KOORDINERING AV LUFTAMBULANSE- HELIKOPTERTENESTA OG FLIGHT FOLLOWING AV AMBULANSEHELIKOPTEROPPDRAG I HELSE VEST

Kolofon

Utkast til styremøte [Sett inn dato]

Vedteke i styremøte [Sett inn dato]

Publikasjonens tittel: KOORDINERING AV LUFTAMBULANSE-HELIKOPTERTENESTA OG FLIGHT FOLLOWING AV AMBULANSEHELIKOPTEROPPDRAG I HELSE VEST

Utgitt [Sett inn dato]

Kontakt [Kontaktperson]

Rapport kan lastes ned på: [Link for nedlastning]

Fotograf: [Fotograf]

1

FORORD

Luftambulansetenesta bidreg til å oppfylle målet om likeverdige tenester for pasientane. Funksjonsfordeling mellom sjukehusa og til dels lange avstandar mellom pasient og sjukehus, let seg kompensere ved å bringe ei avansert akuttmedisinsk teneste ut til pasientane og tilby rask og trygg transport til sjukehus. Ved sidan av primæroppdrag, kor pasientane blir henta til sjukehusa på grunn av akutt sjukdom eller skade, utgjer sekundæroppdrag, kor pasientar under pågåande avansert behandling blir flytta mellom sjukehusa, ein aukande og viktig del av oppdragsmengda til luftambulansen.

Luftambulansetenesta er luftfartsverksemd og utsett for høg risiko. Det er difor eit overordna mål å redusere risikonivået i tenesta så mykje som mogleg. Det blir sett inn store ressursar og mange tiltak, eit av dei er betre flight-following. Ei sentralisering av luftambulansekoordineringa til éin AMK-LA sentral i kvar helseregion er eit tiltak som bidreg til betre tryggleik og ytterlegare profesjonalisering av flight-following i tenesta.

Det er brei semje om at ei sentralisering av AMK-LA til èin AMK-LA sentral i regionen er føremålstenleg. Spørsmålet om lokalisering av funksjonen i Helse Vest funksjonsplassering blir difor det sentrale i denne rapporten. Arbeidsgruppa har bestått av representantar frå alle dei fire helseføretaka i Helse Vest, konserntillitsvald i Helse Vest RHF, Luftambulansetjenesten HF og operatøren Norsk Luftambulanse AS.

Tusen takk til alle som har medverka i arbeidet med rapporten!

3

SAMANDRAG

I rapporten «Sentrale elementer vedrørende AMK-sentralene» frå HOD i 2016 vart det anbefalt at koordinering av ambulansehelikoptertenesta og flight following av ambulansehelikopteroppdrag vert utført frå éin AMK sentral i kvar helseregion. På bakgrunn av dette fekk Helse Vest i føretaksmøtet januar 2017 oppdrag om å følgje opp denne anbefalinga.

I denne rapporten er dei fire ulike AMK-sentralane i Helse Vest presentert, og det er gjort ei ROS-analyse av å sentralisera AMK-LA funksjonen til èin sentral. Deskriptiv statistikk er lagt fram for å vise kva det vil innebere å ha flight following funksjonen. Vidare er ulike konsekvensar av å samle funksjonen til ein stad gjennomgått. Til sist er det gjort ei grundig drøfting av kva for ein AMK sentral ein bør leggje AMK-LA funksjonen til. Det er også foreslått eit mottaksprosjekt som kan sikre ein god prosess med å sentralisere AMK-LA funksjonen.

Arbeidsgruppa har bestått av ein representant frå Helse Førde, to representantar frå Helse , ein representant frå Helse Fonna, to representantar frå Helse , ein representant frå Luftambulansetjenesten HF, ein representant frå Norsk Luftambulanse AS og konserntillitsvalt. Arbeidsgruppa har vore leia av Helse Vest med støtte frå Deloitte.

Heile arbeidsgruppa er einige i at koordinering og flight following av luftambulansen bør leggjast til éin AMK sentral. Gjennom sentralisering vil ein kunne ha dedikerte operatørar som har LA koordinering og flight following som hovudoppgåve. Større oppdragshandtering vil gje betre kontinuitet og betre kvalitet i arbeidet med koordinering og flygeleiing og dermed også større flytryggleik. Uavhengig av kor AMK- LA funksjonen blir lagt, forventar arbeidsgruppa at ei sentralisering vil profesjonalisere tenesta, kunne redusere forseinking og dobbeltutkall i grenseområda, og gje ei betre utnytting av dei samla helikopterressursane. Hyppigheit av utflydde helikoptercrew på arbeidstid vil truleg også reduserast. Ein vil få betre moglegheit til å arbeide systematisk for god ressursutnytting og ein mest mogleg likeverdig tilgang på LA- tenester for befolkninga i regionen.

Gjennom ROS-analysen går det fram at utgangsrisikoen ved å overføre AMK-LA funksjonen til éin sentral i Helse Vest, samla sett er middels, med bakgrunn i skisserte tiltak i analysen. Det er vurdert som kritisk om ein skulle mangle ei klar rolle- og ansvarsfordeling, og om det skulle mangle skildringar på dette. Det er difor svært viktig at ein sikrar at det blir arbeidt med å opprette felles prosedyrar, rutinar og retningslinjer. Det må etablerast nye nettverk som til dømes eit eige luftambulansefagråd i regionen.

AMK Bergen og AMK Stavanger er dei to største sentralane i Helse Vest, og Helse Bergen er det sjukehuset som har mest luftambulansetrafikk inn til seg. Prosjektgruppa er einig i at AMK-LA funksjonen må leggjast til ein av desse sentralane. Haugesund har ikkje trening og erfaring med flight following og koordinering av luftambulansen. I Førde har dei både treninga og erfaringa, men ein manglar eit sterkt fagmiljø som kan støtte opp under funksjonen. Dessutan er det berre Førde sitt eige helikopter og redningshelikopter som kjem inn til sjukehuset i Førde.

Prosjektgruppa har ikkje klart å komme til semje om AMK-LA funksjonen bør leggjast til Bergen eller til Stavanger. Begge sentralane er vurdert robuste nok, og gode nok til å inneha funksjonen når ein ser på fagmiljøet rundt AMK-sentralane, og det er det same når ein vurderer bemanningsevna til sentralane. Begge sentralane har også sagt at dei kan ta på seg funksjonen utan at dei vil trenge ekstra løyve til dette. Det er fleire moment som gjer at prosjektgruppa ikkje er einige i lokaliseringsspørsmålet. Eit punkt er kor mykje vekt ein skal leggje på at AMK-LA funksjonen bør liggje på same stad som R-AMK, og eit anna er kor mykje vekt ein skal leggje på om AMK-LA funksjonen bør liggje ved regionssjukehuset og traumesenteret i Helse Vest. For det tredje er det usemje i kva grad ein skal vektlegge innkommande helikoptertrafikk frå ulike basar.

Tilråding

 Ei samla prosjektgruppe tilrår å sentralisera AMK-LA funksjonen til èin sentral i Helse Vest

 AMK Stavanger og AMK Bergen er begge kompetente nok, og godt nok rusta til å kunne inneha AMK-LA funksjonen

 Helse Bergen, Helse Fonna og Helse Førde tilrår at AMK-LA funksjonen blir lagt til AMK i Helse Bergen

 Helse Stavanger og Luftambulansetjenesten HF tilrår at AMK-LA funksjonen blir lagt til AMK i Helse Stavanger

 Norsk Luftamabulanse AS og konserntillitsvalgt er nøytrale i høve lokaliseringsspørsmålet

 Ei samla prosjektgruppe tilrår at det bli oppretta eit mottaksprosjekt for å gjennomføre ei forsvarleg overføring av funksjonen knytt til koordinering av luftambulansen og flight following til èin sentral i Helse Vest

5

INNHALD

Ordforklaringar og forkortingar 0 1. Innleiing og bakgrunn 2 1.1 Bakgrunn og føremål 2 1.2. Mandat og rammer for arbeidet 2 1.3. Organisering av arbeidet 3 2. Overordna føringar 6 2.1 «Sentrale element vedrørende AMK-sentralene» 6 2.2 «Samhandling virtuell AMK i Helse Vest» 7 2.3 Helse 2035 Strategi for Helse Vest 8 2.4 Flight following og krav til AMK-LA 9 2.4.1 Kvalitetsstyring i AMK-LA 10 3. AMK-LA funksjonen 12 3.1 AMK-LA funksjonen i AMK 12 3.2 Kommunikasjonslinjer mellom AMK og Luftambulansen 12 4. AMK-Sentralane i Helse Vest 14 4.1 Nøkkelinformasjon om dei fire AMK-sentralane 14 4.2 Regionale og nasjonale funksjonar ved sjukehusa i Helse Vest 18 4.3 R-AMK-funksjonen i Helse Vest 18 4.4 Regional traumesenterfunksjon 19 5. Kva vil det innebere å ha koordinering og flight following ansvar i Helse Vest? 20 5.1 Forventa aktivitet 20 5.2 Døgnprofil 23 5.3 Erfaringar/læring frå andre RHF som har gjennomført omlegging til èin AMK-LA sentral 24 6. ROS-analyse 26 7. Konsekvensar 27 7.1 Konsekvensar for utkalling/utalarmering: Moglege tidseffektar 28 7.2 Konsekvensar for pasientane 29 7.3 Konsekvensar for bemanning 29 7.4 Konsekvensar for reserve AMK-LA funksjonen i Helse Vest 30 7.5 Moglegheit for systematisk evaluering og harmonisering av praksis 31 7.6 Konsekvensar for dei AMK-sentralane som ikkje vil få tildelt AMK-LA funksjonen 31 8. Diskusjon 34 8.1 Grunngjeving for at AMK Haugesund og AMK Førde er uaktuelle 34 8.2 Drøfting av moment relevante for lokalisering av AMK-LA funksjonen i Helse Vest 35 8.2.1 Fagmiljø 35 8.2.2 Robustheit i høve bemanning 36 8.2.3 R-AMK funksjonen 37 8.2.4 Regionsjukehusrolla inkl. regionalt traumesenter 39 8.2.5 Helikoptertrafikk 41 9. Praktisk gjennomføring ved oppretting av ein AMK- LA sentral i Helse Vest 44 9.1 Prosess og prosedyrar 44 9.2 Forslag til prosjektdirektiv 44 10. Tilråding 46

Vedlegg:

Vedlegg 1. ROS-Analyse

Vedlegg 2. Eksempel på rigg av mottaks prosjekt

Vedlegg 3. Felles prosedyre for samarbeid mellom R-AMK og lokal AMK-sentral

7

ORDFORKLARINGAR OG FORKORTINGAR

Aksjons AMK: AMK-sentral som koordinerer aksjonen.

Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK sentral): Spesialisthelsetenesta sin akuttmedisinske fagsentral for mottak og handtering av meldingar om behov for medisinsk naudhjelp og ambulanseoppdrag.

Ambulansekoordinator: Vakthavande helsepersonell i AMK-sentral som primært har ansvar for å koordinere ambulanseoppdrag.

AMK-LA: AMK-sentral med ansvar for koordinering og fight following av ambulansehelikopter innan regionen.

AMK-Lege: Vakthavande lege tilgjengeleg for AMK for medisinsk rådgjeving til AMK-operatør og ambulanseteneste.

AMK-Operatør: Vakthavande helsepersonell ved ein AMK-sentral (Fellesnemning på medisinsk operatør og ambulansekoordinator).

Catastrophic events: Hendingar der AMK-LA i heilt spesielle tilfelle finn det nødvendig å kontakte besetninga trass i at besetninga er utmeldt på arbeidstid. Fartøysjefen har formelt mogelegheit til å fråvike kviletidsbestemmingane når heilt spesielle forhold tilseier det.

Dutytid: Den tida besetninga arbeider aktivt.

EASA: European Aviation Safety Agency er EU sitt byrå for flytryggleik der føremålet er å sikre eit høgt og einsarta nivå for flytryggleiken i Europa.

Flight following: Monitorering og oppfølging av helikopter på oppdrag for å ivareta tryggleiken. Inneberer å hente inn flyrute og forventa landingspunkt, samt tal på personar om bord ved alle forflytningar av helikopter. I tillegg iversetjing av nødvendige tiltak dersom kontakt med helikopter blir broten, innanfor skildra kriterier.

Førespurnad: Melding til AMK-/legevaktsentral utløyst av ei hending.

Hending: Situasjon der det oppstår medisinsk hjelpebehov.

KoKom: Nasjonalt kompetansesenter for helsetenesta sin kommunikasjonsberedskap.

Legebil: Legebemanna utrykkingsbil utan båreplass, for utrykking i basen/sjukehuset sitt nærområde eller som alternativ til helikopter ved dårleg vær.

Lokal AMK-sentral: Den AMK-sentral som har hendinga innanfor sitt ansvarsområde.

Luftambulanse: Eit luftfartøy som er innreia for og brukt til diagnostikk, behandling, overvaking og transport av sjuke eller skadde pasientar.

Luftambulanseteneste: Beredskap for eller transport av pasientar og helsepersonell med fly eller helikopter i samband med sjukdom eller skade som krev rask og kvalifisert innsats eller slik transport på grunn av lang avstand.

Medisinsk operatør: AMK-operatør som primært har ansvar for mottak og vurdering av 113 førespurnader, og for å gi medisinsk rådgiving og rettleiing.

Norsk indeks for medisinsk naudhjelp: Eit rettleiings- og støttesystem for personell i AMK- sentral og legevaktsentral, og i hovudsak eit verktøy for fastsetting av hastegrad, val av respons, medisinsk rådgiving og instruksjon.

PLIVO: Pågåande situasjon der ein eller fleire gjerningspersonar utøver livstruande vald med våpen/farlege gjenstandar mot uskuldige personar, og der politiet skal gå i direkte innsats for å nøytralisere gjerningspersonen(ane) for å redde liv, og avgrensa skade.

RAKOS: Regionalt akuttmedisinsk kompetansesenter i Helse Vest.

RW: Rotor Wing – (Ambulanse)helikopter.

Regional AMK (R-AMK): AMK som det regionale helseføretak har bestemt skal ha eit overordna koordineringsansvar innan regionen.

SAR-oppdrag: Søk og redningsoppdrag.

Talegrupper: Naudnettsinndeling av talegrupper for ulike behov og roller /situasjonar som skildrar kommunikasjonslinjene i operativ teneste mellom AMK-LA, og lokal AMK/lokale ressursar.

1

1. INNLEIING OG BAKGRUNN

1.1 Bakgrunn og føremål Helse Vest har fire AMK-sentralar. I Førde, Bergen og Stavanger er det også ambulansehelikopterbase. AMK-sentralane her koordinerer helikoptera og utfører flight following for sine respektive helikopter.

