ULSTEIN KOMMUNE Vår referanse: 19/10130 19/13264 Saksbehandlar: Arild Støylen Dato: 16.08.2019 Saksframlegg Saksnr. Utval Møtedato Ungdomsrådet Fellesrådet Levekårsutvalet Teknisk utval Formannskapet Kommunestyret Høyringssvar - nasjonal ramme for vindkraft Samandrag: På oppdrag av Olje- og energidepartementet (OED) har Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) utarbeida eit forslag til ei nasjonal ramme for vindkraft på land i Noreg. Forslaget inneheld eit oppdatert kunnskapsgrunnlag og kart over det som NVE meiner er dei mest eigna områda for lokalisering av vindkraft. Forslaget er lagt ut med høyringfrist til 1. oktober 2019. Sunnmøre og Nordfjord er eitt av 13 område NVE foreslår som eigna for vindkraft, og deler av Ulstein kommune er inkludert. Det er difor naturleg at kommunen gjev eit høyringssvar. Rådmannen rår til å seie nei til vindkraftutbygging i Ulstein og til den foreslåtta ramma for vindkraft på land i Noreg grunna alle dei store og negative konsekvensane slik utbygging vil gje. Rådmannen si tilråding: Ulstein kommunestyre syner til forslag frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og vil gje følgjande høyringssvar: 1. Ulstein kommunestyre seier nei til vindkraftutbygging i Ulstein og krev at området for utbygging vert teke ut av planen. Kommunestyret er innstilt på å påklage eventuelle konsesjonssøknadar for landbasert vindkraft i vår kommune. Ulstein kommunestyre ser at kystnære område som Sunnmøre har gode produksjonsforhold for vindkraft, men er sterkt ueinig med NVE sin konklusjon om at området samla sett er godt eigna. Vindkraftanlegg med store veganlegg og vindturbinar vil endre fjellområda for alltid, beslaglegge viktige og svært viktige frilufts- og naturområde, føre til enorme og irreversible inngrep i naturen med visuell forsøpling og legge opp til sterke interessekonflikter. 2. Ulstein kommunestyre rår vidare ifrå den foreslåtte ramma for vindkraft på land basert på følgjande grunnlag: a) Generelt vil landbasert vindkraft og norsk utmark i dei aller fleste høve vere særs lite foreneleg grunna utfordrande topologi. Ulstein kommune er samd i at fossilfri elektrisk produksjon er framtida, men frå kommunestryet sin ståstad vil offshore vindkraftanlegg kunne vere langt betre eigna om det skal satsast ytterlegare på vindkraft i Noreg. Teknologien for offshore vindkraft vil vere lett overførbar frå offshore oljeutvinning og har mykje større energipotensiale enn landbaserte vindparkar. b) NVE sitt forslag har ikkje teke stilling til omfanget av framtidig vindkraft, korkje nasjonalt eller i kvart av dei utpeika områda. c) Den nasjonale ramma har ein stor svakheit då den manglar ei klar kopling mot framtidige produksjonsmål for vindkraft, sett opp imot framtidig energibehov og potensiale for annan energiproduksjon- og sparing/effektivisering. Til dømes så ligg her eit stort energipotensiale i å oppgradere og utvide eksisterande utbygde vasskraftanlegg. Dette bør ha førsteprioritet framfor nybygging. d) Det er høgst usikkert om oppføring av vindparkar vil ha effekt på klimaet, slik kvotesystemet for elektrisk kraft i dag er lagt opp. e) Utbygging og subsidiering av norsk vindkraft vil kunne gje store samfunnsøkonomiske tap. Vedlegg: Høyringsbrev - Nasjonal ramme for vindkraft Samandrag - Nasjonal ramme for vindkraft Oppdragsbrev frå OED til NVE - Nasjonal ramme for vindkraft Lenke til innbyggjarinitiativet «Nei til vindkraftverk i Ulstein» Saksopplysningar: Generelt Vindkraft er lite utbygd i Norge. I vårt nærområde er utbygginga på Stadt den som ligg nærast, men i 2007 var det søkt om konsesjon om utbygging av Haugshornet vindkraftpark i Sande kommune. Ulstein kommunestyre uttalte 15.06.2006 følgjande til NVE (konklusjonen): 1) Ulstein kommune ser på ei utbygging av Haugshornet Vindpark som ei ytterlegare fragmentering av eit inngrepsfritt friluftsområde. Noko som svekkar kvaliteten for rekreasjon og friluftsaktivitetar i vår bu og arbeidsmarknadsregion. 2) Utbygging svekkar Natur – Naturopplevingar som salsargument for reiselivet og ny tilflytting med kompetanse etterspurt av næringslivet i regionen. 3) Utbygging av Haugshornet Vindpark føyer seg inn i rekka over ei manglande heilskapeleg vurdering av ønskjelege område for vindkraft produksjon. Ulstein kommune vil sterkt etterlyse arbeidet med å få fram ein samla plan for dette. Utbyggar fekk som kjend ikkje konsesjon med NVE til den planlagde utbygginga grunna mellom anna omsynet til natur og friluftsliv. I saka som no ligg føre, skal kommunane ikkje uttale seg om ei konkret utbygging, men om styringsverktøyet knytt til område («analyseområde 20») som kan eigne seg for utbygging av vindkraft. I tillegg ynskjer OED innspel om det bør fastsettast ein nasjonal ramme for vindkraft i Noreg. Bakgrunnen På oppdrag av Olje- og energidepartementet (OED) har Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) utarbeida