Forslag Til Forvaltningsplan for Verneområda I Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane Og Frafjordheiane Høringsutkast
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Forslag til Forvaltningsplan for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane Høringsutkast Frå Prostøl i Dyraheio Frå Øvre Espedalsstøl i Frafjordheiane 1 Forord Denne forvaltningsplanen er utarbeidd av Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane, og omfattar Kvanndalen, Dyraheio, Lusaheia, Vormedalsheia, Frafjordheiane og Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde, samt Holmavassåno og Steinbuskardet-Hisdal biotopvernområde. Forvaltningsplanen avløyser fem tidlegare forvaltningsplanar; Kvanndalen, Dyraheio og Holmavassåno frå 1993, Lusaheia frå 1993, Vormedalsheia frå 1993, Frafjordheiane 2007, Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane og Steinbuskaret-Hisdal frå 2000. Bakgrunnen for planarbeidet var behovet for ein felles samordna forvaltningsplan for alle verneområda verneområdestyret hadde forvaltningsmynde for. Planen tek i hovudsak utgangspunkt i verneføreskrifter og eksisterande forvaltningsplanar for dei ulike verneområda, samt forvaltningspraksisen verneområdestyret har etablert sidan det vart konstituert 15 mars 2011. Mykje av det daglege arbeidet med forvaltningsplanen blir lagt til ei prosjektgruppe som har bestått av medlemmane i arbeidsutvalet og forvaltningssekretariatet. Oppstartsmelding for planarbeidet vart sendt 1 februar 2013 og verneområdestyret godkjente utkastet til forvaltningsplan 7 mai 2014. Etter ein fagleg gjennomgang i Miljødirktoratet gav dei klarsignal til at planutkasten kunne sendast ut på høring 12 juni 2014. Litt om høringsprosess og godkjenning – skrivast når det nærmar seg Målsettinga for denne forvaltningsplanen er at den skal være eit praktisk hjelpemiddel i den daglege forvaltninga, og at den skal fungere som eit opplagsverk både for søkarar og forvaltninga. Den overordna målsettinga med forvaltningsplanen er å ta vare på verneverdiane, både gjennom å beskytta dei mot uønskja inngrep og gjennom å legge til rette for aktivitet som fremmer verneverdiane. Eit anna formål med forvaltningsplanen er å gi rammene for ein heilskapleg og pårekneleg forvaltning den kommande tiårs perioden (2015-2025). Gjennom å utarbeide klare reglar for forvaltningspraksis og sakahandsaming, håpar ein både å bidra til å dempe konfliktar og å sikre at ein unngår tilfeldige avgjersler som kan skade verneverdiane. For verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane Tarald Myrum Styreleiar 2 Forord 1. Innleiing side 5 1.1 Vern av heiområda side 6 1.2 Areal og eigedomstilhøve side 7 1.3 Verneføreskrifter, forvaltningsplan og forvaltningstyresmakt side 8 1.4 Kunnskapsstatus side 11 1.5 Verneverdiar og trugsmål side 22 1.6 Overvakning og kartleggingsbehov side 26 1.7 Forvaltning av verneområda side 26 2. Retningslinjer for brukarinteresser side 28 2.1 Landbruk side 28 2.2 Kraftproduksjon side 31 2.3 Motorferdsle side 34 2.4 Bygningar og andre installasjonar side 44 2.5 Jakt, fiske, friluftsliv og turisme side 55 3. Forvaltning av verneområda side 62 3.1 Lusaheia landskapsvernområde side 62 3.2 Vormedalsheia landskapsvernområde side 67 3.3 Kvanndalen landskapsvernområde side 75 3.4 Dyraheio landskapsvernområde side 82 3.5 Holmavassåno biotopvernområde side 90 3.6 Frafjordheiane landskapsvernområde side 95 3.7 Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane landskapsvernområde side 107 3.8 Steinbuskaret – Hisdal biotopvernområde side 119 4. Sakshandsaming og søknadsrutinar side 126 4.1 Søknads- og sakshandsamingsrutinar side 126 4.2 Klagesakar side 130 3 5. Skjøtsel, tilrettelegging og informasjon side 131 5.1 Tilrettelegging side 131 5.2 Informasjon side 132 5.3 Skjøtsel side 132 5.4 Oppsyn side 133 6. Litteratur side 134 7. Vedlegg side 138 7.1 Verneføreskrifter 7.2 Temakart side 139 7.3 Bevaringsmål 7.4 Tiltaksplanar 7.5 Skjøtselsplanar 7.6 Brev og rundskriv 4 1 Innleiing Den sørlege utstikkaren av Langfjella som ligg mellom Setesdalen i aust og Ryfylke i vest, er eit unikt fjellområde. Det som særleg slår ein er dei voldsamme kontrastane og variasjonen i alt frå klima og landskapsformar til vegetasjon. I tillegg er dette området og levestaden for Europas sørlege villreinstamme. Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane er samstundes bruksfjell. Skriftelege kjelder fortel om ein til dels svært omfattande bruk dei siste 200 åra, og arkeologiske funn viser at denne bruken går langt tilbake i tid. Denne omfattande bruken har sett sine fysiske spor i landskapet og mentale spor i dei som bur rundt heia. Verneverdiane er derfor mange og store. Villreinen står sjølvsagt sentralt som eit viktig verneformål, men det er og store verdiar knytt til geologi, botanikk og kulturlandskap. Friluftslivsbruken av område er også omfattande og verneområda er svært verdifulle i høve til ålmenta si tilgang til helsefremjande rekreasjon og naturopplevingar. Heiområda er samstundes sterkt prega av kraftutbyggingar. Det er fleire regulerte vatn og turrlagde elvestrekningar i verneområda, og verneområda omkransar i tillegg nokre større reguleringsmagasin som ikkje inngår i det verna arealet. Figur 1. Kart over verneområda 5 1.1 Vern av heiområda Vernet av fjellområda mellom Setesdal og Ryfylke var realisert i tidsrommet 1991-2003. Tidlegast ute var ein i Rogaland, kor Lusaheia landskapsvernområde og Vormedalsheia landskapsvernområde i Hjelmeland vart verna i 1991, mens vernet av Dyraheio landskapsvernområde, Kvanndalen landskapsvernområde og Holmavassåno biotopvernområde i Suldal blei vedteke i 1997. Det mest omfattande vernevedtaket kom i 2000, da Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane landskapsvernområde og Steinbuskaret-Hisdal biotopvernområde vart verna. Verneprosessen vart avslutta i 2003 med vernet av Frafjordheiane landskapsvernområde. Tanken om at desse fjellområda er særleg verdifulle og burde vernast er eigentleg ganske gamal. Alt i 1923 skriv offiseren og kartoppmålaren Kristen Gleditsch ein artikkel i Tidens Tegn, kor han foreslår å opprette ein nasjonalpark i Bykle og Suldal. Gleditsch hadde vorte godt kjent i område da han i 1913 og 1915 gjorde oppmålingane på oppdrag frå Høifjellskommisjonen. Gleditsch såg føre seg Hellevatnet som sentrum i ein nasjonalpark som strakk seg frå Snønuten i nord til Hovatn i sør, og frå Sletteskurven i aust til Pjåkevassheia i vest. Slik skulle det ikkje gå, og i tidsrommet 1965-1985 vart det opphavlege landskapet sterkt påverka av fleire store kraftutbyggingar som Øvre Otra, Sira Kvina, Lyse, Ulla-Førre og Røldal-Suldal. På tross av dei store inngrepa vart det gjennom 1970 og 1980-talet halde liv i planane om vern av desse fjellområda. Behovet for ein samordna forvaltning av område resulterte og i fleire omfattande planprosessar som mellom anna Fjellplan for Setesdal Vesthei (NOU 1974:39). Lenge låg det og føre planar om oppretting av nasjonalparkar i området, og i St.meld. nr. 62 (1991-92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge, vart Rjuven og Frafjordheiane nasjonalparkar foreslege oppretta. Lokal motstand og omfanget av eksisterande inngrep gjorde at ein til slutt verna området som landskapsvernsområde. To mindre område vart verna som biotopvernområde. Verneområda vart oppretta i medhald av lov av naturvern (naturvernlova) av 19. juni 1970, men denne blei oppheva da lov om forvaltning av naturens mangfald (naturmangfaldlova) av 19. juni 2009 blei vedtatt. Verneføreskriftene som vart oppretta etter naturvernlova gjeld framleis og dei skal forvaltast i tråd med intensjonen på vernetidspunktet. Naturmangfaldlova sine føresegner vil likevel supplere og utfylle eldre verneføreskrifter. Vern av eit areal som landskapsvernområde er heimla i naturmangfaldslova §36, kor det heiter at: ”Som landskapsvernområde kan vernes natur- eller kulturlandskap av økologisk, kulturell eller opplevelsesmessig verdi, eller som er identitetsskapende. Til landskapet regnes også kulturminner som bidrar til landskapets egenart. I et landskapsvernområde må det ikke settes i verk tiltak som kan endre det vernede landskapets særpreg eller karakter vesentlig……..”. Vern av eit areal som biotopvernområde er heimla i naturmangfaldslova §38, kor det heiter at: ”Som biotopvernområde kan vernes et område som har eller kan få særskilt betydning som økologisk funksjonsområde for en eller flere nærmere bestemte arter. Det kan settes forbud mot virksomhet eller ferdsel som kan påvirke eller forstyrre arten eller dens livsbetingelser ….” 6 1.2 Areal og eigedomstilhøve Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane har forvaltningsmynde for til saman åtte verneområde, seks av dei er landskapsvernområde, mens to er biotopvernområde. Av desse er Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde er det klart største verneområdet og utgjer 68% av det samla arealet. Til saman har alle verneområda eit areal på 3451 km2. Vernet omfattar areal på til saman heile 706 gards og bruksnummer. Heile 70% av dette arealet ligg på privat grunn. Det statleg eigde arealet fordelar seg på Njardarheim, samt Bykle, Suldal og Hjelmeland statsallmenning. I desse områda er Statskog grunneigar. Tabell 1. Eigedomstilhøve, areal, lokalisering og vernetidspunkt for dei ulike verneområda. Verneområde Vernet Kommune Ant Areal Privat gnr/bnr (km2) areal Lusaheia landskapsvernområde 1991 Hjelmeland 11 122 70% Vormedalsheia landskapsvernområde 1991 Hjelmeland 89 120 100% Dyraheio landskapsvernområde 1997 Suldal 29 304 70% Kvanndalen landskapsvernområde 1997 Suldal 6 84 100% Holmavassåno biotopvernområde 1997 Suldal 3 23 100% Frafjordheiane landskapsvernområde 2003 Forsand 62 190 Gjesdal 53 155 Sirdal 20 74 Til saman 135 419 80% Steinbuskaret-Hisdal biotopvernområde