Møtereferat Dokumentdato: 25.03.2020
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Møtereferat Dokumentdato: 25.03.2020 Emne: Regionalt planforum – Detaljregulering for Fv. 564 Fløksand-Vikebø – Alver kommune Vestland fylkeskommune (VLFK): Lars Petter Klem, Eva Katrine Taule, Gunhild Raddum, Liz Eva Tøllefsen, Wilhelm Lund, Ingar Hals, Hogne Nygård, Andreas Kolås, Helene Moe, Sigrun Wølstad, Malene Utkilen, Tone Bøyum Asplan Viak: Morten Lexau, Guro Steine, Kjersti Vevatne, Kristin Sommerschild Alver kommune: Ingrid Raniseth, Marianne Sandvik, Siril Sylta Til stades: Fylkesmannen i Vestland (FMV): Hege Brekke Hellesøe, Anniken Friis Statens vegvesen (SVV): Ingelin Garen Toralf Otnes (NVE) og Arve Helle (VLFK) var og til stades i deler av møtet, men grunna tekniske utfordringar med videokonferansesystemet blei kommunikasjon og høve til å gi innspel forringa. Forfall: Sak: Møtetid: 11.02.2020 Møtestad: Fylkesutvalssalen, Sandsli Møteleiar: Eva Katrine Taule Referent: Liz Eva Tøllefsen og Lars Petter Klem Eva Katrine Taule, fagleiar for kommunal plan i Vestland fylkeskommune, ønskte velkomen og orienterte om regionalt planforum, eit forum for å fremme dialog i planprosessane. Kort presentasjonsrunde av deltakarane. Innleiing v/ Asplan Viak og Alver kommune Utbetring av Fv. 564 Fløksand – Vikebø ligg inne som del av Nordhordlandspakken, og etter regionreforma er det Vestland fylkeskommune ved avdeling for Infrastruktur og veg som har ansvaret for prosjekteringa. Tiltaket er meint å skape ei betre kopling mellom det tidlegare kommunesenteret Frekhaug og nærsenteret Vikebø nord på Halsnøy. Planarbeidet starta opp i 2017. Konsulent gjorde greie for konsekvensutgreiinga som har vore utført, og dei ulike alternativa som har vore vurdert i silingsrapporten. Premissa for å utforme alternativ har vore å utforme ei kurvatur som skjermar det verna Rylandsvassdraget i størst mogleg grad, og å gje minst mogleg terrenginngrep opp mot kostnadsvurderingar. Opphaveleg var ønsket at ein ville bruke traséen til eksisterande veg, men undersøkingar synte at grunnforholda var så dårlege ved Leiro at dette ikkje var tilrådeleg lenger. Konsulent synte til ulike alternativ for korleis forsere området forbi vassdraget, kor kulvert og bru-alternativ var forlate i ein tidleg fase pga. høgdeutfordringar og kostnadsoverslag. Det er difor berre utgreidd trasear som alle gjev utfylling i vassdraget, og gjev skjeringar i fjell tilknytt vatnet, men i ulik grad. Kort sagt gjev alternativet som gjev mest utfylling i vatnet minst skjering i fjell og best vegkurvatur. Alternativet Side 2/4 som gjev minst utfylling, gjev ein kurvatur som ikkje er foreinleg med ønska vegstandard for 80-sone og høgare fjellskjeringar. Drøfting Traséalternativa i Brakstadmarka og langs Rylandsvassdraget (A-alternativa) Fylkesmannen i Vestland trakk fram at alle A-alternativa gjev inngrep i vassdraget. FV sakna ei utgreiing eller synleggjering av kva vurderingar som ligg til grunn når bru- eller kulvertalternativet er utelete: kva er andre alternativ for vegføring (om ein ser bort frå kostnadspremisset), og kva kan vere avbøtande tiltak om dei synte alternativa vert lagt til grunn. Generelt så ønskjer FV at ny vegtrase vert lagt mest mogleg skånsamt i landskapet, og ønsker spesifikt at kulvert/brualternativet vert drøfta og synleggjort i planframlegget før høyring. Asplan Viak: Brualternativet vart tidleg forkasta på grunn av kostnadsvurderingar. Vestland fylkeskommune v/ Infrastruktur og veg: kostnadane har auka knytt til funn av kvikkleire, men prosjektet si prioritering i Nordhordlandspakken ligg foreløpig fast. Auking i kostnader og evt. kutt vil verte drøfta etter detaljprosjektering med styret i Nordhordlandspakken. Norges vassdrags- og energidirektorat er generelt skeptisk til utfylling i vassdrag for å løyse problem på land. Vegen kjem i berøring med en del element i Rylandsvassdraget. Tiltaket må avsluttast på en god måte mot vatnet med avbøtande tiltak som kan reparere på skadevirkningene. NVE fortsett dialogen på eiga hand saman med konsulent og oppdragsgjevar, då det var tekniske problem med gjennomføring av møtet. VLFK v/ seksjon for plan, klima og folkehelse etterspurde meir informasjon om korleis ei 80-sone nær vatnet i Rylandsvassdraget vil kunne påverke friluftskvalitetane med tanke på støy: Asplan Viak: Det er ikkje gjort støyutgreiing enno. Men positivt at vegen ligg lågt i terrenget med tanke på utbreiing av støy over større område. Tette rekkverk er aktuelt som avbøtande tiltak, og vegen ligg truleg i ei slik høgde at dette vil gje støyskjerming loklat ved vika og ved bustadhuset i området, endelege vurderingar vil bli gjort når støyberekningar ligg føre. Skjeringar i fjell tett på vatn vil påverke spreiing av støy over vatn. Traséalternativa rundt Steinberget (B-alternativa) Fylkesmannen i Vestland meiner at traseen bør i størst mogleg grad å unngå å verte lagt i urørt natur, og B3 er meir i konflikt enn B1. Naturtypen myr skal ikkje byggast ned, og om valt trase vil gje negativ konsekvens for naturmangfald og friluftsliv, skal dette synleggjerast i planframlegget. Vidare synte FMV til at KU-metodikken diverre ikkje har utvikla metode for å ta inn nye statlege planretningsliner for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing. Alver kommune: Meland golf er i gjeldande KDP avsett til idrettsanlegg og det er sett av eit område for næring her som begge overlappar delvis med myrområdet. Meland Golf har ytra Telefon E-post Nettside EHF fakturaadr. Organisasjonsnr. 