morten Torvund – [email protected] Områdeavgrensing Bestandsplanen har definert årsleveområde for hjort til å vera avgrensa grovt sett om ein følgjer kommunegrensa mellom Fjaler og Gaular til fjorden og følgjer denne i sjøen sør til Hyllestad rundt Lihesten og inn Sognefjorden til Vadheim. Følgjer så valdgrensa mellom Torvund – Vadheim og Vadheim -Kyrkjebø opp i fjellet til utgangspunktet. Innanfor denne avgrensinga har ein funne å ha ein felles hjortebestand. Definisjonen på dette er at ein reknar 80% av dyra der til å opphalde seg innan denne avgrensinga gjennom året og over år. Særleg for dei etablerte vaksne dyra. Avgrensinga er kome til gjennom felles drøftingar i møter. Gjennom møter i kvar kommune, gjennom arbeid i arbeidsgrupper i møta, og er eit resultat av å ha brukt generell kunnskap om hjort og arealbruk og kopla dette med lokalkunnskap. Innspela frå arbeidsprosessane har vore utarbeidd samla for alle areal. I seinare møter har forslaga vore drøfta med grunneigarane for kvart enkelt område – kvalitetssikring av forslag. Interimstyra som har utarbeidd forslag til bestandsplan har også drøfta områdeavgrensing og hatt ytterligare kvalitetssikring av forslaga. Bestandsplanen er med det godt gjennomarbeidd i høve til områdeavgrensing. Det er grunn til å hevde at alt av tilgjengelig kunnskap er lagt til grunn for avgrensinga, og at det faglige derfor står seg godt. Status Det har vore ein forholdsvis stor auke i felte hjort i bestandsplanområde i planperioden frå 1174 i 2016 til 1409 i 2018. Dette saman med auke i antal sett hjort pr.
    [Show full text]
  • Woven Identities: Socioeconomic Change, Women’S Agency, and the Making of a Heritage Art in Jølster, Norway
    Journal of Ethnology and Folkloristics 10 (2): 81–101 DOI: 10.1515/jef-2016-0012 WOVEN IDENTITIES: SOCIOECONOMIC CHANGE, WOMEN’S AGENCY, AND THE MAKING OF A HERITAGE ART IN JØLSTER, NORWAY SALLIE ANNA STEINER PhD Candidate in Folklore Studies Department of Comparative Literature and Folklore Studies University of Wisconsin-Madison 2402 Sterling Hall, 475 North Charter Street Madison, WI 53706-1507, USA e-mail: [email protected] ABSTRACT This article* focuses on the recent history and contemporary practice of a kind of traditional tapestry weaving known as smettvev in the rural county of Jølster in mountainous western Norway. Jølster has a rich fibre arts tradition and a rapidly changing society and economy, which make it an exemplary study in material cul- ture as its fibre arts transform to accommodate these changes. This article draws on ethnographic research and interviews with representative practitioners and com- munity members to examine how conceptions about producer and audience iden- tity and the role of this art form in everyday life have evolved in light of changing context. The article furthermore discusses the ways in which the forms and motifs associated with smettvev are being re-appropriated by local contemporary artists working in other mediums, as well as by individuals and institutions who see smettvev as a symbol of local identity and heritage. KEYWORDS: material culture • fibre arts • weaving • heritage • identity • rural studies I first travelled to Jølster in 2012 while living in the northern Norwegian city of Tromsø. My family had immigrated from Jølster to the United States in the 1920s, and I grew up surrounded by stories and artefacts from Jølster, a location my American family mem- bers continue to refer to as “the home place”.
    [Show full text]
  • Hyllestad – Askvoll – Fjaler - Solund – Gulen - Sogn Og Fjordane – Vestland – Norge - Verda Kven Er HAFS Og Gulen?
