Kvartalsrapport Q2 – 2017
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
2. kvartal 2017 Innleiing og samandrag Sognekraft sitt konsernresultat etter 2. kvartal 2017 er på 20,0 mill.kroner. Dette er 6 mill. kroner høgare enn for same periode i 2016. Resultatforbetringa skuldast fyrst og fremst høgare kraftprisar enn fjoråret. Hovudtall (mill. kroner) etter 2. kvartal 2017 2016 Sum driftsinntekter 196,7 152,8 Brutto driftsresultat (EBITDA) 69,7 53,1 Konsernresultat (etter skatt) 20,0 14,0 Eigendelar 1 859,8 1 453,4 Eigenkapital 452,3 409,0 Netto renteberande gjeld 1 172,3 857,8 Kort om Sognekraft Sognekraft-konsernet si kjerneverksemd er produksjon, distribusjon og sal av energi. Konsernet eig og driftar vasskraftverk med ein årleg produksjon på vel 590 GWh, samt eit fjordenergianlegg i Sogndal. Straumnettet på 1 872 km, med om lag 9100 kundar, vert drifta og forvalta av Sognekraft i kommunane Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Frønningen i Lærdal kommune. Konsernet sel årleg 400 GWh til sluttkundar. Sognekraft bygger 6 kraftverk i Fjærlandsfjorden med ein forventa årsproduksjon på tilsaman 115,7 GWh. Sognekraft konsern består av morselskap Sognekraft AS og døtre Vadheim Kraft AS (100%), Vik Industrier Eigedom AS (100%), Offerdal Kraftverk AS (80%), Feios Kraftverk AS (70%), Fjærland Kraft AS (100%) og Sognenett AS (70%). I tillegg inngår Nydalselva Kraft AS (50%) som tilknytta selskap (TS). Nydalselva Kraft Konsern består av Steinsvik Kraft AS og Timbra Kraft AS som er 100% eigd av Nydalselva Kraft AS samt 51% av aksjane i Sandal og Fossheim Kraft AS. Kraftproduksjon Akkumulert kraftproduksjon ved utgangen av 2. kvartal er på 290 GWh inkl konsernet sin andel av produksjonen i tilknytta selskap samt Sognekraft sin 10% andel av produksjonen i Svelgen Kraft AS. Produksjonen for same periode i 2016 var på 283 GWh. Kraftprisane fram til 30.06 i 2017 var i gjennomsnitt på 28,2 EUR/MWh, mot 22,4 EUR/MWh i same periode i 2016. Nett Varsla inntektsramme for nett totalt for 2017 er på 71,3 mill. kroner for 2017, mot 80,0 mill. kroner i 2016. Netto mindreinntekt ved utgangen av 2. kvartal utgjorde 0,4 mill. kroner. Det er levert i 139 GWh energi til forbrukskundar i Sognekraft sitt nettområde gjennom 1. og 2. kvartal. Tilsvarande energiforbruk i 2016 var på 140,6 GWh. 2. kvartal 2017 Sluttbruk og andre forretningsområde Det er selt 293,2 GWh til sluttbrukarkundar i eige og andre konsesjonsområde så langt i 2017. Dette er ein auke på 90,7 GWh frå 202,5 GWh i same periode i 2016. Selskapet har inngått avtale om leveranse til ein storkunde med oppstart frå 1. januar 2017. Andre forretningsområde som omfattar fiber, entreprenørverksemd, gatelys og varesal har oppnådd eit resultat som bidreg positivt. Resultat og balanse KONSERN Resultat 2. kvartal Morselskap 2016 2017 2017 2016 152 881 196 712 Driftsinntekter 17 8 504 140 234 5 0 267 78 995 Varekostnad 8 3 960 53 350 2 6 351 23 210 Personalkostnad 1 7 549 21 132 1 7 190 18 228 Av- og nedskrivingar 1 4 795 13 800 2 3 136 24 828 Andre driftskostnader 2 1 100 19 670 3 5 937 51 451 Driftsresultat 4 1 100 32 282 1 503 3 668 Finansinntekter 7 874 1 947 9 663 18 749 Finanskostnader 1 8 794 9 161 8 160 15 081 Netto finanspostar 1 0 920 7 213 2 7 777 36 370 Resultat før skatt 3 0 180 25 069 5 370 8 446 Grunnrenteskatt 7 227 5 370 8 233 7 494 Anna skattekostnad 7 494 7 125 1 3 603 15 940 Sum skattekostnad 1 4 722 12 495 1 4 174 20 430 Kvartalsresultat 1 5 458 12 573 146 477 Minoritetens andel 1 4 029 19 953 Kvartalsresultat etter minoritetsinteresser KONSERN Balanse pr. 30.06 Morselskap 2016 2017 2017 2016 1 298 225 1 703 001 Anleggsmidlar 1 389 412 1 290 721 155 203 156 807 Omløpsmidlar 16 4 782 135 182 1 453 428 1 859 808 Sum eigedelar 1 554 194 1 425 903 409 043 452 342 Eigenkapital 42 8 001 392 917 958 138 1 263 889 Langsiktig gjeld 1 012 539 956 788 8 6 247 143 576 Kortsiktig gjeld 11 3 654 76 198 1 453 428 1 859 808 Sum eigenkapital og gjeld 1 554 194 1 425 903 .