Fitjar Kommune Saksmappe: 2015/525 Sakshandsamar: Andreas Moe Larsen Dato: 30.10.2016

Total Page:16

File Type:pdf, Size:1020Kb

Fitjar Kommune Saksmappe: 2015/525 Sakshandsamar: Andreas Moe Larsen Dato: 30.10.2016 Arkivkode: X31 Fitjar kommune Saksmappe: 2015/525 Sakshandsamar: Andreas Moe Larsen Dato: 30.10.2016 MØTEBOK Høyring - nærpolitireforma og framlegg til effektivisering av den lokale strukturen i politidistriktet Utval sak Utval Møtedato 81/16 Formannskapet 09.11.2016 65/16 Kommunestyret 16.11.2016 Vedlegg 1 Høringsbrev til kommunene Bakgrunn: Stortinget vedtok 10.06.2015 endring i politiloven, den såkalla nærpolitireforma. Justis- og beredskapsdepartementet, Politidirektoratet og politidistrikta (politimeistrane) fekk ansvaret for å setje i verk endringane. Bakgrunn for endringane var blant anna ei vurdering av at dåverande organisering i 27 politidistrikt hadde resultert i for store skilnader mellom politidistrikta og gjort det vanskelig å utvikle sterke nok fagmiljø i dei mindre og mellomstore politidistrikta. Nærpolitireforma var meint å ta tak i dette og reduserte tal politidistrikt frå 27 til 12. Med 12 politidistrikt legg ein opp til større og meir robuste fagmiljø for å kunne etterforske og førebygge kriminalitet, og det gjev høve til å ha spesialistmiljø i kvart politidistrikt. Samstundes vil det slik Stortinget ser det kunne styrke koordineringa av politiet sine samla beredskapsressursar. Samlokalisering av politiets operasjonssentralar og brannvesenets alarmsentralar har same målsetjing. Som ein del av reforma er oppdraget å effektivisere politidistrikta sin lokale struktur. I praksis betyr dette å etablera føremålstenelege tenesteeiningar. Avgjerd om geografiske driftseiningar skal takast av politimeisteren, medan struktur elles er lagt til politidirektøren etter tilråding frå politimeistrane. Kommunane er involvert gjennom deltaking i styringsgruppe og høyringsprosess. Wenche Tislevoll har representert Fitjar kommune i styringsgruppa. Kommunane kan klaga på dei vedtak som blir gjort. Klageretten vil gjelda for vedtak frå Politidirektoratet om endringar i inndelinga i lensmanns- og politistasjonsdistrikt og samanslåing eller avvikling av lensmannskontor eller politistasjonar. Eventuelle klager blir handsama av Justis- og beredskapsdepartementet, og vil ha utsetjande verknad på saka. Det ligg no føre ei tilråding frå Sør Vest politidistrikt med høyringsfrist 01.12.2016. Saksutgreiing Fitjar kommune fekk i 2015 forslag til nye administrasjonsstader til høyring og uttalte då følgjande til politidirektoratet: «Fitjar kommune tek til vitande at Stavanger vert administrasjonsstad for Sør- Vest politidistrikt. Det er svært lang avstand frå Fitjar til administrasjonsstaden. Dette gjer det avgjerande for Fitjar kommune at tenestene og politiberedskapen i Sunnhordland blir god. Samhandlinga med andre beredskaps- og samfunnsaktørar i Sunnhordland må prioriterast. Alle publikumsfunksjonar må vera lett tilgjengelege frå Sunnhordland. Fitjar lensmannskontor må ha gode nærpolitifunksjonar, og Stord lensmannsdistrikt må vera ein sterk tenestestad med alle naudsynte publikumsfunksjonar.» Som kjent vedtok Stortinget at sunnhordlandskommunane Stord, Fitjar og Bømlo vart lagt til Sør-Vest politidistrikt. Stortinget vedtok samstundes at desse kommunane skal overførast til Vest politidistrikt når forventa transportløysingar (som Hordfast) er på plass. Dersom bygging av forventa transportløysingar ikkje er starta innan 2023, skal ein likevel vurdera å leggja Bømlo, Fitjar og Stord til politidistrikt Vest. Politidirektoratet har vedteke at administrasjonsstad for Sør-Vest politidistrikt vert lagt til Stavanger. Høyringa no tek utgangspunkt i vedtaka som er gjort og føreslår ein ny lokal struktur i Sør-Vest politidistrikt. Målsetjinga for den nye strukturen