ULSTEIN KOMMUNE Vår Referanse: 19/10130 19/13264 Saksbehandlar: Arild Støylen Dato: 16.08.2019

Total Page:16

File Type:pdf, Size:1020Kb

ULSTEIN KOMMUNE Vår Referanse: 19/10130 19/13264 Saksbehandlar: Arild Støylen Dato: 16.08.2019 ULSTEIN KOMMUNE Vår referanse: 19/10130 19/13264 Saksbehandlar: Arild Støylen Dato: 16.08.2019 Saksframlegg Saksnr. Utval Møtedato Ungdomsrådet Fellesrådet Levekårsutvalet Teknisk utval Formannskapet Kommunestyret Høyringssvar - nasjonal ramme for vindkraft Samandrag: På oppdrag av Olje- og energidepartementet (OED) har Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) utarbeida eit forslag til ei nasjonal ramme for vindkraft på land i Noreg. Forslaget inneheld eit oppdatert kunnskapsgrunnlag og kart over det som NVE meiner er dei mest eigna områda for lokalisering av vindkraft. Forslaget er lagt ut med høyringfrist til 1. oktober 2019. Sunnmøre og Nordfjord er eitt av 13 område NVE foreslår som eigna for vindkraft, og deler av Ulstein kommune er inkludert. Det er difor naturleg at kommunen gjev eit høyringssvar. Rådmannen rår til å seie nei til vindkraftutbygging i Ulstein og til den foreslåtta ramma for vindkraft på land i Noreg grunna alle dei store og negative konsekvensane slik utbygging vil gje. Rådmannen si tilråding: Ulstein kommunestyre syner til forslag frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og vil gje følgjande høyringssvar: 1. Ulstein kommunestyre seier nei til vindkraftutbygging i Ulstein og krev at området for utbygging vert teke ut av planen. Kommunestyret er innstilt på å påklage eventuelle konsesjonssøknadar for landbasert vindkraft i vår kommune. Ulstein kommunestyre ser at kystnære område som Sunnmøre har gode produksjonsforhold for vindkraft, men er sterkt ueinig med NVE sin konklusjon om at området samla sett er godt eigna. Vindkraftanlegg med store veganlegg og vindturbinar vil endre fjellområda for alltid, beslaglegge viktige og svært viktige frilufts- og naturområde, føre til enorme og irreversible inngrep i naturen med visuell forsøpling og legge opp til sterke interessekonflikter. 2. Ulstein kommunestyre rår vidare ifrå den foreslåtte ramma for vindkraft på land basert på følgjande grunnlag: a) Generelt vil landbasert vindkraft og norsk utmark i dei aller fleste høve vere særs lite foreneleg grunna utfordrande topologi. Ulstein kommune er samd i at fossilfri elektrisk produksjon er framtida, men frå kommunestryet sin ståstad vil offshore vindkraftanlegg kunne vere langt betre eigna om det skal satsast ytterlegare på vindkraft i Noreg. Teknologien for offshore vindkraft vil vere lett overførbar frå offshore oljeutvinning og har mykje større energipotensiale enn landbaserte vindparkar. b) NVE sitt forslag har ikkje teke stilling til omfanget av framtidig vindkraft, korkje nasjonalt eller i kvart av dei utpeika områda. c) Den nasjonale ramma har ein stor svakheit då den manglar ei klar kopling mot framtidige produksjonsmål for vindkraft, sett opp imot framtidig energibehov og potensiale for annan energiproduksjon- og sparing/effektivisering. Til dømes så ligg her eit stort energipotensiale i å oppgradere og utvide eksisterande utbygde vasskraftanlegg. Dette bør ha førsteprioritet framfor nybygging. d) Det er høgst usikkert om oppføring av vindparkar vil ha effekt på klimaet, slik kvotesystemet for elektrisk kraft i dag er lagt opp. e) Utbygging og subsidiering av norsk vindkraft vil kunne gje store samfunnsøkonomiske tap. Vedlegg: Høyringsbrev - Nasjonal ramme for vindkraft Samandrag - Nasjonal ramme for vindkraft Oppdragsbrev frå OED til NVE - Nasjonal ramme for vindkraft Lenke til innbyggjarinitiativet «Nei til vindkraftverk i Ulstein» Saksopplysningar: Generelt Vindkraft er lite utbygd i Norge. I vårt nærområde er utbygginga på Stadt den som ligg nærast, men i 2007 var det søkt om konsesjon om utbygging av Haugshornet vindkraftpark i Sande kommune. Ulstein kommunestyre uttalte 15.06.2006 følgjande til NVE (konklusjonen): 1) Ulstein kommune ser på ei utbygging av Haugshornet Vindpark som ei ytterlegare fragmentering av eit inngrepsfritt friluftsområde. Noko som svekkar kvaliteten for rekreasjon og friluftsaktivitetar i vår bu og arbeidsmarknadsregion. 