I rapporten «Sentrale elementer vedrørende AMK-sentralene»1 frå HOD i 2016 blir det anbefalt at koordinering av ambulansehelikoptertenesta og flight following av ambulansehelikopteroppdrag vert utført frå éin AMK sentral i kvar region. Det har også i fleire andre rapportar, som evalueringar av terrorhendinga 22. juli og evaluering av helikopterulykka ved Sollihøgda, vore kommentert at ambulansehelikoptera bør koordinerast meir heilskapleg. Dette for å auke tryggleiken til mannskapet om bord i helikoptera. Eit kvart luftambulanseoppdrag medfører ein risiko, men ein kan truleg redusere risikoen og auke tryggleiken noko ved å sentralisere koordinering og flight following av ambulansehelikopter. Ved å sentralisere desse oppgåvene til ein stad i kvar helseregion vil ein få eit meir standardisert system, færre operatørar vil vere involvert og desse vil få meir mengdetrening. Ei meir sentralisert og standardisert koordinering vil også kunne gje ei meir effektiv styring av ressursane, betre fordeling av oppdrag og ein betre kontinuerleg oversikt over beredskapssituasjonen og aktiviteten knytt til denne.

På bakgrunn av dette blei Helse Vest i føretaksmøtet 10. januar 2017 gitt i oppdrag å:

«følge opp anbefalinga om at koordineringa av ambulansehelikoptertenesta og flight following av ambulansehelikopteroppdrag vert utført frå èin AMK-sentral i kvar region».

Det er forventa at dette blir gjennomført i 2018.

1.2. Mandat og rammer for arbeidet I mandatet for arbeidet står det at arbeidsgruppa skal leggje oppdraget frå føretaksmøtet 10. januar 2017 til grunn, og at koordineringa av ambulansehelikoptertenesta og flight following av ambulansehelikopteroppdrag skal utførast frå éin AMK-sentral i kvar region.

Arbeidsgruppa skal skildre moglege plasseringar av AMK sentral for koordinering og flight following av luftambulansehelikopter i Helse Vest.

Arbeidsgruppa skal og gjere ei ROS-analyse av å samle all koordinering og flight following til èin sentral, og foreslå eventuelle kompenserande tiltak for å sikre kvaliteten på tenesta.

1 Sentrale elementer vedrørende organisering av AMK-Sentralene, side 73-75 (https://www.regjeringen.no/contentassets/b332572e94304549b8b6db04ad617f76/AMK_utredning_150916.pdf)

Arbeidsgruppa må mellom anna sjå på:

 Konsekvensar for pasientane

 Pasientstraumar med ambulansehelikoptertenesta i regionen

 Kapasitet og kompetanse for pasientbehandling på ulike lokasjonar

 Samanhengen mellom regional traumefunksjon og AMK-LA sentral

 Utkalling/utalarmering (basestruktur og mulige tidseffektar)

 Oppdragsmønster/ pasientstraumar

 Samarbeid/back-up (gjensidig avhengigheit) mellom AMK i Helse Vest (og andre AMK- LA sentralar i andre RHF)

 Konsekvensar for reserve AMK funksjonen i Helse Vest

 Erfaringar/læring frå andre RHF som har gjennomført omlegging til èin AMK-LA sentral

 Eventuelle andre forhold

Arbeidsgruppa skal vurdere og tilrå korleis Helse Vest kan gjennomføre kravet i føretaksmøtet. Vidare må arbeidsgruppa gje innspel til praktisk gjennomføring ved oppretting av èin AMK- LA sentral. Det må også gjerast greie for eventuelle tilpasningar av prosedyrar for AMK-sentralane i Helse Vest.

1.3. Organisering av arbeidet Arbeidet er organisert med ei arbeidsgruppe beståande av representantar frå alle føretaka i Helse Vest, representant frå Norsk Luftambulanse AS og representant frå Luftambulansetjenesten HF. Konserntillitsvalt er og representert. Seniorrådgjevar i Helse Vest Ingvill Skogseth har leia arbeidsgruppa, og har hatt støtte av Lene Lunde, innleidd konsulent frå Deloitte.

Arbeidsgruppas representantar:

- Trine Hunskår Vingsnes, Klinikkdirektør kirurgisk klinikk, Helse Førde - Hanne Klausen, Klinikkdirektør kirurgisk serviceklinikk, Helse Bergen - Øyvind Østerås, Avdelingssjef akuttmedisinsk avdeling, Helse Bergen - Sverre Lien, Klinikkdirektør medisinsk service og beredskap, Helse Fonna - Stephen Johan Mikal Sollid, Klinikksjef prehospital klinikk, Helse Stavanger - Lena Heimvik, Leiar AMK i Stavanger, Helse Stavanger

3

- Per Magne Tveitane, Operativ rådgjevar/fagleiar, Luftambulansetjenesten HF - Lars Erik Bragstad, Assisterande flygeleiar, Norsk Luftambulanse AS - Oddvin Næsse, Konserntillitsvalt.

Det regionale direktørmøtet er styringsgruppe for prosjektet.

Arbeidet starta opp i april 2018, og første arbeidsmøte fann stad hjå Helse Vest i Stavanger i starten av mai. Andre arbeidsmøte gjekk i Bergen, med omvising på AMK sentralen. Tredje arbeidsmøte føregjekk i Oslo, med omvising på AMK LA sentralen til Helse Sør Øst. Fjerde arbeidsmøte var i Stavanger med omvising på AMK sentralane der. Femte og sjette møte fann stad i Bergen. I tillegg til dei fysiske møta har arbeidsgruppa hatt eit møte på Skype. Representantane i arbeidsgruppa har oppgitt at det ikkje føreligg særeigne forhold som kan svekkje tilliten til representantanes upartiskheit.

5

2. OVERORDNA FØRINGAR

Det ligg ei rekkje overordna føringar til grunn for dette arbeidet og vi gjer her kort greie for desse. Hovudføringane er nasjonale, mens dei andre føringane er Helse Vest sine eigne.

2.1 «Sentrale element vedrørende AMK-sentralene» Rapporten «Sentrale elementer vedrørende organisering av AMK-sentralene» frå HOD datert september 2016 er bakgrunnen for oppdraget Helse Vest blei gitt i føretaksmøtet i januar 2017. I denne rapporten er koordinering og flight following funksjonen gjennomgått. Ved å koordinera ambulansehelikoptertenesta og gjere flight following frå éin AMK sentral i kvar helseregion, vil ein i større grad sikre at operatørane får tilstrekkeleg erfaring og kompetanse til å utføre flight following i samsvar med aktuelle krav og føreskrifter. Ein sentral med ansvar for dette aleine vil gje ei større oppdragsmengde som gir grunnlag for å profesjonalisere luftambulansekoordinatorane. Planleggingsverktøy, radiokommunikasjon og flight following ligg tett opp mot koordinering, og vil kreve dei same gode utbygde systema.

Utredningsgruppa tilrådde:

1. At koordinering av ambulansehelikoptertenesta og flight following av ambulansehelikopteroppdrag bør utførast frå éin AMK sentral i kvar av dei fire helseregionane. 2. At AMK LA funksjonen blir lagt til regionens R-AMK sentral. 3. At R-AMK bør organiserast i tilknyting til regionens universitetssjukehus.

I Helse Nord, - Midt og –Sør Øst er R-AMK lagt til høvesvis Universitetssykehuset Nord- Norge (UNN), St. Olavs hospital og Oslo Universitetssykehus HF (OUS). Alle desse er regionsjukehus. I Helse Vest er både Helse Stavanger HF og Helse Bergen HF universitetssjukehus, og R-AMK er lagt til Helse Stavanger HF (vedtatt i 2002) og ikkje til regionsjukehuset.

R-AMK-sentralen skal vere kontaktpunktet når andre AMK-sentralar har behov for ressursar ut over dei ressursane dei sjølv har koordineringsansvar for, både innanfor eigen region og mellom helseregionane. R-AMK sentralen vil bli varsla om dei store og mest alvorlege hendingane.

Foreløpig er det berre i Helse Sør Øst og Helse Nord at det er etablert ein koordinerande sentral med AMK-LA funksjon. AMK-LA Tromsø gjekk «live» 17.9. 2018. AMK-LA Helse Midt Norge er planlagt å vere i drift frå 7.1.2019.

2.2 «Samhandling virtuell AMK i Helse Vest» I styringsdokumentet til helseføretaka for 2016, vedteke av styret i Helse Vest den 29.2.2016, står det om AMK-funksjonen:

Helse Vest har gjennomført utgreiingsprosjektet «Virtuell AMK Helse Vest» for å skaffe seg eit best mogleg avgjerdsunderlag, for å kunne etablere og drive ein virtuell AMK-sentral i Helse Vest.

Virtuell AMK (VAMK) i Helse Vest skal vere ein felles AMK-sentral der personalet arbeider på fleire stader (Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger), men arbeider i eit felles, virtuelt (kunstig) kontrollrom. Virtuell AMK i Helse Vest er det systemet, og den organisasjon, som skal sikre at AMK-sentralane i regionen kan tilby ei samanhengande handtering av naudmeldingar.

Formålet med ein felles, virtuell AMK-sentral i Helse Vest er å auke totalkapasiteten og kvaliteten til dei noverande fire AMK-sentralane i regionen, samt få ein meir robust organisering av desse.

For å sikre like arbeidsmetodar, prosedyrar og anna samhandling på tvers av geografiske stader, er det sentralt at éin av dei fire AMK-sentralane blir utpeika til å ha det overordna leiande ansvaret i VAMK.

Rapporten «Samhandling AMK i Helse Vest – Virtuell AMK» kom same året, med forslag til arbeidsprosessar, arbeidsoppgåver, organisasjon og roller i ein slik sentral. Det låg ikkje i mandatet for rapporten å foreslå lokalisering av dei forskjellige rollene.

Prosjektet gav blant anna følgjande overordna anbefalingar:

1. Det bør vere ein leiande sentral i VAMK – VAMK Leiarsentral 2. RAMK-funksjonen (regional AMK, jf. akuttmedisinforskrifta) bør bli ivaretatt av det helseføretaket som leiar VAMK 3. Styring av luftambulansen i VAMK bør skje frå eitt permanent LA-kontrollrom. Prosjektgruppa har ikkje konkludert på om dette bør skje frå VAMK Leiarsentral eller éin av dei andre sentralane i Helse Vest. Et mindretall i prosjektgruppa (éin av sju) foreslår ei rullerande ordning for LA-kontrollrom 4. VAMK bør ha ei ansvarsstilling på ei kvar vakt – vaktleiar nivå 4. Prosjektgruppa anbefaler at rollen som vaktleiar nivå 4 kan rullere mellom dei fire AMK- sentralane i Helse Vest. 5. Det bør leggjast til grunn ei todeling av legefunksjonen i VAMK med ein systemansvarleg overlege og lokal AMK-legefunksjon som i dag

7

I rapportens kapittel 4.3 AMK-LA står det nærare om plassering av LA-kontrollrom, og anbefalinga var:

1. Prosjektgruppa ser det som mest hensiktsmessig – både operativt og tryggleikssmessig – at styring av luftambulansen i VAMK skjer frå eitt LA- kontrollrom (alternativ 1). To eller fleire samtidige kontrollrom i VAMK er dermed utelukka (alternativ 2). 2. Fleirtalet i prosjektgruppa (seks av sju) meiner at LA-kontrollrommet bør liggje fast i éin av de fire AMK-sentralane i Helse Vest (alternativ 1.1), dvs. at eitt permanent kontrollrom styrer all LA-verksemd (utalarmering, koordinering og «flight following») i VAMK. 3. Prosjektgruppa meiner at LA-kontrollrom kan fristillast frå VAMK Leiarsentral, dvs. at eit permanent LA-kontrollrom ikkje nødvendigvis treng å leggjast til den sentralen som – av styringsgruppa – blir utpeikt til å vere VAMK Leiarsentral (alternativ 1.1.2). 4. Eit mindretal i prosjektgruppa (éin av sju) meiner at plasseringa av LA- kontrollrommet bør gå på rundgang mellom dei fire AMK-sentralane i Helse Vest (alternativ 1.2.3).

I diskusjonskapittelet står det at gevinstane ved sentralisering av funksjonen er mange. Færre AMK-LA-sentralar gjev meir erfaring, trening og læring. Innspel frå AMK- sentralane peiker også på at LA-koordinering er ei svært spesialisert oppgåve som bør samlast i eitt miljø. Kommunikasjonen bør følgje av pasientstraumen, det vil seie at LA- koordineringa bør ligge til det føretaket som tek imot flest helikoptertransportar. Men, det står og at det er eit alternativ å legge oppgåva til AMK-leiarsentralen.

2.3 Helse 2035 Strategi for Helse Vest Helse 2035 beskriv på eit overordna plan korleis vi skal utvikle spesialisthelsetenesta på Vestlandet fram mot 2035. For Helse Vest er det ei overordna målsetjing å utvikla ein effektiv organisasjon og struktur med tydeleg oppgåvedeling, høg spesialisering og best mogleg utnytting av store investeringar og tungt utstyr. Regionsjukehuset vil ha det største tilbodet av regionfunksjonar og nasjonale behandlingstenester. Dette er likevel ikkje til hinder for at store akuttsjukehus og universitetssjukehus kan ha regionfunksjonar. Det viktigaste er at sjukehusa har ei formålstenleg spesialisering og oppgåvedeling, og at dei jobbar i nettverk, som eit team. Det skal gje pasientane eit likeverdig tilbod av høg kvalitet på heile Vestlandet. Helse Vest skal også utnytte potensialet som ligg i det å ha to universitetssjukehus i regionen.

2.4 Flight following og krav til AMK-LA Kravet om flight following er heimla i det felles europeiske luftfartsregelverket[1] (EASA) for operasjonar med ambulansehelikopter, samt krav frå Luftambulansetjenesten HF. Alle flyselskap som skal utføre ambulanseoppdrag med helikopter, må ha ei driftsløyving (Air Operator Certificate) og ei spesialgodkjenning frå luftfartsmyndigheita for å utføre denne type oppdrag. Dette inneberer blant anna at selskapet skal ha ein operasjonsmanual som skildrar spesifikke operative rutinar for denne delen av verksemda, ha helikopter som er egna for denne type flyging og som har to-vegs kommunikasjon med den organisasjonen HEMS-flyginga blir utført for (AMK). Der det er mogleg skal ein også ha kommunikasjon med beredskapspersonell på bakken.

Foto: Einar Johan Tveit

Når ein organisasjon (AMK) løyser operative oppgåver på vegne av eit flyselskap er dette regulert i same europeiske regelverk[2]. Sidan AMK ikkje har eiga godkjenning må ein arbeide under flyselskapet si godkjenning. I rettleiinga til dei nemnte forskriftene kjem det fram anbefalingar som skal sikre at ein er i samsvar med gjeldane regelverk. Ein må sikre at:

1. Det føreligg ein skriftleg avtale mellom flyselskapet og den organisasjonen som skal utføre avtalte aktivitetar etter gjeldane krav. Service level agreement (SLA) er vedlegg til Samarbeidsavtalen 2. Tryggleiksrelaterte aktivitetar som er relevante for avtalen, bør inngå i flyselskapets tryggleiksstyring og overvakingsprogram 3. Flyselskapet sikrar at organisasjonen som utfører oppgåvene har nødvendige ressursar og kompetanse til å utføre oppgåva.