er (utdrag frå høyringsbrevet): «Som en del av nærpolitireformen er oppdraget å effektivisere politidistriktenes lokale struktur. I praksis betyr dette å etablere hensiktsmessige tjenesteenheter, tjenestesteder og geografiske driftsenheter som understøtter nærpolitireformens hovedmål. Endring av lokal struktur er således et virkemiddel for å oppnå et oprativt, synlig og tilgjengelig nærpoliti der befolkningen bor, samtidig som det utvikles robuste fagmiljø som er rustet til å møte dagens og morgendagens kriminalitetsutfordringer.» Forslag til ny struktur er basert på følgjande organisatoriske einingar: Tenestestadar og politikontakt Ein politikontakt er eit fast kontaktpunkt for kvar kommune. Tenestepersonen har politimynde. Fokus skal vera førebyggjande arbeid og skal vera tilpassa kvar enkelt kommune. Funksjonen vil vera særleg viktig i dei kommunane der lensmannskontor vert erstatta med politikontakt. Ein tenestestad er ein lokalitet/bygning (kontorstad) kor politiet yt tenester til publikum. Dette er ikkje ei organisatorisk eining, men ein del av tenesteeininga. Kan kallast politikontor eller lensmannskontor. 90 prosent av innbyggjarane skal ha mindre enn 45 minutt køyring til næraste tenestestad. I framlegget frå politimeisteren blir Bømlo og Fitjar lensmannskontor lagt ned. Bømlo lensmannskontor blir erstatta av eit politikontor. Alle kommunar skal ha politikontaktar, men dei får ein særskilt viktig funksjon i kommunar der politiet ikkje har kontor. Dette vil i Sunnhordland gjelde Fitjar, Sveio og Etne. Tenesteeining Ei tenesteining er eit lensmannsdistrikt. Ein tenesteining kan vera organisert i fleire tenestestadar. Kommunar med tenesteeining bør ha over 10 000 innbyggjarar og meir enn 500 straffesakar årleg. I forslag til ny organisering vert det lagt opp til at Stord, Bømlo og Fitjar held fram som tenesteeining med namnet Stord lensmannsdistrikt. Administrasjonsstaden vert Stord og leiaren for eininga blir lensmann. Dette skal i følgje høyringsbrevet gje alle innbyggjarar høve til å nå ein tenestestad innan 45 minutt. Geografisk driftseining Ei geografisk driftseining kan innehalde fleire tenesteeiningar. Driftseiningsleiar er òg tenesteeiningsleiar i ei av tenesteeiningane. Stillinga er direkte underlagt politimeisteren. Ei geografisk driftseining skal stille ei politipatrulje for politidistriktet heile døgeret alle dagar, med forsterking i helg. Vidare skal eininga kunne etterforske det store fleirtalet av straffesaker innan sitt geografiske område og utføra grunnleggjande forvaltningsoppgåver og oppgåver innan sivil rettspleie. I dag består Sør-Vest politidistrikt av 10 geografiske driftseiningar, fem i gamle Rogaland politidistrikt og fem i gamle Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Stord er saman med Bømlo og Fitjar ei slik geografisk driftseining. Politimeisteren meiner at geografiske driftseiningar (GDE) strengt tatt ikkje er del av høyringa, då dette skal avgjerast seinare i prosessen etter forhandlingar (rådmannen reknar med at det er meint drøftingar) med tillitsvalde. Sidan kommunane er opptekne av spørsmålet, kjem politimeisteren no med to alternativ, eit med tre GDE og eit med sju GDE. Alternativ 1 legg Stord tenesteeining under Haugesund GDE saman med tenesteeiningane Haugesund, Karmøy, Etne/Vindafjord og Sauda/Suldal. Alternativ 2 har Stord som eigen GDE. Vurdering: Fitjar kommune hadde gjerne sett ei anna inndeling av politidistrikta Vest og Sør-Vest. I den prosessen var kommunen tydeleg på at den prioriterte å høyre til det distriktet dei andre kommunane i Hordaland fylke er ein del av, nemleg Vest politidistrikt. Dette hadde gjeve kommunen klare føremoner framfor dagens løysing både når det gjeld generell beredskap, kor ein får direktiv frå fylkesmannen i Hordaland, og i politi- og brannsamarbeid. Politimeisteren