Fylkesmannen I Møre Og Romsdal
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
atab Fylkesmannen i Møre og Romsdal Vår dato Vår ref. 12.06.2015 2007/3789/MAMI/472 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkar dato Dykkar ref. Overingeniør Mattis Mikkelsen, 71 25 84 21 Ulstein Verft AS P.O. Box 158 6067 ULSTEINVIK Rapport etter inspeksjon den 08.06.2015 hos Ulstein Verft AS, avd. Ulsteinvik i Ulstein kommune, skipsverftsaksjonen 2015. Inspeksjonsrapport – 2015.005.I.FMMR Til stades under inspeksjonen Frå verksemda: Frå Fylkesmannen: Roar Riise Mattis Mikkelsen Jan Ove Sørensen Thomas Aurdal Ragnhild Liaskar Odd Magne Koppen Jan Peder Roggen Resultat frå inspeksjonen Denne rapporten omhandlar resultat frå inspeksjon den 08.06.2015 ved Ulstein Verft AS avd Ulsteinvik i Ulstein kommune. Rapporten har status som førebels. Dersom vi ikkje får tilbakemelding om faktiske feil eller misforståingar i rapporten innan to veker etter at rapporten er motteken, er rapporten å rekne som endeleg. Fylkesmannen i Møre og Romsdal avdekka 3 avvik under inspeksjonen. Avvika omhandlar: Risikovurdering knytt til påverknad på ytre miljø Måleprogram Lagring av farleg avfall Avvika er nærare omtalt frå side 5 og utover i rapporten. Postadresse: Telefon: E-post: Web: Org.nr: Postboks 2520 71 25 84 00 [email protected] www.fylkesmannen.no/mr 974 764 067 6404 Molde side 2 av 6 For at Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal kunne avslutte saka må verksemda sende dokumentasjon på at avvika er retta innan 31.12.2015. Oppfølging etter tilsynet er nærare omtalt på side 4. Vi vil til slutt takke for ei god mottaking og godt samarbeid under inspeksjonen. Med helsing Anne Melbø Mattis Mikkelsen fagansvarleg (e.f.) Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur. Kopi: Ulstein kommune Pb. 143 6067 ULSTEINVIK side 3 av 6 Informasjon om verksemda Ansvarlig verksemd Namn: ULSTEIN VERFT AS AVD. ULSTEINVIK Organisasjonsnr.(undereining): 873172142 Eigd av: 912447561 Lokalitet: Ulstein Verft Telefon: 70008000 Bransjenr. (NACE-kode): 30.111 E-post: [email protected] Kontrollert anlegg Namn: Ulstein Verft AS avd. Ulsteinvik Anleggsnr.: 1516.0004.01 Kommune: Ulstein Anleggsaktivitet: Mekanisk overflatebehandling Kontroll nr.: 2015.005.I.FMMR Kontrollklasse: 3 Løyve gitt: har ikkje Bakgrunn for inspeksjonen Inspeksjonen hos Ulstein Verft AS avd Ulsteinvik er del av ein landsdekkjande aksjon med kontrollar av skipsverft. Aksjonen vert gjennomført av Miljødirektoratet og Fylkesmennene i samarbeid og skal kontrollere om skipsverfta drivast miljømesseg forsvarleg. Miljømyndigheitene ynskjer også at verfta skal stimulerast til utvikling på miljøområdet gjennom kommunikasjon med miljømyndigheitene. Tema for inspeksjonen var: Utslepp til sjø Avfallshandsaming Utsleppskontroll Lagring og handsaming av kjemikalier Støy Internkontroll Vi vil gjere merksam på at ikkje alle sider ved verksemda, som kan ha betyding for ytre miljø, vart granska under inspeksjonen. Verksemda må sjølv aktivt utøve internkontroll, avdekke feil og manglar og setje i verk naudsynte tiltak. Denne rapporten omhandlar avvik som vart funne under inspeksjonen og gir ingen fullstendig tilstandsvurdering av miljøstatus for verksemda. Definisjonar Avvik: Brot på krav fastsatt i medhald av helse-, miljø- og tryggleikslovgivinga (til dømes krav i forureiningslova, forskrift heimla i forureiningslova, internkontrollforskrifta eller krav og vilkår fastsatt i utsleppsløyve eller dispensasjonar, samt verksemdas egne rutinar for å oppfylle myndigheitenes krav). Merknad: Eit forhold som ikkje vert omfatta av definisjonen på avvik, men som tilsynsetatane meiner det er riktig å peike på då det har eller kan ha betyding for å ta vare på det ytre miljøet. Andre forhold: Saker som framkom under inspeksjonen og som det kan være nyttig å kjenne til for verksemda og sakshandsamarar. Her kan det også inngå kommentarar til tema som vart tatt opp under inspeksjonen, men der det ikkje vart gitt avvik eller merknad. side 4 av 6 Oppfølging etter inspeksjonen Verksemda plikter snarast å rette opp dei avvika som vart funne. For at Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal kunne avslutte saka, må verksemda sende oss dokumentasjon på at avvika er retta innan 31.12.2015. Svarbrev eller e-post sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 Molde, eller e-post: [email protected]. Pålegg om skriftleg tilbakemelding er gjeve med heimel i forureiningslova § 49. Verksemda kan klage på vedtaket, jf. forvaltningslova § 14, og har då ein klagefrist på 3 veker. Ei eventuell klage skal grunngjevast og sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Gebyr for kontrollen Verksemda skal betale gebyr for kontrollen, jf. forskrift om begrensning av forurensning (forureiningsforskrifta) §§ 39-6 og 39-7 om gebyr for kontroll i verksemder. Gebyret skal dekke kostnadar i samband med