Etter etableringa av sivil luftambulanse i Noreg har tenesta hatt fire fatale ulykker med tap av 13 liv. Det blir lagt ned mange ressursar for å redusere risikonivået i

[1] EASA SPA.HEMS.130 Crew requirements (e)(2)(A)) [2] EASA ORO.GEN.205 Contracted activities

9 tenesta ytterlegare. Flight following systemet er primært etablert for å sikre helikopteret og besetninga rask assistanse dersom det skulle inntreffe eit uhell. Systemet ivaretar informasjonsbehov i forbindelse med koordinering, og oppfølging av helikopteret. På denne måten vil AMK-LA til ei kvar tid vite kva område helikopteret er i, samt kven som er i helikopteret. Systemet bidreg også til å dekke AMK-LA sitt behov for informasjon om gjennomføringa av eit iverksatt oppdrag.

Alle retningslinjer for oppfølging av luftambulanse skal være kjent og inngå i opplæringa av alle operatørar ved AMK-LA som har ansvaret for følge opp besetninga, slik grunnopplæring og re-trening er ein del av den nye avtalen om Kjøp av Luftambulansetjenester frå 1. juni 2018. Ansvarsdelinga mellom flyselskapet og den respektive AMK-LA er heimla i lokal Service Level Agreement. Forhold som blir omfatta av avtalene er;

1. Varsling og koordinering av oppdrag, jf. akuttmedisinforskrifta 2015-03-20-231 §§ 14 og 15

2. Flight following

3. Støttefunksjon for at luftambulanseoppdrag skal bli gjennomført på ein sikker og effektiv måte.

Det er også krav om at alle AMK-LA skal etablere ei rekkje nødvendige prosedyrar[3].

2.4.1 Kvalitetsstyring i AMK-LA I tråd med forskrift 2016-10-28-1250 om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgssektoren må AMK-LA sørge for at det blir etablert og gjennomført systematisk styring av verksemda sine aktivitetar. AMK-LA må minimum ha eit dokumentert system knytt til opplæring for LA-koordinatorar som skal gjennomføre koordinering og flight following, godkjenning av personell (samt årleg re-godkjenning), rapportering av hendingar internt og til flyselskapet, kontinuerleg forbetring og læring, og intern og ekstern kommunikasjon.

AMK-LA er også forplikta til å ha interne prosedyrar for avviksmelding/rapportering, handtering og forbetring ved uønska hendingar knytt til varsling, koordinering og flight following av luftambulansetenester.

[3] Varsling av ambulansehelikopter, innhenting av oppdragsinformasjon, kommunikasjon gjennom heile oppdraget, flight following av ambulansehelikopter, IFR ruter, sakna ambulansehelikopter, varsling av ambulansehelikopter ved «catastrophic events» når besetninga er utmeldt på duty og varsling av ambulansehelikopter ved PLIVO.

11

3. AMK-LA FUNKSJONEN

3.1 AMK-LA funksjonen i AMK Oslo For å få eit inntrykk av korleis AMK-LA funksjonen i Oslo fungerer har prosjektgruppa fått ei skildring frå Oslo Universitetssjukehus om deira organisering.

AMK-LA Oslo har ansvar for å koordinere, halde oversikt over og varsle næraste helikopter i samsvar med prosedyre. Dei andre AMK-sentralane varslar AMK-LA Oslo om at dei ønskjer luftambulanse. Ved behov for avklaringar set AMK-LA opp konferanse med aktuell luftambulanselege. AMK-LA Oslo følgjer opp helikopteret under avgang, flight og landing i henhold til gjeldande prosedyre for flight following og er på denne måten å rekne som det fjerde crew-medlem.

I henhold til prosedyrar er det i Helse Sør Øst slik at AMK-sentralen varslar og kallar ut ressursar og held kontakt med innringar fram til ressurs frå ambulanse/luftambulanse kjem fram til pasienten. Den lokale AMK sentralen som har hendinga i sitt område har ansvar for hendinga (Oslo/Akershus/Østfold, Sørlandet, Vestfold, Vestre Viken og Innlandet) - også i dei situasjonane der dei har rekvirert luftambulanse via AMK-LA Oslo, eller i situasjonar der dei til dømes har rekvirert bilambulanse eller legebil via AMK-LA Oslo er det lokal AMK-sentral som har ansvaret. Personalet i ambulanse/luftambulanse set i gang behandling og avgjer kor pasienten skal leverast i samsvar med gjeldande prosedyrar. Ved traume blir føringane i Traumerapporten og aktuelle prosedyrar følgt.

Akuttmottaka blir varsla av AMK om at pasientar er på veg dit og set i gang varsling og tiltak «internt på huset» i samsvar med prosedyrar og informasjon frå AMK. Traumeleiar blir varsla som ledd i akuttmottaket sine prosedyrar. Dersom AMK- sentralen har behov for rådføre seg med lege, tek dei kontakt med vakthavande AMK lege. I Oslo er dette tillagt luftambulanselegane ved basen i Lørenskog. Ein har ikkje praksis med at det blir brukt legeressursar frå for eksempel traumeeininga inn i AMK i konkrete hendingar.

Dersom ambulansepersonell /luftambulanselege ønskjer å drøfte situasjon/behandling/ leveringsstad med til dømes traumeleiar, tek dei direkte kontakt med akuttmottaket ved Ullevål som set dei i kontakt med traumeleiar. Nokre gonger kan det hende at AMK-LA blir bede om å kople opp ei slik kontakt på telefon, men som oftast er ikkje AMK-LA involvert i denne kommunikasjonen.

3.2 Kommunikasjonslinjer mellom AMK og Luftambulansen Det er ei eiga nasjonal prosedyre for varsling og kommunikasjon mellom AMK-LA og luftambulansetenesta2. Formålet er å sikre einsarta kommunikasjon over heile landet.

2 Prosedyre for varsling og kommunikasjon mellom AMK-LA og luftambulansetjenesten, Luftambulansetjenesten HF 2007. Den skal sørge for flight following til ei kvar tid helikoptera er i lufta, og bidra til å auke flytryggleiken ved at all luftambulanse i same område kan kommunisere i same talegruppe. Prosedyren skal også redusere arbeidsbelastninga for luftambulansen i tillegg til å redusere mengde sambandstrafikk i talegruppene LA RHF og LA RW, samt gjere det enklare for luftambulansen å kommunisere med samarbeidande ressursar. I tillegg vil luftambulanselegen vere lett tilgjengeleg for ressursar med pasientansvar. Prosedyren skal også sikre kommunikasjon med den eller dei som skal bistå på landingsplass. Prosedyren inngår som en del av nasjonal rettleiar for naudnett i helsetenesta.3

Foto: Einar Johan Tveit

Ved hendingar der luftambulansen samverkar med andre aktørar, blir arbeidstalegruppa deira kopla saman med samverkande aktørar si talegruppe. Det er aksjons AMK som har ansvaret for denne oppgåva. Helikopterbesetninga slepp då å skru og leite etter kanalar på radio, slik at dei kan ha fokus på flytryggleik. Luftambulansen har ei eiga talegruppe, ei for utalarmering, der føregår all kommunikasjon som handlar om pasientbehandling og diskusjon rundt transport av pasientar.

Det er også ei eiga talegruppe for flight following (føregår i kanalen «LA Vest» som berre skal brukast til dette). Det er i forhold til fight following i kanalen «LA Vest» at AMK-LA kjem inn som 4.crew-medlem for å redusere arbeidsmengda og kunne styrke tryggleiken til personalet i helikoptera. Denne talegruppa skal ikkj brukast til anna kommunikasjon enn kommunikasjon relatert til flight following, og skal heller ikkje koplast saman med andre talegrupper. Kvart helikopter i luftambulansetenesta er utstyrt med to radioar som mogleggjer monitorering og kommunikasjon i både eiga arbeidstalegruppe og flight following talegruppe. AMK-LA monitorerer begge talegruppene.

3 IS-2754 Nasjonal veileder for Nødnett i helsetjenesten, Helsedirektoratet 2018.

13

4. AMK-SENTRALANE I HELSE VEST

Helse Vest har fire AMK-sentralar, ein i kvart helseføretak. AMK-sentralane er navet i den akuttmedisinske kjeda, og har mellom anna ansvar for alle 113 oppringingane. Sentralane fastset hastegrad og vel respons på oppdraga, dei varslar nødvendige ressursar, gjev medisinsk rettleiing, råd og instruksjon om behandling. Sentralane koordinerer både bil, båt og luftambulanse, og har ei viktig rolle i beredskapssituasjon i sjukehusa sitt område.

4.1 Nøkkelinformasjon om dei fire AMK-sentralane Tabell 1 gjev nøkkelinformasjon om dei ulike AMK sentralane i Helse Vest. AMK- sentralen i Helse Bergen har størst nedslagsfelt når ein ser på tal innbyggjarar som sentralen dekkjer, og Helse Bergen har også flest 113 henvendingar, både i absolutte tal, men også per innbyggjar. AMK-sentralane i Stavanger og Haugesund har atskilleg færre 113 oppringingar per innbyggjar enn både Bergen og Førde. Helse Førde rår over flest ambulansar.

AMK Førde er organisert som ein seksjon i Avdeling for akuttmedisin (AAM) i kirurgisk klinikk. I tillegg til seksjonsleiar har Helse Førde også ein fagutviklar og ein teknisk systemansvarleg i seksjonen. Den medisinskfaglege rådgjevaren er ein anestesilege som arbeider i luftambulansen samt intrahospitalt. Alle tilsette har opplæring i flight following (Kokom modul 6 LA), flyruter, bruk av værkamera, bruk av elektronisk landinsplassapp og ein har årleg hospitering i luftambulansen.

AMK Bergen er organisert i Akuttmedisinsk avdeling, som høyrer til Kirurgisk service klinikk. På kvar vakt er det definert ein teamleiar i sentralen. I tillegg er ein av koordinatorene ansvarshavande koordinator. I tillegg til seksjonsleiar og ass. seksjonsleiar er det fagutviklarar knytt til kvar av yrkesgruppene. Ein av luftambulanselegane er medisinsk fagleg rådgjevar i AMK Bergen. Teknisk systemansvarlig har kontor i AMK. AMK Bergen jobbar tett med beredskapsleiinga og er ein viktig aktør i både det intrahospitale og den prehospitale varslinga ved ekstraordinære hendingar. AMK Bergen har brukt modulane i Kompetanseplan for personell som mottar og handterer medisinske naudmeldingar utarbeida av Kokom. Opplæring i flight following er basert på same kompetanseplan (modul 6). Dette er no gjennomført for alle resurskoordinatorene i AMK Bergen.

AMK Haugesund er organisert som ei eining under seksjonen Akuttmottak. AMK- sentralen har eigen funksjonsleiar. Seksjon Akuttmottak (3.nivå) ligg organisert i klinikk for medisinsk service og beredskap i Helse Fonna. I AMK Haugesund er det rettleiar knytt til medisinsk operatør og medisinsk fagleg rådgjevar. AMK Haugesund har ikkje luftambulanse og dermed ingen flight following kompetanse.

AMK Stavanger er ei avdeling i Prehospital klinikk, Helse Stavanger. Avdelinga er leia av Avdelingssjef (100 %). I avdelinga er det tilsett ein medisinsk fagansvarlig i 20 %, ein medisinsk rådgjevar beredskap i 20 %, og ein medisinsk rådgjevar i allmennmedisin i 50%. I avdelinga er det vidare ein fagutviklar sjukepleiar og ein leiande ambulansekoordinator. Frå medio 2018 blir det innført ein vaktleiarfunksjon i AMK. Vaktleiar vil vere til stades på dag, ettermiddag og kveld, og ha bakvakt natt. Vaktleiar skal kunne tre inn og avlaste operatørar på vakt, spesielt koordinator 1 som har ansvaret for LA koordinering i AMK Stavanger, når denne yt flight following. Alle som driv flight following er utdanna iht KoKom modul 6. AMK Stavanger inngår som eit sentralt element i beredskapsorganisasjonen i Helse Stavanger og har månadlege møter med beredskapsavdelinga, samt dagleg kontakt mellom vaktleiar AMK og beredskapsvakt.

Helse Førde Helse Bergen Helse Fonna Helse Stavanger

Innbyggjarar 110 000 451 129 180 000 360 310

Tal 113 9 791 44 885 15 139 30 520 henvendingar (2017)

113 90,9 99,8 84,3 84,9 henvendingar per 1000 innbyggjar i 2017

Ambulansar 22 døgnbilar 20 Døgnbilar 16 Døgnbilar 15 Døgnbilar

8 dagbilar 8 Dagbilar 2 Dagbilar 2 dagbilar

3 Båtar 1 Båt 1 Legebil 1 Båt 1 Helikopter 1 Helikopter 1 Båt 1 Helikopter 8 Reservebilar 1 Helseekspress (Haugesund- Bergen)

Andre helikopter- Redningshelikopter Redningshelikopter ressursar (Florø) (Sola)

Spesialfunksjonar Vakt/kontakt telefon R-AMK for Helse Vest ved AMK for hyperbarmedisin

Meldepunkt for melding om brannskader på nasjonalt og internasjonalt nivå

Meldepunkt for UD sitt innsatsteam med helsefaglig kompetanse til internasjonal innsats

15

AMK-Førde AMK-Bergen AMK-Haugesund AMK-Stavanger

Årsverk i AMK 18,6 årsverk 32 årsverk 12,5 årsverk 28 årsverk sentralen

Tal tilsette og 24 1 leiar 100 % 1 funksjonsleiar 1 Avdelingssjef 100 stillingsprosentar 100 % % 1 seksjonsleiar 1 ass.leder/rådgjevar 100 % 100 % Stillingsprosentar 1 leiande ambulanse varierer ut i frå koordinator 100 % Fagutviklar 2 fagutviklarar, spl, 30 interne førehald % 1 fagutviklar 100 % Teknisk rådgjevar Tal tilsette og 1 fagutviklar, gjennomsnittleg 2 sjukepleiarar 100 3 har 50 % stilling ressurskoordinator stillingsprosent % i AMK, øvrige 60- (60 % frikjøpt) varierer ut i får 100 % interne forhold 6 sjukepleiarar 75% 19 x 100 % i AMK 3 25 med > 50 % i AMK ressurskoordinatorar (av disse er 21 100 % kombinasjonsstillingar med ambulanse, tilsett 1 medisinsk fagleg i AMK) ansvarleg 20 %

1 medisinsk rådgjevar beredskap 20 %

1 medisinsk rådgjevar allmennmedisin 50 %

47 tilsette i ambulanseavdelinga og akuttmottak rullerer inn i AMK i 25 – 33 % av sin stilling i respektive avdelingar

Tilsette 24 44 ? 60 operatørar

Tal henvendingar 408 1020 ? 509 per operatør

Operatørar dag – 3-4 (3*) 7 (4)** 3 (+1)* 4 (4) Tabellkvardag 1. Nøkkelinformasjon (helg) om AMK-sentralane i Helse Vest

Operatørar kveld 3 (2) 5-7 (4)** 2 (+1)* 4 (4) – kvardag (helg)

Operatørar natt 2 (2*) 4 (4) 2 (+ 1)* 4 (4) (helg)

For Førde*: Tilkallingsmoglegheit /beredskap ved større hendingar (sjukepleiar frå akuttmottaket) For Bergen: ** To av operatørane bemannar ambulanse om det er normal drift i sentralen. For Fonna*: Moglegheit til å kalle inn sjukepleiar fra akuttmottaket inn i AMK Tabell 2. Årsverk og bemanning ved AMK-sentralane i Helse Vest

Tabell 2 gjev ei oversikt over tal på årsverk kvar av AMK sentralane har, og korleis sentralen er bemanna.

