Musikk Og Kjønn – I Utakt?
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
0000 260192 BM Musikk 080101 Page 1 Friday, May 23, 2008 3:14 PM ASTRID KVALBEIN OG ANNE LORENTZEN (RED.) Musikk og kjønn – i utakt? 0000 260192 BM Musikk 080101 Page 2 Friday, May 23, 2008 3:14 PM Copyright © 2008 by Norsk kulturråd All rights reserved Utgitt av Norsk kulturråd i kommisjon hos Fagbokforlaget ISBN: 978-82-7081-142-7 Grafisk produksjon: John Grieg AS, Bergen Omslagsdesign ved forlaget Forsidebilde: Tine Aamodt, Syv stoler, 2001 Sideombrekking: Laboremus Prepress AS Denne boka er gitt ut i samarbeid med NTNU, Norsk jazzarkiv og MIC Norsk musikkinformasjon Spørsmål om denne boken kan rettes til: Fagbokforlaget Postboks 6050, Postterminalen 5892 Bergen Tlf.: 55 38 88 00 – Faks: 55 38 88 01 E-post: [email protected] www.fagbokforlaget.no For mer informasjon om Norsk kulturråd og Kulturrådets utgivelser: www.kulturrad.no Norsk kulturråds utgivelser omfatter skrifter som kan ha forsknings- og utredningsmessig interesse for Norsk kulturråd, for deler av norsk kultur- og samfunnsliv, og for forskere og utredere på kulturfeltet. Utgivelsene redigeres av Norsk kulturråds FoU-seksjon og utgis av Norsk kulturråd i samarbeid med Fagbokforlaget. De vurderinger og konklusjoner som kommer til uttrykk i utgivelsene, står for den enkelte forfatters regning – og avspeiler ikke nødvendigvis Kulturrådets oppfatninger 0000 260192 BM Musikk 080101 Page 3 Friday, May 23, 2008 3:14 PM Innhold Anne Lorentzen og Astrid Kvalbein Innleiing ...................................................................................... 7 Arvid Skancke-Knutsen Djevelens advokat ..................................................................... 15 Del I Klassisk og samtidsmusikk................................................. 23 Astrid Kvalbein Magnetiske eller umusikalske motpolar? ................................ 25 Lene Grenager Kvinnelig komponist? ................................................................ 45 Ragnhild Veire Kjønnsnøytral kunstmusikk? ..................................................... 51 Del II Pop, rock og jazz .................................................................... 57 Heidi Stavrum Kjønnede relasjoner innenfor rytmisk musikk ........................ 59 INNHOLD 3 0000 260192 BM Musikk 080101 Page 4 Friday, May 23, 2008 3:14 PM Anne H. Lorentzen Kjønn i prosjektstudioet ............................................................ 77 Marta Breen Testosteronrock og PMS-pop .................................................... 93 Del III Utdanning og rekruttering................................................. 99 Per Mangset Profesjonell musikkutdanning og kjønn .................................. 101 Eirik Birkeland Fra guttekorps til feminine symfoniorkestre? ....................................................................... 115 Erling Aksdal Kjønnsfordelingen i søkning og opptak ved Institutt for musikk, NTNU – med spesielt fokus på jazzutdanningen ....... 121 Olav Kjøk Kjønnsfordeling i norske musikk- og kulturskoler ................... 137 Del IV Sideblikk til teater og litteratur........................................ 141 Agnete G. Haaland Teater – sementering av gårsdagens kjønnsbilder eller en veiviser for fremtidige muligheter? ............................ 143 Trond Haugen Litteratur – kjønnspolitiske strategier ..................................... 151 Del V Musikk, kjønn og identitet ................................................. 157 Erik Steinskog Skeiv musikk – konstruksjon av kjønnsbilder .......................... 159 Viggo Vestel Musikk, identitet og kjønn i et flerkulturelt ungdomsmiljø på «Rudenga», Oslo øst ........ 169 4 MUSIKK OG KJØNN – I UTAKT? 0000 260192 BM Musikk 080101 Page 5 Friday, May 23, 2008 3:14 PM Arild Danielsen Kjønnet musikkpublikum .......................................................... 187 Jon Rogstad Musikk fra et ungdomsrom. Ord til slutt om kjønn, makt og musikk .................................... 203 Om artikkelforfatterne ............................................................. 215 INNHOLD 5 0000 260192 BM Musikk 080101 Page 6 Friday, May 23, 2008 3:14 PM 0000 260192 BM Musikk 080101 Page 7 Friday, May 23, 2008 3:14 PM Innleiing Musikk og kjønn i utakt? Ein opptakt 8. og 9. oktober 2007 inviterte Norsk Musikkinformasjon, Norsk kultur- råd, Norsk Jazzarkiv og Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet til seminar under tittelen Musikk og kjønn – om kjønnsarbeidsdelingens mange varianter, grunner og virkninger i musikklivet. Ellen Aslaksen, for- skingsleiar i kulturrådet, innleia med desse orda: Vi har tenkt om dette seminaret at er vi heldige, kan det by på en etterlengtet vending i tematiseringen av kjønn i kunstlivet. Vi har tenkt at med dette programmet kan endelig samtalene om