Årsmelding 2018
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
1 ÅRSMELDING 2018 Bildet er frå ei av Basistreningane, eit tilbod for alle aktive på tvers av alder og idrett. Dale IL legg nok eit år bak seg med høgt aktivitetsnivå og mykje treningsglede. Den dugnadsbaserte innsatsen frå medlemene er avgjerande for at vi kan tilby gode og varierte fritidsaktivitetar året rundt. Vi rettar ein stor takk til leiarar, trenarar, oppmenn, foreldre og aktive i særgruppene for det samarbeidet ein får til på tvers av gruppene. Frivilligheit er ein av verdiane Dale IL er bygd på. I tillegg til den mest synlege innsatsen til trenarar og oppmenn inneber dette alt frå blanding av saft,koking av kaffi, vedlikehald av anlegg, til å drifte laget meir på overordna nivå, til fakturering, køyring til kamp og mykje mykje meir. Vi kan rekne ca 25 årsverk som blir lagt i frivilleg arbeid årleg i Dale IL. Det er dette som dannar verdiane i vårt lag. I år vil hovudlaget trekke fram breidda i Dale IL og aktivitetane. Offisielle tal i idrettsregisteret til NIF tel nær 700 aktive frå 5 år til over 70. Vi opprettheld tal aktive og det må seiast er flott når ein generelt har nedgang i folketal. Då er ikkje aktiviteten som Dale IL Turgruppe og Norddalen ski genererer med i tala. Vi ser også at integrering har fått fokus i fleire av aktivitetane. Du som aktiv medlem eller støttemedlem kan vere stolt av laget. Nesten uansett kor tid på dagen gjennom heile veka er det full fres på, ved og i Dingemoen idrettspark, på fjellet både vinter, vår, sommar og haust. 2 Meir enn berre idrett Frå årets Kongleriketurnering. Anlegg og kapasitet Gruppene i laget utøver stor tålmod og kreativitet for å klare å halde aktiviteten i gang og finne gode løysingar for at alle skal få tid i dei anlegga vi har til rådevelde. Behovet for auka kapasitet er større enn nokon gong. Årsmøtet i fjor gav nemda for kaldhall, mandat å halde fram arbeidet med å realisere kaldhall. Dette arbeidet utfører dei på ein framifrå måte. Vi er i rute med tanke på å få finansiering på plass og arbeider no med å få på plass siste del av dette. Det er igangsett ei kronerulling mot både private og næringsliv og så langt opplever vi god oppslutnad rundt dette. Vi takkar Fjaler kommune for deira bidrag både med midlar og som garantist for restfinansieringa, noko som er avgjerande for å få dette til. Dingemoen Arena AS På ekstraordinær generalforsamling hausten 2018 vedtok Dale IL å etablere Dingemoen Arena AS som vil vere eigar av den nye aktivitetshallen. Vi håper å kunne sette første spaden i jorda i løpet av 2019. Nye tilbod I 2019 er det dei minste på 5- 7 år som har fått fleire aktivitetstilbod. Dale IL tilbyr no Badminton, Barneidrett, Handball og Fotball til desse. Mangel på treningsareal avgrensar etablering av nye tilbod. Organisasjon Vi har framleis ein veg å gå for å få på plass god nok organisasjonsstruktur i laget. Leiar har stor respekt for at gruppene i størst mogeleg grad nyttar dugnadstimane til å halde opp aktiviteten og drive desse godt. Vi har i 2018 arbeidd med å ferdigstille Klubbdagbok for Dale IL og den blir lagt fram til vedtak på årsmøte 2018. Klubbhandboka er meint som eit styrande verkty for all aktivitet i laget. 3 Styresamansetting i hovudlag og undergrupper Hovudstyre Linda Hovland, vald for 1 år Bjørn Helge Hjartholm, på val 2019 Tarjei Nitter , på val 2019 Haidi Roos, på val 2020 Jarle Hovland, på val 2020 Fotballgruppa Ingar Valvik, leiar på val 2020 Julie Vårdal Haugsbø, på val 2019 Mari Haugsbø, på val 2019 Geir Loneland, på val 2019 Vegard Strand, på val 2020 Magne Hillersøy, på val 2020 Handballstyre Ainor Fristad Naustdal, leiar, på val 2020 Bjørn Helge Hjartholm, på val 2020 Ragnhild Berger Follevåg, på val 2019 Trude Boge, på val 2019 Volleyballstyre Gro Fivelsdal, på val i 2020 Jostein Vagstad, på val 2019 Mette Kvamme, på val 2020 Barneidretten Ida Haugsbø, på val 2020 Guro O. Ness, på val 2019 Ingvild Søgnen, på val 2019 Turgruppa Vegard Strand, på val 2019 Sigvard Skaar, på val 2020 Veronica Myklebust, på val 2019 Irene Øen, på val 2019 Rolf Kleiven, på val 2020 Ivar Setenes, på val 2020 4 Klatregruppa, inaktiv Leiar, Linda Hovland er kontaktperson for gruppa Sykkelgruppa Ståle Brattelid, på val 2020 Hege Vagstad, på val 2019 Ivar Selvåg, på val 2019 Kjetil Felde, på val 2020 Vara: Øivind Helle, på val 2019 Badmintongruppa Hilde Genberg, på val 2020 Bjarte Fossen, på val 2019 Kristoffer Hatlevik, på val 2019 Driftsselskapet Vidar Samuelsen, vald for 1 år Alf Magne Salbu, på val 2019 Linda Hovland, som leiar i Dale IL , 1 år Skigruppa Einar Carlson Berg, på val 2020 Iren Øen, på val 2019 Svein Ove Løseth, på val 2020 Kjersi Reggestad, på val 2019 Ragnhild Tveiten, på val 2020 Revisorar Mariell Holm Solheim, på val 2019 