Saneringsplan Avlaup for Litlesotra, Bildøyna Og Kolltveit
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
FjellVAR Saneringsplan avlaup for Litlesotra, Bildøyna og Kolltveit Rapport 7 - Hovudrapport Forstudie 2012-09-21 Oppdragsnr.: 5114077 Oppdragsnr.: 5114077 Dokument nr.: 07 Saneringsplan avlaup for Litlesotra, Bildøyna og Kolltveit | Rapport 7 - Hovudrapport Revisjon: J03 J02 2012-09-21 Kart Mustadvatnet WAG/ATF JMH WAG J02 2012-08-31 For bruk WAG/ATF JMH WAG D01 2012-07-13 Kommentarutkast WAG/ATF JMH WAG Rev. Dato: Omtale Utarbeidet Fagkontroll Godkjent Dette dokumentet er utarbeida av Norconsult AS som del av det oppdraget som dokumentet omhandlar. Opphavsretten tilhøyrer Norconsult. Dokumentet må berre nyttast til det formål som framgår i oppdragsavtalen, og må ikkje kopierast eller gjerast tilgjengeleg på annan måte eller i større utstrekning enn formålet tilseier. Norconsult AS | Pb. 1199, NO-5811 Bergen | Valkendorfsgate 6, NO-5012 Bergen n:\511\40\5114077\4 resultatdokumenter\41 rapporter\sist_revidert\r07-hovedrapport-j03_rev.docx 2012-09-21 | Side 2 av 63 Oppdragsnr.: 5114077 Dokument nr.: 07 Saneringsplan avlaup for Litlesotra, Bildøyna og Kolltveit | Rapport 7 - Hovudrapport Revisjon: J03 Føreord I samband med stadfesting av Kommunedelplan for vassforsyning og avlaup 2011-2022 for Fjell kommune vart FjellVAR AS beden om å utarbeide eit forprosjekt for aktuelle lokalitetar for reinseanlegg for hovudavlaup. Saneringsplan avlaup for Litlesotra, Bildøyna og Kolltveit er ei oppfølging av dette vedtaket. Det er utarbeidd seks delrapportar som bakgrunn for denne hovudrapporten: • Overføringsanlegg • Ventilasjon, luktreinsing og energi • Spreiingsberekning for luktutslepp • Prosessløysing for avlaupsreinseanlegg • Avlaupsmodell Forstudien er utarbeida av FjellVAR AS med Norconsult AS som konsulent. Prosjektleiar har vore Tore Brakstad, FjellVAR. Arbeidet er leia av ei arbeidsgruppe med desse deltakarane: • Bjarne Ulvestad, FjellVAR • Tore Brakstad, FjellVAR • Stig Haganes, FjellVAR • Willy-Andre Gjesdal, Norconsult Forstudien er gjennomført som en teknisk forstudie og er saman med delrapportane lagt ut på FjellVAR si heimeside. Bergen, 21. september 2012 Willy-André Gjesdal n:\511\40\5114077\4 resultatdokumenter\41 rapporter\sist_revidert\r07-hovedrapport-j03_rev.docx 2012-09-21 | Side 3 av 63 Oppdragsnr.: 5114077 Dokument nr.: 07 Saneringsplan avlaup for Litlesotra, Bildøyna og Kolltveit | Rapport 7 - Hovudrapport Revisjon: J03 Innhold Føreord 3 1 Innleiing 10 1.1 Formål 10 1.2 Delutgreiingar 11 1.3 Metode for vurdering og val av alternativ 11 1.4 Slamhandsaming 12 2 Føresetnader 13 2.1 Reinsekrav 13 2.2 Framtidig folketal 13 2.3 Målsetjing i kommunedelplanen 14 3 Lokalisering av avlaupsreinseanlegg 15 3.1 Tidlegare vurderingar 15 3.2 Føresetnader og krav til lokalisering 16 3.3 Viktige kriterier for val 16 3.4 Konsekvensvurdering 16 3.5 Innleiande vurdering av lokalitetar og alternativ 17 3.5.1 Vurderte plasseringar av reinseanlegg 17 3.5.2 Knarrevik 18 3.5.3 Basvika 20 3.5.4 Vågo 21 3.5.5 Reinseanlegg i fjell - Hjelteryggen 23 3.6 Vurdering av alternative totalløysingar 24 3.6.1 Alternativ med eitt reinseanlegg for hovudavlaup 24 3.6.2 Alternativ med to reinseanlegg for hovudavlaup 24 3.6.3 Oppsummering 25 3.7 Presentasjon av alternativ 26 3.7.1 Innleiing 26 3.7.2 A – Mustadvatnet 26 3.7.3 B – Knarrevik 27 3.7.4 C – Basvika 27 