05557 [email protected] Vestlandfylke.no 823111632 821311632 Side 3/4 planer om å bygge ut meir innafor formålet og dette vil krevje ny tilkomstveg truleg over myrområdet, men dette ligg fram i tid. Med tanke på grunnforholda ved Leiro, er det naturleg at ein i samband med denne planen legg til rette for ny tilkomst både til Meland golf og til eksisterande bustadområdet Beitingen i sør. B3-traseen er difor den mest gunstige og framtidsretta vegløysinga for kommunen. Til dette svarte FMV at næringsområdet ved golfbanen ikkje bør vere premissgivande for kor fylkesvegtraséen skal gå, då føresetnadene for KPA er annleis i dag enn då KPA var vedteke. Vidare synte Fylkesmannen i Vestland til at dei rikspolitiske retningslinjene som skal sikre friluftsliv, biologisk mangfald og urørt natur passer diverre ikkje inn i ein KU-metodikk. FV var ueinig i konklusjonane som seier at tiltaket har liten negativ konsekvens, då det er ein feilkonklusjon at ny veg i liten grad rammar naturmangfald og friluftsliv. FV var ueinig i KU-konklusjonen som seier at tiltaket gjev positiv verdi sett opp mot omsynet til friluftsliv. Asplan Viak: Dagens veg gjev allereie støybelastning og rammar friluftskvalitetane. Metodikken tilseier at tilgjengelegheit skal vektleggast, og ferdselsårer er en viktig del av KU- metodikken. Det vart påpeika at den positive konsekvensen berre er påvist i den nordlege delen av planområdet, der vegen ikkje kjem i konflikt med urørt natur. KU speglar at to lokalitetar i vassdraget går tapt som følge av vegutbygging, og totalt sett finnast dei mange av i vassdraget. Heilskapen i vernegrunnlaget vert då vurdert til liten negativ. VLFK v/ seksjon for plan, klima og folkehelse var samd med FMV både om at det er uheldig å etablere ny veg i eksisterande grøntområde, og vurderingane kring konsekvensutgreiinga. Fylkeskommunen hadde vore på synfaring i planområdet og sakna omtale av verdiane som låg i terrenget mellom Grønåsen og Steinberget. Ein peika på at det ikkje er nok å vurdere området opp mot tilgjenge til andre kartlagde friluftsområde. Fylkeskommunen synte og til at B3-traseen overlappar med myrområde, som det føreligg retningsliner for at ein bør unngå å råke ved. Asplan Viak: framheva at vegtraséen B3 ikkje lenger ville nemneverdig råke ved Hundetjørna, slik det vart omtala i silingsrapporten. Det vart til slutt også synt til at traseen kan og vere gunstig for tilknyting av campingområdet, men temaet er ikkje særskilt utgreidd då det ikkje er ein del av oppdraget. VLFK v/ seksjon for plan, klima og folkehelse bad og om informasjon om trafikktryggleiken på eksisterande strekke ved Steinberget, spesielt om hastigheitsreduksjonen som blei gjort på 2010- talet har hatt ei effekt. Det blei og stilt spørsmål om ein då vil nytte seg av 60 km/t på ny trasé, som derav og kunne gi rom for mindre arealinngrep gjennom reduserte krav til storleiken på infrastrukturanlegget. Asplan Viak: sist alvorleg ulykke ved strekninga var før hastigheitsreduksjonen. Ein kjende ikkje til nokre alvorlege hendingar etter reduksjonen. Vestland fylkeskommune v/ infrastruktur og veg: Det er i hovudsak ikkje ønskeleg med 60-sone i område med lite bustader. Men det er mogleg dette kan gjennomførast ved val av B1- traseen, då dette allereie ligg til grunn i dag. Telefon E-post Nettside EHF fakturaadr. Organisasjonsnr. 05557 [email protected] Vestlandfylke.no 823111632 821311632 Side 4/4 VLFK v/ avdeling for mobilitet og kollektiv etterspurde informasjon om korleis ein ville handtere tilhøva for kollektivreisande og gåande og syklande. Asplan Viak: Veglinjene er optimalisert i detaljprosjektering, og avviker difor noko frå alternativa vist i silingsrapporten. Det vert lagt opp til at skole- og rutebuss følgjer dagens trase. Gåande og syklande vil kunne nytte eksisterande veg frå Fløksand til Steinberget. Med B3-alternativet vil det kome ny g/s-løysning, som vil få ei stigning på litt over 5 %, noko som er i tråd med handbøkene. Tilhøva til eksisterande vegtrasé ved Leiro Vestland fylkeskommune v/ seksjon for plan, klima og folkehelse synte til at det er stor aktivitet på Fløksand i dag, og signaler om utviding av eksisterande