Ny Infrastruktur Og Ny Felles Organisering for Frukt- Og Bærnæringa I Sogn Og Fjordane
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Prosjektplan Ny infrastruktur og ny felles organisering for frukt- og bærnæringa i Sogn og Fjordane Akutte fellestiltak for å sikre marknadstilpassa sorterings- og pakkeritenester, kompetanseutvikling og produktutvikling for ei meir robust frukt- og bærnæring i Sogn og Fjordane Innhald side Stort behov for endring 2 Modning og forankring 6 Dokumentert vekst, men manglar kapasitet 7 Auka kapasitet produkt, merkevare og miljø 9 Plan felles infrastruktur 11 Kostnader og finansieringsplan 13 1 1 Stort behov for endring Sogn og Fjordane har gjennom systematisk utviklingsarbeid og ei rekkje satsingar dei siste 10-15 åra utvikla seg til å bli største region i landet innanfor frukt- og bærproduksjon. For fleire delproduksjonar er også fylket størst i landet: - Lærdal (Lærdal Grønt) er størst i landet for morelle - Stryn (Innvik fruktlager) er størst i landet for bringebær saman med Vik - Leikanger/Sogndal (Sognefrukt) er størst både for plome og pære Totalt omfattar næringa no mellom 200 – 300 aktive produsentar / gardsbruk i Sogn og Fjordane. Produksjonane på kvar gard kan variere frå store til mindre bruk, og føregår ofte i kombinasjon med andre landbruksproduksjonar. Kjenneteiknet for frukt- og bærproduksjonane er at det har vore store satsingar over heile fylket dei seinaste 10-15 åra, og det er ein produksjon som både har stor og jamn vekst i etterspurnaden og det har vore brukbar økonomi so langt. Den økonomiske verknaden og busetnadsverknaden for store deler av fylket er soleis svært viktig i kommunane i indre og midtre deler av fylket. Fig. 1.1: Etter stor og systematisk satsing gjennom 15 år er SFj største frukt- og bærregion i Norge. 2 For dei tre største pakkeria er rekneskapstala slik for 2017: Pakkeri Omsetning Resultat Innvik Fruktlager SA kr 43,6 mill kr 0,5 mill Lærdal Grønt SA kr 76,5 mill kr 1,3 mill Sognefrukt SA kr 34,0 mill kr. 0,9 mill Utviklinga hjå Lærdal Grønt har vist stort vekst, utfrå ei heilt ny produksjon av moreller utvikla dei siste 20 åra og god vekst i bær og dei andre grøntproduksjonane. Utviklinga sidan etableringa av Lærdal Grønt gjennom lokal samanslåing i 1999 er vist i figuren nedanfor. Figur 1.2: Eksempel på utvikling i Lærdal Grønt etter lokal samanslåing og produktutvikling. Suksessen til næringa, slik den har vist seg i Sogn og Fjordane, og den jamt aukande etterspurnaden etter frukt og grønt i marknaden, har gitt inspirasjon til nye storstila satsing på det sentrale Austlandet. Mindre kornbruk i bynære strøk legg no om til frukt, bær og grønt. Og bruk med store og lettdrivne areal aukar produksjonen. Sjølv om næringa i Sogn og Fjordane har hatt suksess dei siste 10-15-åra set denne utviklingas no nytt press på næringa for vidare og rask omstilling og meir samarbeid. Eit nytt stort løft må no til for å sikre vidare utvikling og for å kunne utnytte potensialet i marknaden for dei mange og små gardsbruka i Sogn og Fjordane. Den store utbygginga på sentrale Austlandet vil kunne gjer store endringar i produksjonsområda i Norge og i balansen mellom regionane. Det kan også føre til overproduksjon dersom ikkje utviklinga blir tilstrekkeleg samordna og styrd. Større produksjonseiningar nær dei store byane og aukande krav frå marknaden set krav til svært fleksible pakkeri med svært effektive sorterings- og pakkeløysingar. Her er dagens pakkeri i Sogn og Fjordane for små og for lite tilpassa aukande krav i markanden (frå daglegvarekjedene) om svært raske og fleksible omstillingar mellom ulike typar emballasje, pakningar og mellom dei ulike produksjonane. Pakkeria må td. kunne pakke og levere plome, eple og pære samtidig. Dette går ikkje i dag. 3 Forbruk av frukt, bær og grønt er framleis i stor vekst, og alle trendar tyder på at dette kjem til å fortsetje. Men veksten blir også i stor grad dekka av import. Ein viktig strategi for å kunne kople denne veksten til norsk landbruksproduksjon må vere å vidareutvikle produksjonen rundt sterke pakkeri. Her har pakkeria på Vestlandet særlege føresetnader, og med eit skikkeleg løft i infrastruktur og organisering vil dette vere den beste strategien for å kople auka marknad for frukt, bær og grønt i Norge til auka verdiskaping i landbruket, og særleg til dei beste og tradisjonsrike områda for frukt- og bærdyrking på Vestlandet. Vestlandet har utfrå mange og små bruk alltid vore organisering gjennom felles pakkeri. På Austlandet er det i mykje større grad einskilde (store) gardsbruk som pakkar og leverer sjølv. I Telemark er det eit felles pakkeri som er nokso likt pakkeria på Vestlandet, men dette er unntaket. Pr april 2019 er pakkeria organisering slik i Sogn og Fjordane: - Lærdal Grønt SA med 43 produsentar hovedsakleg i Lærdal, men og i Årdal og Vik. (Aurland frå 