Innspel Til Utforming Av Utleigehytter
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
«BEREKRAFTIG BYGGERI I SETESDAL» Kven skal bruke hyttene, og kva er viktig for dei? Kva tenker ulike aktørar og prosjektdeltakarar om utforming og funksjon? Innspel til utforming av utleigehytter Moderne, tradisjonelt eller ein kombinasjon? Manshausen, Steigen Bjørgum, Rysstad Leis, Sveits INNHALD 1 Innleiing ................................................................................. 3 2 Innspel frå prosjektdeltakarar .................................................... 3 3 Tankar og innspel etter studietur ............................................ 5 4 Målgrupper og konsept .............................................................. 7 5 Storleik og funksjonar ............................................................. 10 6 Innspel frå Setesdalsmuseet ...................................................... 11 7 Utforming ............................................................................... 12 8 Inspirasjon – bilete av hus i Setesdal .................................. 13 Notatet er utforma av Ingvild Hovden, januar 2018 2 1. INNLEIING Arkitekt Erick T. Allende er engasjert for å teikne to ulike modellar av utleigehytter i dette prosjektet. Dette notatet er meint som innspel han kan ha med seg i arbeidet. Det er ei utfordring i seg sjølv å teikne hytter utan at ein veit kor dei skal plasserast. Om mogleg bør ein altså ta høgde for ulik plassering av hyttene, både ved vatn og i ei li – til dømes. I tillegg tenker me det er viktig for ein arkitekt å vite meir om kven som er målgruppe/ brukarar, kva funksjonar hyttene skal ha, noko om storleik og liknande. I tillegg har me samla innspel til utforming frå prosjektdeltakarar og andre interessanter. Me seier noko om målgrupper ut frå eigen rapport med marknadsdata. Dette vil likevel avhenge av kven som eventuelt vel å byggje hytter, og kva konsept dei ønskjer. For at prosjektet forhåpentleg skal vere interessant for fleire, har me derfor valt at dei to hyttemodellane skal lagast med utgangspunkt i to ulike målgrupper og konsept. Dette er nærmare beskrive seinare. Dette er altså innspel til arkitekten. Det er ikkje ein instruks som skal følgast til punkt å prikke. Arkitekten må sjølvsagt nytte sin kompetanse, og kome fram til løysingar som han vil sette signaturen sin på. 2. INNSPEL FRÅ PROSJEKTDELTAKARAR 21.9.2017 blei det arrangert informasjonsmøte med 36 deltakarar. I gruppearbeid spurte me mellom anna om konkrete innspel til utforming av hytter. Her er svara me fekk: • Hytter på flåter eller pålar • Tenke energibruk/ solcelle • Massivtre (ikkje berekraftig utan lokal leveranse?) • Komfort og oppleving • Bygningar tilpassa natur • Blande tradisjon, nytenking og miljø • Tiltrekkande utforming • Byggje om låvar og uthus til utleige • Prefabrikerte modular • Enkelt vedlikehald inn- og utvendig • Må tåle ”røff bruk” • Spektakulære byggverk • Bygg som attraksjon i seg sjølv • Funksjonelt design • Plassering viktig – i vasskanten/ på fjelltoppen/ i fjellveggen 3 24.1.2018 var det nytt informasjons- og innspelsmøte, med 20 deltakarar. Me spurte då konkret om innspel angåande utforming, interiør og funksjonar. Utgangspunktet var at det skal byggast to ulike hyttemodellar, for to ulike målgrupper. Under er samandrag av samla innspel etter drøfting i grupper. UNIK OG SPESIELL HYTTE FOR PAR Utforming • Flest innspel i retning av laft, eventuelt kombinert med stav. Tungt bindingsverk og slepplaft blei også nemnd, og nokre var opne for at det ikkje treng vere laft. • Fleire innspel i retning gamal byggjeskikk, men med nytenking. Til dømes forslag om «gamalt» uttrykk utvendig, men moderne og minimalistisk inne. • Fleire nemnde loft som utgangspunkt for form. Eitt innspel om laft som 1. etasje, og moderne med mykje glas i 2. etasje. • Flest innspel om saltak, nokre også opne for pulttak. • Angåande taktekking blei både torv, solceller og tre nemnd, også kvåvtak og flistak. Taktekking heng og saman med takvinkel, tre krev brattare tak. • Fleire trekker fram mykje glas/ store vindauga/ få naturen inn. • Omsyn til privatliv/ ikkje innsyn. Interiør og materialbruk • Fleire nemner «lyst». Nokre konkretiserer lyst treverk (osp og bjørk). • Store glassflater. • Stilig. • Utsmykka med kunst frå lokale kunstnarar, som også kan seljast. • USM i vegg, smarte og moderne løysingar. • Reint og stilig, minimalistisk. • Peis. • Naturstein, kalka leire. Funksjonar • Må ha eige bad og kjøkken. • Utsikt frå stove og soverom. • Bod/ plass for til dømes vaskeutstyr. • Høgde og utforming ut frå landskap/ terreng. SPENNANDE OG RIMELIG HYTTE FOR FAMILIAR Utforming • Både laft og kledning er foreslått. • Enkel modulhytte. • Rekkehytte med deling av bad. • Tretak/ solceller/ panel. • Uthus som utgangspunkt for form. 4 • Bordtak, torv, stein. • Store glassflater. Interiør og materialbruk • Røft og lyst. • Minimalistiske, reine treoverflater. • Øy som spisebord. • Hems. • Peis. • Oversiktlig, utsyn til ungar. Funksjonar • Enkle løysingar + kjøkken & bad på hytte. • 2 etasjar + hems. • Delvis felles sanitær. • Bod, kjøkken/ stove, hems/ kvile, bad og soverom. 