Trafikktryggleiksplan 2020-2024
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Trafikktryggleiksplan 2020-2024 Foto: Trygg Trafikk Vedteken i kommunestyret 10.02.2021, sak nr 7/2021 1. Føreord Kommunane har ansvar for investeringar, drift og vedlikehald av det kommunale vegnettet. Som vegeigar har kommunen også eit spesifikt ansvar for trafikktryggleikstiltak på kommunale vegar. Folkehelselova og plan- og bygningslova seier at kommunane har eit generelt ansvar for å førebygge skader og ulykker lokalt. Kommunane har ansvar og verkemidlar som kan bidra til auka innsats i det lokale trafikktryggleiksarbeidet. Dei er store arbeidsgjevarar og kjøparar av transporttenester. I tillegg er dei eigarar av barnehagar og skular. Trafikktryggleik handlar om å kunne bevega seg trygt i lokalmiljøet sitt, anten som fotgjengar, syklist eller bilist – barn, ungdom eller vaksen. Trafikktryggleiksarbeid for alle trafikantgrupper er viktige folkehelsetiltak. Ein trafikktryggleiksplan skal gje ein oppdatert gjennomgang av dei utfordringane ein har i trafikken, og påverka aktørar til å delta aktivt i arbeidet med trafikktryggleik. Fokus på trafikktryggleik er først og fremst viktig for å redusera konsekvensane ved ulykker. I tillegg fører trafikkulykkene med seg store samfunnskostnader. Ein trafikktryggleiksplan skal presentera utfordringar, målsetjingar og prioriteringar for trafikksikringsarbeidet i kommunen. Trafikktryggleiksplanen 2013 – 2017 vil danna grunnlaget for vidareføring av trafikktryggleiksarbeidet i kommunen. Det er viktig å sikra at trafikktryggleiksplanen blir følgt opp og tiltaka gjennomført. Planen er med på å danne grunnlaget for at Hjartdal kommune no er godkjent som Trafikksikker kommune. 1 Innhald 1. Føreord ................................................................................................................................................ 1 2. Innleiing ............................................................................................................................................... 3 3. Organisering av trafikktryggleiksarbeidet i Hjartdal kommune .......................................................... 3 4. Nasjonale og regionale føringar i trafikktryggleiksarbeidet ................................................................ 3 5. Trafikksikker kommune ....................................................................................................................... 5 6. Ulykkessituasjonen / -utviklinga i Hjartdal kommune ......................................................................... 6 7. Mål og strategi for trafikktryggleiksarbeidet i Hjartdal kommune ..................................................... 8 7.1 Målsetting ...................................................................................................................................... 8 7.2 Strategi .......................................................................................................................................... 9 8. Nasjonale mål og kommunale tiltak .................................................................................................... 9 8.1 Risikoåtferd i trafikken .................................................................................................................. 9 8.1.1 Fart ......................................................................................................................................... 9 8.1.3 Bilbeltebruk .......................................................................................................................... 10 8.2 Befolkningsgrupper i trafikken .................................................................................................... 11 8.2.1 Barn ...................................................................................................................................... 11 8.2.2 Ungdom og unge bilførerar .................................................................................................. 11 8.2.3 Eldre og trafikantar med funksjonsnedsetting ..................................................................... 12 8.3 Trafikantgrupper / køyretøygrupper (gåande, syklande, MC, moped, tunge køyretøy) ............ 12 8.3.1 Gåande og syklande ............................................................................................................. 12 8.3.2 Motorsykkel og moped ........................................................................................................ 13 8.3.3 Tunge køyretøy ..................................................................................................................... 13 8.4 Trafikksikre vegar ........................................................................................................................ 