2) Utbygging svekkar Natur – Naturopplevingar som salsargument for reiselivet og ny tilflytting med kompetanse etterspurt av næringslivet i regionen. 3) Utbygging av Haugshornet Vindpark føyer seg inn i rekka over ei manglande heilskapeleg vurdering av ønskjelege område for vindkraft produksjon. Ulstein kommune vil sterkt etterlyse arbeidet med å få fram ein samla plan for dette. Utbyggar fekk som kjend ikkje konsesjon med NVE til den planlagde utbygginga grunna mellom anna omsynet til natur og friluftsliv. I saka som no ligg føre, skal kommunane ikkje uttale seg om ei konkret utbygging, men om styringsverktøyet knytt til område («analyseområde 20») som kan eigne seg for utbygging av vindkraft. I tillegg ynskjer OED innspel om det bør fastsettast ein nasjonal ramme for vindkraft i Noreg. Bakgrunnen På oppdrag av Olje- og energidepartementet (OED) har Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) utarbeida eit forslag til ei nasjonal ramme for vindkraft på land. Forslaget består av to delar; eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om verknadar av vindkraft og eit kart over dei mest eigna områda for vindkraft på land. Arbeidet med ein slik nasjonal ramme for vindkraft er ei oppfølging av omtalen i energimeldinga (Meld. St. (2015-2016)) som Stortinget slutta seg til våren 2016 (Inst. 401 S (2015-2016)). Her heiter det mellom anna at: «regjering vil legge til rette for en langsiktig utvikling av lønnsom vindkraft i Norge» «Olje- og energidepartementet vil utarbeide en nasjonal ramme for konsesjonsbehandling av vindkraft på land». Den endelege ramma for vindkraft i Noreg skal fastsettast av landets politiske mynde. Forslaget frå NVE NVE sitt forslag er retta inn mot framtidige utbyggingar av vindkraft. Det e r allereie gjeve konsesjon til om lag 23 TWh vindkraft i Noreg. NVE har avslått om lag 60% av alle innsendte vindkraftplanar. Forslaget skal vere eit resultat av omfattande analyser som er utført på eit overordna nivå. NVE hevdar at som følgje av metodane som er nytta vil det kunne vere mange stadar innanfor dei utpeika områda som er lite eigna for vindkraft, men at det samstundes også kan finnast stadar utanfor områda som vil vere eigna. Enkeltprosjekt skal difor vurderast konkret i ei konsesjonshandsaming før det kan avgjerast om ein stad er eigna for vindkraft. Basert på dette vil kartet som er utarbeidd kunne nyttast som eit styringsverkty for kva område som vil verte prioritert framover. Det vil likevel vere mogleg å søke om konsesjon også utanfor dei utvalde områda, men i slike tilfelle vil det verte vanskelegare å få konsesjon. NVE har peika ut 13 område som direktoratet meiner er dei mest eigna for vindkraft på land i Noreg. Innanfor desse områda vil det likevel vere areal som ikkje eignar seg for vindkraft på grunn av konflikt med viktige interesser, eller som følgje av mindre gode vindressursar. NVE skal ha lagt vekt på å unngå konflikter med viktige naturområde, og tatt omsyn til aktuelle tema som t.d. friluftsliv, støy, fugle- og dyreliv, kulturminne og reindrift. Her er lenker direkte til NVE sine mest relevante nettsider og dokument i saka: høyringsbrev (er også vedlagt) samandrag av rapporten (er også vedlagt) rapporten «Forslag til nasjonal ramme for vindkraft» kart over dei 13 områda (Tips: ved å slå på kartlag vil ein sjå eksluderte areal) oppdatert kunnskapsgrunnlag, 21 temarapportar og 6 konsulentrapportar Innanfor området er det areal som er ekskludert på grunn av ulike omsyn, jf. side 154 i rapporten: «En del av arealet innenfor det utpekte området er ekskludert, og skal derfor ikke regnes som