    HAFS og Gulen i Vestland Hyllestad – Askvoll – Fjaler - Solund – Gulen - Sogn og Fjordane – Vestland – Norge - Verda Kven er HAFS og Gulen? Hyllestad Gulen kommune kommune Hyllestad ligg på nordsida av Gulen er ein kommune i Ytre Sogn som ligg ved innløpet til Sognefjorden i Ytre Sogn. Sognefjorden. Kommunen har hatt uendra Landarealet på 596km² inneheld ein variert og spennande natur. grenser frå 1861 då kommunen med 1500 øyar, holmar og skjer, vart skilt frå Askvoll og Lavik. og eit fastland. Innbyggjartal: 2 315 Innbyggjartal: 1378 Askvoll kommune Fjaler kommune Solund kommune Askvoll ligg i Sunnfjord ut mot Fjaler er ein kommune i Nordsjøen. Askvoll byr på mektige Sunnfjord på sørsida av Solund naturopplevingar - frå fjord til øyar Dalsfjorden. Kommunen grenser er den vestlegaste ytst i havgapet. Lengst vest i mot Gaular i aust, og i sør mot kommunen i Norge. Med 1700 øyar, havgapet ligg Bulandet og Høyanger og Hyllestad. Dale er holmar og skjær vest i havgapet Solund Værlandet, godt vakta av administrasjonssenteret og ligg er eit populært reisemål for majestetiske Alden. like ved Dalsfjordbrua. båt- og fiskeferiar. Innbyggjartal: 3052 Innbyggjartal: 2846 Innbyggjartal: 807 HAFS regionråd HAFS regionråd er eit politisk samarbeidsorgan for kommunane Hyllestad, Gulen, Askvoll, Fjaler og Hallvard Oppedal, Solund, og er kommunane sitt felles Gulen ansikt utad. Formålet til regionrådet er å utgreie og løyse viktige og strategiske saker av felles interesse i regionen. Gunn Mongstad, Gunhild Berge Stang, Ole Andre Klausen, Solund Fjaler Askvoll Rådet skal ivareta interessene til regionen ovanfor fylket, stat og andre organ på regions-, fylke- og riksplan. Morten Askvik, Hyllestad Vi er få og livskraftige! Med ein lang og stolt industritradisjon! Klausen mekaniske verkstad Dale skofabrikk Produksjonen starta i 1948 Starta i 1911 som A/S Jarl Skofabrikk.
    [Show full text]
  • Faglige Beskrivelser M/Verdivurderinger
    082/4 SØREBØELVA I GUDDALSVASSDRAGET (Vassdragsnr. 082.E) Fylke(r): Sogn og Fjordane Kommune(r): Fjaler, Høyanger, Gaular Kartblad N50: 1217 III, 1217 IV Nedbørfelt: 24,4 km2 Toppunkt-utløpspunkt: 909 - 170 moh. Skoggrense: 600 - 700 moh. Marin grense: Hele feltet ligger over Naturgeografisk region: 37d: Vestlandets lauv- og furuskogregion, underregion; Sogn og Fjordanes ytre og midtre fjordstrøk Landskapsregion: 22: Midtre bygder på Vestlandet, underregion Langheia/Skoraheia Urørt natur: >5 km: 0 %, 3-5 km: 26 %, 1-3 km: 70 % SP-kategori/-gruppe: I/5 Verneplanstatus: Guddalsvassdraget er vernet i VP IV. Sørebøelva ble den gang holdt utenfor vernet Nasjonale laksevassdrag: - Generell beskrivelse Guddalsvassdraget er et lavlandsvassdrag som munner ut i en sidefjord til Dalsfjorden i Sunnfjord. Sørebøelva omfatter sørøstre del av Guddalsvassdraget og renner ut i dette ved Sørebøen, ca. 8 km ovenfor Guddal. Området er del av et større fjellparti mellom Dalsfjorden og Sognefjorden. Klimaet er oseanisk med mindre temperaturforskjeller gjennom året og svært høy årsnedbør. Normal årsnedbør er 3500-4000 mm. Beregnet spesifikk avrenning 104,53 l/s/km2 og middeltilsiget 2,55 m3/s. Sidevassdraget har en nordøst-sørvestgående retning, parallelt med øvre del av hovedelva. Flere vann drenerer fra fjellområdet i nordøst til inste Skredvatn (518 moh.) innerst i Sørebødalen. Elva renner videre ned til Skredvatnet (463 moh.). Lengst i øst ligger Guddalsvassdragets største vann, Nykksvatnet (640 moh.). Vannet drenerer mot sørvest, forbi Storefossen, og ned til Skredvatnet, hvor de to greinene møtes. Fra Skredvatnet går elva i foss ned til Myrane og deretter i ny foss før den går videre i stryk ned til samløpet med hovedelva.
    [Show full text]