AMK Førde har totalt 18,6 årsverk fordelt på 24 tilsette (stillingsprosentar 60-100 %), og alle operatørar kan drive LA koordinering og flight following. 3 tilsette fordelt på 1,5 årsverk jobbar 50/50 i AMK og i ambulansen. AMK i Førde bemannar vidare ein dagambulanse i Førde måndag til fredag med ein person som eit prøveprosjekt i 2018, dette utgjer ein liten del av kvar tilsett sine vakter. Vakthavande luftambulanselege er AMK-lege. Første back-up er vakthavande anestesilege ved redningshelikopteret i Florø, andre back-up er vakthavande overlege anestesi ved Førde sentralsjukehus.

AMK Bergen har totalt 30 årsverk i sentralen, av dei har 26 personar opplæring i LA koordinering og flight following. 25 personar (12,5 årsverk) har kombinasjonsstillingar. Av desse rullerer 4 tilsette (2 årsverk) mot akuttmottak og 21 tilsette (10,5 årsverk) mot ambulanse. Det er lagt opp til ein rulleringsmodell der ein rullerer tre og tre veker, slik at ein jobbar 100% i dei vekene ein er til stades i AMK. To AMK-operatørar (har ambulansekompetanse) bemannar ein ambulanse på dagtid og to kveldar i veka på kvardagar dersom det er normal drift i sentralen, men blir raskt trekt inn om det er behov for fleire operatørar. Vakthavande luftambulanselege dekker AMK-lege funksjonen. Om det ikkje er mogleg å komme i kontakt med luftambulanselege blir vakthavande anestesilege kontakta. Om legen er opptatt eller utilgjengeleg blir det alltid utnemnt ein ny AMK-lege. Hausten 2018 vert dette utvida med ei ekstra beredskapsordning med anestesilegar som blir prehospital back-up for luftambulanselegen ved transportar til og frå Flesland og langvarige kuvøseoppdrag. Vakthavande legar ved ulike sjukehusavdelingar møter i AMK ved behov.

AMK Haugesund har totalt 12,5 årsverk. Operatørane rullerar opp i mot akuttmottak og koordinatorar opp i mot ambulansetenesta. AMK-legefunksjonen blir ivaretatt av lege på vakt i legebil frå 07.30-15.30. I vakttid er det intrahospital anestesi forvakt som ivaretek denne funksjonen.

AMK Stavanger har totalt 28 årsverk, derav 23 personar som er utdanna til -og driv luftambulansekoordinering i dag. 13,5 årsverk er tilsett i AMK, dei resterande er tilsett i ambulanseavdelinga og akuttmottak. Av desse er det 26 sjukepleiarar som er tilsett i akuttmottak og rullerar inn i AMK i 25 – 30 % av si stilling kor dei dekkjer den eine medisinske operatøren 24/7 med unntak av dagvakt tysdag. 21 ambulansekoordinatorar rullerar inn i frå ambulanseavdelinga og har ca. 33 % av si stilling i AMK. Begge faggruppene har samanhengande teneste i AMK når dei rullerar inn der. Den andre medisinske operatøren blir dekka av sjukepleiarar med 75 – 100 % tilsetjing i AMK. AMK lege-funksjonen vert ivaretatt av den vakthavande luftambulanselegen i første linje. Når luftambulanselegen er opptatt eller ikkje tilgjengeleg, trer AMK-lege bakvakt automatisk inn. Denne rolla er bemanna 24/7 av lege tilsett i prehospital klinikk med luftambulanse/prehospital erfaring, og inngår også i Helse Stavanger si beredskapsvarsling 24/7. AMK lege bakvakt skal kunne møte i AMK

17 sentralen på kort varsel. Ordninga er under revisjon, og det blir vurdert å gjere AMK- lege bakvakt om til førstelinje AMK-lege for å imøtekomme tilrådinga frå Helse- og omsorgsdepartementet i utredninga «Sentrale elementer vedrørende organisering av AMK-sentralene», kap. 9. Dette vil kunne gje AMK ein meir stabil og meir føreseieleg legeressurs.

4.2 Regionale og nasjonale funksjonar ved sjukehusa i Helse Vest I mandatet for arbeidet er arbeidsgruppa bede om å sjå på kapasitet og kompetanse for pasientbehandling på ulike lokasjonar. Tabell 3 gjev ei oversikt over sentrale funksjonar som dei ulike helseføretaka har, samanlikna med dei helseføretaka som har eller skal ha AMK-LA funksjon i dei andre regionale helseføretaka. Førde og Haugesund har ingen av desse funksjonane.

UNN St. Olavs OUS Stavanger Bergen Førde Haugesund

Traumesenter x x x x

R-AMK x x x x

Regionsjukehus x x x x

Behandling av Regionalt Regionalt Regionalt Nasjonalt kompliserte ansvar ansvar ansvar ansvar brannskader

Behandling av x x x (x)* x nevrokirurgiske skader

Hjerte-lungemaskin x x x x

Hyperbarbehandling x x x

PCI x x x x x

Trombektomi ved x x x x x hjerneslag

Tabell 3. Samanlikning av SUS og HUS med føretaka med AMK-LA-funksjon i dei andre RHF-ane * Helse Stavanger har tilbod om akutt nevrokirurgi ved hovudskader og hjernebløding, med unntak av subarachnoidalblødning (SAH)

Arbeidsgruppa har identifisert at mellom anna R-AMK funksjon og regionsfunksjonar som traumesenterfunksjon kan ha betyding for kor AMK-LA funksjonen skal være.

4.3 R-AMK-funksjonen i Helse Vest Akuttmedisinforskrifta §14e påleggjer dei regionale helseføretaka å fastsette kva for ein AMK sentral som skal ha det overordna koordineringsansvaret for regionen (R-AMK). Der er ikkje ytterlegare forskriftskrav eller klare føringar som skildrar oppgåvene til R- AMK, dette har vore lagt til dei aktuelle sentralane sjølve å definere. Temaet blei 27.8.2018 behandla i det interregionale fagdirektørmøtet. Her blei det slått fast at R- AMK sentralar gjennom samarbeid med R-AMK i andre regionar kan klargjere rutinar for å ivareta R-AMK sitt koordineringsansvar.

Status R-AMK i 2018 I Helse Vest har AMK Stavanger vore R-AMK frå 2002. Funksjonen har i Helse Vest, som i resten av landet vore lite definert, og i 2018 er det fortsatt slik at R-AMK funksjonen i Helse Vest ikkje har ei god nok beskreve rolle i høve større og krevjande operative hendingar. Dei lokale AMK-sentralane har og som regel sjølv teke ansvar for sine aksjonar, også der dei krev ressursar frå andre helseføretak. Einaste konkrete oppgåve er at R-AMK held oversikt over tilgjengelege sjukehussenger i andre regionar, og dei andre AMK-sentralane kan innhente informasjonen ved behov.

R-AMK har heller ikkje oppgåver på systemsida for regionen (t.d. arbeid med å samordne rutinar/prosedyrar eller anna fagutvikling, evalueringar) eller innanfor utviklingsarbeid. Der er ikkje etablert faste kontaktpunkt mellom R-AMK og dei andre AMK-sentralane.

4.4 Regional traumesenterfunksjon Regionalt traumesenter tek i mot og behandlar dei mest alvorlege skadde pasientane i regionen. Haukeland Universitetssjukehus har traumesenterfunksjon i Helse Vest. Dette inneber at sjukehuset har det mest omfattande kirurgiske tilbodet i regionen (nevrokirurgi, thoraxkirurgi, brannskadeavsnitt, omfattande intensivmedisinsk tilbod inklusive hjarte-lungemaskin osb). Traumesenteret i Helse Bergen har også overordna ansvar for kvalitetssikring av handteringa av hardt skadde pasientar i Helse Vest.

I Revidert nasjonal traumeplan heiter det at: «Alvorleg skadde pasientar skal raskast mogleg til eitt av landets fire traumesenter, og dei mindre alvorleg skadde skal til akuttsjukehus med traumefunksjon. Dersom det er meir enn 45 minutt transporttid til næraste traumesenter transpoterast den alvorleg skadde pasienten til næraste akuttsjukehus med traumefunksjon». Medisinske vurderingar vil i kvart enkelt tilfelle avgjere om og kor traumepasientar skal transporterast etter standardiserte retningslinjer for destinasjon.

Bruk av luftambulanse- og/eller redningshelikopter er sentralt for traumepasientane, enten ved at ein flyg direkte frå skadestaden til regionssjukehuset (primærtransport) eller som overføring frå anna sjukehus etter initial stabilisering/behandling (sekundærtransport). Traumesenterfunksjonen bidreg til at Haukeland Universitetssjukehus har størst pasientstraum inn til sjukehuset med luftambulanse, for fleire detaljar sjå figur 3 i kapittel 5.

19

5. KVA VIL DET INNEBERE Å HA KOORDINERING OG FLIGHT FOLLOWING ANSVAR I HELSE VEST?

5.1 Forventa aktivitet Figur 1 syner mengde henvendelsar om ambulansehelikopter til dei ulike AMK- sentralane med ambulansehelikopter 2016-2017. Den siste søyla viser kor mange henvendingar ein AMK-LA i Helse Vest må pårekna årleg (basert på snittal). Ein sentral må rekne med å handtere 3210 henvendingar årleg, noko som svarar til 8,8 henvendelsar per døgn.

Figur 1. Mengde henvendingar om ambulansehelikopter 2016-2017

Henvendingar om ambulansehelikopter vil berre utgjere ein liten del av jobben knytt til koordinering og flight following. Det meste av arbeidet vil vera knytt til flight following av flyginga helikoptra gjer. Figur 2 syner gjennomførte ambulanseoppdrag med helikopter per år per base, 2016-2017. Den siste søyla viser kor mange oppdrag dette i snitt vil utgjere for éin AMK LA sentral (1976 oppdrag årleg). Med dette talgrunnlaget vil det innebere at éin AMK LA må gjere flight following av 5,4 oppdrag i snitt per døgn. For AMK Bergen inneber dette omlag 3,2 gonger fleire oppdrag å gjere flight following av. Stavanger vil måtte utføre flight following av 2,3 gonger fleire oppdrag enn det dei gjer i dag. AMK Førde vil få den største auken med omlag 4 gonger fleire oppdrag å gjere flight following for.

Per døgn: 1,7 2,3 1,4 5,4

Figur 2. Gjennomførte ambulanseoppdrag med helikopter per base 2016-2017

Det er viktig å være merksam på at ein også skal ha kontroll på redningshelikoptera og desse sin aktivitet inn mot sjukehusa. I 2017 blei det utført 101 ambulanseoppdrag med redningshelikopter i Helse Vest.

Figur 3 gjev ein oversikt over landingar med ambulansehelikopter og redningshelikopter ved sjukehusa, som ikkje høyrer heime ved sjukehuset. Det vil seie at dette er landingar som er gjort av fartøy som ikkje er stasjonert ved helseføretaket. Dette viser vi for å illustrere omfanget av andre flygingar som kjem inn til sjukehuset, som ein i tillegg til eige helikopter må ha oversikt over. Det er Helse Bergen som har flest landingar ved sjukehuset med eksternt helikopter. I tillegg til å drive flight following for 631 gjennomførte oppdrag i 2017, må AMK i Helse Bergen kvart år også ha kontroll på omlag 298 eksterne landingar i året (dette til svarar 0,8 landingar per døgn). At det er så mange fleire eksterne landingar i Helse Bergen samanlikna med dei andre heng saman med at Haukeland er regionssjukehus. Summen av arbeidet med henvendingar, flight following og landingar med helikopter kan sjåast på som den totale belastninga som LA- AMK får. I tillegg til landingane på Helipad på Haukeland, vil det vere ei ekstra flyging til Grønneviksøren for å fylle drivstoff før eksterne luftambulansar kan returnere.

Figur 3. Landingar med eksternt helikopter (stasjonert ved anna HF) per sjukehus i 2017

21

Ein ting er kor mange oppdrag ein må gjere flight following for, ein annan ting er kor mange legg kvart oppdrag har. Kvart oppdrag kan ha fleire legg. Legg er definert som kvart strekk ein er i lufta. La oss seie at eit helikopter tar av frå basen sin og til ein ulykkesstad for å hente ein pasient, og ein flyr så tilbake til sjukehuset, og vidare til basen etter at pasient er levert. Dette oppdraget vil då ha tre legg. Mengde legg gjev oss endå eit nærare innblikk i framtidig arbeidsbelastning for éin AMK-LA, sidan kvart legg må ha flight following. Frå figur 4 ser ein at ein kan forvente at det i snitt vil vere 4893 legg i året ein må gjere flight following for.

Figur 4. Mengde flylegg per år i snitt (2015-2017)

Dette tilsvarar 13,4 legg per døgn. Figuren viser også gjennomsnittleg tid per legg. Bergen og Stavanger har begge ei snittid på 18 minuttar per legg, medan Førde har lengre avstandar og ei snittid på 26 minuttar. For éin AMK-LA vil kvart legg i snitt ta nærmare 20 min (19 minutt og 56 sekund). Denne tida er basert på eit vekta gjennomsnitt.

Det er viktig å være merksam på at det ikkje berre er ambulanseoppdraga ein skal gjere flight following for. All flyging skal ha flight following, så AMK-LA må også følgje opp alle treningsturar frå samtlege basar, også det som måtte vere av teknisk flyging. Tabellen under viser ei oversikt over alle flygingar kvar base har gjort (snittal frå 2015-2017), og kor stor del kvar type flyging utgjer. Førde skil seg ut ved å ha ein større del treningsflygingar samanlikna med dei andre. Den gjennomsnittlege flytida er også høgare enn ved dei andre basane. I løpet av eit år vil det i Helse Vest totalt vere rundt 1896 timar og 39 minuttar eit helikopter i lufta som vil trenge flight following. Det er her verdt å merke seg at nokon av helikoptera vil vere i lufta samtidig, i denne berekninga har ein berre summert opp total flytid per base.

Bergen Stavanger Førde Ein AMK LA Tal flygingar 865 1042 744 2651 Luftambulanse 84 % 86 % 79 % SAR 4 % 1 % 3 % Teknisk 2 % 3 % 3 % Trening 10 % 10 % 15 % Total flytid 554:30:40 638:50:40 703:17:40 1896:39:00 Snittid per flyging 00:38 00:36 00:56 Snittid per døgn 1:31:09 1:45:01 1:55:37 5:11:47 Tabell 4. Total flytid og føremål

5.2 Døgnprofil Det må avsetjast tilstrekkeleg med bemanning til å løyse oppgåvene som vil følgje med AMK-LA. Mengde flygingar som vil krevje flight following kan variere gjennom døgnet og gjennom veka. Det vil også vere situasjonar der det vil vere fleire helikopter i lufta samtidig.

