GBNR. 65/1, LOSNEGARD – kommune.

Planomtale med temautgreiing og ROS (Risiko- og sårbarhetsanalyse). Dato: 22.11.2011 Rev. 27.11.2012 Rev. 07.02.2013 Rev. 14.05.2013

Tiltakshavar: Einar Losnegåd, Losnegard – 6926 Krakhella. Planleggar: Kinn Arkitekter AS, Strandgata 15, p.b. 531 – 6903 Florø

1. PLANPROSESS

Planoppstart.

Det vart halde planoppstartsmøte med kommunen 22.10.10. Planforslaget vil samsvare med overordna plan og kommunen tilrådde oppstart av planarbeidet. Det vert ikkje krevd konsekvensutgreiing eller planprogram.

Det har tidlegare – 18.10.06 - vore varsla oppstart av planarbeid etter gammal planlov. Planarbeidet vart då stansa i påvente av revidert kommuneplan med fastlegging av arealbruk.

Revidert kommuneplan er vedteken og nytt planforslag vil vere i samsvar med denne.

Oppstart av planarbeid vart varsla på nytt 04.11.10.

Vidare handsaming av planen skal vere etter ny planlov. Det vert utarbeidd plankart, reguleringsføresegner og planomtale med temautgreiing og ROS

Formål med planen er å legge til rette for fritidsbustadar, naust, hamneformål, friluftsområde og jordbruk.

Etter varsel om planoppstart kom det inn 9 førehandsmerknadar. Desse vart teke omsyn til i vidare utarbeiding av planframlegg.

Formannskapet i Solund vedtok 07.02.2012 å legge reguleringsplanen ut til offentleg ettersyn i tidsrommet 27.02.2012 til 11.04.2012.

Etter høringsperioden kom det inn 9 merknadar som vart innarbeidd i nytt planframlegg.

Formannskapet i Solund vedtok 07.03.2013 å legge detaljreguleringsplanen ut på ny offentleg høyring i perioden 08.03.2013 til 29.04.2013.

Merknadar.

Etter høyringsfrist 29.04.2013 kom det inn 10 merknadar:

1. Fylkesmannen i og Fjordane Miljøvernavdelinga: Fråfell tidlegare motsegn, men frårår klart bygging av hytter på BRA 150m2 i hyttefelt H. Planleggar reduserer BRA i hyttefelt H til maks BRA = 120m2 Beredskapsavdelinga: Trekkjer tidlegare motsegn, men peikar på ROS-analysen skulle vore meir detaljert med omsyn til ein del konklusjonar og tiltaksbehov. Tilrår grundigare vurderingar for seinare planarbeid. Planleggar tek merknaden til vitande.

2. Statens Vegvesen Har ingen merknadar.

3. Carl - Erik Arnesen, Audhild Stave Losnegård og Torill Netteland. Påpeikar at planen vil føre til auka aktivitet i havn og allmenningskai og viser til ein tinglyst avtale mellom Solund kommune og heimelshavar til eigedomar på når det gjeld bygging og vedlikehald av kaianlegg. Partane vil ikkje gå med på endringar i havnetilhøva utan at det fins løysingar som samtlege avtalepartar i kontrakten finn tilfredsstillande. Planleggar presiserer rekkefølgjekrav i føresegnene.

4. NVE Fråfell tidlegare motsegn.

5. Stiftelsen Bergens Sjøfartsmuseum. Har ingen merknadar etter at marinarkeologisk registrering er utført. Peikar likevel på at potensialet for verna eller automatisk freda kulturminne på sjøbotn er til stades og at eventuelle funn må meldast til Sjøfartsmuseet. Vert teke til vitande.

6. Kystverket Ber om tilføying i føresegnene vedr. ”bygging, graving, utfylling og andre tiltal som kan påvirke sikkerheten eller fremkommeligheten i kommunens sjøområde, krever tillatelse..” Elles ingen merknad. Planleggar justerer føresegnene.

7. Jan Erik Strømsnes Hevdar at planlagt veg langs tomta er for nær og verkar begrensande for han. Er skeptisk til framtidig hyttefelt. Planleggar endrar vegføring. Planlagt hyttefelt (Fb) er i samsvar med overordna plan. Ved utbygging i Fb skal utsikt m.m frå hytteområde H vurderast og bygningar tilpassast.

8. Håkon M. Solheim Planlagt veg langs tomta er for nær. Slik plassering er uaktuelt. Er skeptisk til plassering av hyttetun (Fb). Meiner planlagde flyteelement/bølgedemparar vil få negative konsekvensar for Solheim og Strømsnes sin flytebrygge. Planleggar endrar vegføring. Planlagt hyttefelt (Fb) er i samsvar med overordna plan. Det vert teke inn rekkefølgjekrav i føresegnene ved utbygging i havna.

