ÅRSMELDING FOR ROVDE SOKN 2017

Foto: Linda Iren Ramsevik Velkomen til kyrkje søndag 4.februar 2018 kl. 16.00 Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi og årsmøte der årsmeldinga vert lagt fram.

1 Du er mi øy i havet, Gud, 2 Du er ein bårerygg som bryt, ei stø for mine føter. der får eg sjå ditt velde. Du er eit vinddrag mot mi hud, Du er ei elv som roleg flyt, ditt kjærteikn som eg møter. ho er mi nådekjelde. Du er ein stavstill , Du fjøre er og flod, min salme utan ord. i rytmen finn eg ro. Du er eit fuglekor som kved, Du er eit hav kring heile meg, der får eg lov å syngje med. der er eg evig eitt med deg. Soknerådet i 2017: Leiar: Vigdis Knardal, nestleiar: Jorunn Berge, sekretær: Åshild Knardal Styremedlemmer: Ivar Austrheim, Severin Rovde, Linda Ramsevik og Palmar Knardal. Hallvard Hånes var medlem, men gjekk ut av soknerådet i byrjinga av året, og fast medlem vart då Palmar Knardal. Varamedlemmer: 1. Jørn Petter Flusund, 2. Anette Sætre.

Fellesrådet: Vigdis Knardal og Jorunn Berge Vara: Severin Rovde. Hallvard Hånes gjekk ut. Kirkens Nødhjelpkontakt: Severin Rovde Kontakt for Kaffibanken: Jorunn Berge og Åshild Knardal Representant i Trusopplæringskomiteen: Vigdis Knardal

Tilsette i kyrkja: Sokneprest i Rovde og : Ivar Austrheim Kantor: Brunhilde Engelhardt Kyrkjelydspedagog/ sekretær: Brit Irene Kvamme Kyrkjeverje: Inger Anne Vidnes var tilsett 1.halvår, og ny kyrkjeverje Målfrid Støvreide vart tilsett frå 2.halvår. Kyrkjetenar: Inger Anne Vidnes og Brit Irene Kvamme. På vårparten vart Olrun Vada tilsett i stillinga.

Frivillig klokkarteneste: Alvhild Ljoså.

Aktivitet: Årsmøte den 05.02.2017. Etter gudstenesta og kyrkjekaffien vart årsmeldinga lagt fram.

Soknerådet har i 2017 hatt 6 møte og handsama 33 saker.

Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp vart gjennomført av soknerådet.

Misjonsprosjektet vårt er Mor/ barn prosjektet på Madagaskar.

Den 28.mai var det flott speidargudsteneste med speidarar frå Dalsfjord, Velsvik og Rovde.

Søndag 23. juli var det ei fin Friluftsgudsteneste på Sundnes-neset ved sokneprest Ivar Austrheim .

Søndag 27.august var det felles gudsteneste for heile prostiet i kyrkje der Reformasjonsjubileet vart markert med temaet «Nåden åleine». 22.oktober var det markering i Rovde kyrkje med tema «Frelsa er ikkje til sals»

Søndag 10.september vart dei 6 konfirmantane våre presenterte.

Helgemessesøndag 05.november mintest vi dei som var gravlagde i soknet siste året. Då var det orgelmusikk ein halv time før gudstenesta, og det vart gitt høve til å tenne lys.

Brit Irene Kvamme legg ned eit stort arbeid i Trusopplæringa. I Rovde kyrkje har ho og Vigdis Knardal hatt Forteljarstund fleire gonger også i år. Det er eit tiltak for små og store med kveldsmat, song og musikk og teikningar på storskjerm. Vi har mellom anna hatt påskefeiring , feira hausttakkefest med frukt og grønsaker og lysmesse straks før jul med flott musikk til. På Forteljarstund har vi hatt vitjing og samarbeid med speidarane i Dalsfjord, Velsvik og Rovde. Dei kjekke konfirmantane våre har også delteke på Forteljarstund. Sjå også årsmelding for trusopplæringa i .

Vi har hatt fleire bygdakafear på laurdagar. Opningstid ca. 5 timar. Inntekta går til gode tiltak for Rovde kyrkje/kyrkjelyd.

Ved kyrkjegardstrappa har vi fått sett opp to nye, fine lampar som gjev godt lys. Dei gamle lyktene var øydelagde av vind og ver.