rår til at Stord, Bømlo og Fitjar vert ei tenesteeining med lensmannskontor eller politistasjon på Stord og politikontor på Bømlo. Fitjar lensmannskontor vert foreslått lagt ned. Dette er ikkje uventa. Dersom dei framlagte løysingane gjev tettare kontakt mellom kommune og politi, kan dei gje ei betre teneste enn noverande lensmannskontor. Ordningane må utformast i tett samarbeid med kommunane som mister lensmannskontor. Ei ordning med politikontakt i Fitjar må styrka samarbeidet mellom kommunen og politiet i det førebyggjande arbeidet, samstundes som det betrar servicen til publikum. Politikontakten må vera ein erfaren tenesteperson som har føreseielege kontortider i Fitjar, minst to dagar i veka. Tenestepersonen må vera kommunen sin inngangsport til politiet. Rådmannen meiner det vil vera svært viktig at Stord, Bømlo og Fitjar framleis vert ei geografisk driftseining, som i alternativ 2. Arbeidsgruppa har gjort gode vurderingar kring dette spørsmålet og mellom anna tatt omsyn til føringane frå fleirtalet i Stortinget når det gjeld mogleg flytting til Vest politidistrikt om nokre år. Rådmannen meiner alternativ 1, der Stord tenesteeining er lagt under Haugesund geografiske driftseining, vil svekke det gode samarbeidet kommunane i Sunnhordland har med politiet. Framlegg til vedtak/tilråding: Fitjar kommune gjev følgjande høyringssvar: Fitjar kommune meiner det er svært viktig at Stord lensmannsdistrikt består som eiga geografisk driftseining, som i politimeisteren sitt alternativ 2. Arbeidsgruppa har gjort gode vurderingar kring dette spørsmålet og mellom anna tatt omsyn til føringane frå fleirtalet i Stortinget når det gjeld mogleg flytting til Vest politidistrikt om nokre år. Kommunen meiner politimeisteren sitt alternativ 1, der Stord tenesteeining er lagt under Haugesund geografiske driftseining, vil svekke det gode samarbeidet kommunane i Sunnhordland har med politiet. Dei tre kommunane er ein utkant i eit stort politidistrikt, har ein befolkning på om lag 34 000 innbyggjarar og er ein region med store utfordringar når det gjeld beredskap knytt til industri og trafikk (blant anna E39). Med dette framlegget vil det verta over 80 km til
Recommended publications
  • Bicycle Trips in Sunnhordland
    ENGLISH Bicycle trips in Sunnhordland visitsunnhordland.no 2 The Barony Rosendal, Kvinnherad Cycling in SunnhordlandE16 E39 Trondheim Hardanger Cascading waterfalls, flocks of sheep along the Kvanndal roadside and the smell of the sea. Experiences are Utne closer and more intense from the seat of a bike. Enjoy Samnanger 7 Bergen Norheimsund Kinsarvik local home-made food and drink en route, as cycling certainly uses up a lot of energy! Imagine returning Tørvikbygd E39 Jondal 550 from a holiday in better shape than when you left. It’s 48 a great feeling! Hatvik 49 Venjaneset Fusa 13 Sunnhordland is a region of contrast and variety. Halhjem You can experience islands and skerries one day Hufthamar Varaldsøy Sundal 48 and fjords and mountains the next. Several cycling AUSTE VOLL Gjermundshavn Odda 546 Våge Årsnes routes have been developed in Sunnhordland. Some n Husavik e T YS NES d Løfallstrand Bekkjarvik or Folgefonna of the cycling routes have been broken down into rfj ge 13 Sandvikvåg 49 an Rosendal rd appropriate daily stages, with pleasant breaks on an a H FITJ A R E39 K VINNHER A D express boat or ferry and lots of great experiences Hodnanes Jektavik E134 545 SUNNHORDLAND along the way. Nordhuglo Rubbestad- Sunde Oslo neset S TO R D Ranavik In Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Svortland Utåker Leirvik Halsnøy Matre E T N E Sveio and Tysnes, you can choose between long or Skjershlm. B ØMLO Sydnes 48 Moster- Fjellberg Skånevik short day trips. These trips start and end in the same hamn E134 place, so you don’t have to bring your luggage.