3.7.5 D – Vågo og Mustadvatnet 29 4 Avlaupsreinseanlegg 30 4.1 Dimensjonering 30 4.2 Prosessløysing for primærreinsing 31 4.3 Utviding til sekundærreinsing 31 4.4 Luktreinsing og utslepp til luft 32 4.5 Energi 35 4.6 Økonomi 35 n:\511\40\5114077\4 resultatdokumenter\41 rapporter\sist_revidert\r07-hovedrapport-j03_rev.docx 2012-09-21 | Side 4 av 63 Oppdragsnr.: 5114077 Dokument nr.: 07 Saneringsplan avlaup for Litlesotra, Bildøyna og Kolltveit | Rapport 7 - Hovudrapport Revisjon: J03 4.6.1 Generelt 35 4.6.2 Investering 36 4.6.3 Driftskostnader 36 4.6.4 Årskostnader 37 4.6.5 Sekundærreinsing 37 5 Overføringsanlegg 38 5.1 Leidningstrasear 38 5.1.1 Felles 38 5.1.2 Alternativ A – Mustadvatnet 38 5.1.3 Alternativ B – Knarrevik 39 5.1.4 Alternativ C – Basvika 40 5.1.5 Alternativ D – Vågo og Mustadvatnet 41 5.2 Økonomi 42 5.2.1 Generelt 42 5.2.2 Investeringsbehov 42 5.2.3 Driftskostnader 43 5.2.4 Årskostnader 44 6 Samfunnsøkonomiske vurderingar 45 6.1 Økonomi (Prissette konsekvensar) 45 6.1.1 Investering og drift 45 6.1.2 Årskostnader 46 6.1.3 Gebyrprognose 46 6.1.4 Framtidig utviding til sekundærreinsing 47 6.1.5 Samla vurdering av kostnader 47 6.2 Verknader på miljø og samfunn 48 6.2.1 Nærmiljø og friluftsliv 48 6.2.1.1 Metode 48 6.2.1.2 Alternativ A – Mustadvatnet 49 6.2.1.3 Alternativ B Knarrevika 50 6.2.1.4 Alternativ C Basvika 50 6.2.1.5 Alternativ D Vågo og Mustadvatnet 50 6.2.1.6 Samla vurdering nærmiljø og friluftsliv 51 6.2.2 Naturmiljø 52 6.2.3 Kulturmiljø 52 6.2.4 Landskap 52 6.2.5 Resipienttilhøve 52 6.2.6 Energibruk 52 6.2.7 Samla vurdering av miljøkonsekvensar 53 6.2.8 Lokal og regional utvikling 53 6.3 Risiko og sårbarheit (ROS) 54 6.4 Interne tilhøve 55 6.4.1 Framdrift 56 6.4.2 Lokal energigjennvinning 57 6.4.3 Samla vurdering av interne tilhøve 58 n:\511\40\5114077\4 resultatdokumenter\41 rapporter\sist_revidert\r07-hovedrapport-j03_rev.docx 2012-09-21 | Side 5 av 63 Oppdragsnr.: 5114077 Dokument nr.: 07 Saneringsplan avlaup for Litlesotra, Bildøyna og Kolltveit | Rapport 7 - Hovudrapport Revisjon: J03 7 Konklusjon og anbefalingar 59 7.1 Vurdering opp i mot målsetjinga i kommunedelplanen 59 7.2 Diskusjon og anbefaling 60 8 Vedlegg 61 8.1 Tabelliste 62 8.2 Figurliste 63 n:\511\40\5114077\4 resultatdokumenter\41 rapporter\sist_revidert\r07-hovedrapport-j03_rev.docx 2012-09-21 | Side 6 av 63 Oppdragsnr.: 5114077 Dokument nr.: 07 Saneringsplan avlaup for Litlesotra, Bildøyna og Kolltveit | Rapport 7 - Hovudrapport Revisjon: J03 Samandrag Tettbygd område på Litle Sotra, Bildøyna og Kolltveit – Morlandstø svarer til avlaupsvatn frå meir enn 10 000 personar og det er difor krav om at utslepp skal gjennomgå sekundærreinsing innan 31.12.2015. Fjell kommune vil søkje Fylkesmannen om unntak frå krav om sekundærreinsing, reinsekravet vert då primærreinsing men tidsfristen står fast. Forstudien vurderer og anbefaler lokalisering av avløpsreinseanlegg med ein forventa befolkning på 28 000 personer i 2050. Lokaliseringa gjelder primærreinseanlegg med moglegheit for seinare utvidingar til sekundærreinsing. Det er anbefalt kjemisk reinsing som reinsemetode for primærreinsing. Det er utarbeid 5 delrapportar som er bakgrunn for denne hovudrapporten kor anbefalingar i delrapportane er tatt inn. Hovudrapporten omhandlar planføresetnader, skildring av reinseanlegg med transportsystem og vurdering med anbefaling av lokalisering av reinseanlegg. Vurderinga