Biologisk Mangfald I Surnadal Kommune
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Biologisk mangfald i Surnadal kommune Supplerande naturtypekartlegging Gaarder, G. & Stenberg, I. 2009. Biologisk mangfald i Surnadal kommune. Supple- rande naturtypekartlegging. Miljøfaglig Utredning Rapport 2009:33. ISBN 978-82- 8138-362-3. Biologisk mangfald i Surnadal kommune S UPPLERANDE NATURTYPEKARTLEGGING Forsidebilete: Rik sumpvegetasjon på sørsida av Søya, ved Mariøya sør for Myrvang (lokalitet 511). Den regio- nalt sjeldsynte sumpskogsplanta langstorr veks her. Elles førekjem fleire raudlista lavartar, og det er ein god del gammal oreskog. Foto: Geir Gaarder Miljøfaglig Utredning AS Rapport 2009:33 Prosjektansvarleg: Geir Gaarder Utførande institusjon: Miljøfaglig Utredning AS Prosjektmedarbeider(e): Ingvar Stenberg Oppdragsgjevar: Kontaktperson hos oppdragsgjevar: Møre og Romsdal fylke, miljøvernav- Kjell Lyse (Fylkesmannen), delinga, Surnadal kommune Bodli Gjeldnes (Surnadal kommune) Referanse: Gaarder, G. & Stenberg, I. 2009. Biologisk mangfald i Surnadal kommune. Supplerande naturtypekartlegging. Miljøfaglig Utredning Rapport 2009-33: 1-28 + vedlegg. ISBN 978-82- 8138-362-3. Referat: Det er utført ei supplerande kartlegging av naturtypar i Surnadal kommune, Møre og Romsdal fylke, på oppdrag frå Møre og Romsdal fylke og Surnadal kommune. Oppdraget har i nokon grad omfatta ein sjekk av kvaliteten på allereie registrerte lokalitetar, men ho- vudsakleg kartlegging av nye lokalitetar. Informasjon om lokalitetane er lagt inn i databasen Natur2000. I Surnadal kommune har vi kartlagt 112 lokalitetar; i alt 10 myrlokalitetar, ein lokalitet i ras- mark og berg, 3 fjell-lokalitatar, 12 kulturlandskapsmiljø, to lokalitetar i ferskvatn/våtmark, 78 skogsmiljø og 7 havstrandsmiljø. 24 lokalitetar har fått verdien svært viktig A (flestepar- ten er rike edellauvskogar), 48 har fått verdien viktig – B og 41 har fått verdien lokalt viktig – C. Berre eit fåtal av undersøkte lokalitetar var registrert i tidlegare naturtypekartlegging (Aune 2005). Eit par lokalitetar i brakkvassmiljøa ved utløpet av Surna har fått vesentleg oppjus- tert verdien, elles vart det ikkje funne indikasjonar på store veikskaper ved det gamle data- settet (men ofte vel kortfatta omtaler). Det vart gjort ei samanlikning med MiS-kartlegginga i kommunen (m.a. vart 37 MiS-figurar sjekka). Det var store avvik mellom resultata, og MiS- dataene er vurdert som lite eigna til bruk i naturtypekartlegginga. Det er i tillegg ein klar tendens til at dei mest verdifulle naturtypelokalitetane er fanga dårleg opp i MiS- kartlegginga. Resultata frå den supplerande kartlegginga har medført ein vesentleg auke i talet på verdi- fulle naturtypar i Surnadal kommune, og kunnskapen om det biologiske mangfaldet her har vorte ein god del betra. Det er likevel klart at det framleis står att mykje å finne og at ei rek- kje verdfulle naturtypelokalitetar framleis ikkje er kjent i kommunen. 4 emneord: Biologisk mangfald Surnadal Naturtypar Registrering Forord Miljøfaglig Utredning AS har utført ei supplerande kartlegging av naturtypar i Surnadal kommune, Møre og Romsdal fylke. Utredninga er utført på oppdrag frå Møre og Romsdal fylke i samarbeid med Sur- nadal kommune. For Fylket har Kjell Lyse vore kontaktperson, medan Bodil Gjeldnes har vore kommunal kontakt. Prosjektet har vore gjennomført i samar- beid med Rindal og Halsa kommunar, der respektive Vebjørn Knarrum og Erlend Snøfugl har vore ansvarlege. Alle får med dette ein takk for samarbeid og hjelp med framskaffing av eldre data. I tillegg skal Perry G. Larsen har takk for bidrag under kartlegging av nokre lokalitetar. Takk også til Tore Gjul i Surnadal kommu- ne for m.a. framskaffing av MiS-data frå kommunen og til Asbjørn Børset i Møre og Romsdal fylke for utarbeiding av oversiktskart. Prosjektansvarleg for Miljøfaglig Utredning har vore Geir Gaarder. I tillegg har Ingvar Stenberg, Kvanne i Surnadal, delteke både under feltarbeid og med skri- ving av faktaark og rapport. Tingvoll/Kvanne, 24/10 2009 Miljøfaglig Utredning AS Geir Gaarder Ingvar Stenberg Innhald Forord......................................................................................................................................4 Innhald ....................................................................................................................................5 1 Innleiing............................................................................................................................6 2 Metode..............................................................................................................................8 2.1 Generelt .....................................................................................................................8 2.2 