    [Show full text]
  • Vestland County a County with Hardworking People, a Tradition for Value Creation and a Culture of Cooperation Contents
    Vestland County A county with hardworking people, a tradition for value creation and a culture of cooperation Contents Contents 2 Power through cooperation 3 Why Vestland? 4 Our locations 6 Energy production and export 7 Vestland is the country’s leading energy producing county 8 Industrial culture with global competitiveness 9 Long tradition for industry and value creation 10 A county with a global outlook 11 Highly skilled and competent workforce 12 Diversity and cooperation for sustainable development 13 Knowledge communities supporting transition 14 Abundant access to skilled and highly competent labor 15 Leading role in electrification and green transition 16 An attractive region for work and life 17 Fjords, mountains and enthusiasm 18 Power through cooperation Vestland has the sea, fjords, mountains and capable people. • Knowledge of the sea and fishing has provided a foundation Experience from power-intensive industrialisation, metallur- People who have lived with, and off the land and its natural for marine and fish farming industries, which are amongst gical production for global markets, collaboration and major resources for thousands of years. People who set goals, our major export industries. developments within the oil industry are all important when and who never give up until the job is done. People who take planning future sustainable business sectors. We have avai- care of one another and our environment. People who take • The shipbuilding industry, maritime expertise and knowledge lable land, we have hydroelectric power for industry develop- responsibility for their work, improving their knowledge and of the sea and subsea have all been essential for building ment and water, and we have people with knowledge and for value creation.
    [Show full text]
  • Viltet I Os Kartlegging Av Viktige Viltområde Og Status for Viltartane
    Viltet i Os Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane Os kommune og Fylkesmannen i Hordaland 2006 MVA-rapport 5/2006 Viltet i Os Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane Os kommune og Fylkesmannen i Hordaland 2006 MVA-rapport 5/2006 Foto på framsida frå toppen (fotograf i parentes): Songsvanar (A. Håland), vipe (I. Grastveit), spelande tiur (A.T. Mjøs), kvitryggspett (A.T. Mjøs), frosk (A.T. Mjøs), hjort (T. Wiers). Ansvarlege institusjonar og finansiering: Rapport nr: Os kommune og Fylkesmannen i Hordaland, Miljøvernavdelinga MVA-rapport 5/2006 Tittel: ISBN-10: 82-8060-055-8 ISBN-13: 978-82-8060-055-4 Viltet i Os. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane ISSN: 0804-6387 Forfattarar: Tal sider: Arnold Håland og Alf Tore Mjøs 44 + vedlegg Kommunalt prosjektansvarleg: Dato: Helene Dahl (landbrukssjef) 29.06.2006 Samandrag: På initiativ frå Fylkesmannen si miljøvernavdeling, har Os kommune gjennomført ei kartlegging av vik- tige viltområde i kommunen. Målet med kartlegginga har vore å gi kommunen ei oppdatert oversikt over viktige viltområde til bruk i arealforvaltinga og å presentere ein kunnskapsstatus for viltet i kom- munen. Medan det gamle viltkartet nesten utelukkande omhandla jaktbare artar, omfattar den nye oversikta alle viltartar i høve til det utvida viltomgrepet: Alle artar innan gruppene amfibium, krypdyr, fugl og landpattedyr. Eit utval av artar og funksjonsområde er kartlagt. Når det gjeld småviltet er det lagt særlig vekt på 1) trua og sårbare artar (raudlisteartar) og 2) fåtalige artar med spesielle habitatkrav. Alle kartdata finst på digital form, slik at kommunen kan framstille kart etter eige behov.