Figur 5 gjev ein oversikt over gjennomsnittleg mengde flybevegelsar per klokketime gjennom heile døgnet frå 2015-2017. Aktiviteten byggjer seg opp frå ca. 8 om morgonen og fram til 15 tida, for så å avta i løpet av ettermiddagen og kvelden.

Gjennomsnittleg mengde flybevegelsar per klokketime 2015- 2017 450 400 350 300 250 Stavanger 200 Førde 150 Bergen 100 50 0 00 01 02 03 04 05 06 07 08 09 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23

Figur 5. Fordeling av flybeveglsar per klokketime gjennom heile døgnet (2015-2017).

Figur 6 viser ein oversikt over fordelinga av flybevegelsar per vekedag (gjennomsnitt for 2015-2017). I snitt er det flest bevegelsar om søndagen, og laurdagen. Det er ellers liten variasjon mellom dei andre dagane.

23

Gjennomsnittleg mengde flybevegelsar per vekedag 2015-2017 900 800 700 294 319 600 251 257 250 500 230 256 Stavanger 400 Førde 228 223 212 184 300 178 179 192 Bergen 200 273 100 224 209 223 220 238 260 0 Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag Lørdag Søndag

Figur 6. Fordeling av flybevegelsar per vekedag (2015-2017)

Tal på hendingar med 1, 2 og 3 helikoptre i lufta samtidig per time i snitt for 2015-2017 300

250

200 1 150 2 100 3

50

0 00 01 02 03 04 05 06 07 08 09 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23

Figur 7. Tal på hendingar med eitt, to eller tre helikopter i lufta samtidig (2015-2017).

Figur 7 gjev ei oversikt over tal på hendingar med eit, to eller tre helikopter i lufta samtidig per klokketime i snitt for 2015-2017. Når det til dømes er tre helikopter i lufta samtidig, er dette rekna som ei hending, det same når det er to eller eit helikopter i lufta. Ein ser at det er rundt klokka 15 og 16 ein i snitt har hatt flest hendingar med 3 helikopter i lufta samtidig. Mellom 13 og 16 er det i snitt flest hendingar med 2 helikopter i lufta samtidig. Mellom 12 og 13 har det vore flest hendingar med eit helikopter i lufta.

5.3 Erfaringar/læring frå andre RHF som har gjennomført omlegging til ein AMK-LA sentral Helse Sør-Øst starta i 2013 eit prosjekt som vurderte kor mange koordineringssentralar ein skulle ha for luftambulansar i regionen. Delprosjektet «Etablering av en AMK-LA sentral» var ein del av eit større regionalt prosjekt kalla «Videreutvikling av prehospitale tjenester». Utgangspunktet var oppfølging av 22.juli, og identifiserte risikomoment knytt til dagens flight following, samt eit ønske frå Helse Sør-Øst om å redusera AMK- LA sentralane til èin. Prosjektet førte til ei slutning om å etablere ein koordineringssentral for LA i Helse Sør-Øst nærmare bestemt ved regionssjukehuset/R- AMK, AMK ved Oslo Universitetssykehus. AMK-LA Oslo har vore i operativ drift sidan august 2016, og dekkjer eit område med 2,9 millionar innbyggjarar. Sentralen koordinerer og gjer flight following av fem ambulansehelikopter fordelt på fire basar. Sentralen har også ansvar for å koordinere legebilen knytt til redningshelikopteret på Rygge. I 2017 var det 4 399 luftambulanseoppdrag i regionen.

AMK-LA Oslo skildrar erfaringane med å ha éin sentral som gode. Dette er med bakgrunn i at ein har dedikerte operatørar som har LA- koordinering og flight following som hovudoppgåve. Stor oppdragshandtering gjev betre kontinuitet og betre kvalitet i arbeidet med koordinering og flygeleiing. AMK-LA Oslo har jobba ut i frå ein bemanningsmodell der ein har færrast moglege og i størst mogleg grad fulle stillingar for å sikre tilstrekkelig kompetanse, mengdetrening og øving. Dedikerte operatørar har medført færre operatørar slik at aktørane både i AMK-LA og luftambulansetenesta kjenner kvarandre.

Det har ellers også vore viktig at LA koordinatorane og operatørane sit i same rom som resten av AMK, men tilbaketrekt i ein ende av lokalet. Ved å ha ein koordinerande sentral, oppnår ein betre oversikt over alle LA-ressursane i regionen, og dette har vore tidssparande i forhold til å velje næraste ressurs. Dei ulike AMK-sentralane som ikkje har ambulansehelikopter sjølve treng ikkje lengre å «shoppe» rundt etter helikopter. I tillegg aukar flytryggleiken når det er fleire ressursar i same område. Operatøren NLA AS opplyser om at dei har merka stor forbetring og profesjonalisering i forhold til koordinering og flight following i Helse Sør-Øst. Innleiingsvis hadde ein ikkje eit fastsett opplegg for å gjere evalueringar med aksjons AMK-ane i regionen for å vurdere om ein har nytta rett ressurs. Dette er vektlagd no, og det er etablert jamlege møter for dette. Det er vurdert som viktig i utvikliga framover.

Det har vore eit stort fokus på opplæring, prosedyrar og tidsbruk. Kravet er at AMK-LA skal varsle aktuell luftambulanse innan 2 minuttar, etter at bestillinga om luftambulanse er motteken frå lokal AMK. Erfaring viser at dette ikkje er noko stor utfordring, og ein har slutta å måle på dette spesifikt. Mediantid per februar 2017 var på 36 sekundar.

25

6. ROS-ANALYSE

Prosjektgruppa har gjort ei ROS-analyse av å sentralisere AMK-LA til èin sentral (sjå vedlegg 1 for ROS-analysen i sin heilheit) , og har vore gjennom ein grundig prosess i samband med å skildre ulike risikomoment. Det er også foreslått risikoreduserande tiltak. ROS-analysa er gjort med utgangspunkt i eit hovudmål, og det er «Betre og tryggare forvaltning av LA ressursane i Helse Vest – Betre fordeling av ressursar, betre styring og betre koordinering av berdeskapssituasjonar».

Ut i frå dette hovudmålet er det identifisert kritiske suksessfaktorar og kva risiko det er for manglande måloppnåing. Samla sett er risikoen ved å overføre AMK-LA funksjonen til èin AMK-sentral i Helse Vest ansett for å vere middels med bakgrunn i dei skisserte tiltaka. Det som er sett på som mest kritisk er om ein skulle ende opp med ein AMK-LA sentral som ikkje er i stand til å gjere jobben som ein koordinerande sentral, til dømes på grunn av manglande tekniske løysingar, eller tekniske system som ikkje fungerer.

Sannsynet for dette er lite, men konsekvensen av det ville vere svært alvorleg. Det er også vurdert som kritisk om ein skulle mangle ei klar rolle- og ansvarsfordeling, og om det skulle mangle skildringar på dette. Det er difor svært viktig at aksjons AMK blir respektert, og ein må sikre felles prosedyrar, rutinar og retningslinjer. Alle avgjersler bør forankrast og formidlast. Nettverk må etablerast, og eksisterande nettverk må oppretthaldast. Prosjektgruppa er også bekymra for at ein skal mangle nokon til å ta intern overflow. Ein må derfor sørge for at det blir gjort avtalar om dette, og kven som kan løyse oppgåva. Den som skal steppe inn må ha tilstrekkeleg kompetanse. Det er viktig at fleire kan gjere denne jobben slik at ein ikkje blir ståande med sårbar bemanning.

27

7. KONSEKVENSAR

7.1 Konsekvensar for utkalling/utalarmering: Moglege tidseffektar Arbeidsgruppa forventar nokre effektar på tidsbruk i høve utkalling og utalarmering ved å samle LA-koordineringa til éin AMK-sentral i Helse Vest:

- Redusert forseinking/dobbeltutkall i grenseområda: I dag vil til dømes AMK Førde primært alarmere LA Førde ved ei alvorleg hending i sitt grenseområde mot Bergen, sjølv om hendinga er litt nærare Bergen. Ved tvil alarmerer ein også AMK Bergen som eventuelt kallar ut LA Bergen. Når begge helikoptera er aktiverte, vel ein det som kjem først fram. Når LA-koordineringa vert samla i éin AMK-LA-sentral i Helse Vest, vil LA-koordinatorane ha full oversikt over tilgjengelege helikopter og kor desse er, og ein vil unngå denne type forseinking og dobbeltutrykking. Det reduserer samstundes tenestetida for ein av dei to helikopterbesetningane.

- Redusert hyppigheit av «utflydde» helikoptercrew: Med éin AMK-LA sentral vil LA-koordinatorane kjenne forventa varigheit av alle pågåande oppdrag, men også kor lang tid ulike helikoptercrew har att før dei er «utflydd» på tid og må få kvile. God koordinering av ein samla helikopterflåte inneberer at ein kallar ut det helikopteret som har att mest tilgjengeleg tid i tilfelle der helikopter frå to basar vil vere like raskt framme til pasienten/hendinga. Ein ynskjer minst mogeleg «utflyging» av omsyn til beredskapen, men også av omsyn til helikoptercrewa og deira arbeidsbelastning.

- Tidstap ved utalarmering: Det vil vere eit visst tidstap ved utalarmering når ein AMK-sentral må kontakte AMK-LA for å få utalarmert helikopter i eige HF. Det har vore ei uro omkring dette ved etablering av AMK-LA i Sør-Øst, men ein har sett over tid at det er få sekunds tidstap ved utalarmering sjølv om AMK- sentralane no må via kontakt med ein sentral AMK-LA for helikopter. Median tidsbruk var 36 sekund i februar 2017 (sjå punkt 5.3).

- Redusert tidstap av å måtte kontakte fleire AMK-sentralar: AMK Haugesund kontaktar i dag AMK Bergen eller AMK Stavanger for å få kalla ut luftambulanse til pasientar i sitt område, og først vel ein den AMK-sentralen som har kortast veg til den aktuelle hendinga. I dei tilfella helikopterressursen i Bergen er oppteken, må ein gå vidare med å kontakte AMK Stavanger (og vice versa). Dette inneberer forseinking. For AMK Haugesund og pasientar i Helse Fonna sitt område vil difor éin AMK-LA sentral i regionen gje ein forventa tidsgevinst.

- Grenseområda mot Helse Sør-Øst og Helse Midt: Det er vanskeleg å seie om regionale AMK-LA sentralar vil kunne medføre ein tidsgevinst for pasientar i grenseområda mellom helseregionane. Ein kan sjå for seg at eit godt samarbeid mellom dei fire regionale AMK-LA sentralane vil kunne gje grunnlag for betre koordinering av ressursane nasjonalt. Med ein framtidig samla ressursoversikt i alle AMK-LA vil det vere lettare å velje næraste ressurs også i grenseområda mellom helseregionane.

Samla sett ser arbeidsgruppa fleire fordeler enn ulemper ved å samle LA-koordineringa til éin sentral når det gjeld effektar på tidsbruk. Ein vurderer at punkta ovanfor gjeld uavhengig av kor AMK-LA vert lokalisert.

7.2 Konsekvensar for pasientane Å samle LA-koordinering i éin AMK-sentral vil med grunngjevinga ovanfor (punkt 7.1) truleg gje ein positiv effekt for pasientane i form av ein mogleg liten reduksjon i gjennomsnittleg reaksjonstid. Dette på grunn av betre koordinering av luftambulansetenester for pasientar i grenseområda mellom ulike helikopterbasar sine primære nedslagsfelt, samt for pasientar i Helse Fonna. Ein forventa reduksjon i tal på utmeldingar som følgje av tenestetid («utflyging») vil betre beredskapen og kome pasientar i dei aktuelle områda til gode. Helikopterressursane vil truleg bli betre utnytta. Det er ingen grunn til å tru at dette vil ha negative konsekvensar for pasientane.

Når det gjeld flight following, så vil det ikkje vere merkbart for pasienten om denne funksjonen er fordelt eller samla, heller ikkje vil dei merke frå kva AMK-sentral ein utøver oppgåva. Éin AMK-LA i Helse Vest vil gje betre kvalitet på flight following, og LA- koordinatorane som har betre oversikt over den samla helikoptertrafikken i regionen, og dette vil gi auka tryggleik for både helikopterbesetning og pasientar om bord.

I diskusjonsdelen (kapittel. 8.2.4.) av rapporten blir ulike synspunkt på kor vidt plasseringa av AMK-LA funksjonen har betyding for kvaliteten på LA-koordinering og flight following ved til dømes større hendingar og traumer presentert.

7.3 Konsekvensar for bemanning Arbeidsgruppa si vurdering er at LA-koordinatorfunksjonen vil krevje ein eigen person 24/7. LA-koordinator skal hovudsakeleg drive koordinering av LA-ressursar og ikkje brukast til andre oppgåver som koordinering av bilambulanse eller betjening av 113 samtalar. Dette er viktig for å bevare fokus på primæroppdraget som er å bidra til auka tryggleik i luftambulansetenesta. Det gjer det likevel ikkje umogleg at LA-koordinator kan utføre mindre oppgåver i eigen AMK mellom luftambulanseoppdraga. For å sikre ekstra kapasitet bør AMK-sentralen som får oppdraget ha moglegheit, i alle fall på dagtid, til å ha ytterlegare ein person tilstades i vaktlaget som kan assistere LA koordinator ved spesielt stor trafikk. Dette harmoniserer med erfaringa frå Oslo, der vaktleiar er back-up.

29

Ressursbruken knytt til AMK-LA funksjonen vil vere lik uavhengig av lokalisering, og den sentralen som får AMK-LA funksjonen må sørge for å dedikere personal til oppgåvene. Arbeidsgruppa ser ikkje for seg at valet av éin AMK-LA vil kunne leggje til rette for reduksjon i talet på tilsette i nokon av sentralane, sidan koordinering av bilambulansetenesta er den dominerande arbeidsbelastinga for koordinatorane i alle sentralane.

I tilsvarande prosjekt i Helse Midt Norge blei det anslått at ein bør planleggje for ca. 6 stillingar, fordelt på 8-12 tilsette.

Det er semje i arbeidsgruppa om at LA-koordinatorar bør vere tilsett i nærast mogleg 100 % stilling i AMK-LA-sentralen, og dette gjer då kombinerte stillingar med t.d. akuttmottak eller ambulansetenesta uaktuelle. Høg stillingsprosent vil gje vesentleg meir kompetanse/øving og er vurdert å vere sentralt for å sikre kvalitet i både koordinering og flight following. Dette poenget er også framheva av AMK-LA i Oslo.

Arbeidsgruppa har sett på noverande bemanning i dei ulike AMK-sentralane, og ser at alle AMK-sentralane vil måtte auke og/eller omdisponere bemanning for å kunne dekke AMK-LA funksjonen med fulle eller nær fulle stillingar. Dette gjeld altså uavhengig av kor AMK-LA funksjonen blir lokalisert. Slik omstilling vil innebere endra arbeidsoppgåver og tilsettingsforhold for tilsette. I nokre AMK-sentralar vil det også få budsjettmessige konsekvensar på grunn av auka kostnadar. Kor stor bemanningsauke eller i kva grad omdisponering av personell må til, varierer mellom dei ulike AMK- sentralane. Dette kjem vi tilbake til i kapittel. 8.2.2.

