Tradisjonar Om Svartedauden På Sunnmøre
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Tradisjonar om Svartedauden på Sunnmøre 04.02.2021 1 Tradisjonar om Svartedauden på Sunnmøre «Svartedauden eller «Den store Manndauen», en bylle - og lungepest som i 1346 nådde Krim fra Asia og i de følgende år spredte seg med rivende fart over Europa. Man regner med at 2/3 i hvert fall 60 % Europas befolkning døde, ca. 50 millioner av 80 millioner døde i Europa. Totalt omkom 75 millioner. Til Norge kom pesten sommeren 1349 med et skip som anløp Bergen. I løpet av høsten og vinteren ble hele landet hjemsøkt. De syke hadde voldsomme smerter og døde vanligvis etter et par dager av blodstyrtning. Folkesagn om pestens uhyggelige herjinger har levd i mange bygder til våre dager. Bortimot 60 % - 2/3 av Norges befolkning ble revet bort, og folketallet nådde ikke sin gamle høyde før etter 200-250 år; tusenvis av gårder ble liggende øde i generasjoner og jordprisene sank sterkt. Begge deler fikk katastrofale følger. Lavadelen sank ned i bondekår, kongemakten mistet meget av sitt inntektsgrunnlag, og det faste embetsverket gikk i oppløsning. Svartedaudens virkninger var langvarige og dybtvirkende og påskyndet i høy grad Norges politiske nedgang i senmiddelalderen.» Det er eit dystert inntrykk ein får av herjingane til denne pesten, og det finst som sagt utallige segner som stadfestar dette inntrykket. No skal det rett nok seiast at i dei fleste segnene ser det ut til at berre ein eller to personar i bygda overlevde Svartedauden, og så galt kan det trass alt ikkje ha vore alle stader. Profesjonelle historikarar har diskutert i bandsterke verk omfanget av Svartedauden, og teke grunnlag i prisane på kyr og smør, i matrikkelskulda på gardane, i talet på øydegardsnamn og i jordebøker og mangt anna, - alt saman for å slå fast i kor stor grad landet vårt vart råka av denne pesten. ( Eit godt innblikk i ulike argument finn ein t.d. i : Norske historikere i utvalg - bd. IV : Norges nedgang. Universitetsforlaget, 1968. ) Pesten i 1349-50, sjølve Svartedauden, var ikkje heilt utan sidestykke: om lag 10 år seinare kom ein pest som vart kalla Barnedauden, og om lag 10 år etter denne att tok ein til å merke ein ny pestepidemi, Drepsotta. Også i 1393 herja pest i Noreg. Til sjuande og sist er det likevel den første pesten, i 1349-50, ein reknar som sjølve hovudårsaka til elendet. Kom Svartedauden til Sunnmøre i 1351? Hans Strøm meinte at pesten kom til Sunnmøre først i 1351, og gav følgjande grunn for denne påstanden: «At tiden, paa hvilken den sorte død indfalde her i egnen, maa være det aar MCCCLI, kan sluttes af maaden, hvorpaa den her endnu pleier at betegnes, nemlig ved 1 Rist, 3 Pølser og en Klovtræesadel, og 1 Spyd; hvilket til deels, skiønt ikke ganske, kommer overeens med det gamle latiske munke-vers som ..... lyder saaledes: Rostrum ( M ) Trivurstum ( CCC ) Spidlongum ( L ) Mors Erat Atra». ( Hans Strøm: Søndmørs Beskrivelse. - Bd. 11, 1766 ). 2 Kjenneteikna på kven Svartedauden let leve eller døy Hjørundfjordingen Elling Urkegjerde har attfortalt tradisjonsstoff om korleis Svartedauden «valde ut» offera sine: «Den sorte død, fortelles der, skulde være lig en mandsperson, som da han kom ind i huuset begyndte at feie enten fra eller til døren, og dersom han feiede fra døren levede der nogle mennesker tilbage, men feiede han, nemlig den sorte død, til døren, saa skaanedes ingen.» Hareid Til Hammarstøylen kom pesten om våren «Om Hammarstøylen seier segna, at pesten kom dit om våren, etter at gjødselen var førd ut på åker og mark. Alt folket på garden vart sjukt og døydde, men gjødseldungane låg att som tuver i lange tider, og tuvene er enno å sjå». ( Andreas Bjåstad. Ingvard Bjåstad: Soga om Hareid og Ulstein. - Bd. I, 1970 ). Herøy Svartedauden sette varige spor etter seg i folketradisjonen. Spørsmålet er om han sette like varige merke etter seg i naturen, merke og minne som etterslektene kunne peike som resultat av Svartedauden. Heilt sikre spor er det sjølvsagt uråd å påvise no, men det finst eller fanst eitt og anna som kunne vere merke etter herjingane til denne fryktelege pesten. I t.d. Herøy og Volda var det på 1700-talet kyrkjegardsområde som truleg hang saman med ei stor ulukke eller ein dødeleg epidemi. Slik lyder tradisjonen frå Moltustranda i Herøy: Kyrkjegarden utan kyrkje på Moltu «Moldtuun, som foruden et par bøndergaarde har en præsteænkegaard, ligger omtrent 1,5 fierding fra Raftenæs, og strax vesten for Sandviig. Denne er især mærkværdig deraf at, omendskiønt her aldrig ( saa vidt man veed ) har staaet nogen kirke, findes her dog en indviet kirke-gaard, hvor en stor hoben liig, især af inden - og udenlandske søefarende, siges at ligge begravne; men om den fra første tid er bleven indrettet i anleedning af