en del av området (Figur 70). De harde eksklusjonene skyldes hovedsakelig dårlige vindforhold i noen dal-/fjordstrøk, verneområder på Hareidlandet og innflygingssonen til Ørsta/Volda lufthavn. De myke eksklusjonene omfatter blant annet • et helhetlig kulturlandskap i Hareid • svært kuperte og skredutsatte områder • nedslagsfelt for drikkevann • områdene rundt åtte sendere i det digitale bakkenettet for TV-signaler • områder med mer enn tre støyfølsomme bygg per kvadratkilometer» Kart som viser dei ekskluderte områda i fargar, jf. side 155 i rapporten NVE har vidare i rapporten peika på følgjande som er viktig å vurdere, dersom det kjem søknadar om utbygging av vindkraft i dei områda som ikkje er ekskludert, side 156 i rapporten: «Til tross for at det er pekt ut som et av de mest egnede områdene, er det mange viktige miljø- og samfunnsinteresser i området. Egnetheten må vurderes konkret i en konsesjonsbehandling før det kan bygges vindkraftverk. Under presenteres noen av interessene som kan være viktige ved planlegging og behandling av vindkraftprosjekter. Oversikten er hentet fra analyseskjemaene for analyseområde 20, og er ikke uttømmende» NATURMILJØ Hele området har svært gode bestander av havørn. Det er også gode bestander av vandrefalk i fjordområdene og av kongeørn i fjellområdene. Hubro har blitt kartlagt grundig både i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal de siste årene. Arten har gått sterkt tilbake i begge fylker, men hekker for tiden på Gurskøya og i indre deler av Selje. Det utpekte området vurderes som gjennomgående attraktivt for flaggermus og dermed med stort potensial for funn, basert på høydemodell og terreng. Dette gjelder særlig øyer og odder ut mot havet. De ytre delene av det utpekte området har store områder med kystlynghei og terrengdekkende myr (kystnedbørsmyr). Grenseområdet mellom Sunnmøre og Nordfjord er kjent for ultramafiske bergarter med olivin og særpreget olivinskog. LANDSKAP, FRILUFTSLIV OG REISELIV Området fra Bremangerlandet og nordover til Runde, Hareid og Sula er eksempel på landskapselementet næringskyst,
Recommended publications
  • (Microsoft Powerpoint
    Sæterdrift på Hareidlandet Sæterdrift på Hareidlandet Sæterdrift på Hareidlandet Sæterdrift på Hareidlandet Sæterdrift på Hareidlandet Sæterdrift på Hareidlandet Sæterdrift på Hareidlandet Sæterdrift på Hareidlandet generelt og om Risesætra spesielt. Sæterdrift slik ein kjenner det med kinning og ysting mv. på sætra, har det truleg ikkje vore på Hareidlandet. Sæterdrift på Hareidlandet Fra gammalt av har det vore slik at skulle ein få nok fôr til å kome seg gjennom vinteren med heile buskapen, måtte ein skaffe høy der ein kunne. Utløer eller sommarfjøsar i utmarka / på fjellet var vanleg. Der hesja ein og lagra høyet til ein kunne få det til gards på vinterføre. Då hadde ein også rom til det heime på låven. Sauer og geiter vart sett i utmarka på beite så tidleg på våren som råd var og seinare sendt til fjells. Etter kvart kom også kyrne ut. Fjellbeite var vanleg også for desse. Då måtte ein til fjells for å mjølke to gongar for dag. Sæterdrift på Hareidlandet Sæterdrift på Hareidlandet Litt frå bygdebøkene: Ulstein kommune Flø - sommarfjøsar ved Brørevatnet Ulstein – Dei fleste bruka hadde sommarfjøs på fjellet. På nordsida av Lisjevatnet vart det kring 1920 sett opp ei barakke, som dei kjøpte frå E. verket. (Brunesætra) På Ulstein måtte dei gjete buskapet når den var i fjellet, då dei lett kunne gå seg utfor fjellet. Det var vanleg med to gjetarar. 10 bruk slo seg i lag og veksla om dette. Osnes hadde buskapen i Årdalen, mellom Skeidshornet og Breifjellet. Sæterdrift på Hareidlandet Gardane rundt Ulsteinvik har truleg hatt sommarbeite fremst i Holsekerdalen Saunes – Nord- aust for Notten og Nattasætra Strandabøen – Nattasætra (nedlagt bruk) Botnen og Garshol hadde sel på Fjelle i Honnhola, der dei hadde kjøpt eit bruk.