AMK Førde, AMK Bergen og AMK Stavanger har gjennomført opplæring av AMK personalet som utfører LA-koordinering og flight following i dag. Minstekravet for utdanning er dermed på plass her. I den AMK-sentralen som får tildelt AMK-LA funksjonen, må ein opprette ein kompetanseplan for AMK-LA koordinatorar som inneheld krav til simulatortrening med og utan LA-crew og krav til hospitering (LA, ambulanse, Air traffic control , Hovudredningssentralen. Sentralen må setje av tilstrekkeleg tid til opplæring, fagdagar og hospitering.

7.4 Konsekvensar for reserve AMK-LA funksjonen i Helse Vest AMK-sentralane i Hele Vest har i dag veletablerte reservefunksjonar seg i mellom. Overflow er naudsamtalar som ikkje vert svara på innan 20 sekund. Desse vert overført til ein annan AMK-sentral. AMK Førde og AMK Bergen tek overflow for kvarandre, og det same gjer AMK Haugesund og AMK Stavanger. Dette vil ikkje endrast ved etablering av éin AMK-LA sentral i Helse Vest.

Det mest alvorlege for AMK-sentralane er bortfall av heilt nødvendige funksjonar som telefoni, IKT eller radiosamband. Som skildra ovanfor, vil ein annan AMK-sentral i Helse Vest ta over naudsamtalane (113). Men, ved bortfall av slike sentrale funksjonar for AMK-LA i Helse Vest, vurderer arbeidsgruppa at LA-koordineringa bør gå til ein annan AMK-LA -sentral, dvs. anten AMK-LA Oslo eller AMK-LA . LA-koordinering og flight following er ei spesialoppgåve som krev opplæring og jamleg trening. Dette vil ikkje dei øvrige AMK-ane i Helse Vest kunne oppretthalde over tid når etablering av éin AMK-LA er gjennomført.

7.5 Moglegheit for systematisk evaluering og harmonisering av praksis Med éin sentralisert AMK-LA funksjon, får ein betre mogelegheit til å arbeide systematisk for god ressursutnytting og ein mest mogleg likeverdig tilgang på LA- tenester for befolkninga i regionen. Arbeidsgruppa ynskjer at AMK-LA skal leggje til rette for følgeforskning og evalueringar av verksemda i lag med helseføretaka og luftambulansetenesta sjølv. Dette vil krevje tett samarbeid med relevante forskingsmiljø.

AMK-sentralane har i dag noko ulik praksis når det gjeld utkallingskriterier for luftambulanse. Ei openbar årsak til dette er dei ulike geografiske tilhøva i føretaka. Luftambulanse vert t.d. brukt meir når avstandane er lange. Likevel har ein truleg tilsvarande, som for mange andre helsetenester, også variasjon i bruk utover dette.

Harmonisering av AMK-sentralane sin utkallingspraksis, samt LA-crewa sin praksis når det gjeld å akseptere eller avvise oppdrag, vil vere ei operasjonalisering av målsetjinga om likeverdige tenester. Når AMK-sentralane og LA-basane gjennom talmateriale og andre data får mogleiken til å samanlikne eigen praksis med andre sin, vil det kunne bidra til å redusere både overforbruk og underforbruk av LA-tenesta. Ein ønska konsekvens av sentralisering kan difor bli at AMK-sentralane, men også LA-legane, gradvis justerer sin praksis.

7.6 Konsekvensar for dei AMK-sentralane som ikkje vil få tildelt AMK-LA funksjonen Når AMK-LA funksjonen vert sentralisert, vil dette ha nokre konsekvensar for dei AMK- sentralane som ikkje har funksjonen.

Tap av arbeidsoppgåver for 2 AMK-sentralar: 3 AMK-sentralar driv i dag LA-koordinering og flight following. To av desse vil miste oppgåva. Som omtala over, vil dette ikkje ha betydning for bemanning, fordi LA-koordinering og flight following ikkje utgjer ein stor del av dei totale AMK-oppgåvene. Likevel vil dei to sentralane miste ei oppgåve som dei tilsette finn fagleg interessant og utfordrande.

Frykt for utarming av fagmiljø: Knytt til punktet ovanfor om tap av arbeidsoppgåver, er det i alle AMK-sentralane ei bekymring som går på at tap av funksjonen kan innebere vidare tap av fagmiljø, eller oppsmuldring av andre oppgåver seinare.

Redusert kontakt mellom LA-crew og lokal AMK: AMK-sentralar utan AMK-LA funksjon vil miste den løpande kontakten med LA-crewa som dei har i dag, og tilsvarande vil dei

31

LA-crewa som i dag har tett kontakt med sin lokale LA-kooordinator, oppleve ei endring når dei no skal forhalde seg til èin sentral AMK-LA.

Arbeidsgruppa viser til gode erfaringar i Helse Sør-Øst der LA-crewa er svært nøgde med kvaliteten på koordinering og flight following, men påpeiker samstundes at det er viktig å legge til rette for formelle og meir uformelle treffpunkt for erfaringsutveksling også ved ny ordning.

Foto: Einar Johan Tveit

33

8. DISKUSJON

8.1 Grunngjeving for at AMK Haugesund og AMK Førde er uaktuelle Arbeidsgruppa har gjennom utgreiingsprosessen kome til at AMK-LA funksjonen i Helse Vest berre er aktuell å tildele AMK Bergen eller AMK Stavanger. AMK Haugesund og AMK Førde når ikkje opp med sine kandidatur, og grunngjevinga er som følgjer:

- AMK Haugesund har ikkje kompetanse eller erfaring med koordinering og flight following av ambulansehelikopter. Tilsette er også i kombinasjonsstillingar med akuttmottak og har difor lågare stillingsandelar i AMK enn i dei øvrige AMK- sentralane i Helse Vest.

- I AMK Førde har ein kompetansen, og driv i dag LA-koordinering og flight following. Ein har også operatørar i høge stillingsprosentar. Men, i Førde er det berre eigen luftambulanse og redningshelikopteret frå Florø som landar. Om AMK-LA blir lokalisert i Førde, vil det ikkje vere mogleg for helikoptercrewa i Bergen og på Sola å treffe LA-koordinator ansikt til ansikt i dei tilfella det er behov for diskusjon om gjennomførte oppdrag, debrief eller anna. Mogleiken for dette er verdsett i luftambulansemiljøet i Bergen og Førde. Stavanger legg lite vekt på dette poenget, og meiner at telefoni og videomøter gjev tilstrekkeleg rom for kontakt. Sjå kapittel. 8.2.5.

- Førde og Haugesund har små AMK-sentralar samanlikna med Bergen og Stavanger. Desto mindre sentral desto meir krevjande kan det vere å kontinuerleg sikre høge stillingsandelar for LA-koordinatorar. Det er vidare ei antaking at ein også tidvis kan oppleve større utfordringar i høve rekruttering og mogelegheit for intern omplassering av AMK-operatørar når sentralen og sjukehuset er mindre. - - Mindre fagmiljø: Verken AMK Førde eller AMK Haugesund har forskingsmiljø knytt til luftambulansetenesta, AMK-sentralane eller dei akuttmedisinske funksjonane ellers. Regionale og nasjonale kompetansesenter ligg ved universitetssjukehusa: RAKOS i Stavanger og KOKOM i Bergen. Kompetanse og tilstrekkeleg robustheit i fagmiljøet må til for at ein med god kvalitet skal kunne arrangere øvingar, drive utviklingsarbeid og forbetre helsetenester. Særleg viktig er tett tilknyting til eit forskingsmiljø. AMK-LA sentralen vil vidare ha behov for samhandling med andre miljø som jobbar med pasienttryggleik, flytryggleik, innovasjon og kompetanseutvikling. Fagmiljøa er så sentrale for kvalitetsarbeid og utvikling, at dette blir hovudargumentet for å velje ein av dei store AMK- sentralane i regionen.

Med denne grunngjevinga har arbeidsgruppa gjennom prosessen samla seg om å leggje vekk AMK Haugesund og AMK Førde som kandidatar til AMK-LA funksjonen i Helse Vest.

8.2 Drøfting av moment relevante for lokalisering av AMK-LA funksjonen i Helse Vest Vidare i rapporten drøftar vi dei momenta som har eller kan ha betyding for valet av lokalisering for AMK-LA funksjonen i Helse Vest, og vi samanliknar berre styrkane ved kandidatura til AMK Bergen og AMK Stavanger, og ikkje AMK-sentralane i Førde og Haugesund. For nokre punkt er arbeidsgruppa einige, mens det er usemje omkring andre. I desse tilfella er ulike syn referert.

I den komande diskusjonen er følgjande poeng heilt sentralt: I dei andre regionale helseføretaka ligg R-AMK funksjonen i regionssjukehusa som har traumesenterfunksjon og som er dei store universitetssjukehusa i regionane. Det gjeld St. Olavs Hospital i Helse Midt RHF, UNN i Helse Nord RHF og OUS i Helse Sør-Øst RHF. Her ligg ein vesentleg skilnad i høve Helse Vest RHF kor vi har regionsjukehus og traumesenter ved Haukeland Universitetssjukehus i Bergen, mens R-AMK funksjonen er lagt til vår region sitt andre universitetssjukehus: Stavanger Universitetssjukehs (SUS) i Stavanger.

Dette inneberer at ein i Helse Vest vil måtte foreta eit val mellom å samlokalisere AMK- LA funksjonen med traumesenteret/regionssjukehuset (Bergen) eller med R-AMK (Stavanger). Nytten av å samlokalisere med R-AMK versus nytten av å samlokalisere med traumesenteret har difor vorte eit hovudspørsmål for prosjektgruppa.

8.2.1 Fagmiljø Eit godt akuttmedisinsk fagmiljø vil truleg vere med å styrke AMK-LA funksjonen, og i så måte vere viktig for AMK-LA sentralen. Både AMK Stavanger og AMK Bergen har sterke fagmiljø i sine AMK-sentralar, og begge høyrer til avdelingar/klinikkar med fokus på akuttmedisinsk fagutvikling. Begge sentralane har også veletablerte system for utdanning og kompetanseutvikling av AMK-operatørar og LA-koordinatorar.

Fagmiljøet tilknytt AMK Stavanger: Avdelinga/klinikken samarbeider med lokale, regionale, nasjonale og internasjonale partnarar når det gjeld utviklingsarbeid og innovasjon, mellom anna innan simulering/øving. Det er etablert flysimulator for luftambulansetenesta på Sola, og her tilrettelegg ein no også for etablering av eit tilknytt AMK-rom. Regionalt akuttmedisinsk kompetansesenter i Helse Vest (RAKOS) er lokalisert ved SUS, og er ein del av prehospitalklinikk. RAKOS driv kompetanseutvikling og forsking, og skal bidra til større samordning, faglig utvikling og samarbeid innan fagområda ambulanse, luftambulanse, beredskap og medisinsk naudmeldeteneste i regionen. Fagmiljøet samarbeider med pasienttryggleiks- og tryggleiksmiljøet på UiS, og den akuttmedisinske forskargruppa ved SUS består av legar med forskningskompetanse (ph.d) og akademiske stillingar ved UIS og UIB, som i hovudsak er knytt til luftambulansen ved SUS og prehospitalklinikk.

Fagmiljøet tilknytt AMK Bergen: UiB og avdelinga sitt forskningsmiljø på prehospital akuttmedisin består i stor grad av legar med forskningskompetanse (ph.d.) og

35 akademiske stillingar (professor) i avdelinga. Forskningsaktiviteten er retta direkte mot luftambulanseverksemd. Pågåande PhD-prosjekt omhandlar mellom anna utkallingskriterier i AMK, avviste oppdrag, gjennomføring av oppdrag og pasientutkome ved luftambulanseoppdrag. Ein har ulike samarbeidspartnarar nasjonalt og internasjonalt, til dømes NKLM/Uni Research (Norsk kompetansesenter for legevaktsmedisin) i Bergen. Forskinga omhandlar utkalling og handtering av akutte hendingar i sfæra mellom legevaktslegar og prehospitale anestesilegar. I Bergen finn ein vidare Nasjonalt kompetansesenter for helsetjenestens kommunikasjonsberedskap (KoKom). Dette kompetansesenteret har i oppdrag å sikre høg kompetanse og likeverdig kvalitet i den medisinske naudmeldetjenesta i heile landet, uavhengig av geografi og rolle i helsetenestene. Den tidlegare omtalte modul 6 (kompetanseplan for koordinering og flight following av ambulansehelikopter) som AMK-sentralane no nyttar, er utvikla ved KoKom.

Vurdering: Både Stavanger og Bergen har fagmiljø som er robuste nok (tal på tilsette med kompetanse innan utdanning, fagutvikling og forsking) til å kunne handtere AMK- LA funksjonen på ein god måte. Fagmiljøa har ulike styrkar.

Begge miljø vil oppleve tildeling av AMK-LA funksjonen som ein «boost» til ytterlegare fagutvikling og forsking.

8.2.2 Robustheit i høve bemanning Prosjektgruppa har gjennomgått dagens bemanning ved AMK-sentralane (sjå kapittel. 4) og AMK Stavanger og AMK Bergen sine planar for bemanning av AMK-LA funksjonen. AMK Bergen: AMK Bergen har størst personalgruppe og fleire tilsette i eller nær 100 % stilling (sjå tabell 2). Årsverk og bemanning ved AMK-sentralane i Helse Vest). Helse Bergen påpeiker at deira leiing og personalgruppe ved AMK-sentralen er svært stabil, og at tilsettegruppa har vel dokumentert kompetanse og erfaring. Tildeling av AMK-LA funksjonen vil difor ikkje innebere ein oppbyggingsfase hjå dei. AMK Stavanger: AMK Stavanger har auka bemanninga frå april 2018 (sjå tabell 2), og frå desember 2018 er ny ordning med vaktleiar på plass. Helse Stavanger påpeiker at dei med dette har reservekapasitet til å kunne handtere AMK-LA oppgåva på kort varsel ved at dagens vaktleiarordning vert omgjort til LA-koordinator. Samanlikna med AMK Bergen har sentralen ein større del tilsette som roterer inn til AMK frå ambulansetenesta og akuttmottak og ergo har låge stillingsprosentar. Det høge talet på tilsette knytt til AMK har gitt ei redundant gruppe tilsette for å sikre bemanning i AMK. Vurdering: Det er semje i arbeidsgruppa om at begge sentralar kan ta på seg AMK-LA funksjonen, og at begge sentralar har god nok organisering, og er store nok til å ha god bemanningsevne. Begge sentralane meiner at dei skal kunne løyse oppgåvene som AMK- LA medfører utan ekstra løyvingar, og at etableringa skal kunne skje raskt.

Sentralane stiller ulikt når det gjeld storleiken av tilsettgruppa, andelen tilsette med hhv. høge og låge stillingsprosentar, kompetansenivå og erfaring. Ein finn ikkje at her er skilnader som ikkje kan kompenserast for. Det vesentlege i denne saka er at begge AMK- sentralane kan sikre fulle stillingar til eit avgrensa tal spesialiserte LA-koordinatorar. Slik sikrar ein tilstrekkeleg kompetanse og mengdetrening. Helse Bergen meiner at AMK Bergen er meir robust. Fleire tilsette i 100% stilling og meir enn dobbelt så mange 113 henvendingar per operatør gjev høg erfaring hjå dei tilsette og det er stor stabilitet i både leiinga og bemanninga. Bergen viser til at Fylkeslegen i Hordaland har gitt avvik blant anna på grunn av lave stillingsprosentar på AMK sentralene i Haugesund i eit nyleg tilsyn4.

