<<

Vannregion og

Årsrapport 2020

Tokke- vassområde

1

Vannregion

Innhald 1. Innleiing ...... 3 Historikk ...... 3 Om vassområdet ...... 3 Hovudaktivitetar ...... 3 2. Organisering av arbeidet i vassområdet ...... 7 3. Økonomi ...... 8 Rekneskap 2020...... 8 Finansiering 2021 ...... 8 4. Samarbeidsaktørar i vassforvaltningsarbeidet ...... 8 5. Medverknad og eigarskap til vassforvaltninga ...... 9 6. Tiltaksoppfølgjing ...... 10 7. Utfordringar og flaskehalsar ...... 11 8. Behov i vassområdet framover ...... 11 Ressursar: ...... 11 9. Høyring av regional plan for vassforvaltning i Vestfold og Telemark vannregion ...... 11 Referansar ...... 12

Frå Liåi 2020

2

Vannregion Vestfold og Telemark

1. Innleiing Denne årsrapporten inneheld ei oppsummering av aktiviteten i vassområdet og skildrar korleis den regionale vassforvaltningsplanen i vassregion Vest-Viken er følgd opp i 2020.

Årsrapporten er behandla av vassområdet, og deretter sendt over til vassregionen. Historikk Denne planperioden (2016-2021) gjeng mot slutten, og arbeidet i vassområda har vore gjennom ein lengre periode med oppdatering av kunnskapsgrunnlaget i Vann-Nett. Tiltak og miljømål er oppdatert i samarbeid med kommunane og oppsummert i lokal tiltaksanalyse (Kiland, 2020). Denne skildrar miljøtilstand, påverknader og tiltak som er nødvendige for at vassførekomstar som er i risiko for ikkje å nå miljømåla skal kunne nå dei innan dei fristane som gjeng fram av vassforskrifta.

Lokal tiltaksanalyse for -Vinje vassområde finn ein på Vannportalen: https://www.vannportalen.no/vannregioner/vestfold-og-telemark/Horing/horingsdokumenter-for- vestfold-og-telemark-vannregion/ Om vassområdet Tokke-Vinje vassområde strekkjer seg frå med Sandfloeggji på 1721 moh og ned til på 72 moh. I tillegg til kommunane Tokke og Vinje har Ullensvang og kommunar også areal innanfor vassområdet. Store delar av vassområdet ligg innanfor Hardangervidda nasjonalpark, men hovudvassdraget er i dag sterkt utnytta til vasskraftproduksjon. Vassdraget inneheld fleire store innsjøar, mellom anna Totak, Songa og Vinjevatn, og er også den vestre greina av Skiensvassdraget. Nedre del av Tokkeåi er gyteområde for ei eiga storaurestamme i Bandak/Vestvatna.

Figur 1. Kart over Tokke-Vinje vassområde. Frå Vann-nett 15. mars 2021

Hovudaktivitetar 1.1a. Tiltaksgjennomføring

Arbeidet med biotoptiltak og endring av tersklar i Tokkeåi blei formelt avslutta i 2019, men enkelte tiltak er også gjennomført i 2020.

1.1b. Oppdatering av kunnskapsgrunnlag

3

Vannregion Vestfold og Telemark

Overvakingsprogrammet for 2020 omfatta 7 elvestasjonar (Kiland m. fl. 2020). To av stasjonane var i Kjelavassdraget, fire låg i Tansåivassdraget og ein stasjon i Rukkeåi/Mosåi. Den siste stasjonen var ny, medan dei andre har vore overvaka sidan 2009. Dei vasskjemiske analysane viste god/svært god tilstand med omsyn til fosfor, som er eit viktig plantenæringsstoff. Innhaldet var markert høgare i prøvene frå oktober enn i prøvene frå august. Innhald av kolibakteriar blei også registrert. Det blei funne kolibakteriar i alle prøver, men ikkje i større mengder. Kolibakteriane er registrert fyrst og fremst for å få eit inntrykk av moglege påverknader i vassførekomstane.

