Fusa Kommune Postboks 24 5649 Eikelandsosen
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Sakshandsamar, innvalstelefon Vår dato Vår referanse Jostein Klette, 55 57 25 82 2008/12662 421.4 Dykkar dato Dykkar referanse Fusa kommune Postboks 24 5649 Eikelandsosen Motsegn - Vesentlig reguleringsendring Strandvik industriområde gnr. 89, bnr. 4 m. fl. i Fusa kommune. ----------------------------------------------------------------------------------------------------------------- Fylkesmannen fremjar motsegn til vesentlig reguleringsendring for Strandvik industriområde for gnr. 89, bnr. 4 og 34 i Fusa kommune, med bakgrunn i følgjande: · Næringsnaustet er i strid med nasjonal arealpolitikk og strandsonevernet. · Omfang av vegar og parkeringsplass, og størrelse og antal naust må avgrensast i planframlegget, i henhald til nasjonale og regionale arealpoltiske retninglinjer. · Småbåthamn, oppdrag, kaiar og utfylling i sjø er i strid med overordna plan og strandsonevernet. · Føresegnene er mangelfulle og må mellom anna setje krav til kva inngrep i terrenget og i sjø som kan tillatast. ----------------------------------------------------------------------------------------------------------------- Vi viser til dykkar brev datert 30. juli 2009 i samband med offentleg høyring av vesentlig reguleringsendring for gnr. 89, bnr. 2, 34 m. fl. for Strandvik industriområde, Fusa kommune. Fylkesmannen si rolle i planprosessar etter plan- og bygningslova er å formidle nasjonal areal- og miljøpolitikk, og sjå til at denne politikken vert ivareteken i planarbeidet. Nasjonal areal- og miljøpolitikk går i hovudsak fram av St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand 1. I tillegg er det i Fylkesplan for Hordaland 2005- 2008 fastsett eigne retningslinjer for forvaltninga av strandsonen. Planframlegget legg til rette for ei utbygging av 13 naust i tillegg til eit større naust med to mindre tilbygg, som i planframlegget ligg som næringsnaust. Det er lagt opp til veg og parkeringsplass i tilknyting til nausta. Det er òg lagt opp til ei båthamn og mindre kaiar. Området ligg som naustområde i kommuneplanen for Fusa og i gjeldande reguleringsplan for området (vedtak av 26.09.01). Fylkesmannen gav uttale til oppstartsmelding 15.01.09, der det vart peika på naustføremålet for næringsnaust måtte endrast til arealbrukskategorien næring. Vi konstaterar at uttalen ikkje er tatt til følgje. 1) St. melding nr. 26 (2006-2007): http://www.regjeringen.no/nb/dep/md/dok/regpubl/stmeld/2006- 2007/Stmeld-nr-26-2006-2007-.html?id=465279 Statens hus Miljøvernavdelinga E-post: Kaigaten 9, 5020 Bergen Postboks 7310, 5020 Bergen [email protected] Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: Internett: Telefaks: 55 57 20 09 Org.nr: 974760665 www.fylkesmannen.no/hordaland Næringsnaust Det er strenge nasjonale føringar for å bygge i strandsona, og tidlegare og nåverande regjering har skjerpa inn arealpolitikken på dette området. Utbygging i strandsona skal som hovudregel vera i samsvar med overordna plan og ta omsyn til landskap, natur og friluftsliv. Det er ynskje om å bygge eit næringsnaust på 105 m2. Dette skal nyttast i tilknyting til utleigebustadar og potensielle gardsaktivitetar. Det er ikkje i planframlegget eller i føresegnene skildra kva næringsnaustet skal nyttast til og korleis dette er knytt opp mot næringsaktivitet. Omsøkte tiltak fell ikkje inn under Landbruk +. Fylkesmannen syner til rettleiar T-1443 ”Plan- og bygningloven og Landbruk Pluss”, der det er stadfesta at ein bygning inngår i landbruksomgrepet dersom denne er naudsynt i forbindelse med utøving av landbruksnæringa. Fylkesmannen kan ikkje sjå at omsøkte næringsnaust fell inn i denne kategorien. Fylkesmannen fremjar motsegn mot oppføring av næringsnaust. Naust Det er planlagd 13 naust i planområdet. Ved lokalisering av fleire naust i nye naustområder bør desse plasserast i klynger på to til tre naust, med god tilkomst for ålmenta mellom naustgruppene. I utbyggingsområde må det setjast byggegrense mot sjø. Reguleringsplanen må sikre ålmenta tilgjenge til strandsona, leggje til rette for allmenn ferdsel langs stranda og hindre at strandområde eigna til rekreasjon vert bygd ut. Utbygging må planleggjast slik at minst mogleg av strandarealet vert privatisert Det er lagt opp til veg og parkeringsplass til kvart av nausta. Byggeområder nær sjø bør planleggjast med omsyn til natur og landskap. Aust for planområdet er det eit friluftsområde. Planforslaget bør ta omsyn til dette og avgrensa vegar og parkeringsplassar i austre del av planområdet, slik at ein opprettheld ein naturleg overgang til friluftsområdet her. På denne bakgrunn bør naust aust i området takast ut av planforslaget. Tilkomstveg og parkeringsplass bør leggjast lengre vekk frå strandsona eller leggjast til områder der det allereie er gjort inngrep, til dømes vest i planområdet. Dette vil vera i tråd med dei strenge føringane for bygging i 100-metersbeltet. Føresegnene må òg setje krav til kva inngrep i terreng som kan tillatast. Planlagde naust kan vera opp til 40 m2 store. Føremålet med nausta er fritidsbruk for båt og sjøaktivitet. Strandsona har særskilde kvalitetar, og størrelsen og utforming på nausta er i denne samanheng viktig i høve til strandsonelandskapet. Det kan vera grunn til å redusera størrelsen av nausta på den bakgrunn. Naust på 40 m2 vert vurdert til å vera større enn det behovet lagerplass for båt og utstyr genererer. Miljøverndepartementet har ved fleire høve vist til at naust med ein storleik på over 30 m2 ikkje er i tråd med dei strenge føringane for bygging i strandsonen, så lenge dette ikkje er grunngjeven ut frå konkrete behov. Omfang av vegar og parkeringsplass, og størrelse og antal naust må avgrensast i planframlegget. På denne bakgrunn fremjar fylkesmannen motsegn mot desse punkta i planforslaget. 2 Småbåthamn og kai Det er lagt opp til ei småbåthamn, oppdrag og kai i planframlegget. I føresegnene er det òg nemnd fylling i sjø, men det går ikkje fram av planforslaget kvar fyllinga er planlagd. Føresegnene er mangelfulle og tek ikkje for seg verken småbåthamn, oppdrag eller kaiar i området. Føresegnene tek heller ikkje føre seg kva inngrep som er tillate i sjø. Desse planføremåla er i tillegg i strid med overordna plan og vedteken reguleringsplan for området. Føremåla er òg i strid med nasjonale interesser og ein streng utbyggingspraksis i strandsonen. På denne bakgrunn fremjar fylkesmannen motsegn mot småbåthamn, kaiar, oppdrag og utfylling i sjø. Med helsing Svein Alsaker Egil Hauge fylkesmann seksjonsleiar 3.