8.2.3 R-AMK funksjonen Akuttmedisinforskrifta (§14 d) set krav til dei regionale helseføretaka om å fastsetje kva AMK-sentral som skal ha overordna koordineringsansvar i regionen. For bakgrunn og skildring av status for R-AMK i Helse Vest viser ein til kapittel. 4.3.

I diskusjonen omkring vektlegging av R-AMK som moment for tilråding av lokalisering av AMK-LA, har følgande moment kome fram:

Nasjonale føringar: I rapporten «Sentrale element med hensyn til organisering av AMK- sentralene» vart det tilrådd å plassere AMK-LA ved R-AMK og at R-AMK bør organiserast i tilknyting til regionens universitetssjukehus. Dei andre regionale helseføretaka har som nemnt tidelegare beslutta å leggje AMK-funksjonen til regionssjukehusa med R- AMK funksjon.

Nasjonal traumeplan frå 2016 anbefalte at R-AMK vert plassert ved regionssjukehusa der traumesenter og andre regionale funksjonar er lokalisert. I dei tre andre helseregionane ligg R-AMK også ved regionssjukehusa som inneheld traumesentera. Sjå oversikt i tabell 3. Her ligg den omtala skilnaden til Helse Vest som har regionssjukehus og traumesenter ved Haukeland Universitetssjukehus i Bergen, mens R-AMK funksjonen er lagt til universitetssjukehuset i Stavanger.

Noverande rolle for R-AMK: Både i Helse Vest og i dei andre regionale helseføretaka er det noko uklart kva oppgåver som konkret skal ligge til R-AMK og kva dei ulike AMK- sentralane skal ta seg av sjølve. På grunn av at dette er uklart har ikkje R-AMK funksjonen i Helse Vest fungert tilfredsstillande. Eit av føremåla til R-AMK har vore å bidra med strategisk støtte ved større hendingar og aksjonar. Sidan det overordna mandatet ikkje eksisterar er det overlate til dei lokale AMK-sentralane å innarbeide R- AMK i sine prosedyrar og nytte seg av R-AMK når dei meiner det er behov for det. Ved mangel på eit styrande mandat har heller ikkje R-AMK si rolle knytt til systemarbeid som koordinering av utdanning/opplæring, prosedyrearbeid eller IKT-løysingar fungert godt i regionen. Trass i dette har samarbeidet mellom R-AMK sentralane i Noreg fungert godt på dette området (R-AMK forum).

4 https://www.helsetilsynet.no/tilsyn/tilsynsrapporter/hordaland/2018/helse-fonna-hf-haugesund-sjukehus-amk- haugesund-2018/ ).

37

Framtidig rolle for R-AMK: Det går føre seg ein diskusjon om kva R-AMK-funksjonen skal innebere i framtida. R-AMK sentralane i dei ulike regionane har ein ambisjon om å få eit klarare mandat for R-AMK for å få ei tydeleg rolle. R-AMK forumet drøfta sjølv funksjonar i juni 2018, og det er i forumet semje om at R-AMK sentralane bør kunne bidra med operativ støtte til dei lokale AMK-sentralane i situasjonar der lokale AMK- sentralar ber om støtte (i høve felles prosedyre for samarbeid mellom R-AMK og lokal AMK-sentral)5. Vidare bør dei ha koordineringsansvar innanfor eigen region når det gjeld utvikling av heilskaplege system og prosedyrar, samordning av prosedyrar og kodeverk og gjennomføring av AMK-kurs. Dei bør også bidra til utvikling av heilskaplege system for medisinsk naudmeldeteneste, samt ta initiativ og bidra til at det blir utarbeida samsvarande prosedyrar for tverrgåande samarbeid mellom AMK sentralane i eigen region, og bidra til å samordne prosedyrar over regiongrenser. R-AMK bør også vere regional koordinator for opplæring av AMK-operatørar og bidra til fagutvikling, opplæring og forsking.

Om R-AMK får eit tydelegare mandat, og klarar å leve opp til ambisjonane dei har, kan det vere nyttig å ha AMK-LA samlokalisert med R-AMK. Prosjektgruppa ser potensialet for nyttige synergiar mellom AMK-LA og ein framtidig veldefinert R-AMK funksjon når det gjeld overordna regional koordinering, tilbod om hjelp til dei andre AMK-sentralane ved større aksjonar og arbeid med samordning av rutinar, opplæring med meir. Prosjektgruppa meiner at bidrag frå R-AMK i andre sentralars aksjonar vil avhenge av ny IKT-løysing i AMK som støttar at fleire sentralar er involvert dynamisk i same aksjon.

Helse Stavanger påpeiker at det å lokalisere AMK-LA funksjonen i Stavanger vil medverke til å styrke R-AMK funksjonen og gje synergiar i arbeidet med regional beredskap og strategisk styring av regionale ressursar som t.d. luftambulanse. Ved å samle funksjonane på éin stad, vil R-AMK vidareutvikle seg, og ein kan fokusere kompetansen på regional ressursstyring på ein stad i Helse Vest.

Helse Bergen peiker på at det ikkje kan leggjast for stor vekt på kva R-AMK kan bli, og Helse Førde, Helse Fonna og Helse Bergen vektleggjer ikkje R-AMK funksjonen slik den er i dag. Visjonane for R-AMK er laga av R-AMK forum og er ikkje forankra andre stader

Det har også vore diskutert i prosjektgruppa om R-AMK funksjonen må følgje AMK-LA funksjonen. I så tilfelle vil også R-AMK funksjonen måtte flyttast til AMK Bergen dersom AMK-LA vert plassert der, og det vil innebere ein tapt funksjon i AMK Stavanger og tvinge fram ei nedbemanning. Her er meiningane delte. Helse Stavanger vektlegg at samlokalisering med AMK-LA er vesentleg for å utvikle R-AMK funksjonen, mens Helse Fonna, Helse Førde og Helse Bergen meiner at R-AMK funksjonen kan stå på eigne bein uavhengig av kor AMK-LA funksjonen vert plassert.

Vurdering: Prosjektgruppa er einige om at R-AMK funksjonen bør få ei betre skildring og eit klarare mandat enn det ein har i dag. Det pågår ein prosess omkring dette.

5 Sjå vedlegg 3 for prosedyre for samarbeid mellom R-AMK og lokal AMK-sentral I prosjektgruppa er det ulike syn på om samlokalisering av AMK-LA funksjonen med R- AMK er eit avgjerande argument for valet av lokalisering. Helse Stavanger meiner at så er tilfelle. Helse Bergen, Helse Førde og Helse Fonna meiner at samlokalisering med R- AMK kan innebere fordeler ved ei framtidig oppgåvefordeling der R-AMK har ei klar og konkret rolle i dei regionale helseføretaka, men at dette per dags dato ikkje utgjer eit så tungtvegande argument at det åleine kan avgjere kva prosjektgruppa skal tilrå.

8.2.4 Regionsjukehusrolla inkl. regionalt traumesenter Tilsvarande diskusjonen om R-AMK referert ovanfor, har prosjektgruppa også diskutert i kva grad ein bør vektlegge regionssjukehusfunksjonane, og då særleg traumesenterfunksjonen, når ein skal tilrå lokalisering av AMK-LA funksjonen. Følgande moment og synspunkt har kome fram:

Nasjonale føringar: Nasjonal helse- og sykehusplan6 peiker på regionsjukehuset som det sjukehuset som helseregionen har utpeikt som sitt hovudsjukehus, som har det største tilbodet av regionsfunksjonar og nasjonale behandlingstenester.

Pasientstraumen inn til regionsjukehuset og AMK Trondheim sin oversikt over denne, vart vektlagt som eit svært viktig poeng då St. Olavs blei valt som AMK-LA i Helse Midt, både av omsyn til flytryggleiken og mogleiken for bruk av næraste tilgjengelege helikopter.

Synspunkt frå det regionale traumesenteret i Helse Vest: Arbeidsgruppa har innhenta uttale frå leiar og overlege/thoraxkirurg ved Regionalt Traumesenter, Thomas Geisner. Han meiner at AMK-LA funksjonen må samlokaliserast med traumesenteret i regionssjukehuset. Bakgrunnen for dette er at Geisner legg stor vekt på at pasientar som vert utsette for ulykker må kome raskt nok til traumesenteret. For hardt skadde pasientar er det avgjerande at dei vert frakta direkte til rett sjukehus jmf. Nasjonal Traumeplan – Traumesystem i Norge 20167 Geisner hevdar vidare at for nokre pasientar årleg kan dette vere skilnad på liv eller død, og for nokre vil konsekvensen av transport til feil sjukehus innebere auka funksjonstap. Geisner framhevar at ein i den fyste kritiske fasen etter større ulukker og hendingar har hatt avgjerande nytte av at traumebakvakta møter fysisk i AMK Bergen og er i dialog med AMK-operatør og på samband med helsepersonell på skadestaden. Då for å sikre direkte transport til traumesenteret. I andre tilfelle har ein fått raskare avklaring av situasjonen med retur til ordinær drift. Dette er mogleg på HUS då AMK-sentralen ligg strategisk plassert i sentralblokka, to etasjar over akuttmottak, intensivavdelinga og sentraloperasjonen. Geisner skildrar teamkommunikasjonen som føregår i AMK ansikt til ansikt med nevrokirurg, plastikkirurg, thoraxkirurg og/eller traumebakvakt ved pasientar som skal direkte til

6 Nasjonal helse- og sykehusplan (2015-2016) Meld.St.11 (2015-2016) https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-11- 20152016/id2462047/ 7 Nasjonal traumeplan – Traumesystem i Norge 2016 http://traumeplan.no/wp-content/uploads/2017/02/Nasjonal-traumeplan-–- Traumesystem-i-Norge-2016.pdf

39

HUS ved større ulukker og tidvis også ved overføring av traumepasientar frå andre sjukehus i Helse Vest, som svært viktig.

Synspunkt frå Helse Bergen: Helse Bergen meiner at enkelte spesialiserte sjukehusoppgåver som i særleg grad er viktig for regionssjukehusfunksjonen må ligge hjå regionssjukehuset. Dette er i tråd med Helse Vest sin strategi (Helse 2035) som peikar på Helse Bergen som regionens hovudsjukehus. Luftambulansekoordinering er ein slik sentral funksjon. Ein brei kunnskap om behandlingstilbodet ved regionsjukehuset, og kva pasientar som primært bør transporterast direkte til traumesenteret, vil verke inn på kva ressurs LA-koordinatoren vel, og også kva ein vektlegg i kommunikasjonen med crewa under flight following. Kunnskap om handteringa av traumepasientar vil naturleg tilfalle alle operatørar i AMK Bergen. LA- koordinatoren vil, fordi dei jamnleg har kontakt regionalt traumesenter, kunne spele luftambulanselegen betre, og sikrare kunne gi råd om kor pasienten skal transporterast. Helse Bergen vektlegg at dette er eit fortrinn hjå dei.

Synspunkt frå det regionale traumesenteret i Helse Sør-Øst RHF (Oslo): Arbeidsgruppa har også innhenta informasjon ved besøk i AMK Oslo, samt via e-post. Traumesenteret i Oslo har organisert arbeidet rundt AMK på ein annan måte, og traumeleiar/øvrige kirurgar møter ikkje fysisk i AMK-sentralen sjølv ved større hendingar. Det er heller ikkje naturleg då AMK Oslo ligg i eit anna bygg. All kommunikasjon skjer via telefon/konferansesamtale, og ved OUS finn ein at dette er uproblematisk.

Synspunkt frå Helse Stavanger: SUS brukar berre telefon og samband i kommunikasjon med ressursar inne og ute på SUS. Viktige avklaringar, kor traumeleiar eller andre spesialfunksjonar på SUS treng å konferere med AMK eller LA-ressursar, føregår som konferansesamtale, og teamleiarar og øvrig vaktpersonell treng ikkje møte fysisk i AMK. Helse Stavanger meiner at AMK-LA funksjonen kan utførast fullgodt utan fysisk oppmøte av for eksempel traumeleiar i AMK-sentralen, og at AMK-LA i Oslo er eit bevis på dette. Erfaringa frå AMK-LA i Oslo må derfor tilleggjast vekt. Helse Stavanger meiner at ansvaret for val av mottakande sjukehus ligg hjå luftambulanselegen, og han/ho skal ta utgangspunkt i regionen si organisering av pasientflyt, t.d. nasjonal traumeplan. Helse Stavanger påpeiker vidare at AMK-LA ikkje kan overstyre LA-legens avgjerd, men kan fasilitere dialog med traumebakvakt eller traumeteamleiar når dette er naudsynt for rådgjeving. Slik kontakt vil uansett måtte gå føre seg direkte mellom LA-lege og lege i sjukehuset via samband under oppdrag. Helse Stavanger meiner vidare at LA- koordinators kunnskap og forståelse for traumesystem og øvrig pasientflyt i forhold til regionenes øvrige spesialfunksjonar er eit spørsmål om god opplæring, gode hospiteringsordningar og godt samarbeid i regionen og ikkje fysisk lokalisering.

Vurdering: Arbeidsgruppa har ikkje hatt høve til å gå gjennom pasientforløp for å vurdere om traumeleiar sitt oppmøte i AMK kan ha hatt betyding for vala AMK-operatør har gjort, slik det blir hevda av Regionalt traumesenter ved Geisner og Helse Bergen. Arbeidsgruppa har ikkje mandat til ei slik gransking. Ein har likevel hatt ein grundig diskusjon omkring momentet. Vi veit at feiltransport av pasientar førekjem, men det er uklart kva som er årsaka til feil-triage, og vi veit ikkje sikkert om det kunne ha vore løyst av AMK-LA eller i direkte dialog mellom traumeleiar og AMK-LA fysisk i same rom.

Traumepasientar utgjer om lag 30 % av pasienttransportane til luftambulansane, men for fleirtalet av desse er det verken behov for eller nytte av at traumeleiaren møter i AMK-sentralen.

Prosjektgruppa er einig om at både AMK Stavanger og AMK Bergen vil kunne utføre LA- koordinering og flight following for traumepasientane i vår region. I Stavanger vil ein drifte tenesta på same måte som skildra i Oslo. Ved lokalisering i Bergen vil ein ha mogleiken til fortsatt (ved einskilde hendingar) å hente ut ein mogleg gevinst av at AMK Bergen og traumeteamet er samlokalisert i regionssjukehuset.

