Fråsegn Til Varsel Om Oppstart Og Høyring Av Planprogram - Samfunnsdelen Til Kommuneplan - 2021-2033 - Aurland Kommune
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Strategisk utvikling og digitalisering SUD - Plan, klima og folkehelse Vår referanse 2020/78553-6 Dato 18.01.2021 Aurland kommune Vangen 1 5745 AURLAND Fråsegn til varsel om oppstart og høyring av planprogram - samfunnsdelen til kommuneplan - 2021-2033 - Aurland kommune Viser til brev dagsett 07.12.2020 med varsel om oppstart av samfunnsdelen til kommuneplan 2021 – 2023 og høyring av framlegg til planprogram, for korleis arbeidet med samfunnsdelen skal gjennomførast. I samfunnsdelen skal kommunen etablere eit samla sett av overordna mål og strategiar for Aurland kommune, peike ut mål for samfunnsutviklinga og ta stilling til nasjonale og regionale føringar. Kommuneplanen sin samfunnsdel er kommunen sin viktigaste overordna strategiske og samordna plan. All planlegging i kommune skal vere forankra i samfunnsplanen. Arbeidet med samfunnsdelen er forankra i planstrategien for 2020-2023. Planprosessen skal gå frå september 2020 til juni 2021. Vestland fylkeskommune vurderer arbeidet ut i frå fylkeskommunen sine sektoransvar og målsettingar i regionale planar og strategiar. For kommunar i gamle Sogn og Fjordane og Hordaland gjeld dei vedtekne regionale planane innanfor dei tidlegare fylkesgrensene fram til desse vert avløyst av nye planar i Vestland. Vi viser til Utviklingsplan for Vestland 2020 – 2024. Regional planstrategi for berekraftig samfunnsutvikling, felles retning, visjon, mål og strategiar kopla til utfordringar i fylket. Vurderingar Medverknad, lokal og ny kunnskap, eigarskap og god forankring Samfunnsdelen og tilhøyrande planprosess er ein sentral demokratisk arena for å få til mobilisering og samordning knytt til tverrgåande tema. Medverknad må vurderast i samanheng med kvar einskild planprosess men gjerne ut i frå nokre felles rammer for prosessen. Medverknad i tidleg fase av planarbeidet er ein føresetnad for godt resultat og god gjennomføring. God forankring påverkar mogelegheitene for iverksetjing og gjennomføring og kan normalt spare ressursar i gjennomføringsfasen. Planar skal utarbeidast i samarbeid med lokalsamfunnet og regionale sektorar når arbeidet råkar innbyggjarar lokalt og ansvarsområde regionalt. Til dette er det trong for å skape opne møteplassar og organ for samarbeid og samråd. Kommunen må balansere Telefon E-post Heimeside EHF-Fakturaadr. Organisasjonsnr. 05557 [email protected] www.vestlandfylke.no 821311632 821 311 632 Saksnr: 2020/78553-6 Side 2 av 12 trongen for brei medverknad og god forankring i høve lokale utfordringar, mål og strategiar og opp mot ein effektiv og realistisk planprosess. Brei medverknad, involvering og mobilisering trengst for å fange opp felles, overordna utfordringar og tema som overlappar og som skal sjåast i samanheng. Vidare er det trong for å balansera, vega utfordringar og overordna tema opp mot kvarandre. Kor brukarvenleg og god planen er som styringsverktøy avheng av brei, aktiv og deltakande medverknad og forankring i lokalsamfunnet, kommuneorganisasjonen og hjå dei folkevalde. Vi viser til kommunen sitt opplegg for medverknad. Temamøte, arbeidsseminar og nettbaserte løysingar. Det vert lagt vekt på å bruke allereie etablerte strukturar og opne møteplassar. I tillegg ønskjer kommunen å bruke regionalt planforum tidleg i planprosessen for å sikre forankring regionalt. Vidare er det skissert framdrift for planprosess og medverknad. November 2020, utfordringsbilete, visjon, mål og medverknad. Januar 2021, møte med innbyggjarar, lag og organisasjonar, næringsliv, utval og nemnder og andre sentrale aktørar. Høyring i april 2021 og vedtak juni 2021. Vi oppfattar at kommunen søkjer ein behovsbasert, demokratisk, nyskapande og brei medverknad tufta på lokale føresetnadar. Vi støtter dette men rår kommunen til å prøve ut nye metodar og alternative møteplassar for å sikre dette. Vi rår kommunen til å sette av tid nok til planlagde, og uføresette medverknadsprosessar. I vidare planprosess er det viktig å få fram korleis kommunen skal bruke, arbeide med og formidle kunnskapen frå medverknadsprosessane. Vi føreset at kommunen set av nok tid til å sikre ei demokratisk, brei og kreativ resursmobiliserande medverknad. I tillegg tid til å innarbeide, skape felles forståing hjå innbyggjarar og grunneigarar i lokalsamfunnet, kommuneorganisasjonen og hjå folkevalde. Tid til formidling av ny kunnskap og informasjon, og å sikra at lokal og ny kunnskap vert ivareteke og løfta på tvers av fag- og ansvarsområde, godt kopla til berekraftperspektivet og berekraftsmåla til FN. Vi ønskjer eit godt samarbeid med kommunen og er positive til at kommunen vil bruke regionalt planforum som møteplass for å sikre forankring regionalt. Regionalt planforum kan brukast for meir uformell og fagleg drøfting og