    [Show full text]
  • Hareidlandet Ei Øykommune Utanom Det Vanlege
    HAREIDLANDET EI ØYKOMMUNE UTANOM DET VANLEGE INTENSJONSAVTALE MELLOM ULSTEIN OG HAREID 7. JULI 2016 INTENSJONSAVTALE OM NY KOMMUNE MELLOM ULSTEIN OG HAREID INNHALD Innhald .................................................................................................................................................................... 1 Kap.1 - Innleiing ...................................................................................................................................................... 2 Kap.2 - Visjon og mål .............................................................................................................................................. 2 Kap.3 - Samfunnsutvikling ...................................................................................................................................... 3 Kap. 4 - Gode og likeverdige tenester ..................................................................................................................... 4 Kap.5 - Fordeling av oppgåver ................................................................................................................................ 5 Kap.6 - Eit levande lokaldemokrati ......................................................................................................................... 6 Kap.7 - Kommunesenter ......................................................................................................................................... 6 Kap.8 - Kommunenavn og kommunevåpen...........................................................................................................
    [Show full text]
  • Kartlegging Av Naturtyper I Ulstein Kommune I 2008
    AREAL- OG MILJØVERNAVDELINGA Kartlegging av naturtyper i Ulstein kommune i 2008 Rapport 2009:03 Utførende konsulent: Kontaktperson/prosjektansvarlig: ISBN 978-82-7430-196-6 (nett) Dag Holtan Dag Holtan ISBN 978-82-7430-168-9 (papir E-post: [email protected] utgave) ISSN 0801-9363 Oppdragsgiver: Kontaktperson hos oppdragsgiver: År: Møre og Romsdal fylke Kjell Lyse 2009 Referanse: Holtan, D. 2009: Kartlegging av naturtyper i Ulstein kommune i 2008. Møre og Romsdal fylke, areal- og miljøvernavdelinga. Rapport 2009: 3. 137 sider med kart. Referat: Det er gjennomført kartlegging av naturtyper i Ulstein kommune på Sunnmørskysten. Av i alt 48 avgrensede naturtypelokaliteter er 4 vurdert som svært viktige for det biologiske mangfoldet (A), 22 som viktige (B) og 22 som lokalt viktige (C). Disse er fordelte på 15 ulike naturtyper. De største naturverdiene er knyttet til hovednaturtypene havstrand, kystlynghei, fuktige nordberg og skog. Av rødlistearter ble det i 2008 funnet enkelte sopper. For øyeblikket er det kjent 11 rødlistede karplanter, 11 sopper og 4 lavarter i kommunen. I tillegg kommer en del viltarter som ikke er med i denne rapporten. Emneord: Ulstein Naturtyper Rødlistearter Verdisetting Fagansvarlig: For administrasjonen: ___________________________________ ___________________________________ Ulf Lucasen (seksjonssjef) Jon Ivar Eikeland (direktør areal- og miljøvernavdelinga) Forsidebilde Østersjørør vokser på Osnessanden, og er listet som sterkt truet (EN) i rødlista. Dette er eneste kjente lokalitet nord for Rogaland, og forekomsten er akutt truet av ferdsel. Foto: Dag Holtan ©. 2 Forord Dag Holtan har utført kartlegging av naturtyper i Ulstein kommune i Møre og Romsdal. Oppdraget omfatter kartlegging og avgrensning av naturtyper med artsinformasjon (unntatt vilt), ved både egne feltundersøkelser og innsamling og systematisering av eksisterende informasjon.
