Folketeljing 1910 for 1039 Herred, Herred Og Spind Prestegjeld
Folketeljing 1910 for 1039 Herred, Herred og Spind prestegjeld Digitalarkivet 09.09.2014 Utskrift frå Digitalarkivet, Arkivverkets teneste for publisering av kjelder på internett: http://digitalarkivet.no Digitalarkivet - Arkivverket Innhald Løpande liste ................................ 11 Førenamnsregister ........................ 47 Etternamnsregister ........................ 57 Fødestadregister ............................ 67 Bustadregister ............................... 69 4 Folketeljingar i Noreg Det er halde folketeljingar i Noreg i 1769, 1801, 1815, 1825, 1835, 1845, 1855, 1865, 1870 (i nokre byar), 1875, 1885 (i byane), 1891, 1900, 1910, 1920, 1930, 1946, 1950, 1960, 1970, 1980 og 1990. Av teljingane før 1865 er berre ho frå i 1801 nominativ, dvs ho listar enkeltpersonar ved namn. Teljingane i 1769 og 1815-55 er numeriske, men med namnelistar i grunnlagsmateriale for nokre prestegjeld. Statistikklova i 1907 la sterke restriksjonar på bruken av nyare teljingar. Etter lov om offisiell statistikk og Statistisk Sentralbyrå (statistikklova) frå 1989 skal desse teljingane ikkje frigjevast før etter 100 år. 1910-teljinga vart difor frigjeven 1. desember 2010. Folketeljingane er avleverte til Arkivverket. Riksarkivet har originalane frå teljingane i 1769, 1801, 1815-1865, 1870, 1891, 1910, 1930, 1950, 1970 og 1980, mens statsarkiva har originalane til teljingane i 1875, 1885, 1900, 1920, 1946 og 1960 for sine distrikt. Folketeljinga 1. desember 1910 Ved kgl. Res. 23. september 1910 vart det kunngjort at det skulle haldast ”almindelig Folketælling” for å få ei detaljert oversikt over Noregs befolkning natta mellom 1. og 2. desember 1910. På kvar bustad skulle alle personar til stades førast inn i teljingslista, med særskilt merknad om dei som var mellombels til stades (på besøk osv) på teljingstidspunktet. I tillegg skulle alle faste bebuarar som var fråverande (på reise, til sjøs osv) på teljingstidspunktet førast inn på lista.
[Show full text]