førebuing, gjennomføring og oppfølging av kontrollen. Forskrifta er tilgjengeleg på www.lovdata.no eller kan fåast ved å kontakte Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Verksemda vart varsla om gebyret på kontrolldagen og at det vil være aktuelt å plassere kontrollen i gebyrsats 3. Dette inneber at Ulstein Verft AS avd Ulsteinvik skal betale kr. 11 800,- i gebyr. Faktura med innbetalingsblankett vil bli sendt ut frå Miljødirektoratet. Vedtaket om gebyrsats kan klagast på innan tre veker etter at rapporten er mottatt, jf. forureiningsforskrifta § 41-5 og forvaltningsloven § 28. Ei eventuell klage bør stilast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Klagen vert ikkje gitt oppsettande verknad, og gebyret må derfor betalast i samsvar med det som er nemnt over. Dersom Miljødirektoratet aksepterer klagen, vil det overskytande beløpet verte refundert. Offentligheit i forvaltninga Denne rapporten vil vere open for offentligheita via postjournalen til Fylkesmannen i Møre og Romsdal (jf. offentleglova). I tillegg vil rapporten vere tilgjengeleg på www.norskeutslipp.no. Regelverk Dei viktigaste HMS-krava for bransjen finn de på www.regelhjelp.no. Meir informasjon finnast på Miljødirektoratet si heimeside, www.miljodirektoratet.no, og på www.lovdata.no. Heimlane for avvik i denne kontrollen er å finne i følgjande regelverk: Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forureiningslova) av 13. mars 1981 Forskrift om begrensning av forurensning (forureiningsforskrifta) av 1. juni 2004. Spesielt kap. 29. Forurensing frå mekanisk overflatebehandling og vedlikehold av metallkonstruksjoner, inkludert skipsverft. Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta) av 1. juni 2004 Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta) av 6. desember 1996 side 5 av 6 Resultat frå inspeksjonen Fylkesmannen avdekka desse avvika: Avvik 1 Risikovurderinga omfattar ikkje alle tilstander eller uheldige hendingar som er relevant for ytre miljø. Avvik frå: Internkontrollforskrifta § 5, pkt. 6 Kommentar: Etter internkontrollforskrifta skal internkontrollen dokumenterast i den form og det omfang som er naudsynt på bakgrunn av verksemda sin art, aktivitet, risikoforhold og storleik. Verksemda skal kartlegge farar og problem og på denne bakgrunnen vurdere risiko, samt utarbeide planer og tiltak for å redusere risikoforholda. Internkontrollsystemet skal haldast oppdatert. Verksemda har risikovurdert viktige forhold som er relevante for det ytre miljø. Nokre av vurderingane er gjort utan at desse er dokumentert i internkontrollen. Det må gjerast ei supplerande risikovurdering der ein tek opp alle dei mest kritiske forhold knytt til påverknad på det ytre miljø. Risikovurderinga må følgjast opp med naudsynte tiltak for å redusere risiko og for å redusere forureining i størst mogleg grad. Avvik 2 Verksemda har ikkje utarbeida eit måleprogram. Avvik frå: Forureiningsforskrifta § 29-9 Internkontrollforskrifta § 5, pkt. 7 Kommentar: Etter forureiningsforskrifta skal verksemda ha eit måleprogram for kontrollmåling av utslipp til luft, vatn og støy som skal inngå i verksemda sin dokumenterte internkontroll. Formålet med målingane er å dokumentere at gitte krav overhaldast. For ei verksemd som i hovudsak utrustar nye skip og gjer mykje av sitt arbeid i lukka hall, vil ikkje måling av alle parameter alltid være formålstenleg. For å dokumentere at gitte krav overhaldast kan verksemda gjere eigne vurderingar av sine kjelder til utslepp og påverknader, og der det er formålstenleg gjere målingar. Dersom verksemda utfører arbeid som inneber fare for utslepp av miljøfarlege stoff, til dømes arbeid med groehindrande middel, må målingar/berekningar av utslepp til vatn utførast. Verksemda må gjere ei vurdering av sin støypåverknad og det kan være naudsynt å måle eller berekne støy ved mest utsette nabo. side 6 av 6 Avvik 3 Lagringsstader for farleg avfall er ikkje sikra mot utslepp til ytre miljø ved eventuelle lekkasjar. Avvik frå: Avfallsforskrifta § 11-5 Kommentar: Etter avfallsforskrifta skal alle som oppbevarer farleg avfall treffe naudsynte tiltak for å unngå fare for forureining eller skade på menneskje eller dyr. Farleg avfall skal vere merka med innhald og vidare skal farleg avfall ikkje blandast saman med anna avfall. Under inspeksjonen fann ein farleg avfall som var lagra slik at søl og uhell kunne føre til forureining av vatn og grunn. Det var og avfall lagra saman med farleg avfall som ikkje var merka med innhald. Verftet har planar om å lage ei betre sikring av eit område for farleg avfall og må sjå til at dette gir ei handtering som reduserer risiko for forureining mest mogleg. Informasjon gitt til verksemda: Brosjyrer/informasjonsark utdelt: Faktaark om marint søppel Faktaark om gebyr Faktaark om skipsverft Faktaark om utslippskontroll Faktaark om oljeutskillere Brosjyrer om avvik, 2 stk Informasjon om Regelhjelp.no .