Velkommen til mestringskurs på Fjordhotell 25.-27. oktober 2019!

I år arrangerer Dysleksi mestringskurs for medlemmene i og Fjordane. Vi gjentek suksessen frå tidlegare og ønskjer velkommen til Innvik Fjordhotell. Hotellet ligg vakkert til ved i Kommune. Hotellet har 34 rom med wc og dusj og fin utsikt til fjord og . Der er koselege salongar, trimrom, solarium og badstu. Dei har også badestrand, badestampar og sandvolleyballbane. Hotellet har god, heimelaga mat. Innvik er: 110 km frå Måløy 87 km frå Førde 44 km frå Skei 106 km frå 34 km frå Stryn Vi inviterer familiar til ei helg med fagleg påfyll og sosiale aktivitetar. Mange familiar har gode erfaringar med at begge foreldra har vore med på kurset. Det gjev felles forståing for hjelpemiddel og arbeidsmetodar. Vaksne med dysleksi, dyskalkuli eller spesifikke språkvanskar, kan og ha nytte av å delta. Det er både kjekt og nyttig å dele erfaringar med kvarandre. Målet vårt er at alle som melder seg på, får vere med på kurset! Ver likevel tidleg ute med påmeldinga! Instruktørar/forelesarar på kurset: Guro Bergseth frå Stavanger: Guro har ca 20 års erfaring med spesifikke språkvanskar. Ho har 4 vaksne barn. Den yngste med SSV. Ho er utdanna barnehagelærar og spesialpedagog og kan mykje om SSV i forhold til barnehage, skule og forsking. Ho har vore leiar i Foreldreforeningen for barn med språkvansker, og set i fagleg råd for Språk og Tale. Leiar i Dysleksi Stavanger. Har vore med å lage nettkurs for lærarar og barnehagetilsette. Ho kan også ein del om foreldreveiledning og rådgjeving. Rita Lie frå Fetsund: Rita er utdanna barnehagelærer med videreutdanning i spesialpedagogikk og jobbar som lærar på barneskule i Fet. Ho driv også eit eige foredragsholderfirma. Ho er leiar i Dysleksi Romerike og nestleiar i Landsstyret i Dysleksi Norge. Daniel Lie frå Fetsund (sonen til Rita): Daniel studerer historie på Universitet i Oslo. Han er ungdomsrepresentant i Dysleksi Romerike og er med i Dysleksi Ungdom sitt Landsstyre som politisk nestleiar. Daniel var med og utarbeida Barneombudets rapport; Spesialundervisning uten mål og mening? May-Iren Skåden: May Iren er spesialpedagogisk koodinator på skule. Ho har mange års erfaring som lærar og spesialpedagog.

Det vert og med representantar frå styret i Dysleksi Nordfjord og Dysleksi . Anvarleg for helga er Ragnhild Vambeset, saman med Dysleksi Nordfjord. Aktivitetar. Det vert aktiviteter for barn/ungdom både laurdag og søndag. Sidan evalueringa av førre kurs gjekk inn for at alle burde få vere med på alle aktivitetane, vil vi prøve å få til det. Det vert skyting (innandørs), leik i gymsalen og forming. Vi har diverre ikkje noko tilbod spesielt tilpassa barn under 8 år. Ta med: Lurt med varme kle og eventuelt regnkle til nokre av aktivitetane ute, og gode sko/fjellsko. PC med LingDys, LingRight og/eller textpilot pluss eller liknande program. Prisar: Kr. 1000,- pr vaksen og ungdom over 14. år og kr. 500.- pr barn 5 - 13 år. Barn 0 til og med 4 år gratis. Då får de 2 overnattingar på hotellet, alle måltid, gode intruktørar på kursa, alle aktivitetane og materiell til desse. Betaling: Fint om de kan betale på førehand til konto-nummer: 3705 10 85419. Husk å skrive namnet ditt i staden for KID-nr! Ta med kvitteringa! Vi har også vipps: Klikk på «Kjøp og betal» og skriv 553243 i søkefeltet. Husk å skriv navnet ditt! -De kan også betale kontant ved frammøte.

Bindande påmelding innan 13.oktober til: Ragnhild Vambeset, tlf. 970 39 069 eller [email protected] Svanhild Valvik, tlf. 915 71 331 eller [email protected] Vi treng navn på alle deltakane, alder på barn/ungdom, og tlf.nr. til ein kontaktperson. Har du spørsmål, er det berre å ta kontakt med Svanhild eller Ragnhild.

Vi håpar de synest dette ser interessant ut, og at de har høve å vere med denne helga! Vi gleder oss til å møte dykk alle!

Med helsing oss i Dysleksi Nordfjord. PROGRAM FOR MESTRINGSKURSET: OBS : Det kan bli endringar i programmet! Fredag 25.oktober: 1700 Registrering. 1800 Velkommen og praktiske opplysningar. 1830 Middag 1930 Familieakivitet Laurdag 26.oktober: 0830 Frukost 0930 Alle: Digitale datahjelpemiddel og nyttige appar v/ Daan van Kessel 1000 Ungdom/Barn: Data v/ Daan van Kessel, Daniel og Rita Lie. 1000 Vaksne: Spesifikke språkvanskar: Kva er det? Kjenneteikn. Kva kan foreldre, skule og barnehage gjere? v/ Guro Bergseth. 1200 Lunsj med tid til shopping på lagerutsalet til Skogstad Sport 1300 Ungdom/Barn: Skyting/aktivitet i gymsal/formingsaktivitet (3 grupper som rullerer) 1330 Vaksne: Skule og heim. Innlegg v/May Iren Skåden. Diskusjon. 1530 Kaffi, kaker, frukt. 1600 Alle: Natursti. Hugs gode kle og sko. 1900 Middag Søndag 27. oktober: 0830 Frukost 0930 Ungdom/Barn: Filmen «Finner ikke ord» og samtaler om denne v/Guro Bergseth 1030 Ungdom/Barn: Aktivitet ute 0930 Vaksne: Nøkkelen til felleskapet er språk! Det kan vere einsamt for eit barn å stå utanfor det sosiale felleskapet. Eit kurs om korleis språkvansker og dysleksi kjem til uttrykk i barnehage og skule. Korleis tilrettelegge for at barn med slike utfordringar får gode kvardagar. v/Rita Lie 1200 Hjelp i kvardagen. Oppsummering. Evaluering. 1300 Middag / Lunsj Takk for no og god tur heim!