14 8.4.3 Møteulykker og utforkøyringsulykker .................................................................................. 14 8.5 Tiltaksdelen ................................................................................................................................. 15 2 2. Innleiing Hjartdal kommune består av tre bygder; Sauland, Hjartdal og Tuddal. Kommunen har barne- og ungdomsskule i Sauland og barnehagar i alle bygdene. I Hjartdal og Tuddal er det Montessoriskular, frå 1. til 7. trinn. E134 går gjennom Hjartdal og er òg vald som hovudfartsåre mellom Austlandet og Vestlandet. Utslepp knytt til trafikk på denne vegen er det vanskeleg for Hjartdal kommune å rå med. Kommunen har i tillegg avgrensa kollektivtilbod, og spreidd busetting gjer at kommunen er svært bilbasert. Trass i desse utfordringane ønskjer kommunen å leggje til rette for at folk kan gå og sykle til daglege gjeremål der det er mogleg. Trafikktryggleiksplanen for Hjartdal kommune legg grunnlaget for trafikktryggleiksarbeidet i kommunen. Hovuddelen skildrar dei overordna måla og stoda til trafikktryggleiksarbeidet i kommunen. Tiltaksdelen er ei liste over planlagde trafikktryggleikstiltak. Kommunale trafikktryggleiksplaner er ein føresetnad for å bli tildelt fylkeskommunal støtte til planlegging og gjennomføring av tiltak for sikring av skuleveg på kommunale vegar. 3. Organisering av trafikktryggleiksarbeidet i Hjartdal kommune Ansvaret for trafikktryggleiksarbeidet er forankra hos rådmann. Planen er utarbeida av ei gruppe beståande av einingsleiar barnehage, rektor skule, lensmann, fagsjef drift og kommuneplanleggar. 4. Nasjonale og regionale føringar i trafikktryggleiksarbeidet Nasjonal tiltaksplan for trafikktryggleik på veg 2018-2021 er utarbeida av Statens vegvesen, politiet, Helsedirektoratet, Utdanningsdirektoratet, Trygg Trafikk, fylkeskommunane og sju storbykommunar. I tillegg har ei rekke andre aktørar gjeve innspel til planen. Planen bygger på Meld. St. 33 (2016- 2017), Nasjonal transportplan 2018-2029 (NTP) og Meld. St. 40 (2015-2016) Trafikktryggleiksarbeidet – samordning og organisering. Føremålet med tiltaksplanen er å presentera eit omforeint og breidt spekter av fagleg forankra tiltak, i tillegg til å styrka samarbeidet mellom dei sentrale trafikktryggleiksaktørane. Tiltaka i tiltaksplanen skal sikra ein stø kurs mot etappemålet i NTP om maksimalt 350 drepne og hardt skadde i 2030. Det inneber ein reduksjon på om lag 60 % samanlikna med gjennomsnittet for perioden 2012-2015. Regjeringa ønskjer å nå målet mot å rette innsatsen mot fem hovudområde i planperioden: • sikre vegar • risikoåtferd i trafikken • spesielt utsette grupper i trafikken • teknologi • tunge køyretøy Nullvisjonen er både ein etisk vegvisar og ei retningslinje for det vidare trafikktryggleiksarbeidet i Noreg. Dette inneber mellom anna at transportsystemet, transportmidlane og regelverket for åtferd 3 formgjevast på ein måte som fremjar trygg åtferd hjå trafikantane, og i størst mogleg grad bidreg til at menneskelege feilhandlingar, ikkje fører til alvorleg skade eller død. Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging vart vedteke ved kongeleg resolusjon 14.mai 2019. Regjeringa forventar at fylkeskommunane og kommunane: • legg til rette for sykling og gåing i byar og tettstader, mellom anna gjennom trygge skulevegar, ved å planleggje for gåing og sykling frå kollektivknutepunkt og ut til friluftslivsområde og for transportløysingar for grupper som er mindre mobile. • tek hand om interessene til barn og unge gjennom ei samfunns- og arealplanlegging som skaper trygge, attraktive og aktivitetsfremjande by- og bumiljø. • sikrar trygge og helsefremjande bu- og oppvekstmiljø, frie for skadeleg støy og luftforureining. I Regional plan for samordna areal- og transport for Telemark 2015-2025 er det mål om at fleire skal gå og sykle til og frå daglege aktivitetar. Dette medfører ein fare for at ulykkestala vil auke blant mjuke trafikantar i tida framover. For å motverke dette kan ein styrke arbeidet for trygging av mjuke trafikantar gjennom satsing på gang- og sykkelvegar og på trafikktryggleikstiltak langs eksisterande GS-trasear. I tillegg kan ein gjennomføre målretta haldningsskapande arbeid i samband med gjennomføring av fysiske tiltak. Ulykkesstatistikken for 2007-2012 viser viktige trekk for trafikkulykkene i Telemark: • Telemark er blant dei fylka der andelen alvorlege utforkøyringsulykker er høgst. 42 % av alle drepne og hardt skadde i fylket blei drepne eller hardt skadd i utforkøyringsulykker. • 14 % av alle drepne eller hardt skadde i Telemark ble drepne eller hardt skadd i MC-ulykker. Berre Agder-fylka har ein høgare del. Utforkøyringsulykkene har ofte samanheng med høg fart og unge sjåførar. På bakgrunn av dette er det i fylkeskommunen sin trafikktryggleiksplan for 2010-13 anbefalt å rette haldningsskapande arbeid mot