9. Nils Andreas Losnegård. Ber om at felles eigd kaianlegg ikkje vert omfatta av planen. Det vert teke inn rekkefølgjekrav i føresegnene. Meiner at område N (Næring) bryt med dagens bebyggelse på Losna og ber om at N vert revurdert. Næringsområde N er i samsvar med overordna plan.

10. Margunn Losnegard Karlsen Stiller spørsmål om planen vil få negative konsekvensar for hennar bruk av kommunal kai og omkringliggande trafikkområde i sjø. Er uroa over tilgjenge på havna p.g.a. bølgedemparar og flytekai. Planleggar kan ikkje sjå at planframlegget vil få negative konsekvensar for Karlsen. Det vert teke inn rekkefølgjekrav i føresegnene når det gjeld havneutbygging.

2. TEMA I PLANARBEID

Temautgreiing.

Landskap og Friluftsliv. Nye bygningar og anlegg skal i størst mogleg grad tilpassat landskapet på Losna. Vurdering av arealbruk . Sjå vedlagde fotomontasje: Hytter. Frittliggande H og Konsentrert Fb. I tilknytning til eksisterande bustadhus B2 er det vist ei ny bustadtomt B3 og tre hyttetomter H. Område med frittliggande hytter H er redusert frå fire til tre hyttetomter. Hyttetomta nærmast eksisterande bustadhus B2 vert i forslaget regulert til bustadformål B3. Det er viktig for tiltakshavar å få regulert bustadtomt B3 i tilknytning til eige eksisterande bustadhus med tanke på familie som skal overta eigedomen på sikt. Av tomtene er B3 ubebygd medan to av hyttetomtene er utbygde. På den tredje hyttetomta står ei gammal utløe. Ved riving av utløa og bygging av hytte her og på bustadtomt B3 vil negativ verknad på landskap vere ubetydeleg etter planleggar sin vurdeling. Karakteren til landskapet vil vere uendra. Friluftsliv vil ikkje verte berørt. Hytteanlegg Fb i tungruppe er trekt attende frå strandsone og naturlokalitet. Hyttegruppa vil ligge dels i skjul frå sjøen p.g.a. eit høgdedrag i mellom. Hyttene vil ligge lågare i terreng enn frittliggande hytter H og bustadar B2,B3. Planleggar vurderer det slik at denne utbygginga ikkje vil ha negativ verknad på landskap og friluftsliv. Naust. N1. Det er planlagt naustrekke på inntil seks naust. Desse er plassert i tilknytning til hamneformål og vil ikkje ha negativ verknad på landskap eller Friluftsliv. I strandsona der nausta er plassert er det frå førgjort inngrep med steinfylling og slipp. Nausta vil høve godt i landskapsrommet. Næring. N. I området er tenkt oppført servicebygg og lager i tilknytning til hamnefunksjonar. Slik anlegget er tenkt plassert vil det ikkje ha negativ innverknad på landskap eller friluftsliv.

Estetikk og byggeskikk. Skal vere lokalt forankra og tilpassast omgivnadane.

VA anlegg. Tekniske anlegg skal utarbeidast etter at reguleringsplanen er godkjent.

3. NATURMANGFALDET

Det går fram av naturmangfaldslova (nml) §7 at prinsippa i §§8 til 12 skal leggast til grunn ved utøving av offentleg mynde. Vurdering skal gå fram av vedtaket. Nml §8 Kunnskapsgrunnlaget: Fylkesatlas. Naturbase. Nml §9 Føre-var-prinsippet: Planarbeidet med høyring har så langt ikkje påvist at planlagde tiltak vil vere til skade for naturmangfaldet. Nml §10 Økosystemtilnærming og samla belastning: Området er for det meste klassifisert som naturbeitemark. Det er gjort funn av ein sårbar og to omsynskrevjande soppartar. Nml §11 Kostnadane ved reduserte miljøverdiar skal bærast av tiltakshavar: Det er ikkje påvist at planlagde tiltak vil utgjere fare for forringelse av miljøverdiar. Nml §12 Miljøfosvarlege teknikkar og metodar ved drift: For å ivareta miljøfaglege hensyn og skjøtsel er det viktig med auka beiting i området. Villsaubestanden (Losna Villsaulag) har auka monaleg dei seinare åra. Dette vil halde beitetrykket oppe.