2020.) Morelle, bringebær, jordbær, potet og grønsaker - Sognefrukt SA med 114 produsentar i Leikanger, Sogndal, Balestrand, Vik, Luster, Aurland og Lærdal. Eple, pære og plome - Innvik Fruktlager SA med 75 produsentar i Stryn, Eid, Gloppen og Norddalen. Eple, plome og bringebær Samarbeidet har gjennom lang tid føregått over kommunegrensene, og til dømes produsentane i Sognfrukt og Lærdal Grønt fordeler seg slik over 8 kommunane i Sogn: Balestand 8 produsentar Vik 11 produsentar Leikanger 40 produsentar Sogndal 40 produsentar Luster 6 produsentar Årdal 1 produsent Aurland 3 produsentar Lærdal 43 produsentar I tillegg er Sogn Jord og Hagebrukskule i Aurland no i dialog for eit samarbeid med ei fellessatsing. Pakkeristurukturen på Vestlandet har altså utvikla seg utfrå behova hjå dei små gardsbruka for samarbeid om produksjonsutstyr og sal. Dei har vore og er ein nødvendig felles infrastruktur. Pakkeria har også utvikla seg til å vera ein heilt nødvendig miljøbyggar og har fungert som både kompetanseutviklar, samordnar for felles satsingar, nyplantingar, produktutvikling og felles profilering og sal til dei store grossistane og kjedene. Pakkeria er såleis den heilt naudsynte felles organiseringa og pådrivaren i landbruksmiljøet. Denne tradisjonen gjev miljøa på Vestlandet eit fordel. Den lokale organiseringa er allereide på plass, og kulturen og forståinga for å samarbeida er på plass. Samarbeid, samordning og samanslåing av pakkeria vil derfor kunne få rask effekt. Det vil vera det nødvendige, og det svært effektive og godt tilpassa svaret på å møte behova for å fylle ein auka etterspurnad i marknaden og behovet for meir effektive, profesjonelle og dynamiske fellesstrukturar. 4 Ei fornya og forsterka satsing på felles infrastruktur og felles organisering av frukt- og bærnæringa i Sogn og Fjordane har derfor følgjande hovedmål og delmål: Hovedmål: • Sikre produsentøkonomien & kostnadskontroll for over 200 gardsbruk i SFj Hovedmålet skal realiserast gjennom følgjande konkrete delmål: • Etablere effektiv og fleksibel felles infrastruktur • Utvikle robuste felles pakkeriorganisasjonar • Auke kapasitet til produktutvikling • Auke kapasitet til synlegheit, kundekontakt og balansering av makt i verdikjeda • Sikre kompetansebygging på tvers av kulturar • Sikre ny rekruttering til næringa gjennom kostnadseffektiv og framtidsretta organisering • Redusere matsvinn gjennom samarbeid og ny produktutvikling for utsortert vare 5 2 Modning og forankring av samarbeid gjennom fleire år Behovet for auka samarbeid og mulege samanslåingar av fellesfunksjonar har vakse fram gjennom fleire år. Dei eksisterande pakkeria har fått stadig tydelegare behov for investeringar, og krav til utviklingstiltak og marknadstilpasning set stadig større krav til organisasjonane. Ei rekkje møte og to prosjekt har vore gjennomførd dei siste åra der tettare samarbeid og etterkvart samanslåing har vorte tema: 2015-16: Prosjekt om felles mottaksstruktur fryseri bær 24.10.16: Felles styremøte Luster Grønt og Lærdal Grønt 02.12.16: Besøk frå styret i Innvik Fruktlager til Lærdal Grønt 19.10.17: Felles styremøte Sognefrukt og Lærdal Grønt 02.05.18: Stormøte for styra/adm i Innvik Fruktlager, Lærdal Grønt og Sognefrukt, Skei 19.10.18: Løyvd støtte frå Fylkesmannen i SFj til utgreiing av samarbeid/samanslåing mellom Innvik Fruktlager, Lærdal Grønt og Sognefrukt 06.11.18: Styringsgruppemøte fellesprosjekt, Sogndal Nov 2018: Studietur til Hardanger, Ryfylke, Telemark og Lier der alle har utvikla store fellespakkeri 15.01.19: Stormøte styra/adm i Sognefrukt, Innvik Fruktlager & Lærdal Grønt, Skei 14.02.19: Styringsgruppemøte fellesprosjekt, Skei 26.03.19: Studietur til det største fruktpakkeriet i Danmark & møte med Gartnerhallen 11.04:19: Søknad til Sogn og Fjordane fylkeskommune 20.04.19: Møte med Sogn Jord- og Hagebruksskule 23.05.19: Møte med styreleiar og direktør Gartnerhallen 29.05.19: Presentasjon årsmøtet Luster Grønt 04.06.19: Løyving av 15 mill kr frå Sogn og Fjordane fylkeskommune Juni -19: Tilråding frå arbeidsgruppa i fellesprosjekt Planane er såleis grundig og godt gjennomarbeidde, og behova er godt dokumenterte. Samstundes er det sett i gang arbeid på nasjonalt plan gjennom Gartnerhallen (den nasjonale produsentorganisasjonen der alle produsentane er medlemmar) og delvis Bama (grossisten der medlemmar av Gartnerhallen har leveringsavtale for levering til Norgesgruppen og Rema). Signal frå nasjonalt nivå er at pakkeria er for små og ineffektive, og at dei må utvikle større einingar som kan bli meir effektive og fleksible for å møte auka etterspurnad etter frukt, bær og grønt i marknaden. Aukande produksjon krev større og meir effektive og fleksible felles pakkeri. Dei regionale prosessane er no heilt i tråd med nasjonale signal, og Sogn og Fjordane vil dermed også kunne bli den første til å tilpassa fellesfunksjonane til det auka