    [Show full text]
  • Dear Editor/Reviewer Thank You for the Decision and the Final Comments To
    Dear editor/reviewer Thank you for the decision and the final comments to correct. We have revised the manuscript according to the comments and changed a few minor errors. The associated change to the manuscript is described below each point and a marked-up version of the document follows. 1) change “done” to “made” in Line#12. This is corrected. 2) avoid the terms "climate" or "climatological". (The length of your records is well below the classical "threshold" (30 years) defined by the World Meteorological Organization. It is better to use "18-year reference period" than "18-year climatological period".) This has been changed everywhere in the manuscript. 3) clarify the choice to present a (simple) time series instead of vertical wind profiles. (I don't understand why the authors did not produce a figure showing an example of wind profiles, which, in my opinion, can potentially represent the real "added-value" of the presented dataset.) We have decided to include an example of vertical wind profiles in a new figure and added text in line 296-302 and 324-327 to explain. 1 Meteorological observations in tall masts for mapping of atmospheric flow in Norwegian fjords 2 Birgitte R. Furevik1, Hálfdán Ágústsson2, Anette Lauen Borg1, Midjiyawa Zakari1,3, Finn Nyhammer2 and Magne Gausen4 3 1Norwegian Meteorological Institute, Allégaten 70, 5007 Bergen, Norway 4 2Kjeller Vindteknikk, Norconsult AS, Tærudgata 16, 2004 Lillestrøm, Norway 5 3Norwegian University of Science and Technology, Trondheim, Norway 6 4Statens vegvesen, Region Midt, Norway 7 Correspondence to: Birgitte R. Furevik ([email protected]) 8 Abstract.
    [Show full text]
  • Tre Viktige Hendingar På Hareidlandet I 2007
    Tre viktige hendingar på Hareidlandet i 2007 På dei neste 6 sidene presenterer eg 3 viktige hendingar for Hareid og Ulstein i 2007. Dei er, i alfabetisk rekkefølgje: 1. Eiksundsambandet 2. Golfbane i Hareidsdalen 3. Trekantbytet i Ulstein - Folkehøgskulen til Varleite - Nytt hotell på Sanden - Kulturhus i Ulstein Eika Som ein del av Eiksundsambandet har øya Eika blitt knytt saman med Hareidlandet. Øya vil utan tvil få ein renessanse i åra som kjem. Her tek eg med litt av øya si historie. Sjå elles det eg skriv lenger bak om nokre utflytta under Ørsta (Eika). Då eg laga sida Ørsta (frå Eika) side 490 hadde eg avtalt møte med Sonja og Oddvar der dei vaks opp. Palmelaurdag køyrer eg meir eller mindre lovleg over den nye Eiksundbrua for første gong. Sonja fortalde meg at det kunne dei gjere no. Parkerer bilen og tek føtene fatt over til sørsida av øya. Då eg laga PB2000, var eg også på Eika og skreiv om Torfinn Vingen, den einaste fastbuande på øya då. Norvald Myrene skyssa meg over. På vegen går eg forbi den idylliske skulestova, kanskje den minste eg har sett. Frå Herøysoga finn vi, sitat: Bygget kom frå Sykkylven. Lærar Ole J. Eiken, Hans Paulson Sunde og Ole K. Eiken sette i gong bygging av forsamlingshus på Eika. Dei kjøpte ei jordstove frå Sykkylven og førde ho hit på seksringen til Hans, la til i Klungsvågen, og kar og kvinne hjelptest åt med å bere materialen på plass. Den 21.12.1914 vart huset innvigd av sokneprest Ristesund. Det fekk namnet ”Ekøens forsamlingshus”.
    [Show full text]
  • 1. Sunnmørsfylket I Farne Tider
    1. Sunnmørsfylket i farne tider 09.09.2019 1 Sunnmørsfylket i farne tider Ein innledning til kapittelet om gamle ætter i min ættesoge. Eg har delt inn kapittelet om «Gamle ætter» i 2 bolker; Del 1. Sunnmørsfylket i farne tider Del 2. Herrene ( og kvinnene ) til Giske 1264 – 1582 I dette kapittel presenter jeg 1. Sunnmørsfylket i farne tider. Dette vil forklare mye om det som kommer fram i mine ættesoge, om skikker og hvordan samfunnet var dengang og utviklinga framover i århundrene. «Hvis du vil øke ditt samfunds tarv, gi fedres minner din sønn i arv». Eg kommer av to foreldre som ætter fra alle dei store ættene dithen at eg finner mine blodslinjer frå alle dei store ættene som gjør at min ættesoge fevner så breidt. Derved vil mors og fars ætt tangere kvarandre dithen at eg finner fars ætt i mors ætt, og vica versa. Eg har her samlet gamle nedtegninger fra kilder som eg har nedtegnet i ein kronologisk rekkefølge slik at man kan følge historiane om mine Stamfedre – og Stammødre fra farne tider og fram til i dag. Det er av disse min ættesoge er skrevet fra og om. Når det gjelder min Stamtavle og nedtegninger om mine ætter, sjå under avsnitt Stamtavle. 2 INNHOLDSFORTEGNELSE: Innholdsfortegnelsen nevner dei enkelte kapittel eg har gjengitt, og som er samla i ein kronologisk rekkefølge, slik at du ved å følge innholdet frametter. Jeg har valgt ikke å bruke sidetall, kun i kapittel, slik at jeg ved revisjoner slipper å bruke tid på sidetall. Innholdet er delt inn i disse avsnitt: Steinalderen Bronsealderen Jernalderen Utvandring Busetjing, samfunn, rettskipnad og gudsdyrking Vikingtida Harald Hårfagre vert konge Ragnvald Mørejarl Utvandring til Island Mørejarlane og jarletida Landforsvaret Vitar eller vardar på Sunnmøre frå den fyrste tida Slag i Haram Tidenskofte.