for å utvikle eit samarbeid og samordning på tvers av fag- og ansvarsområde. Her er og rom for å uformelt drøfte berekraft og arbeidet med berekraftsmåla til FN i eit lokalt perspektiv. Vi viser til erfaringar og forsøk frå ulike samarbeid for berekraftig med stadutvikling og tettstadforming, mellom anna til symposium i Aurland oktober 2017, feltarbeid, synfaringar og felles drøfting på tvers av fagområde, opne og alternative møteplassar. Ta kontakt for meir informasjon om metodar og erfaringar. Vi føresett at kommunen også legg opp til god medverknad mellom skular, Sogn Jord- og hagebruksskule, bibliotek, ungdomsklubb, barnehagar, samfunnshus, kyrkje og andre kooperativ, lag og organisasjonar. Dette vert viktig for å klare å vurdere og balansere ulike utfordringar og tema i relasjon til og opp mot kvarandre, og samla. I eit berekraftsperspektiv med krav til å gjere minst mogleg inngrep i natur og grunna utfordringane knytt til arealknappheit vil det oppstå interessemotsetningar og konfliktar. Korleis vil kommunen møte dette i planarbeidet? Råd for god medverknad Følgjande råd er henta frå Høgskulen i Volda: Saksnr: 2020/78553-6 Side 3 av 12 • Bruk tid på å vurdere kva som er den / dei mest føremålstenlege medverknadsmåtar for å mobilisere den aktuelle målgruppa, og for å skaffe kunnskap som trengst. • Varier medverknadsmåtane og tilpass medverknaden til lokal kontekst og til målgrupper. (Ein metode som var føremålstenleg i ein samanheng (gruppe/kommune), treng ikkje fungere i ein annan samanheng). • Medverknad må i større grad bli eit verkemiddel for å skape engasjement, slik at folk tek meir ansvar for sjølve å gjere det dei kan for å skape trivsel i sine nærmiljø. • Det er viktig å informere målgruppene om kva som er poenget med prosessane, og kva som vil skje med innspel og synspunkt folk formidlar gjennom deltaking. Openheit og synleggjering er avgjerande. • Sørg for at kommunen har kompetanse om medverknad. • Involver frivillig sektor og / eller målgruppene i planlegginga og gjennomføringa av medverknadsprosessane. Medverknaden treng ikkje stoppe ved datainnhentinga • Medverknadsprosessane må gjerne leggast til arenaer som er kjende for dei målgruppene ein ønskjer å mobilisere. Til dømes til seniortreff, grendelagsmøte, skular/barnehagar, språkkafear o.a. • Systematisering og bearbeiding av det som kjem fram gjennom medverknad, bør gjerast i eit samarbeid mellom fleire i kommunen. Gjerne også i eit samarbeid mellom kommunen, frivillige-/organisasjonar og næringslivet. • Samarbeid med universitets-/ høgskulemiljø kan vere føremålstenleg for å stille dei rette spørsmåla i forkant av prosessane og i samband med bearbeiding og analyse • Å involvere politikarar gir legitimitet og bidreg til større mobilisering. Strategiske skisser Vi rår kommunen til å framstille strategiske skisser for lokale utfordringar og overordna tema i medverknadsprosessar, og som illustrasjonar til samfunnsdelen. Dette som eit kommunikativ verktøy som seinare kan utviklast til arealplan og sentrumsplanar. Her er det særskilt relevant å utarbeide strategiske skisser for natur og kulturverdiar. Skisser til blågrøne verdiar og samanhengande strukturar. I tillegg er det relevant for sosial berekraft, berekraftig besøksforvalting, næringsutvikling og lokalt tilpassa bustadpolitikk. Denne typen skisser kan vera grunnlag for meir samansette berekraftige strategiske framstillingar på tvers av ulike satsingsområde. Kommunen kan gjerne hyre inn folk til å lage landskapsanalyse og strategiske skisser for å klargjere og utvikle satsingsområde undervegs i prosessen. Dette som eit av fleire verktøy og grunnlag for å avklare utfordringane knytt til arealknappheit og jordvern, naturfare, dyrka mark, strandsone, infrastruktur og sentrumsavgrensing. Strategi for universell utforming og tilgjenge for alle, berekraftig, haldbar arkitektur og landskapsarkitektur, bustadpolitikk kopla til mellom anna sosial berekraft og klimaarbeid. Strategiske skisser kan vera nyttige for å vise og sjå kva ein snakkar om og til hjelp for å avklare interessemotsetningar og konfliktar knytt til bruk og vern av areal. Ta kontakt for meir informasjon og støtte om det er trong for det. Vi rår også til å framstille strategiske skisser for avgrensing av sentrum relatert til miljøvenleg og berekraftig sentrumsutvikling. Tilpassa lokale høve, geografi og konkrete omsyn til natur, naturlege krefter, farar og risiko, kultur og kulturverdiar Prinsipielt kan vi sei at universell utforming og tilgjenge for alle er eit uttrykk for og eit forsøk på å odle demokratiske løysingar. I dette perspektivet er det trong for å arbeide inn universell utforming både som overordna strategi og gjennomgåande basisomsyn i all samfunnsutvikling, strategi- og planarbeid, medverknad, involvering og formidling, visuell og fysisk kommunikasjon, og utforming. Berekraftige og nyskapande lokalsamfunn