    [Show full text]
  • Folketal Og Demografi 2 Føreord
    HORDALAND I TAL Nr. 1 - 2018 Folketal og demografi 2 Føreord Hordaland i tal nr. 1 2018 presenterer folketalsutviklinga i fylket og på regions- og kommunenivå. I dette nummeret tek vi og eit blikk nordover til Sogn og Fjordane som saman med Hordaland skal inngå i Vestland fylkeskommune frå 1. januar 2020. Frå 2017 til 2018 auka folketalet i Hordaland med 0,5 % som er den lågaste veksten sidan 1998. Hordaland er ikkje ein isolert del av Europa og av verda, men blir påverka av internasjonale konjunkturar, av krigar og sosial uro og nød i andre delar av verda som driv menneske på flukt. Dette påverkar folketalsut- viklinga i Hordaland. Innvandring har bidrege positivt til folketalsutviklinga i alle kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane sidan 2013 og statistikken viser at mange kommunar er heilt avhengig av nye innbyggjarar frå utlandet. For kommunane med befolkningsnedgang har innvandringa bremsa reduksjonen i folketalet. I 2017 fekk vi ein kraftig reduksjon i innvandringa til Hordaland. Samstundes ser vi at det kjem stadig færre innvandrar frå Europa, som har dominert innvandringsstraumen til Hordaland dei seinare åra. Dette heng saman med auken i arbeidsløyse i Noreg og i nokre høve ein betre økonomisk situasjon i dei landa dei har kome frå. Polakkar er likevel framleis den klårt største innvandrargruppa i Noreg. Saman med rekordlåg netto innanlandsk flytting og lågt fødselsoverskot, har dette ført til den låge folkeveksten vi no har hatt siste året i Hordaland. Korleis desse tilhøva slår ut i din kommune og din region, kan du lese meir om i dette nummeret av Hordaland i tal, saman med mykje anna nyttig informasjon om folketalsutviklinga.
    [Show full text]
  • Rødlistearter I Stord Og Fitjar, Samt Litt Generelt Om Natur Og Sjeldne
    Rødlistearter i Stord og Fitjar, samt litt generelt om natur og sjeldne naturtyper i Sunnhordland Per Fadnes Høgskolen på Vestlandet Rødlistearter i Stord og Fitjar samt litt generelt om natur og sjeldne naturtyper i Sunnhordland 1 2017 Takk til Arne Vatten som har gitt oppdatert informasjon om fuglefaunaen på Stordøya. Alle bildene er tatt av forfatteren med unntak av Havburkne, fagerrogn, brunskjene og gul pærelav som er tatt av Asbjørn Knutsen og Pusleblom, steinstorkenebb, alm og ask som er tatt av Jan Rabben. Kartutsnittene er tatt fra Artskart, Artsdatabanken. Forsidebilde: Soleigro Baldellia repens, Flammevokssopp Hygrocybe intermedia og gul pærelav Pyrenula occidentalis. Rødlistearter i Stord og Fitjar samt litt generelt om natur og sjeldne naturtyper i Sunnhordland 2 Innhold Innleding.............................................................................................................................................4 Rødlisten 2015....................................................................................................................................4 Vegetasjonssoner i Sunnhordland .......................................................................................................6 Geologi og topografi ..........................................................................................................................7 Sunnhordland et plantegeografisk møtepunkt ..................................................................................7 Viktige og sjeldne naturtyper i Sunnhordland ...................................................................................