    [Show full text]
  • Fjellnamn På Sunnmøre Tolking Og Komparasjon
    Fjellnamn på Sunnmøre Tolking og komparasjon Stig J. Helset Hovudfagsoppgåve i nordisk, særleg norsk, språkvitskap Institutt for lingvistiske og nordiske stadium UNIVERSITETET I OSLO Hausten 2005 Samandrag Med denne oppgåva har eg hatt to hovudmålsetjingar: Å tolke fjellnamn på Sunnmøre og å undersøkje om det er korrelasjon mellom topografi og grunnord i fjellnamn i området. For å handsame fjellnamn frå eit så stort geografisk område, valde eg å bruke ein kvantitativ registreringsmetode, der eg i første omgang berre sette opp ei alfabetisk liste over alle fjellnamna som er kartfesta på dei 10 kartblada i N50-serien som dekkjer Sunnmøre, utan å innhente andre opplysningar enn normerte namneformer, namnetypar og stadstilvisingar. Det gav i alt 766 fjellnamn til nærmare gransking. Men i staden for å tolke kvart einskilt namn fortløpande etter alfabetet, delte eg namna inn i ulike kategoriar. I kapittel 3 har eg samla alle usamansette namn og alle hovudledd i samansette namn som består av eit terreng- karakteriserande grunnord. Det er til saman 39 slike fjellnamngrunnord i mitt materiale, og eg har føreteke ordsemantiske analysar av kvart av dei og samanhalde desse med namne- semantiske analysar av dei fjellnamna som grunnorda er ein del av. I kapittel 4 har eg samla alle usamansette namn og alle hovudledd i samansette namn som ikkje består av grunnord. Dei aller fleste av desse namna er samanlikningsnamn. I mitt materiale har eg funne i alt 69 ulike samanlikningsord som anten står åleine i usamansette namn eller som hovudledd samansette namn. Som ved grunnorda, har eg her føreteke ordsemantiske analysar av dei einskilde samanlikningsorda og samanhalde desse med namnesemantiske analysar av dei fjellnamna som samanlikningsorda er ein del av.
    [Show full text]
  • Biologisk Mangfold I Ferskvann I Møre Og Romsdal
    Biologisk mangfold i ferskvann i Møre og Romsdal En kunnskapsstatus John Bjarne Jordal og Kristin Bang Gjul Areal- og miljøvernavdelinga Rapport 2 – 2004 Biologisk mangfold i ferskvann i Møre og Romsdal En kunnskapsstatus. av John Bjarne Jordal og Kristin Bang Gjul Areal- og miljøvernavdelinga Rapport 2 - 2004 Forside øverst: Næringsfattig lavlandsinnsjø omgitt av furuskog og fattige myrer. Fra Vestnes. Foto: J. B. Jordal. Venstre: Rennende vann har vi mye av i fylket, men ikke alltid så rolig som her. Fra Haram. Foto: J. B. Jordal. Høyre: Bildet viser elvemusling i en elv med en del grønske. Muslingenes største problemer er forurensning som gir begroing, videre kanalisering, virksomhet som gir unormal massetransport og nedslamming, og regulering som gir endret vannføring i vassdragene. Elvemusling står både på den norske rødlista og på Bernkonvensjonens lister, og vil kreve aktive forvaltningstiltak i framtida. Foto: J. B. Jordal. 2 FORORD Møre og Romsdal fylke legger med dette fram rapporten om biologisk mangfold i ferskvann i Møre og Romsdal. Rapporten inneholder en sammenstilling av eksisterende data pr. mai 2004. Arbeidet er utført av Ressurssenteret i Tingvoll ved John Bjarne Jordal og Kristin Bang Gjul. Førstnevnte har vært prosjektleder. Deler av datamengden er lagt inn i en database for evt. videre innlegging i den sentrale Vanninfo-basen. Sentralt i databasen er at mest mulig av informasjonen skal knyttes til det enkelte vannobjekt (tjern, innsjø, dam, elve- og bekkestrekning synlig på kart i målestokk 1:50 000). Når dette ikke har vært mulig, er opplysningene i størst mulig grad forsynt med kartkoordinater (x og y i EUREF89). Databasen skal brukes i framtidig forvaltning av ferskvannsobjekter i fylket.