Frå Tansåi 2020

Analyse av makroinvertebratar (botndyr) viste svært god økologisk tilstand i alle vassførekomstar så nær som i utløpet av Grungevatn og innløp til Farhovdtjønni. Her var tilstanden moderat. Slik har det også jamt over vore i dei 11 åra overvakingsprogrammet har vore gjennomført. Påvekstalgane har vore analysert av Norconsult og viste svært god økologisk tilstand på alle dei 7 elvestasjonane.

I 2019 gjennomførte Faun Naturforvaltning prøvefiske med botngarn og flytegarn i Ståvatn og i Kvikkevatn og undersøkte også potensielle gytebekkar med elfiskeapparat. Undersøkingane blei utført på oppdrag frå Statkraft og resultatet er analysert og rapportert av LFI (Laboratorium for ferskvassøkologi og innlandsfisk, UiO) i 2020.

Rapporten frå fiskeundersøkingane viser at fisken i Ståvatn har hatt jamt god vekst fram til 8 års alder, som ved førre prøvefiske i 2009. I Ståvatn er det pålegg om utsetting av 6000 ein sommar gammal (0+) settefisk kvart år, og om lag 60 % av fisken i fangsten var utsett fisk. Prøvefisket gav også svært få gytemogne hofiskar, og at det sidan førre prøvefiske har vore ein betydeleg nedgang i kondisjonen til fisken. Skjoldkreps var saman med linsekreps dei viktigaste næringsdyra for fisken i vatnet. I Dyrskarbekken blei det registrert høg tettleik av yngel.

I Kvikkevatn var 40 % av fangsten utsett fisk. Utsettingspålegget her er 200 to somrar gammal (1+) settefisk kvart år. Det blei registrert same vekst for både utsett fisk og villfisk fram til 4 års alder, men medan villfisken var 10 – 24 cm lang var den utsette fisken 24 – 42 cm lang. Det blei ikkje fanga gytemogne hofiskar. Kondisjonsfaktoren var låg, særleg for utsett fisk. Det blei registrert yngel på 3 bekkar. Gamlebubekken hadde særleg høg tettleik av yngel, og ein reknar med at den naturlege rekrutteringa varierer med vekslingar i snøsmelting og vintertemperatur. Det blei ikkje funne skjoldkreps i fiskemagane.

Alle resultat frå overvaking av økologisk tilstand er lagt inn i rapportapplikasjonen Vannmiljø, og kan hentast ut der.

4

Vannregion Vestfold og Telemark

Figur 2. Fisk frå Kvikkevatn

NVE har vurdert kunnskapsgrunnlaget for vilkårsrevisjonen som godt og tilstrekkeleg til å gje innstilling etter vassdragsreguleringslova (brev til OED 11.2.2021).

1.1c. Oppdatering av tiltaksstatus

Det er vurdert to alternativ for fiskepassasje i Helvetesfossen. Dei er kostnadsrekna og vil gje storaure tilgang til 8 km ny gyte- og oppvekststrekning i Tokkeåi. Ein rapport frå NORCE/LFI (Stranzl m. fl. 2020) viser at harving av elvebotnen i terskeldammane har gitt vesentleg betre skjul for ungfisk og næringsdyr. Ombygging av tersklar og tilførsel av elvegrus har auka det potensielle gytearealet, særleg mellom Åmøtehylen og Elvarheim. Rapporten føreslår å overvake verknaden av tiltak kvart 5. år.

Statkraft har engasjert NINA til å undersøke ungfiskproduksjon og gytegroper og til DNA prøver for å skilje mellom ungfisk av storaureopphav og anna ungfisk. Arbeidet blei starta hausten 2020.

1.1d. Arbeid med plandokument og hovudutfordringar for vassområdet

§ 9 i Vassforskrifta gjev høve til utsett frist for å gjennomføre miljømåla i vassforvaltningsplanen. Tiltak kan på denne måten utsetjast til neste planperiode (2028 – 2033). Det gjeld 6 vassførekomstar i Tokke-Vinje vassområde. I tillegg er det 20 vassførekomstar som har fått mindre strenge miljømål, i samsvar med vassforskrifta § 10. Desse vassførekomstane er bekkar som på grunn av vasskraftutbygging har sterkt redusert vassføring.