eit forslag til ei nasjonal ramme for vindkraft på land. Forslaget består av to delar; eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om verknadar av vindkraft og eit kart over dei mest eigna områda for vindkraft på land. Arbeidet med ein slik nasjonal ramme for vindkraft er ei oppfølging av omtalen i energimeldinga (Meld. St. (2015-2016)) som Stortinget slutta seg til våren 2016 (Inst. 401 S (2015-2016)). Her heiter det mellom anna at: «regjering vil legge til rette for en langsiktig utvikling av lønnsom vindkraft i Norge» «Olje- og energidepartementet vil utarbeide en nasjonal ramme for konsesjonsbehandling av vindkraft på land». Den endelege ramma for vindkraft i Noreg skal fastsettast av landets politiske mynde. Forslaget frå NVE NVE sitt forslag er retta inn mot framtidige utbyggingar av vindkraft. Det e r allereie gjeve konsesjon til om lag 23 TWh vindkraft i Noreg. NVE har avslått om lag 60% av alle innsendte vindkraftplanar. Forslaget skal vere eit resultat av omfattande analyser som er utført på eit overordna nivå. NVE hevdar at som følgje av metodane som er nytta vil det kunne vere mange stadar innanfor dei utpeika områda som er lite eigna for vindkraft, men at det samstundes også kan finnast stadar utanfor områda som vil vere eigna. Enkeltprosjekt skal difor vurderast konkret i ei konsesjonshandsaming før det kan avgjerast om ein stad er eigna for vindkraft. Basert på dette vil kartet som er utarbeidd kunne nyttast som eit styringsverkty for kva område som vil verte prioritert framover. Det vil likevel vere mogleg å søke om konsesjon også utanfor dei utvalde områda, men i slike tilfelle vil det verte vanskelegare å få konsesjon. NVE har peika ut 13 område som direktoratet meiner er dei mest eigna for vindkraft på land i Noreg. Innanfor desse områda vil det likevel vere areal som ikkje eignar seg for vindkraft på grunn av konflikt med viktige interesser, eller som følgje av mindre gode vindressursar. NVE skal ha lagt vekt på å unngå konflikter med viktige naturområde, og tatt omsyn til aktuelle tema som t.d. friluftsliv, støy, fugle- og dyreliv, kulturminne og reindrift. Her er lenker direkte til NVE sine mest relevante nettsider og dokument i saka: høyringsbrev (er også vedlagt) samandrag av rapporten (er også vedlagt) rapporten «Forslag til nasjonal ramme for vindkraft» kart over dei 13 områda (Tips: ved å slå på kartlag vil ein sjå eksluderte areal) oppdatert kunnskapsgrunnlag, 21 temarapportar og 6 konsulentrapportar Innanfor området er det areal som er ekskludert på grunn av ulike omsyn, jf. side 154 i rapporten: «En del av arealet innenfor det utpekte området er ekskludert, og skal derfor ikke regnes som en del av området (Figur 70). De harde eksklusjonene skyldes hovedsakelig dårlige vindforhold i noen dal-/fjordstrøk, verneområder på Hareidlandet og innflygingssonen til Ørsta/Volda lufthavn. De myke eksklusjonene omfatter blant annet • et helhetlig kulturlandskap i Hareid • svært kuperte og skredutsatte områder • nedslagsfelt for drikkevann • områdene rundt åtte sendere i det digitale bakkenettet for TV-signaler • områder med mer enn tre støyfølsomme bygg per kvadratkilometer» Kart som viser dei ekskluderte områda i fargar, jf. side 155 i rapporten NVE har vidare i rapporten peika på følgjande som er viktig å vurdere, dersom det kjem søknadar om utbygging av vindkraft i dei områda som ikkje er ekskludert, side 156 i rapporten: «Til tross for at det er pekt ut som et av de mest egnede områdene, er det mange viktige miljø- og samfunnsinteresser i området. Egnetheten må vurderes konkret i en konsesjonsbehandling før det kan bygges vindkraftverk. Under presenteres noen av interessene som kan være viktige ved planlegging og behandling av vindkraftprosjekter. Oversikten er hentet fra analyseskjemaene for analyseområde 20, og er ikke uttømmende» NATURMILJØ Hele området har svært gode bestander av havørn. Det er også gode bestander av vandrefalk i fjordområdene og av kongeørn i fjellområdene. Hubro har blitt kartlagt grundig både i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal de siste årene. Arten har gått sterkt tilbake i begge fylker, men hekker for tiden på Gurskøya og i indre deler av Selje. Det utpekte området vurderes som gjennomgående attraktivt for flaggermus og dermed med stort potensial for funn, basert på høydemodell og terreng. Dette gjelder særlig øyer og odder ut mot havet. De ytre delene av det utpekte området har store områder med kystlynghei og terrengdekkende myr (kystnedbørsmyr). Grenseområdet mellom Sunnmøre og Nordfjord er kjent for ultramafiske bergarter med olivin og særpreget olivinskog. LANDSKAP, FRILUFTSLIV OG REISELIV Området fra Bremangerlandet og nordover til Runde, Hareid og Sula er eksempel på landskapselementet næringskyst,
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages12 Page
-
File Size-