    [Show full text]
  • Science C Author(S) 2020
    Discussions https://doi.org/10.5194/essd-2020-32 Earth System Preprint. Discussion started: 30 April 2020 Science c Author(s) 2020. CC BY 4.0 License. Open Access Open Data 1 Meteorological observations in tall masts for mapping of atmospheric flow in Norwegian fjords 2 Birgitte R. Furevik1, Hálfdán Ágústsson2, Anette Lauen Borg1, Midjiyawa Zakari1,3, Finn Nyhammer2 and Magne Gausen4 3 1Norwegian Meteorological Institute, Allégaten 70, 5007 Bergen, Norway 4 2Kjeller Vindteknikk, Norconsult AS, Tærudgata 16, 2004 Lillestrøm, Norway 5 3Norwegian University of Science and Technology, Trondheim, Norway 6 4Statens vegvesen, Region Midt, Norway 7 Correspondence to: Birgitte R. Furevik ([email protected]) 8 Abstract. Since 2014, 11 tall meteorological masts have been erected in coastal areas of mid-Norway in order to provide 9 observational data for a detailed description of the wind climate at several potential fjord crossing sites. The planned fjord 10 crossings are part of the Norwegian Public Roads Administration (NPRA) Coastal Highway E39-project. The meteorological 11 masts are 50 - 100 m high and located in complex terrain near the shoreline in Halsafjorden, Julsundet and Storfjorden in the 12 Møre og Romsdal county of Norway. Observations of the three-dimensional wind vector are done at 2-4 levels in each mast, 13 with a temporal frequency of 10 Hz. The dataset is corroborated with observed profiles of temperature at two masts, as well 14 as precipitation, atmospheric pressure, relative humidity and dew point at one site. The first masts were erected in 2014 and 15 the measurement campaign will continue to at least 2024.
    [Show full text]
  • HAREID ROTARY KLUBB Distrikt 2305
    Distrikt 2305 HAREID ROTARY KLUBB Klubbnr. 12713 Månedsbrev for mai 2014. Årgang 49 Møtedag: Mandag kl. 18.00 - 19.00 Møtestad: Klubbhuset til Hareid 17. MAI ER JEG SÅ GLAD I IL, 6060 Hareid. President: Karin S Holstad Visepres: Øystein Alme Syttende mai er jeg så glad i, Sekretær: Arne G. Aschehoug Kasserar: Johs. J. Hareide moro jeg har fra morgen til kveld! Past pres: Jarle Kristiansen Styremedlem: Bernhard Harkjerr Da er det så du, om vi er små du, Styremedlem: Eileen H. Brandal er vi med likevel. Ansv.red.: Oddvar Haugen Referent: Vigdis Riise Jeg roper hurra dagen så lang, synger for Norge mangen en sang. Og jeg, jeg kan du elske mitt land du, Fødselsdager i mai: det skal du se en gang. Hallkjell Dahle 6. mai Hanne Rognan 19. mai Johan Ole Brandal 23. mai Hans Otto Riise 27. mai Sverre Jarl Ulstein 30. mai Rotarymøte 5. mai Opning av møtet ved president Karin og song som vanleg sjølv om vi denne kvelden var svært få medlemmer som møtte (12-13?). Bernhard Harkjerr som f.t er leiar i Trimgruppa i Hareid IL heldt ein informativ og kjekk informasjon om arbeidet som denne gruppa gjer. Trimgruppa kom i gang i 1978 og Reidulf Frøysa var første leiaren. Gruppa er svært aktiv og har starte opp med : Fjelltrimmen eller Fjellorienteringa som no er inne i sitt 25. år. I år er det selt over 400 kart som vert nytta av trim- marar i alle aldrar som finn merka løyper og ”postar” rundt på Hareidlandet og Dimnøya. Vidare arrangere dei gudsteneste på Alskleiva, Den store styrkeprøva, Idrettsmerketaking m.m.