Av naturlege vassførekomstar er det registrert ein vassførekomst med moderat økologisk tilstand, på grunn av forsuring. Det er ingen naturlege vassførekomstar med dårlegare tilstand. Det er bare i to av vassførekomstane at høgt bakterietal eller eutrofiering kan vera eit problem, men den økologiske tilstanden her er likevel karakterisert som god.

I vilkårsrevisjonen har NVE nå (11.2.2021) kome med si innstilling til Olje- og energidepartementet, der ein rår generelt til at dei gamle vilkåra blir erstatta av moderne konsesjonsvilkår for reguleringane (Sørensen og Haug 2021). Dei nye vilkåra gjev høve til å pålegge ulike undersøkingar og avbøtande tiltak, i heile konsesjonstida.

Av omsyn til storauren i Tokkeåi tilrår NVE bygging av fiskepassasje i Helvetesfossen og slepp av minstevassføring heile året frå Vinjevatn til Tokkeåi. NVE tilrår også minstevassføring frå Byrtevatn til Mosåi/Rukkeåi i sommarperioden. Auka vassføring vil ha nytteverdi for fleire viktige miljøverdiar og brukarinteresser i vassdraga.

I dei nedre delane av Tokkeåi, tilrår NVE montering av ein omløpsventil i Lio kraftverk og at Statkraft sin friviljuge praksis for sakte nedkøyring av kraftverket blir teken inn i manøvreringsreglementet.

5

Vannregion Vestfold og Telemark

Vidare føreslår NVE reglar for vassføringar i Tokkeåi målt ved Elvarheim. Tiltaka vil redusere risikoen for tørrlegging av gyte- og oppvekstområde og stranding av fisk i elva nedstraums Helvetesfossen.

NVE føreslår at Statkraft blir pålagt å utarbeide eit forslag til tiltaksplan for biotoptiltak med prioriteringar av vassdragsavsnitt i Tokke-Vinjevassdraget, i hovudsak av omsyn til fisk og fiskevandringar.

NVE rår til at gjeldande restriksjonar på manøvreringa av Totak og Byrtevatn blir ført vidare i nytt manøvreringsreglement, og at dei friviljuge restriksjonane som Statkraft i dag praktiserer i Totak og Ståvatn blir formalisert. NVE meiner det er viktig å oppretthalde god reguleringsevne og fleksibilitet i manøvreringa i eit fleirtal av magasina av omsyn til kraftproduksjon og flaumhandtering. NVE vil derfor ikkje tilrå innføring av restriksjonar i andre magasin.

For fleire av vassdragsområda og magasina som blir påverka av reguleringane er det vanskeleg å finne gode avbøtande tiltak. Derfor rår NVE til at Statkraft blir pålagt å betale 200 000 kr årleg til eit fond, som skal brukast til å fremje fisk, vilt og friluftsliv i kommunane.

Dei største påverknadene i vassområdet er framstilt i figur 2.

Figur 2. Oversikt over dei 10 største påverknadsgruppene i Tokke-Vinje vassområde. Frå Vann-nett 15.11.2018.

I det lokale tiltaksprogrammet for Tokke-Vinje vassområde er det skilt mellom grunnleggande og supplerande tiltak. Det er kalkulert med oppgradering av leidningsnettet til Tokkeåi og tiltak til slambehandling på reinseanlegg. Elles er det ikkje ført opp større investeringar i reinsetiltak og tiltak mot forureining i komande planperiode (2022 – 2027).

6

Vannregion Vestfold og Telemark

Gurivatn

2. Organisering av arbeidet i vassområdet Tokke-Vinje vassområde var eitt av dei 21 vassområda som var med i pionerfasen for forvaltningsplanar etter den nye vassforskrifta. Det var for perioden 2010 – 2015. Vassområdet høyrde den gongen til Vest-Viken vassregion. Nå er vassområdet del av Vestfold og Telemark vassregion, og ansvaret for vassforvaltningsplanane er lagt til fylket, på line med andre regionale planar.