vert gjort på grunnlag av kostnader, miljøkonsekvensar for nærmiljø og friluftsliv, natur, kulturminne, landskap, vassmiljø og energibruk samt sårbarheit og interne tilhøve. I tråd med vedtak i Kommunestyret i samband med handsaming av Kommunedelplanen for vassforsyning og avlaup/vassmiljø 2011-2022 er det no utgreidd lokalisering av reinseanlegg for hovudavlaup på Litlesotra på strekninga Knarrevik – Basvika - Vågo. Både løysingar med eitt og fleire reinse- anlegg er vurdert. Denne forstudie tek utgangspunkt i aktuelle lokalitetar på denne strekninga. Det er til saman vurdert 10 ulike lokaliteter for plassering av nytt avløpsreinseanlegg. Etter alternativsvurderinga står ein att med fire alternativ, tre med eitt reinseanlegg (A-C) og eit alternativ som er ei delt løysing med to reinseanlegg (D). Alle har utslepp til fjordsystemet Hjeltefjorden/ Byfjorden/ Kobbeleia aust og nordaust for Litlesotra: A. Mustadvatnet B. Knarrevik C. Basvika D. Vågo og Mustadvatnet n:\511\40\5114077\4 resultatdokumenter\41 rapporter\sist_revidert\r07-hovedrapport-j03_rev.docx 2012-09-21 | Side 7 av 63 Oppdragsnr.: 5114077 Dokument nr.: 07 Saneringsplan avlaup for Litlesotra, Bildøyna og Kolltveit | Rapport 7 - Hovudrapport Revisjon: J03 Det er ein klar føresetnad at lukt frå reinseanlegget vert å reinse etter best tilgjengeleg teknologi før utslepp til luft. Spreiingsberekningane syner at det under ordinær drift vil vere små luktulemper for naboar for alle alternativ, med 3 god margin til innarbeidde anbefalingar for lukt i bustadområde (5 ouE/m ). For alle alternativ viser berekningar som er utført at det er fullt mogleg å drive eit avløpsreinseanlegg innanfor dei krav som vert stilt til støy og lukt. Knarrevik skil seg ut som det dårlegaste alternativet sjølv om det også er innafor krava til eit avlaupsreinseanlegg. Tabell 1: Investeringar, kostnader samt prognose for årsgebyr for einebustad. Kostnadstall per mai 2012. Alternativ Investering Årskostna d Årsgebyr Mnok Mnok eks mva A - Mustadvatnet 310 31 9 000 B - Knarrevik 300 30 8 800 C - Basvika 378 38 9 800 D - Vågo og Mustadvatnet 348 37 9 500 Mustadvatnet (A) og Knarrevik (B) har tilnærma like kostnader med eit samla investeringsbehov på kring 300 – 310 millionar kroner og ein prognose for maksimalt årsgebyr på 11 000 kr inklusiv meirverdiavgift. Basvika (C) og Mustadvatnet/Vågo (D) har eit investeringsbehov på 350 – 380 millionar kroner og ein prognose for maksimalt årsgebyr på 12 000 kr inklusiv meirverdiavgift. Desse to er rangert som likeverdige som nummer 3. Vi gjer merksam på at kalkulert avlaupsgebyr er ein prognose som er hefta med stor grad av usikkerheit. Rentenivå, folkevekst, framtidige investeringar, og driftskostnader samt inntekter frå tilknytingsgebyr er alle usikre faktorar som kvar for seg har mykje å seie for årsgebyret. Det er liten negativ konsekvens for miljøverkander på alle alternativa. Mustadvatnet (A) kjem best ut medan Knarrevik (B) kjem dårlegast ut. Det er tema nærmiljø som gjev utslag her. For tema sårbarheit er det liten forskjell mellom dei ulike alternativa. Mustadvatnet/Vågo (D) kjem best ut når det gjeld uønska hending med overløpsutslepp til dårlege resipientar ved pumpestans og/eller mykje nedbør. Samstundes har Vågo mest sårbar resipient med overløpsutslepp ved reinseanlegg. Ved større driftsuhell med uønska luktutslepp ligg bustadområdet ved Knarrevik (B) mest utsett til.