    [Show full text]
  • Konseptvalutgreiing E39 Skei - Ålesund
    Konseptvalutgreiing E39 Skei - Ålesund Valsøya Bergsøya Ålesund Skei Region vest Region midt Oktober 2011 Konseptvalutgreiing E39 Skei – Ålesund Forord Konseptvalutgreiinga (KVU) for E39 Skei-Ålesund omfattar strategiar for utvikling av denne vegstrekninga fram mot 2040. Rapporten er utarbeidd av Statens vegvesen, Region vest (RV) og Region midt (RM) etter oppdrag frå Samferdselsdepartementet. Utgreiinga skal danna grunnlag for Regjeringa sin konklusjon om val av konsept og vidare planlegging. KVU skal kvalitetssikrast i regi av Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet av eksterne konsulentar (KS1). KVU skal byggjast opp i samsvar med krav frå Finansdepartementet (Rammeavtalen) i fire hovuddelar: 1. Behovsanalyse 2. Mål og strategidokument 3. Overordna kravdokument 4. Mulighetsstudie 5. Alternativsanalyse 6. Føringar for forprosjektfasen Kapittelinndelinga i denne konseptvalutgreiinga bygger opp om dei fire hovuddelane slik: Behovsanalyse 1. Innleiing 2. Situasjon 3. Behovsvurdering – prosjektutløysande behov Mål og strategidokument 4. Mål – samfunnsmål, effektmål Overordna kravdokument 5. Overordna krav Mulegheitsstudie 6. Mulegheitsstudie 7. Konsept Alternativsanalyse 8. Oppfylling av mål og krav 9. Samfunnsøkonomisk analyse 10. Andre verknader 11. Drøfting og tilråding Føringar for forprosjektfasen 12. Oppfølgjande planlegging Prosjektgruppa har hatt denne samansetjinga: Region vest: Kjell Kvåle – prosjektleiar, Bjørn Alsaker, Dina Lefdal, Heidi Ravnestad Region midt: Jon Arne Klemetsaune, Jan Stavik, Ali Taheri, Wiggo Kanck
    [Show full text]
  • Gravity Investigation of the Hareidlandet Eclogite, Western Norway
    GRAVITY INVESTIGATION OF TH E HAREIDLANDET ECL OGITE, WESTERN NORWAY* GISLE GRØNLIE, BJØRN O. MYSEN & ODDVAR M. BECH GrØnlie, G., Mysen, B. O. & Bech, O. M.: Gravity investigation of the Hareidlandet eclogite, western Norway. Norsk Geologisk Tidsskrift, Vol. 52, pp. 305-311. Oslo 1972. Six structural sections across the Hareidlandet eclogite around Ulsteinvik, Hareidlandet, western Norway are derived from gravity data. The residual gravity anomaly has a maximum of 6.9 mgals and the density contrast is 0.6 g/cm3. This study, which supports earlier geochemical studies, shows that the eclogite is not connected to the mantle. The folded nature of the eclogite lying in the synform over Ulsteinvik is confirmed, but it shows considerable widening at depth, especially northwards. The eclogite also has less dimen­ sionaf variation at depth than suggested from surface exposures. The maxi­ mum subsurface thickness of the body is generally ca. 300 metres, and the volume of the eclogite is estimated to about 5-6 km3. G. Grønlie & B. O. Mysen, Mineralogisk-geologisk museum, Sars gate l, Oslo 5, Norway. O. M. Bech, Institutt for geofysikk, Universitetet i Oslo, Blindern, Oslo 3, Norway. Geology The eclogite around Ulsteinvik on Hareidlandet, western Norway (Fig. l) is an order of magnirtude larger than commonly observed for eclogite in amphibolite facies gneiss terrain with an exposed length of about 6 km and a maximum width around 1.5 km (Mysen & Heier 1971). The dimension of the Hareidlandet eclogite, incomparable to other eclogites previously de­ scribed, has made it possible to undertake a gravimetrical investigation of the eclogite to deduce its total mass and to evidence the three dimensional extensions suggested by the geological evidence.
    [Show full text]