Vassområdeutvalet består av 3 formannskapsmedlemar frå kvar kommune, med ordførarar. I tillegg møter ofte rådmennene med saksbehandlarar. Utvalet er identisk med det såkalla Kraftutvalet, som i tillegg til vassforvaltning etter vassforskrifta også arbeider med saker om konsesjonskraft, skattlegging av kraftverk mm. Utvalet har vanlegvis 1 – 2 møte i året, men har ikkje hatt møte i 2020. Møta i utvalet skifter mellom Vinje og Tokke som møtestad, og det er vertskommunen som har ansvaret for å kalle inn til møte.

Til møta i arbeidsgruppa blir dei kommunale etatane for landbruk og kommunalteknikk invitert, saman med Statsforvaltar, fylkeskommunen, Statkraft og andre viktige brukarinteresser, som Bandak fiskelag og Tokke Jeger og Fisk. Gruppa hadde ikkje møte i 2020, men under arbeidet med det lokale tiltaksprogrammet har det vore god kontakt med dei respektive saksbehandlarane innan vatn og avlaup og landbruk.

Kommunane har sidan våren 2008 gjort avtale med Faun Naturforvaltning om kjøp av tenester. Det gjeld i fyrste rekke arbeid med vassforvaltningsplan og tiltaksanalyse, men også med vilkårsrevisjonen for kraftutbygginga i vassdraget. Faun Naturforvaltning har også hatt ansvar for registrering i Vann-nett og for organisering og gjennomføring av tiltaksovervaking i vassområdet.

Rekneskapsansvarleg for vassområdet er Tokke kommune, Storvegen 60, 3880 Dalen, merk prosjekt 1004, konto 2685 07 02968.

Vassområdekoordinator har fungert som sekretær for vassområdeutval/kraftutval og for arbeidsgruppa. I 2020 har det ikkje vore fysiske møte i vassområdet, men vassområdekoordinatoren har vore med på 2 nettmøte og webinar i regi av vassregionen.

Tabell 1. Vassområdeutvalet/Kraftutvalet 2015 - 2020

Tokke kommune Medlemar Varamedlemar Jarand Felland Tone Sofie Dale Solvang Hilde Alice Vågslid Kjell Magne Grave Thor Arne Heggtveit Vinje kommune Jon Richard Kleven Gunn Aslaug Dale Bibbi Tveito

7

Vannregion Vestfold og Telemark

Børre Rønningen Baba Sheine Administrasjonen Jan Myrekrok John Kleiv Gry Aasne Aksvik Olav Bjørn Bakken

3. Økonomi

Rekneskap 2020

Tokke kommune fører rekneskap for vassområdet. I 2020 blei rekneskapen som framstilt i tabell 2. Vassområdet har kr 270 000,- på disposisjonsfond per 31.12.2020.

Tabell 2. Rekneskapssamandrag for 2020

Post Omtale Utgift, kr Løn bruk av kommunetilsette 120 000,- Utstyr 10 000,- Kurs/samlingar Køyregodtgjersle Overvaking Overvakingsprogram gjennomført 145 000,- Anna (Faun naturforvaltning) 110 600,- Evt. inntekter, spesifiser Inkl kr 120 000,- i overførte midlar etter -536 000,- (Angi beløp med minusfortegn) Vest-Viken vassregion for 2019. Samla utgifter -150 400,-

Finansiering 2021 Drifta av vassområdet blir finansiert av eit spleiselag mellom kommunane, vassregionen, Statkraft og Statsforvaltaren.

Tabell 3. Budsjett for 2021

Aktør/bidragsytar Beløp, kr. Tokke kommune 60 000 Vinje kommune 60 000 Vestfold og Telemark vassregion 90 000 Statkraft 35 000 Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark 90 000

Sum 335 000

4. Samarbeidsaktørar i vassforvaltningsarbeidet Ein føresetnad for å nå dei vedtekne miljømåla for vassførekomstane i vassområdet er at alle med sektoransvar for vassrelaterte tema er aktivt med både i planfasen og når tiltak skal bli gjennomført.