Eit fleirtal i arbeidsgruppa (representantane frå Helse Bergen samt Helse Fonna og Helse Førde) vurderer at AMK Bergen si plassering i umiddelbar nærleik til traumesenteret, er eit konkret fortrinn som vil vedvare over tid. Helse Stavanger er ueinig i dette og meiner at gevinsten det er snakk om ikkje er bevist eller sannsynliggjort. Det er heller ikkje noko som talar imot at god opplæring av AMK- LA personal, gode hospitantordningar og gode kommunikasjonsrutinar ikkje kan kompensere for manglande fysisk nærleik til traumesenteret. Fleirtalet har også kommentert at AMK Bergen har hatt tett kontakt med traumesenteret over år, mens AMK Stavanger vil måtte bruke tid på å byggje dei same relasjonane. Med god skulering av AMK-LA personell, gode hospiteringsordningar, og oppretting av eit eige LA fagråd (som foreslått tiltak i ROS analysen), vil skilnaden mellom Bergen og Stavanger krympe, men vil likevel truleg vare ved over tid.

8.2.5 Helikoptertrafikk Storleik på innkomande helikoptertrafikk: I arbeidet med «Samhandling virtuell AMK i Helse Vest» blei det stadfesta at LA-koordinering er ei spesialisert oppgåve som bør samlast i eitt miljø. Vidare kom det innspel på at kommunikasjonen bør følgje pasientstraumen, noko som i så fall inneberer at LA-koordineringa bør leggjast til det føretaket som tek i mot flest helikoptertransportar. I Helse Midt RHF blei dette argumentet brukt då ein tilrådde å lokalisere AMK-LA funksjonen til St. Olavs Hospital. I Helse Vest er det Haukeland som mottek flest helikoptertransportar, og dette gjenspeglar storleiken til sjukehuset samt regionssjukehus-funksjonane (sjå figur 3).

Samhandling AMK-LA og AMK ved mottakande sjukehus: Helse Bergen meiner at det i nokre tilfelle, når pasienten er alvorleg sjuk eller skada og krev særleg tilrettelegging ved mottak, kan vere gunstig å ha AMK-LA lokalisert saman med AMK ved mottakande sjukehus. For god kommunikasjon under flyturen og eit godt forberedt mottaksapparat ved mottakande sjukehus, kan det vere ein fordel at all kommunikasjon går til same sentral (same AMK-LA og mottakande AMK). Helse Stavanger ser ikkje noko praktisk poeng i dette, og grunngjev det med at kommunikasjon som omhandlar flight following skal gå i ei eiga talegruppe av tryggleikssomsyn. Uavhengig av lokalisasjon må LA-

41 koordinatoren melde pasientrelatert informasjon vidare i ei anna talegruppe. Ein er altså ueinig om effekten av at AMK –LA og mottakande AMK er lokalisert same stad.

Lokalisering og utøving av flight following: Det er ikkje sannsynleggjort at LA- koordinatoren vil ha nytte av å vere lokalisert ein spesifikk stad når det gjeld å utøve flight following. Ein vil følgje flyrørslene inn i luftromma over alle sjukehusa og nytte bileta frå kamera på landingsplattformene. Når fleire helikopter skal levere pasientar samstundes på Haukeland, krev dette tett koordinering, men ein er ikkje avhengig av visuell sikt til landingsplassane (og har det heller ikkje). AMK-LA si oppgåve kan i desse tilfella samanliknast med ein kontrollsentral for lufttrafikk..

Mogleiken for å treffe LA-koordinator ansikt til ansikt: Helse Bergen og Helse Førde meiner diskusjon (og tidvis også debriefing) er viktig for luftambulansetenesta, også opp mot AMK-sentralen som koordinerer dei og driv flight following, og at det er ein verdi å kunne gå innom AMK-LA og diskutere siste koordinering og/eller flight-following etter oppdrag. Dette er spesielt signalisert frå luftambulansemiljøet i Førde. Mogleiken for slik kontakt var ein av årsakene til at AMK Førde vart plassert i lag med helikopterbasen i det prehospitale bygget i Førde sjukehus, og begge miljø (LA-crewa og AMK-personalet) har positive erfaringar med det, og ein ynskjer å behalde mogleiken for dette. Helse Førde og Helse Bergen legg vekt på dette momentet som eit fortrinn for AMK Bergen sjølv om det ikkje åleine kan tilleggjast avgjerande vekt i lokaliseringsspørsmålet.

Helse Stavanger er einig i verdien av debrief og kontakt med AMK-LA koordinator, men har god erfaring med at fysisk oppmøte ikkje er avgjerande. Derimot er Helse Stavanger tvilande til at det er mogleg å gjennomføre effektiv debreif utan eit system for fjerndedebreif. Effektiv debreief må vere strukturert og ikkje basert på ad hoc løysingar om ein har ambisjonar om å trekkje ut lærdom.

Haukeland er det einaste sjukehuset som tek imot helikopter frå alle basar i Helse Vest. Helse Bergen og Helse Førde meiner at det å kunne møte sitt fjerde crewmedlem LA- koordinatoren, kan medverke til samarbeid og tillit. Små justeringar ved direkte kontakt kan gjere LA-koordinatoren betre og løfte kvaliteten på AMK-LA. Helse Stavanger er ueinige i dette, og meiner at kommunikasjonen mellom crewa og AMK-LA vil bli fullgodt ivaretatt også frå AMK Stavanger, men då gjennom moderne kommunikasjonsmiddel. Helse Stavanger påpeiker også at luftambulansen av beredskapsomsyn skal tilstrebe og returnere til eige ansvarsområde og at tid brukt på oppmøte i ein AMK-LA i Bergen vil telle som duty tid, mens debrief via video eller telefon frå eigen base ikkje tel som duty tid. I dagens situasjon med aukande duty tider og fare for beredskapsavbrot, vil det ikkje vere god praksis.

Vurdering: Tre av dei fire momenta ovanfor utgjer, dersom dei vert tillagt vekt, argument for å lokalisere AMK-LA funksjonen til Bergen. Det gjeld mengda innkomande helikoptertrafikk, mogleiken for crew frå alle basar å kunne treffe LA-koordinator ansikt til ansikt og enklare samhandling mellom LA-koordinator og mottakande AMK ved at dei er i same rom. Helse Førde, Helse Fonna og Helse Bergen meiner at punkta styrkar Bergen sitt kandidatur. Helse Stavanger er ueinig i dette fordi det ikkje er sannsynleggjort at AMK Bergen har vesentlege fordeler når det gjeld å utøve flight following ved at flest helikopter landar på Haukeland.

43

9. PRAKTISK GJENNOMFØRING VED OPPRETTING AV EIN AMK-LA SENTRAL I HELSE VEST

9.1 Prosess og prosedyrar Det bør gjerast ein revisjon av gjeldande prosedyrar i forhold til flight following og koordinering av ambulansehelikopter i Helse Vest. Det kan i dette arbeidet vere nyttig å trekkje veksel på dei allereie gjeldande prosedyrane ein har i Helse Vest, samt det arbeidet som er gjort både i Helse Sør-Øst, og eventuelt også i Helse Midt-Norge.

9.2 Forslag til prosjektdirektiv Det må opprettast eit mottaksprosjekt som har ansvar for å gjennomføre, følgje opp og kvalitetssikre prosessen rundt opprettinga av ein AMK-LA i Helse Vest. Mottaksprosjektet bør leiast av klinikkleiinga ved den sentralen som blir utpeikt som AMK-LA i Helse Vest. Prosjektet bør danne grunnlag for ei permanent faggruppe/fagråd som har nødvendig fokus på LA koordineringa i regionen. I vedlegg 2 ligg eit eksemepl på korleis eit slikt mottaks prosjekt kan riggast. Dette har vi henta frå Helse Midt Norge og mottaks prosjektet der.

Hovudmålet med mottaksprosjektet er å gjennomføre ei forsvarleg overføring av funksjonen knytt til koordinering av Luftambulanse og flight following til ein AMK- sentral i Helse Vest. Ein må sikre involvering av aktuelle AMK sentralar, LA-baser og operatør ved at desse blir invitert med inn i prosjektet.

I utarbeidinga av forslag til leveransar har prosjektgruppa tatt utgangspunkt i å følgje opp ROS-analysen der det er identifisert ei rekkje risikoreduserande tiltak.

Prosjektets leveransar:

- Gjennomføre og følgje opp tiltak i henhald til ROS-analysen

- Utarbeide detaljerte prosedyrar

- Opprette reserveløysing med anna AMK-LA sentral

- Utarbeide kompetansekrav og plan for medarbeidarane

- Besøke/hospitere - Koordinatorane i AMK-LA bør besøke dei andre AMK- sentralane i Helse Vest, og også dei andre regionale AMK- LA sentralane

- Lage skildringar av lokale og avgjerande forhold, gje opplæring i desse

- Utgreie, planlegge og gjennomføre nødvendige endringar i infrastruktur, nødvendige tilgangar og om-programmeringar i IKT-systemet

- Etablere/drifte felles forum for luftambulansekoordinering i Helse Vest Dette forumet må spesielt følgje utviklinga i forhold til kva sjukehus pasientane blir frakta til

- Definere suksesskriterier

- Utføre monitorering og oppfølging av respons- og aksjonstider

- Handtere og overvake iverksetting av regional AMK-LA i Helse Vest

- Følgje opp drifta av AMK-LA til Helse Vest (Kvalitetssikring, evaluering, tiltak til forbetring, og avvikshandtering.)

45

10. TILRÅDING

Det framgår klart og tydeleg at det vil vere positivt å sentralisere AMK-LA funksjonen, og samle dette ved éin AMK-sentral. Gjennom sentralisering vil ein kunne ha dedikerte operatørar som har LA koordinering og flight following som hovudoppgåve. Større oppdragshandtering vil gje betre kontinuitet og betre kvalitet i arbeidet med koordinering og flygeleiing og dermed også større flytryggleik. Uavhengig av kor AMK- LA funksjonen blir lagt, forventar arbeidsgruppa at ei sentralisering vil profesjonalisere tenesta, kunne redusere forseinking og dobbeltutkall i grenseområda, og gje ei betre utnytting av dei samla helikopterressursane. Hyppigheit av utflydde helikoptercrew vil truleg også reduserast. Ein vil få betre moglegheit til å arbeide systematisk for god ressursutnytting og ein mest mogleg likeverdig tilgang på LA-tenester for befolkninga i regionen.

Ei samla prosjektgruppe tilrår å sentralisere AMK-LA funksjonen til éin sentral i Helse Vest

Når det gjeld spørsmålet om kor AMK-LA funksjonen bør plasserast er arbeidsgruppa einige i at det ikkje vil vere hensiktsmessig å leggje funksjonen til AMK Førde eller AMK Haugesund. Begge desse sentralane er vesentleg mindre enn sentralane i Bergen og Stavanger, og har også mykje mindre fagmiljø rundt seg. AMK Haugesund har ikkje kompetanse eller erfaring med koordinering og flight following. Førde har kompetansen og erfaringa, men helikoptertrafikken inn til Førde er svært liten samanlikna med dei to universitetssjukehusa. Både AMK Stavanger og AMK Bergen er begge godt nok rusta og kompetent nok til å kunne inneha AMK-LA funksjonen. Begge sentralane har gode fagmiljø rundt seg som kan vere med å styrke AMK-LA funksjonen. Begge sentralane har også god nok organisering og bemanningsevne, og meiner sjølv at dei vil kunne etablere AMK-LA i Helse Vest utan ekstra løyvingar.

AMK Stavanger og AMK Bergen er begge kompetente nok, og godt nok rusta til å kunne inneha

AMK-LA funksjonen

Arbeidsgruppa har ikkje klart å bli einige om kor AMK-LA funksjonen bør plasserast. Det er fleire omsyn som har stått sentralt; samlokalisering med R-AMK, samlokalisering med regionalt traumesenter og regionssjukehuset, og plassering ved det sjukehuset som har størst ambulansehelikoptertrafikk inn til og ut frå sjukehuset. Kvart av helseføretaka, Luftambulansetjenesten HF, Norsk Luftambulanse AS og konserntillitsvalt har alle fått kome med si innstilling til spørsmålet om lokalisering.

1. Helse Bergen, Helse Førde og Helse Fonna tilrår at AMK-LA funksjonen blir

lagt til AMK i Helse Bergen

2. Helse Stavanger og Luftambulansetjeneste HF tilrår at AMK-LA funksjonen blir lagt til AMK i Helse Stavanger

3. Konserntillitsvalt og Norsk Luftambulanse AS er nøytrale i høve lokaliseringsspørsmålet

Helse Bergen, Helse Førde og Helse Fonna tilrår at AMK-LA funksjonen blir lagt til AMK i Helse Bergen. Dette er fordi AMK-LA då vil liggje i regionssjukehuset, og vere tett knytt til traumesenteret i Helse Vest. Dette blir vekta tyngre enn samlokalisering med R-AMK funksjonen i Stavanger. Ein legg vekt på at nær samhandling mellom traumemiljøet og AMK-LA omkring undervisning, debriefing og evaluering vil sikre kvalitet. Ein legg også vekt på at Bergen har innkomande helikoptertrafikk frå alle basane, og dette gjev moglegheit for direkte kontakt mellom helikoptercrewa og LA-koordinatoren.

Helse Stavanger og Luftambulansetjenesten HF tilrår at AMK-LA funksjonen blir lagt til regionens R-AMK sentral som ligg i Stavanger fordi dette vil vere er i tråd med føringane i utredninga «Sentrale elementer vedrørende organisering av AMK-sentralene» (2016). Luftambulansetjenesten HF legg til grunn at utredningsgruppa si tilrådning om AMK-LA knytt til R-AMK blir følgt, men dersom Helse Vest RHF vel ei anna løysning, vil det vere svært viktig at det blir inngått avtalar og etablert rutinar som gjer at AMK-LA ikkje blir hindra i å kunne uføre sitt viktige arbeid ved at det til dømes oppstår konflikt med noverande og framtidige R-AMK oppgåver.

Norsk Luftambulanse AS og Konserntillitsvalt (KTV) er nøytral i spørsmålet om lokalisering. For Norsk Luftambulanse AS er det sentralisering av LA-funksjonen som er det sentrale punkt då dette vil medføre høgare frekvens per koordinator, og plassering av funksjonen er mindre viktig. KTV meiner ein står overfor eit valg mellom to AMK- sentraler som begge er gode kandidater til å ivareta funksjonen, og at det er krevjande å sjå kva som utgjer ein vesentlig forskjell mellom dei to aktuelle AMK-sentralene. KTV er først og fremst opptatt av at sentraliseringa ikkje går ut over arbeidsplassar, arbeidstider og oppgåver for ansatte. KTV kan ikkje sjå at sentralisering av denne funksjonen kjem til å ha negative konsekvensar av betydning for dei tilsette i overskuelig framtid, og vel då å forholde seg nøytral til plasseringa.

Heile prosjektgruppa tilrår at framkomne risikoelement i ROS-analysen knytt til sentralisering av AMK-LA funksjonen blir fulgt opp i eit mottaksprosjekt. Mottaksprosjektet må sørge for at det blir laga rutinar, prosedyrar og avtalar. Hovudmålet for prosjektet må vere å følgje opp og kvalitetssikre prosessen rundt opprettinga av èin AMK-LA i Helse Vest.

47

Prosjektgruppa tilrår at det bli oppretta eit mottaksprosjekt for å gjennomføre ei forsvarleg overføring av funksjonen knytt til koordinering av luftambulansen og flight following til éin sentral i Helse Vest

Helse Vest Postboks 303 Forus 4066 Stavanger

Telefon: 51 96 38 00 helse-vest.no

49