3. TANKAR OG INNSPEL ETTER STUDIETUR I samband med prosjektet arrangerte me studietur til Vorarlberg (Østerrike) og Graubünden (Sveits) 12. – 15. november 2017. Me var 21 deltakarar på turen. Trearkitektur, berekraftig bygging og kunnskap om tre som byggjemateriale står sterkt i desse regionane, samstundes som dei er svært bevisste på lokal byggjeskikk og tradisjonar. Det er utarbeidd eigen rapport med utfyllande opplysningar frå turen. Då me spurte deltakarane kva dei sat att med av inntrykk som eventuelt kan følgjast opp også i Setesdal, fekk me desse svara: • Dette med lokal byggjeskikk. Det bør leggast betre til rette for dette her heime, ikkje motsett slik ein opplever i ein del reguleringsplanar. • Byggjetradisjonar og byggjeskikk er eksempel til etterfølgelser. Ny bebyggelse som følgjer og byggjer opp omkring det tradisjonelle. • Avsluttingar og grad av detaljering i handverket. • Tradisjonskulturen. • Tilpassing av bygg til terreng. • Ta vare på tradisjonane våre. • Tradisjon – heilskap – kulturlandskap. • At dei brukar arkitektur bevisst i samfunns- og stadutvikling. Mellom anna fokus på attraktive sentrum for å motarbeide fråflytting. • Me kan bli meir medvitne på kva me faktisk har i Setesdal, og formidle tydeleg kva kvalitetar og tradisjonar det me leverer byggjer på. • Imponerande kor fint dei nye hyttene i Leis glei naturleg inn saman med dei gamle bygga i den vesle grenda. Noko å lære av! • Bruken av store glas/ vindauga, kombinert med tre. 5 Oppsummert kan me nok seie at deltakarane etter turen var enno meir opptatt av at me bør byggje på lokal byggjeskikk og lokale tradisjonar, også i dette prosjektet. Men sjølvsagt med rom for fornying og nye uttrykk. Noko av det me såg på turen: Til venstre er Hotel Krone i Langenegg, som er tekt med spon slik tradisjonen er i området. Dei neste bildene viser huset til Hermann Nenning i Hittishau. I staden for spon, har han kledd huset med liggande spaltekledning. Men høgde på kledninga er den same som spon tradisjonelt har, slik at ein får dei same linene. Døme på avslutting og detaljar utan listverk. Hermann Nenning sitt hus + Pfarrhaus i Krumbach 6 Bruk av store glas i Pfarrhaus, Krumbach. Nye hytter inspirert av tradisjonelle, og fornying av gamal hytte i Leis. Arkitekt Peter Zumthor. 4. MÅLGRUPPER OG KONSEPT Sidan det er usikkert kven som eventuelt vil byggje hytter, og kva konsept dei ønskjer, har me tatt høgde for to ulike målgrupper og konsept i prosjektet. 4.1 Unik og spesiell overnatting for par Førebilete for dette konseptet er til dømes Juvet Landskapshotell, Manshausen og Tretopphyttene. I spørjeundersøking i samband med dette prosjektet spurte me respondentane kor dei helst ville bu på ein romantisk tur med partneren, dersom prisen var lik; hotellsuite på luksushotell eller designhytte i naturen med unik plassering. 83,4 % ønskte designhytta i naturen. 7 Dei typiske gjestane her er par mellom 40-55 år som reiser utan barn. Dei er både utanlandske og norske. Viktig for dei på turen er moglegheiter for naturopplevingar, ein triveleg overnattingsplass og god mat. For overnattingsplassen er dei mest opptatt av at det er reint, at det er utsikt og at det er god standard og bra fasilitetar. Pris, sentral plassering og miljøfokus har mindre å seie. Naturopplevingar og god service er det viktigaste for den totale ferieopplevinga. Dei går vandreturar, og vil gjerne besøke ein festival eller anna arrangement. På spørsmål om kor viktig dei synes ulike moment ved overnattingsplassen er, svarar dei slik: Dei er også villige til å betale ekstra for ein del av desse tinga. Blå søyler viser kor mange som har svart ”ja” på at dei er villige til å betale ekstra for ulike moment. 8 Figur 3.2 Dei fleste er villige til å betale inntil 3 000 kr for overnatting for 2 i designhytte i naturen. I vår spørjeundersøking er 12 % av respondentane villige til å betale inntil 4 000 kr, men ingen vil betale så mykje som 5 000 kr. Dei fleste reiser altså utan barn, men i sommarferien reiser og ein del med barn. Sidan dette er relativt dyr overnatting, bur dei fleste berre 1 eller 2 døgn. Spesielt dei utanlandske gjestane er opptatt av å finne ro, og å kome vekk frå maset i byen. Alle er opptatt av moglegheit for privatliv. Mange vil ønskje å kunne kjøpe mat og drikke på plassen, medan nokre vil føretrekke å vere for seg sjølv og lage eigen mat. 4.2 Spennande og rimeleg overnatting for familiar For denne målgruppa er pris viktigare. Som den første målgruppa er naturopplevingar sentralt i ferien, men for desse