8

Vannregion Vestfold og Telemark

Plan- og bygningsloven og vassforskrifta slår fast at det er plikt til å delta for offentlege aktørar, og har dessutan reglar om medverknad frå andre interesserte, bl.a. gjennom høyringar.

I Tokke-Vinje vassområde har desse aktørane vore med i vassmiljøarbeidet:

Tabell 2. Oversikt over dei som har representert eller hatt ansvar for delar av arbeidet i vassområdet 2020

Aktør Vassområde- Arbeids- Anna/kommentar utval gruppe Vassregionen (x) Ansvaret for vassregionen blei i 2019 overført til den nye fylkeskommunen Statforvaltaren x Fylkesmannen har i arbeidsgruppa vore representert med Arne Kjellsen Fylkeskommunen x x Gørli Bruun Olsen har representert fylkeskommunen, med Anita Cecilie Kirkevold som vara. Fylkeskommunen har valt Ådne Naper med Maren Kjøs Kurdøl som vara til vassområdeutvalet Tokke kommune x x Olav Bjørn Bakken Vinje kommune x x Ida Larsen Reinsviki Statkraft (x) Miljørådgjevar Jostein Kristiansen har møtt fast for Statkraft Tokke JFF (x) Birger Gauslaa og Bjørn Olav Haukeliseter Bandak fiskelag (x) Kai Joachim Brattestå

5. Medverknad og eigarskap til vassforvaltninga

Nettverksbygging og bevisstgjering er viktige strategiar for å gje flest mogleg eit eigarskap og positive haldningar til eit godt vassmiljø som eit evigvarande, fornybart fellesgode. Å vera opne og legge til rette for medverknad har derfor vore eit førande prinsipp for planarbeidet både lokalt og regionalt.

Arbeidet i vassområdet har lenge hatt hovudfokus på dei sterkt modifiserte vassførekomstane og arbeidet med revisjon av konsesjonsvilkåra for reguleringa av vassdraget. Revisjonssaka blei opna i 2007, kommunane kom med sine krav i 2010/2013 og NVE kom i februar 2021 med si innstilling til Olje og energidepartementet.

Samarbeidet med Fylkesmannen og fylkeskommunen har vore godt, sjølv om det på grunn av omorganiseringa av vassregionen har vore ein del endringar. Vinje kommune har areal i 5 vassområde.

Ein har ikkje så mykje erfaring med korleis kommunar og sektormyndighetar tek omsyn til vassmiljøet, men tilhøva i Tokke og Vinje kommunar er såpass oversiktlege at det ikkje er vanskeleg å ta tak i enkelttilfelle om det er nødvendig.

Vassområdekoordinatoren er også rådgjevar for kommunane i revisjonssaka, og har i den samanhengen blitt bruka til å levere faglege innspel overfor Statkraft, som er regulanten i vassdraget.

Vassområdekoordinatoren er aktuell som bidragsytar til arbeid med plastforureining og avfall i elvar og innsjøar, men det har ikkje vore meldt inn nokre spesielle behov her.

9

Vannregion Vestfold og Telemark

Vassområdet har i fleire år hatt stor nytte av det friviljuge engasjementet frå organisasjonar som Bandak fiskelag, Tokke Jeger og fisk og enkelte grendelag har vist. Utan dette engasjementet hadde det vore vanskeleg å drive fram krav om tiltak. Statkraft er representert i Arbeidsgruppa og har gjennom fleire år levert gode bidrag til undersøkingar, rapportar og fysiske tiltak.

6. Tiltaksoppfølgjing

I gjeldande tiltaksanalyse for planperioden 2016-2021 har vassområdet identifisert dei tiltaka som blir rekna som nødvendige for å nå vedtekne vassmiljømål innan 2021. For vassførekomstar som blir rekna for å vera i risiko for ikkje å nå dei vedtekne miljømåla, skal tiltaka vera operative (gjennomført eller sett i verk) seinast 3 år etter at regional plan for vassforvaltning er vedteken, dvs. innan utgangen av 2021.