4. RISIKO OG SÅRBARHETSANALYSE, ROS-ANALYSE.

ROS – analysen er utført av planleggar med kunnskapsgrunnlag i blant anna: Kommuneplan, Fylkesatlas, Skrednett og synfaring i området. COWI AS har utført skredfarevurdering og utarbeidd rapport. Bergens Sjøfartsmuseeum har utført marinarkeologisk registrering og utarbeidd rapport.

I omtalen av sannsyn skal følgjande skal følgjande inndelingar nyttast: For flaum-/flaumskredfare skal gjentaksintervalla i § 7-2 i byggteknisk forskrift leggjast til grunn (største nominelle årlege sannsyn 1/20, 1/200 eller 1/1000) For skredfare skal gjentaksintervalla i § 7-3 i byggteknisk forskrift leggjast til grunn (største nominelle årlege sannsyn 1/100, 1/1000 eller 1/5000) For annan type risiko skal det i omtalen nyttast omgrepa “Lite sannsynleg”, “Mindre sannsynleg”, “Ganske sannsynleg”, “Svært sannsynleg” I omtalen av konsekvensar skal følgjande skal følgjande inndeling nyttast: “Ufarleg”, “Ein viss fare”, “Farleg”, “Kritisk” og “Katastrofalt” Klimaendringar med auka temperatur, auka totalnedbør, hyppigare ekstremvêr m.v., kan påverke framtidige risiko knytt til hendingane nemnt i tabellen nedanfor. Denne moglege endringa i risiko skal omtalast i dei deler av tabellen der dette er naturleg Det må gå fram kva ekspertise/kompetanseorgan som er brukt i analysearbeidet

Alle aktuelle referansar må gå fram (kart, fagrapportar, notat m.v.)

Tilrådde tiltak for å følgje opp funn må gå fram – t.d. bruk av arealføremål (pbl. § 12-5), omsynssoner (pbl. § 11-8 og 12-6), føresegner til planen (pbl. § 12-7)

Uønskt hending Aktuelt? Sannsyn Konse- Samla Kommentar/ kvens risiko tiltak Natur- og miljøforhold Er området utsett for, eller kan planen/tiltaket medføre risiko eller auka påkjenningar for: Snø- eller steinskred/-sprang? Ja Mindre Viss fare Rapport COWI AS Flodbølgjer som følgje av skred? Nei Rapport COWI AS Kvikkleire eller anna ustabilitet? Nei Rapport COWI AS Flaum/flaumskred? Nei Rapport COWI AS Overvatn? Nei Radon? Nei Skog-/lyngbrann? Nei Stormflo? Ja Mindre Viss fare Havnivå- Rapport frå Fylkesmann Vind? Nei Sårbar flora? Ja Mindre Viss fare Soppartar. Sjå vurdering NML Verneområde? Ja Omsynssone Steingard og Naturtype- lokalitet Vassdragsområde? Nei Kulturminne/-miljø? Nei Rapport Bergens Sjø- fartsmuseum Verksemdsrisiko Er det i området: Anlegg/verksemder som kan utgjere Nei ein risiko? Lager med farlege stoff (væsker, Nei gassar, eksplosiv m.v.)? Medfører planen/tiltaket: Anlegg/verksemder som kan utgjere Nei ein risiko? Lagring av farlege stoff (væsker, Nei gassar, eksplosiv m.v.)? Auka risiko eller andre påkjenningar Nei for sårbare bygg, infrastruktur, aktivitetar m.v.? Forureining Er det i området: Fare for akutt forureining? Nei Permanent forureining? Nei Støy og støv (industri, trafikk m.v.)? Nei Forureina grunn? Nei Høgspentlinjer? Nei Anlegg for avfallsbehandling? Nei

Medfører planen/tiltaket: Fare for akutt forureining? Nei Fare for permanent forureining? Nei Støy og støv? Nei Høgspentlinjer? Nei Anlegg for avfallsbehandling? Nei Beredskap Er det i området: God tilkomst for utrykkingskøyretøy? Nei Tilkomst med båt Tilstrekkeleg sløkkevatnkapasitet? Ja Nær sjø

Medfører planen/tiltaket: Behov for nye/auka beredskapstiltak Nei (brann, helse m.v.)?

Infrastruktur Er området utsett for, eller kan planen/tiltaket medføre auka risiko for: Trafikkulykker? Nei Manglande kapasitet i Nei Vurderast kraftforsyninga? Av SFE AS Manglande kapasitet i tele-/ Nei dataforsyninga? Manglande kapasitet i VA-system? Nei

Andre forhold Fare for sabotasje/terror? Nei Fare for annan kriminalitet? Nei Vatn med fare for usikker is? Nei Terrengformasjonar som utgjer Nei spesiell fare (stup, skrentar m.v.)? Gruver, opne sjakter, steintippar Nei m.v.?