    [Show full text]
  • Fitjar Kommune Saksmappe: 2021/276 Sakshandsamar: Jorunn Kårvatn Dato: 28.05.2021
    Arkivkode: M10 Fitjar kommune Saksmappe: 2021/276 Sakshandsamar: Jorunn Kårvatn Dato: 28.05.2021 MØTEBOK Høyringsinnspel til Vestland vassregion – 2020 - 2027 Utval sak Utval Møtedato 40/21 Utval for plan og miljø 15.06.2021 Vedlegg: 1 Regional plan for vassforvaltning for Vestland vassregion 2022-2027 - Høyringsutgåve (1) 2 Tiltaksprogram for Vestland vassregion 2022-2027 - Høyringsutgåve (1) 3 Handlingsprogram for Vestland vassregion 2022-2027 - Høyringsutgåve 4 Rettleiing til høyringsinnspel - Reginal vassforvaltning 5 Oversikt over tiltak med vannforekomster - Fitjar Innleiing: Gjeldande regionale vassforvaltningsplanar for Hordaland og Sogn og Fjordane (2016- 2021) vert no oppdatert for planperioden 2022-2027, til ein plan for Vestland vassregion. Forslag til ein regional vassforvaltningsplan for Vestland vassregion med tilhøyrande tiltaksprogram og handlingsprogram er ute på offentleg ettersyn og høyringsfrist er 30. juni 2021. Sidan førre plan har Vestland vassregion fått meir kunnskap mellom anna gjennom auka overvaking og tiltak som både er gjennomførte og i gang. Denne planen gir ei oversikt over miljømåloppnåinga sidan sist plan og gir retning til korleis vi skal arbeide for å halde fram arbeidet med betre vassmiljø. Forskrift om rammer for vassforvaltninga (vassforskrifta) trådde i kraft 1. januar 2007 og innførte vassrammedirektiv til EU i norsk forvalting. Vassforskrifta stiller krav til innhald i vassforvaltningsplanen og tiltaksprogrammet. Ho stiller og tydelege krav til vassforvalting: • all vassforvaltning skal samordnast på tvers av alle sektorar som forvaltar vatn • (økosystemtankegang). • alt vatn skal forvaltast innan sitt nedslagsfelt. • alt vatn skal minst ha god økologisk tilstand. • alt vatn skal minst ha god kjemisk tilstand. • samfunnsnytte skal vurderast kontinuerleg Kunnskapsgrunnlaget planen bygger på er samanstilt i den nasjonale databasen Vann- nett (www.vann-nett.no ).
    [Show full text]
  • Local Labour Market Effects of Transport Investments: the Case of Two Norwegian Regions
    Local labour market effects of transport investments: The case of two Norwegian regions Anne Gjerdåker and Øystein Engebretsen Institute of transport economics, Oslo, Norway Email: [email protected] Abstract: Improvements in infrastructure may facilitate commuting between neighbouring regions, which in turn may stimulate the regional integration of local labour markets. In Norway, the average travel distance to work has increased by more than 20 percent since the mid-1980s, while the average travel time has remained constant. The increase in commuting may be interpreted as a regional integration of labour markets, in response to improved accessibility and increased range. The increase in travel distances has been largest in the peripheral municipalities. Studies of two Norwegian infrastructure projects demonstrate that these investments have led to reduced travel time and increased commuting. This in turn results in a more varied and effective labour market, providing greater opportunities for employment and economic growth, and a better matching of skills in the labour market. In both cases there has been an increase in commuting flows, although to varying degrees. The variation may be explained by the composition of the industry structure and employment opportunities within the two regions. Increased spatial competition may result in redistributive rather than generative growth, especially with regards to the location of service activities. The paper draws on a statistical analysis of commuting flows, settlement and employment patterns at a low level of aggregation. A detailed analysis of commuting between basic statistical units for the years 2001 and 2007 reveals a commuting pattern that is not discernible when using data at the municipality level.
    [Show full text]
  • Curriculum Vitae
    Curriculum vitae Name: Fitjar, Rune Dahl ORCID ID: 0000-0001-5333-2701 Date of birth: 26 November 1979 Nationality: Norwegian Languages: Norwegian (native), English (fluent), Spanish (fluent), German (basic) URL for web site: www.fitjar.net • EDUCATION 2007 PhD in Government Government Department, London School of Economics and Political Science (LSE), UK PhD Supervisor: Eiko Thielemann 2006 Postgraduate Certificate in Higher Education Teaching and Learning Centre, LSE, United Kingdom 2003 M.Sc in Comparative Politics Government Department, LSE, United Kingdom • CURRENT POSITION(S) 2013 – Professor in Innovation Studies UiS Business School, University of Stavanger, Norway 2009 – Senior Research Scientist (20% from 2013) International Research Institute of Stavanger, Norway • PREVIOUS POSITIONS 2010 – 2013 Associate Professor in Quantitative Research Methods (20%) Department of Media, Culture and Social Sciences, University of Stavanger, Norway 2011 – 2012 Visiting Scholar Department of Urban Planning, Luskin School of Public Affairs, UCLA, United States 2007 – 2008 Research Scientist International Research Institute of Stavanger, Norway 2004 – 2006 Class Teacher Government Department and Methodology Institute, LSE, United Kingdom • SUPERVISION OF GRADUATE STUDENTS AND POSTDOCTORAL FELLOWS 2017 – Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim, PostDoc, Employee Learning and Firm Innovation. 2017 – Utku Ali Riza Alpaydin, PhD, Proximities in University-Industry Collaboration. 2017 – Kwadwo Atta-Owusu, PhD, Micro-processes of Academics’ Collaboration Behaviours. 2017 – Jonathan Muringani, PhD, Regional Institutions and Economic Development. 2016 – Silje Haus-Reve, PhD, Diverse Knowledge, Innovation and Productivity. 2015 – Nina Hjertvikrem, PhD, Regional Innovation and Collaboration Networks. 2015 – 2018 Giuseppe Calignano, PostDoc, Clusters, Networks and Innovation Policy. 2013 – 2017 Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim, PhD, Diversity and Regional Innovation. 2013 – Additionally: co-supervision of 2 PhD students, main supervision of 6 M.Sc.