Verdisetting................................................................................................................8 2.3 Forklaring av ord og uttrykk......................................................................................9 3 Resultat...........................................................................................................................11 3.1 Vurdering av gamle lokalitetar ................................................................................11 3.2 Samanlikning og nytte av utført MiS-kartlegging...................................................12 3.3 Nye lokalitetar .........................................................................................................18 3.4 Raudlisteartar...........................................................................................................22 4 Oppsummering og oppfølgjande arbeid .........................................................................25 5 Skriftlege kjelder ............................................................................................................27 VEDLEGG FAKTAARK FOR REGISTRERTE LOKALITETAR……………..............…..……28 1 Innleiing I Stortingsmelding nr. 58 om bærekraftig utvikling (Miljøverndepartementet 1997) bestemte Stortinget at «alle landets kommuner skal ha gjennomført kartlegging og verdiklassifisering av det biologiske mangfoldet på kommunens areal i løpet av år 2003». Direktoratet for naturforvaltning (DN) har utarbeidet ei handbok til hjelp for kommunane i kartleggingsarbeidet (Direktoratet for naturforvaltning 1999, sei- nast supplert i 2007). Surnadal kommune fekk sluttført første gongs kartlegging i 2005, sjå Aune (2005) for opplysningar om arbeidet. Som for dei andre kommunane som har gjennomført prosjektet, har arbeidet i Surnadal kommune i etterkant vorte kvalitetssjekka av Fylkesmannen og DN. Dette har skjedd utan noko kontroll i felt. For mange kommunar har ikkje naturtypekartlegginga vore av tilfredsstillande kva- litet, og for ein del kommunar har det vore nødvendig å avvise heile datasettet. Dette gjeld ikkje for Surnadal kommune, men Møre og Romsdal fylke fann det likevel ønskjeleg å få gjennomført ein feltkontroll av nokre lokalitetar, samtidig som det vart supplert med undersøking av nye område. Surnadal kommune var samtidig også interessert i ei supplerande kartlegging. Tilsvarande var situasjonen i Halsa og Rindal, noko som førte til eit felles prosjekt for desse tre kommunane (kommunane var også saman om kartlegginga fyrste gong). Kartlegginga har vorte finansiert gjennom direkte tilskot frå Møre og Romsdal fylke, bidrag frå dei tre kommunane, samt at dei også fekk overført skjønnsmidlar frå kommunal- og regi- onaldepartementet til prosjektet. For Rindal og Surnadal kjem i tillegg noko midlar frå Direktoratet for naturforvaltning, øremerka for utvalte bekkekløfter. Målsettinga med denne rapporten er å gi ein kortfatta oversikt over resultata frå dette prosjektet for Surnadal kommune sin del, samt nokre råd om korleis ein skal gå fram for å få ei enda betre naturtypekartlegging i kommunen. Resultata frå dei fleste undersøkte lokalitetane er samtidig lagt inn i den nyaste versjonen av databa- sen Natur2000, og resultata skal derifrå kunne overførast direkte til Naturbase. På figur 1 på neste side er alle nye lokalitetar vist på eit grovt oversiktskart (utarbeidd av Asbjørn Børset i Møre og Romsdal fylke, miljøvernavdelinga). Miljøfaglig Utredning AS Naturtypekartlegging i Surnadal kommune Rapport 2009:33 – 6 – g Utredning AS Naturtypekartlegging i Surnadal kommune 009:33 – 7 – 2 Metode 2.1 Generelt Direktoratet for naturforvaltning (2007) si handbok i kartlegging av biologisk mangfald har vore ei sentral rettesnor for korleis arbeidet har vorte lagt opp. Hand- boka sine metodar for kva for naturtypar som skulle registrerast, verdsetjast og presenterast, har vore styrande. Handboka deler norsk natur inn i 7 hovudtypar og har valt ut 56 naturtypar innan- for disse som skal prioriterast i kartlegginga. Den same hovudinndelinga og dei same prioriteringane av naturtypar er brukt i dette prosjektet. Også handboka sitt verdsettingssystem er brukt, samt at alle lokalitetar er lagt inn i ein egen database. Som databaseverktøy er NaturkartDA sin base Natur2000 brukt (denne er grunn- lagt på programmet FileMakerPro). I tillegg er lokalitetane avgrensa på kart, me- dan Møre og Romsdal fylke i neste omgang har teke ansvar for å digitalisere dei. Som grunnlag for prosjektet vart det motteke ein eldre, tidlegare nytta versjon av Natur2000 i prosjektet, der Aune (2005) hadde lagt inn sine data (versjonen var ikkje heilt oppdatert i høve til data som har ligge inne i Naturbasen). Prioritering av feltinnsatsen vart gjort på basis av ulike kriterium. Det eine var tid- legare evaluering frå DN og Møre og Romsdal fylke om kvaliteten på eksisterande