Soknerådet har hatt dugnad, og gjennom året har vi vore på kyrkjegarden jamt og trutt for å sjå etter og stelle der. Vi har også i år sett nye plantar og pynta i krukkene.

Til jul gjev vi blomsterhelsingar til dei som har mist born eller ektefellen sin dette året.

Avfallsdeponiet. I fylgje lova er det Rovde Sokn som eig Rovde kyrkjegard og Rovde kyrkje. Men i mai vart det sett i gong arbeid med støyping av ei stor betongplate og murar oppe på ein svært synleg på kyrkjegarden, utan at verken Rovde Sokneråd eller Vanylven Fellesråd fekk orientering om planar eller kven som stod bak. Gong på gong prøvde vi å stanse arbeidet. Dette gav oss svært mykje unødig ekstra arbeid . Det er malplassert , skjemmande, og svært lite estetisk å få noko slikt rett i synet når vi kjem opp på kyrkjegarden vår . Vi har heller ikkje bruk for eit slikt stort avfallsdeponi. Samarbeidet med bispekontoret har vore godt, og dei har støtta oss i denne saka . Dei er tydelege på at det er Rovde Sokn som eig kyrkja og kyrkjegarden, og at dette burde vore løyst lokalt, og vi hadde rett til å protestere. Det har vore hastemøte i soknerådet og folkemøte. På Fellesrådsmøte den 20.september var det oppe som sak om det som var oppsett skulle rivast eller ikkje. Det var skriftleg avrøysting og stort fleirtal for at det skal fjernast. Og då er det avgjort! Vi takkar for den store støtta som både Grendalaget og bygdefolket har gjeve oss. Vi gled oss over at kyrkja vår har vorte grundig skrapa og er fin og nymåla,- både tårn og utedører. Dørene til sakristiet var rotskada og i dårleg stand. Dei har no fått skikkeleg stell og er oppattmåla. Straks før julekonserten vart dei tre store vindauga (opp mot vegen) henta, og der vart sett inn plater midlertidig. Men før sjølve julehøgtida tok til, var dei nystelte vindauga på plass! Byggmeister Otto Stornes frå har hatt ansvaret for dette arbeidet i kyrkja. Det har vore kjekt for oss at Stornes har teke kontakt og orientert soknerådet om arbeidet.

Kyrkjetenarstillinga vart utlyst, og vi er svært glade for at Olrun Vada tok på seg jobben som kyrkjetenar frå våren 2017.

Målfrid Støvreide tok til som ny kyrkjeverje våren 2017. Ho har vore hjelpsam, og vi har hatt godt samarbeid med henne.

Statistikk: 16 gudstenester med totalt 653 frammøtte Av desse 13 med nattverd med 297 nattverdsgjester 5 born vart døypte 0 konfirmantar 0 vigslar 5 gravferder 3 konsertar 5 forteljarstunder

Økonomi: Innsamla i offer kr. 27.904. Av dette 4.903 til eige arbeid. 2.488 til kyrkjelydsarbeidet og 2.415 til plantar på kyrkjegarden. På fasteaksjonen vart det samla inn kr. 6.455 til Kirkens Nødhjelp Gjennom gjevartenesta er det gitt kr. 5.000 På kaffebanken har vi i 2017 fått inn brutto kr. 7.680. I kafékassa har vi pr.31.12.17 kr.6.770,90

Til orientering: På siste møte i 2017 hadde vi val i soknerådet. Leiar og nestleiar skal veljast for eitt år i gongen, og i god tid før årsskiftet. Soknerådsleiar Vigdis Knardal som har vore leiar i to år sa frå seg attval. Severin Rovde er vald til ny leiar. Vigdis Knardal er ny nestleiar. Det er og bestemt at frå 2018 skal sokneråda ha eigen kasserar. Jorunn Berge er vald til kasserar.

Ei stor takk til dirigent og songarar i Rovde Blandakor som kvart år arrangerer julekonsert, og til nye song- og musikk- krefter som stiller opp og fører verdfulle kulturtradisjonar vidare. Soknerådet rettar ei hjarteleg takk til dei gode prestane våre, til vår dyktige organist og til kyrkjelydspedagog og andre tilsette og frivillige som har gjort eit godt arbeid i kyrkjelyden i 2017.

For Rovde Sokneråd Vigdis Marie Knardal