    [Show full text]
  • Glacial Geology of the Island Stord, West Norway
    Glacial geology of the island Stord, west Norway ANDREW N. GENES Genes, A. N.: Glacial geology of the island Stord, west Norway. Norsk Geologisk Tidsskrift, Vol. 58, pp. 33-49. Oslo 1978. ISSN 0029-196X. Upland morphology suggests pre- or early-Weichselian glaciation prior to the inception of existing cirque basins formed when frrn limit was 450 msl. Directional elements indicate complete ice cover probably during the main Weichselian ice advance. Cirque parameters suggest that 250-300 m of upland has been removed through a combination of glacial and fluvial erosion. Marine shells were dated by radiocarbon at 12,860±250 yrs. BP designate an Older Dryas ice advance. lee-cap conditions sub­ sequent to the Older Dryas advance and a rising frrn limit during deglaciation is postulated, with the probability of nivation processes occurring during Younger Dryas time. lsostatic adjustment of 134- 138 m since Older Dryas time (12,000 yrs. BP) is calculated and a relative isostatic uplift of 12 m since Tapes transgression (6000 yrs. BP). A. N. Genes, Department of Regional Studies, Boston State College, Boston, Massachusetts 02JJ5, USA. The island Stord, situated some 75 km south of elevation metasediments metamorphosed during Bergen at the mouth of Hardangerfjorden (Fig. Caledonian time (Strand 1960), with elevations 1), is considered part of the strandflat region of not exceeding 60 m. Norway (GrØrilie 1940, Andersen 1965f Re­ cent studies on the western part of the Hardan­ gervidda and surrounding areas (Mangerud, The cirques 1970a, Aarseth 1971, Pollestad 1972) suggest that the island was probably immediately distal Most cirques are associated with the upland to the Younger Dryas ice margin.
    [Show full text]
  • Strekning 4: Sveio - Bergen (Rådal) Fv 47, Fv 49, Fv 58, Fv 59, Fv 61, Fv 65, Fv 544, Fv 545, Fv 546
    Strekningsvise utgreiingar - overordna fylkesvegar Strekning 4: Sveio - Bergen (Rådal) Fv 47, Fv 49, Fv 58, Fv 59, Fv 61, Fv 65, Fv 544, Fv 545, Fv 546 September 2015 Strekningsvise utgreiingar Overordna fylkesvegnett Hordaland Strekning Sveio – Bergen (Rådal) Statens vegvesen September 2015 2 Region vest Strekningsvise utgreiingar Overordna fylkesvegnett Hordaland Strekning Sveio – Bergen (Rådal) Innhald Forord ........................................................................................................................................................... 4 1 INNLEIING ................................................................................................................................................. 5 2 SKILDRING AV RUTA SI FUNKSJON .................................................................................................. 7 2.1 OMFANG OG UTSTREKNING ........................................................................................................................... 7 2.2 PÅGÅANDE OVERORDNA UTGREIINGAR OG KVU .......................................................................................... 9 2.3 STREKNINGAS FRAMTIDIG FUNKSJON ............................................................................................................ 9 2.4 STREKNINGAS TILFANGSOMRÅDE OG FORVENTA UTVIKLING ...................................................................... 10 3 STATUS OG UTFORDRINGAR FOR STREKNINGA ....................................................................... 12 3.1 SAMANDRAG ..............................................................................................................................................
