Kyrkjekontoret 6200 Stranda Tlf: 40441522
[email protected] Verksemdsplan for Storfjorden kyrkjelege fellesråd 2021 Visjon: Storfjorden kyrkjelege fellesråd vil verkeleggjere visjonen ved å: 1. legge til rette for eit aktivt engasjement og ei stadig fornying i kyrkjelydane 2. fremje samarbeid med kyrkjelydane og sokneråda 3. forvalte eigedomane; kyrkjene og kyrkjegardane på ein god og tenleg måte 4. vere ein profesjonell arbeidsgjevar for tilsette Kyrkja er ein viktig ressurs for å skape gode lokalsamfunn prega av nærleik, omsorg, identitet og kultur. Ho er ein sentral bidragsytar for at enkeltmenneske skal fatte mot og meining, tru og engasjement. Ei livskraftig kyrkje gjer bygdene våre til ein betre stad å bu. 1 Om Storfjorden kyrkjelege fellesråd Storfjorden kyrkjelege fellesråd skal vere eit tilgjengeleg serviceorgan for kyrkjelydane, eit profesjonelt forvaltingsorgan for kyrkjene og kyrkjegardane i Fjord og Stranda kommunar og ein god arbeidsgjevar for dei tilsette. Grunnlag Storfjorden kyrkjelege fellesråd er heimla i Trussamfunnslova og Gravferdslova, og er eit sjølvstendig offentleg organ på lik line med kommune og stat. Storfjorden kyrkjelege fellesråd kom i funksjon frå 1.12.2011 og fekk prosjektperioden utvida ut 2019. Ny prosjektperiode frå 01.01.2020 dekkjer fellesrådet sokna i Fjord og Stranda kommunar ut år 2023. Storfjorden kyrkjelege fellesråd: • Arbeider på vegne av kyrkjelydane i Fjord og Stranda kommunar. • Er arbeidsgjevar for tilsette utanom prestane, som utgjer 9,5 årsverk. • Verksemda omfattar 7 kyrkjer og 9 kyrkjegardar. • I 2021 har fellesrådet eit driftsbudsjett på om lag 9,6 million kroner og eit investeringsbudsjett på om lag kr. 0,8 millionar kroner. Fellesrådet sin økonomi er i hovudsak basert på overføringar frå kommunane.