Marita Solhiem, på val 2020 Valnemd Arve Helle, på val 2019 Arlen Solheim, på val 2019 Evy Solheim, på val 2020 5 Styremøte: Styret har hatt 4 styremøter og elles kommunisert via telefon og e-post når dette har vore nødvendig. Alle gruppeleiarane har hatt høve til å vere med på møtet med tale og innspelsrett. Andre møter: Leiar har repr. Idrettslaget i fleire forum: Styremøte i undergruppene Samarbeidsmøte i laget når dette har vore nødvendig Nemda for bygging av Kaldhall Møte med Fjaler kommune og andre offentlege aktørar i saker som vedkjem idretten i Dale. Dialog og møter med Fjaler Idrettsråd Møte med Sogn og Fjordane Idrettskrins Er representant i valnemnda for Vestland idrettskrins For annan representasjon viser ein til meldingane frå alle gruppene. Arrangement/innteksgjevande arbeid Vi vider til undergruppene når det gjed arrangement og dugnadsarbeid som genererer inntekter til laget. Inntektene til hovudlaget kjem gjennom treningsavgift og kontingent, samt ordninga med momskompensasjon, LAM-midlar og Grasrotandelen. Medlemstal og aktivitet I 2018 har Dale IL registrert 715 medlemer i laget. Pr 16.03. 2019 er det 437 betalande medlemer. Kontingent vart fakturert seint i 2018 så ein reknar med ei auke i tal betalande medlemer. Uavhengig av dette må ein ha fokus på at alle aktive og ressurspersonar skal betale kontingent. Ein viser elles til undergruppene sine årsmeldingar for tal aktive i dei enkelte gruppene. Dingemoen treningssenter tilbyr spinningtimar og eigentrening i samarbeid med idrettlaget. Aktiviteten her er aukande og god og eit godt tilbod til dei over 15 år. Ein ser at ein oppnår auka fysisk aktivitet for fleire enn det ordinære tilbodet gjennom gruppene i laget. Sportslege prestasjonar: Dale IL har i 2018 prestert på fleire nivå. Ein viser til meldingane frå alle undergruppene for konkrete resultat. Oppsummert så har det vore ulike mål for dei ulike laga og gruppene og ein viser til måloppnåing på fleire punkt. For nokre har det å halde oppe deltaking vore fokus og der hovudmålet har vore på det sosiale, med mål om fysisk aktivitet for betre helse. Andre har hatt mål om gode plasseringar i sine seriespel. Når ein jamt over ser at måla er nådd så er det pga god planlegging, samarbeid om gjennomføring av aktiviteten. Årets sportslege prestasjonar kan vi vere stolte over. Utdanning: Styret oppmodar som tidlegare alle gruppene til å delta på kurs og samlingar for å heve kompetansen hos trenarar og leiarar. Det vil komme utøvarane til gode samt styrke laget som heilheit. Trenarsamlingar, motivasjonssamlingar, dommarkurs og kompetanseheving på organisasjonsnivå 6 gjer at vi er godt på veg mot å heve kvaliteten på lagsarbeidet. Dale IL har arrangert felles foreldremøte med besøk frå Sogn og Fjordane idrettskrins Økonomi/ rekneskap Accountor avd. HAFS AS har hatt ansvar for føring av rekneskapen for idrettslaget. Rekneskapet 2018 viser ei samla inntekt på kr 2 459 956,-, og ein kostnadpå kr 2 530 744 ,- Resultatet viser eit underskot på kr 84 271,-. For ytterlegare spesifikasjon viser ein til årsrekneskapen 2018. Kommentar: Handballgruppa har over tid opparbeidd seg god eigenkapital i laget og har i 2018 valt å la dette kome dei aktive til gode. Dette medfører negativt resultat for 2018. Arnarsonmila låg under Dale IL sitt rekneskap i 2017, men registerte seg som eigen organisasjon i 2018 og overførte kapitalen til ny organisasjon. Dette gjer at det rekneskapsmessig sett slår negativt ut for Dale IL. Arbeid med betre rutinar for innkreving av fordingar er avgjerande for økonomien i laget. Årets resultat vil bli dekka av eigenkapitalen i laget. Oppsummering Styret seier seg fornøgd med aktivteten og drifta av Dale IL og rosar alle for den innsatsen ein har bidratt med i 2018. Resultatet og effekten av denne innsatsen bidreg til å styrke verdien til Fjaler kommune som eit regionsenter med gode og attraktive idrettstilbod. Takk for innsatsen i 2018 Linda Hovland, leiar i Dale IL Dale 16.03.2019 Linda Hovland Tarjei Nitter Heidi Roos leiar nestleiar medlem Bjørn Helge Hjartholm Jarle Hovland medlem medlem 7 Årsmelding for Dale IL fotball – 2018 Eg er rett og slett imponert over kva som vert lagt ned av dugnadsinnsats og engasjement i Dale fotballen. Ein innsats og eit engasjement som har ei stor spennvidde og som famnar mykje breiare enn berre den sportslege aktiviteten på fotballbana. Eg står på trygg grunn om eg hevdar at fotballen i Dale er ein viktig samfunnsaktør. Eg vil hevde vi sørger for gode medmenneskelege relasjonar og sosialisering, eg står på trygg grunn om eg hevdar vi er med på å bygge venskap som vil vare livet ut, og eg står på trygg grunn om eg hevdar at fotballen gjer staden vi har valt å slå oss ned på til ein trivlegare og meir attraktiv stad å vekse opp og bu.