en pest eller smitsom syge, ligesom forhen er mældt ved Voldens Kirkes beskrivelse, eller og til hielp for den rette kirkegaard paa Herrøe, som til sit brug falder meget uskikket og ubeqvem, derom veedjeg lige saa lidet at giøre forklaring, som af hvad aarsag man til en neben-kirkegaards anlæggelse just har udvalgt dette sted.» ( Hans Strøm: Søndmørs Beskrivelse. Bind II, 1766 ) 3 Hjørundfjord Er Hjørundfiord oppkalla etter nokre steinar? «Denne fjord kaldes i Rami Norges Beskrivelse Hiørningsfjord eller Hiøringefjord, og siges at have sit navn af de hiøringer eller kjendingesteene, som bleve oprettede til erindring om Hagen-Jarls ( Håkon Jarls ) mærkværdige seier over Jomsvikingerne.» ( Hans Strøm: Søndmørs Beskrivelse. Bd. 11, 1766 ). «Harundarford eller Jørringfjord findes kun nævnt i Jomsvikingasaga i den deel, som beskriver slaget ved Jørungavaag, og enten fjorden har sit navn af Harund eller af de stene, som kallesjørrungerne eller af den pige, som kaldtes Jørund, hvorom mere er at læse om under Widdal, erjeg ikke vis paa». ( Berent E. Aakre, 1843. Hjørundfjord Sogelag, årsskrift nr. 10, 1988 ) Geologen Hans Reusch skreiv i 1875 litt om desse 3 store steinane mellom Brattheim og Skarbøen. Dei ligg nær land ute i sjøen, og Reusch fortel at dei også vart kalla «St. Oles Bordstole» - i tillegg til det meir vanlege namnet «Jorungerne». ( Hans Reusch, 1875. Ivar Grøvik: Hjørundfiordboka. Bd. 1, 1975. ) Er Hjørundfiord oppkalla etter ei jente ? «Rimeligere er det, som indbyggerne her i egnen berette, nemlig at fjorden har sit navn at en quinde, nemlig Jørond, som af alle egnens indbyggere eene havde den lykke at undgaae den saa kaldte sorte død, og at den følgelig burde heede Jørondfiord, hvilket og stemmer best overeens med vore bønders udtale; men da den nu omstunder i almindelighed skrives Jørgenfjord, har jeg, for ikke at blive uforstaaelig, helst villet rette mig derefter, især da hiin benævnelse ( Jørondfjord ) ikke kan beviises af historien, men grunder sig paa et blot sagn.» ( Hans Strøm: Søndmørs Beskrivels ) Er Hjørundfiord oppkalla etter ei jente på Viddal ? «Viddal, fordum Viddardalir, er en af Jørringfjordens ældste gaarde, der var beboet før den sorte død. Der fortælles, at blot en pige ved navn Jørrund eller Jørrung i Viddal, levede tilbage af sognets indbyggere, da den sorte død herskede i landet. Af denne pige mene en deel, at Jørringfjorden har faaet sit navn, da hun blev gift med en mand fra Sundelven, og saaledes befolkede sognet paa ny. » ( Berent E. Aakre, 1843. Hjørundfiord Sogelag, årsskrift nr. 10, 1988 ) 4 Heitte jente på Viddal Gjøri? «I Nebbedalen levde att berre ein mann. Han gjekk opp i Viddalsskardet og skulle sjå etter om det var teikn til at nokon levde att i Viddal. Han såg røyk der og gjekk ned. Då han kom inn i huset, stod ei kvinne, den einaste som levde att der, og vaska seg. Ho hadde mest ikkje tenkt umake seg med å vaske seg, men so kom ho til å ten- kje: «Om eg åleine mun vere, så vil eg meg sjølv då ære.» Så vart desse to gifte. Kvinna heitte Gjøri ( Jorund ). Ætta etter dei folka så Hjørundfjorden på nytt. » ( P.A. Lillebø: Sunnylven og Geiranger. - Bd. I, 1951 ) Heitte jenta på Viddal Helga? «Då Svartedauden var over, var det berre ei jente att på Viddal. Ho kom over eit eid, og derifrå såg ho røyk frå eit hus nede på Øye. Ho gjekk dit. Der fann ho seg ein gut, og dei førte slekta vidare. Eidet fekk namn etter jenta. Det heiter Helge-Eidet. Også ein foss som kjem ned frå eidet, fekk namn etter jenta. Han heiter Helg-Åna.» ( Elevarbeid i 7. klasse ved Sæbø skule 1980. Fortalt av Inga Nordang ). Heitte jenta på Norang Helga? «Ein mann levde åleine att i Viddal. Han gjekk frampå Gellet ovanfor Norang og såg ut over dalen. Då såg han at det rauk frå eit av husa på Norang, og han skunda seg dit. Der fann han ei jente som var einaste attlevande. Segna seier at det skulle vere i Einagarden. Fjellet som han såg det frå, kalla han Konehornet, og ei elv som renn ned frå same sida kalla han Helgåna. Jenta skulle heite Helga.» ( Etter Jakob Øye, 1973. Ivar Grøvik: Hjørundfiordsoga. Bd. 1, 1975 ) Konehornet «På Øyelandet levde att berre ein mann. Han gjekk opp på fjellet ovafor Norang, og såg då eit menneske i Vid- dal, ei kvinne. Då vart ho i Viddal glad og gjekk honom til møtes. Dei gav seg i hop på fjellet, og fjellet heiter den dag i dag «Koneønje» ( Konehornet ).» ( P.A. Lillebø: Sunnylven og Geiranger. - Bd. I, 1951 ) Den britiske Standal-slekta «Denne families første stamme-fædre siges at have været et par englændere eller skotlændere, som kom herind strax efter den sorte død, og satte sig ned i Standal. Hvor de siden udbreedede sig saaledes, at de kan ansees som stamme-fædre for de fleeste nu værende indbyggere i kaldet.» ( Hans Strøm: Søndmørs Beskrivelse.