Ansvaret for gjennomføring av tiltaka er lagt til dei sektorane som har myndighet og verkemiddel innanfor dei aktuelle temaområda for tiltaka. Gjennomføringa av tiltaka er ikkje rettsleg bindande, men det ligger klare føringar og forventningar i planlovverket om at alle skal bidra til å nå måla. Om ein ikkje tek dette ansvaret, eller ser bort i frå planar og tiltak som gjer det mogleg å nå miljømåla, kan det føre til at overordna myndighetar kan gripe inn med dei verkemidla som har heimel i sektorlovverk og i plan- og bygningslova.

Vassområdet har kvart år utarbeidd overvakingsprogram etter vassforskrifta og i samarbeid med Statsforvaltaren. I samband med dei regionale vassforvaltningsplanane er det laga lokale tiltaksprogram og tiltaksanalysar som innspel til og som grunnlag for regionplanen. Dei viktigaste tiltaka i vassområdet har vore relatert til konsesjonsreglementet og praktisering av dette. Ansvaret her er lagt til eit nasjonalt forvaltningsnivå, og har derfor ikkje vore noko tema i dei regionale forvaltningsplanane.

Det er ikkje søkt om ekstraordinære prosjektmidlar til tiltak i 2020, men vassområdet har som i tidlegare år fått finansiert tiltaksovervaking/problemkartlegging i eit utval av vassførekomstar som eit spleiselag mellom Statsforvaltaren, vassregionen, kommunane og Statkraft.

Verknaden av gjennomførte tiltak blir kontrollert gjennom årlege overvakingsprogram. Gjennom fleire år er det her etablert eit godt grunnlag for vurdering av korleis den økologiske tilstanden i viktige delar av vassdraget endrar seg.

Gyteaktiviteten på dei viktigaste gyteplassane i nedre del av Tokkeåi blir registrert ved å telje gytegroper etter endt gyting kvar haust. Det vil bli gjort også i neste 3-års periode. Laboratorium for ferskvassøkologi og innlandsfisk (LFI) har i fleire år registrert ungfisk (0+ og 1+) på 10 faste stasjonar frå Bandak og opp til Helveteshylen. Det vil ein også halde fram med dei neste 3 åra. Genetikken til auren vil bli undersøkt for å få vite kor mykje av auren på elva som kan reknast som storaure.

Sjølv om det ligg utanom ansvarsområdet for vassforskrifta bør det også arbeidast meir med fiskereglar og forvaltning av fisket i Bandak og Vestvatna, med tilhøyrande gyteelvar for stor aure.

I reguleringsmagasin med pålegg om utsetting av fisk blir behovet for utsettingar undersøkt år om anna. I 2019 var det Ståvatn/Ulevåvatn og Kvikkevatn som blei undersøkt. Nye fiskeundersøkingar

10

Vannregion Vestfold og Telemark

blir avtala i samråd mellom Fylkesmannen og Statkraft. I andre vatn kan det også vera ønskjeleg med undersøking av fisk. Det gjeld mellom anna Tveitevatn/Grungevatn, som har vore gode fiskevatn. Fisk er ein god tilstandsparameter i regulerte vatn, men fisken er også påverka av fiske som kan kamuflere verknaden av andre miljøfaktorar.

Framlegg til handlingsprogram og tiltaksovervaking blir drøfta i arbeidsgruppa for vassområdet. Tiltaksovervakinga blir lagt opp i samarbeid med Statsforvaltaren.

7. Utfordringar og flaskehalsar I staden for å ha ei eiga stilling som vassområdekoordinator i kommunane har kommunane kjøpt tenestene frå Faun Naturforvaltning. Frå jul 2020 er Helge Kiland pensjonist og Silje Wold Hereid i Faun vil ha oppgåvene som vassområdekoordinator i 2021.