    [Show full text]
  • E39 STORD-OS PLANOMTALE ALTERNATIV F, KDP M/KU 01.02 2019
    KOMMUNEDELPLAN Yngve Aarthun Yngve Prosjekt: E39 Stord-Os, Ådland-Svegatjørn Parsell: Kommunar: Stord, Fitjar, Tysnes og Os Region vest Godkjend kommunedelplan, alternativ F 30.01.2019 E39 STORD-OS PLANOMTALE ALTERNATIV F, KDP m/KU 01.02 2019 Innhold 1 Samandrag .......................................................................................... 3 2 Innleiing .............................................................................................. 5 2.1 Mål for prosjektet ............................................................................ 6 2.2 Planområdet ................................................................................... 8 2.3 Planprosess frå tidleg utgreiing til ferdig kommunedelplan m/KU ......... 10 2.4 Medverknad i planprosessen ........................................................... 14 2.5 Forholdet til andre planar ............................................................... 14 3 Omtale av tiltaket ............................................................................... 16 3.1 Standard ...................................................................................... 16 3.2 0-alternativet - referansealternativet ............................................... 16 3.3 Siling av alternativ gjennom planprosessen ...................................... 17 3.4 Skildring av valt vegalternativ, alternativ F ....................................... 18 3.5 Plankart og føresegner ................................................................... 23 3.6 Investeringskostnader ..................................................................
    [Show full text]
  • Naturtypar I Fitjar Og Stord
    Kartlegging og verdisetting av Naturtypar i Fitjar og Stord Fitjar og Stord kommunar Fylkesmannen i Hordaland Høgskolen Stord / Haugesund 2008 MVA-rapport 2/2008 Kartlegging og verdisetting av Naturtypar i Fitjar og Stord Fitjar og Stord kommunar Fylkesmannen i Hordaland Høgskolen Stord / Haugesund 2008 MVA-rapport 2/2008 Foto på framsida, frå toppen (Foto: Bjørn Moe): 1) Fitjarøyane, 2) Langøy i Fitjarøyane, 3) Frå kulturlandskapet i Fitjar, 4) Gammal furu i Store Tjødnadalen, 5) Vaniljerot i kalk- furuskog på Huglo, 6) Tveitvatnet på Huglo, omgitt av edellauvskog og furuskog 7) Vestbøstadtjørn, våtmarkreservat i Fitjar Ansvarlege institusjonar og finansiering Rapport nr: Fitjar og Stord kommunar, Fylkesmannen i Hordaland, miljøvernavdelinga MVA-rapport 2/2008 og Høgskolen Stord/Haugesund (trykking). Tittel: ISBN: 978-82-8060-061-5 Kartlegging og verdisetting av naturtypar i Fitjar og Stord. ISSN: 0804-6387 Forfattarar: Tal sider: Bjørn Moe og Per Fadnes 133 Kommunalt prosjektansvarlege: Dato: Ove Gjerde (Fitjar) og Oscar Ingebrigtsen (Stord) 05.05.2008 Samandrag: Eit utval av naturtypar i Fitjar og Stord kommunar er kartlagt og verdisett i samsvar med DN-handbok 13 ”Kartlegging av naturtyper. Verdisetting av biologisk mangfold”. Rapporten presenterer resultata frå dette arbeidet, som i hovudsak er basert på eige feltarbeid frå 2003 til 2008, samt redigering av eksis- terande data. I Fitjar og Stord er 27 av dei 56 naturtypane som er skildra i DN-handboka registrert. Alle dei sju ho- vudtypane er registrert. Totalt 99 lokalitetar er kartfesta og omtalt: 48 i Fitjar og 51 i Stord. Skog er den hovudnaturtypen som har flest registrerte lokalitetar, deretter føljer kulturlandskap, ferskvatn/ våtmark, myr, kyst-/havstrand og kalkrike område i fjellet.
    [Show full text]