musikk og kjønn eller kunst og kjønn begynne. Vi har tenkt at tiden for monologene må være over, tiden der enkeltforskere og enkeltaktører i musikklivet fra hver sine utkikkspunkt og med ujevne mellomrom bringer denne tematikken på bane. Nå må vel tiden for samtalene være kommet, tiden for å reflek- tere over og diskutere hva kjønn betyr og hvordan det virker, i dag, her og nå i samti- dens kunstliv? Konferansen opna for både monologar, samtalar og hissig debatt, det siste særleg då tiltak for å jamne ut og endre kjønnsbalansen i kulturlivet gene- relt og musikklivet spesielt blei tema. Vi konstaterte at musikklivet er verre stilt enn kultur og arbeidsliv elles, med ei gjennomgåande 20/80- fordeling, ofte 10/90-fordeling i kvinners disfavør på enkelte område. Det ser mange. Kva vi skal eller bør gjere for å endre situasjonen, er mei- ningane delte om. Til saman virvla innlegga på konferansen opp mange INNLEIING 7 0000 260192 BM Musikk 080101 Page 8 Friday, May 23, 2008 3:14 PM og svært ulike perspektiv på kjønn – frå subjektive forteljingar med utgangspunkt i erfaringane til kunstnarane, via kritiske streiflys på media, til tal, fakta og analysar frå institusjonar og forsking på feltet. Denne boka samlar dei aller fleste av innlegga frå konferansen, lettare tilpassa ei skriftleg form, men utan at vi som redaktørar har hatt ambisjo- nar om å levere eit gjennomdrøfta «sluttdokument» i vitskapleg forstand. Kvar tekst står for den enkelte forfattar si rekning, for så vidt slik alle tekstar – også denne – til sjuande og sist blir ståande som tidsbilde, det vil seie som eksempel på kva som var muleg og legitimt å tenke og ikkje minst seie om kjønn då boka blei til. Vi håpar derfor at ho heller, på same måte som konferansen, kan fungere som eit slags «startdokument», eit springbrett for vidare samtalar om musikk, kunstliv og kjønn. Kjønn i barokk, rock og media Vi har – med eit visst strev ettersom innlegga tenderer til både å sprike og gripe inn i kvarandre – delt boka i fem bolkar. Etter Arvid Skancke-Knut- sens aperitiff av eit kåseri som femner mange sjangrar og felt, har vi laga to bolkar etter musikksjangrar. Deretter ser vi på rekruttering og tiltak på tvers av desse og tar eit sideblikk til teater- og litteraturfeltet. I siste del tar innlegga på ulik måte føre seg korleis musikkbruk, kjønn og identitets- konstruksjonar kan vere vove inn i kvarandre. Av dei to første bolkane dreier ein seg om det rytmiske musikkfeltet og ein om klassisk/samtidsmusikk. Begge blir innleia av relativt fakta- tunge artiklar. Heidi Stavrum byr på eit rikt talmateriale frå i dag, med utgangspunkt i rapporten Musikk og kjønn: Status i felt og forskning, som ho har skrive saman med Anne Lorentzen.1 Ho lar artikkelen munne ut i det viktige spørsmålet om korleis nedarva og lite diskuterte oppfatningar om kvalitet slår ut i representasjonen og bileta av ulike kjønn innan jazz, folkemusikk, pop og rock. Astrid Kvalbein set på si side ulike oppfatnin- gar av feminint og maskulint i klassisk musikk i eit historisk perspektiv og drøfter korleis kanon-tenkinga stadig slår ut til fordel for menn langt inn i den nyaste kunstmusikken. Som kontrapunkt til slike nokså breitt orienterte artiklar står Lene Grenagers personlege refleksjonar rundt det å vere kvinne og komponist i dag. På den eine sida kan vi notere at ho som ei av dei mest framgangs- 1 Lorentzen, A. & H. Stavrum. 2007. Musikk og kjønn – status i felt og forskning. TF- notat, Telemarksforskning-Bø. 8 MUSIKK OG KJØNN – I UTAKT? 0000 260192 BM Musikk 080101 Page 9 Friday, May 23, 2008 3:14 PM rike komponistane ikkje opplever at kjønn er til hinder eller er noko tema i den daglege verksemda, og heller ikkje ønskjer at verken utøvarar og komponistar skal setje seg i tale som kvinnelege. Ho vil ta del i det som har vore den mannlege musikarens og komponistens privilegium: å fram- stå med ein kunstnarisk individualitet heva over kjønn (eit credo ein kan kjenne igjen hos Virginia Woolf, som rådde kvinner til å skrive som ei som har gløymd at ho faktisk er kvinne). Samtidig er det verdt å merkje seg ambivalensen i innlegget; Grenager bestemmer seg eigentleg ikkje konsekvent for om kjønn er viktig eller ikkje viktig. Men ho er sikker på at det stereotype biletet av komponisten (og Gud) som ein eldre, allve- tande mann med skjegg, er moge for å bli rive ned frå veggen. I pop- og rockebransjen har produsenten ofte vore noko nær ein Gud (slik artisten Lars Bremnes så treffande formulerer det i låta «Gud ved mixebordet» frå 1997). Men ettersom hierarkia i dei tradisjonelle plate- studioa mange stader er i ferd med å bli brotne ned, blir også kjønnsrela- sjonane endra. Det viser Anne Lorentzen i sitt nærstudium av arbeidet i eit moderne prosjektstudio. Når musikkteknologien blir meir tilgjengeleg for fleire, opnar det seg òg rom for kvinner