Etter kvart som det blir mindre fokus på revisjonssaka kan det vera aktuelt å vurdere om det kan vera meir rasjonelt å organisere vassområdet med vassområdeutval og arbeidsgruppe på ein annan måte.

8. Behov i vassområdet framover Så lenge vilkårsrevisjonen ikkje er avgjort vil miljømåla for sterkt modifiserte vassførekomstar berre i liten grad bli oppfylt innan 2021. Utover det som er aktuelt som naturforvaltningstiltak/biotoptiltak er det i NVE si innstilling 11.2.2021 ikkje rekna med andre tiltak i komande planperiode. Det er ikkje lagt inn større investeringar i nye reinseanlegg, utover oppgradering av leidningsnettet. Ressursar: I tabell 5 er det sett opp ein prognose over ressursbehovet for drift av vassområdet i 2021, samt prognose for fyrste del av den nye planperioden.

Tabell 5. Prognose for ressursbehov 2021 - 2024

Post 2021 2022 2023 2024 Stilling (%), vassområdekoordinator 20 20 20 20 Løn inkl. sos. utg., vassområdekoordinator 150 000 150 000 150 000 150 000 Følgjekostnader (kontorhald, møte, kurs, reiser mm.) 50 000 50 000 50 000 50 000 Leigd hjelp 50 000 50 000 50 000 50 000 Overvakingskostnader 150 000 150 000 150 000 150 000 Anna Sum 400 000 400 000 400 000 400 000

9. Høyring av regional plan for vassforvaltning i Vestfold og Telemark vannregion Gjeldande regional vassforvaltningsplan for vassregion Vest-Viken, 2016-2021 er nå oppdatert for planperioden 2022-2027. Forslag til regional vassforvaltningsplan med tilhøyrande tiltaksprogram og handlingsprogram blir lagt ut på høyring og offentleg ettersyn i perioden 1. mars til 31. mai 2021.

I tråd med vassforskrifta fastset dei regionale vassforvaltningsplanane miljømål for alt vatn, både elvar, innsjøar, kystvatn og grunnvatn. Miljømåla skal sikre eit heilskapleg vern og berekraftig bruk av vatnet og er skildra som miljøtilstanden som skal vera oppnådd i planperioden 2022-2027. Planane

11

Vannregion Vestfold og Telemark

viser korleis miljøtilstanden er i dag og kva for tiltak som må til for å førebygge, forbetre eller gjenopprette tilstanden der det er nødvendig.

Forslag til plandokument blei godkjent av vassregionutvalet i møte 12.01.2021. Vidare har forslaget vore behandla av fylkeskommunane i vassregionen.

Vassregionmyndigheten ønskjer at kommunar, offentlege myndighetar, organisasjonar og alle andre som har interesse for vassforvaltning blir invitert til å bidra med innspel.

Årsmeldingar, tiltaksprogram og rapportar frå tiltaksovervaking med vidare er lagt ut på Vassportalen, https://www.vannportalen.no/vannregioner/vestfold-og- telemark/vannomrader/tokke-vinje-vassomrade/

Referansar Kiland, H. 2020. Saman for vatnet. Tiltaksanalyse for vassområde Tokke-Vinje. Vannportalen, https://www.vannportalen.no/vannregioner/vestfold-og-telemark/Horing/horingsdokumenter-for- vestfold-og-telemark-vannregion/

Kiland, H., Hereid, S., Rolandsen, S. 2020. Overvaking av økologisk tilstand, bakteriologi og vasskjemi på utvalde stasjonar i Tokke-Vinje vassområde 2020. Faun rapport 016-2020.

Stranzl, S., Espedal, E.O. Postler, C., Pulg, U., Flödl, P., Hauer, C. 2019. Hydrologiske og hydrodynamiske forhold i Tokkeåi. Konsekvenser for fiskehabitat. NORCE-LFI Rapport nr. 350.

Sørensen, J.H., Haug, I. 2021. Revisjon av konsesjonsvilkår for Tokke-Vinjereguleringen i Tokke og Vinje kommuner i Vestfold og Telemark fylke, NVEs innstilling.

12