Pdf. Klikk for Å Laste Ned Innkalling Til Kontrollutvalet I Jølster
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Årsmelding 2013 Innhaldsliste 1 Innleiing ........................................................................................................................................................3 2 Økonomi .......................................................................................................................................................5 3 Personale ................................................................................................................................................... 10 4 «10 på topp!» ............................................................................................................................................ 12 5 Oppvekst og kultur .................................................................................................................................... 14 6 Helse og omsorg ........................................................................................................................................ 18 7 Plan, næring og drift .................................................................................................................................. 21 8 Investeringar .............................................................................................................................................. 24 9 Samanlikningar (KOSTRA) .......................................................................................................................... 26 10 Styringsdokument.................................................................................................................................. 29 11 Tenesteeiningane .................................................................................................................................. 30 11.1 Sentraladministrasjon og fellesutgifter (120) .................................................................................... 31 11.2 Skei skule (210) .................................................................................................................................. 33 11.3 Vassenden skule (211) ....................................................................................................................... 35 11.4 Jølster kulturskule (250) .................................................................................................................... 39 11.5 Skei barnehage (270) ......................................................................................................................... 42 11.6 Langhaugane banehage (271) ........................................................................................................... 45 11.7 Helse og omsorg felles (300) ............................................................................................................. 47 11.8 Helsestasjon – Helseteneste asylmottak – Folkehelse (312)............................................................. 50 11.9 Fysioterapitenesta (313) .................................................................................................................... 53 11.10 Legetenesta (320) .......................................................................................................................... 56 11.11 Psykisk helsevern (340) ................................................................................................................. 58 11.12 Tenesteeining NAV Jølster (350 og 351) ........................................................................................ 61 11.13 Skei heimetenester (371) .............................................................................................................. 64 11.14 Skei Bufellesskap (372) .................................................................................................................. 66 11.15 Heimly bufellesskap (373) ............................................................................................................. 69 11.16 Heimetenesta Vassenden (381)..................................................................................................... 71 11.17 Vassenden busenter (382) ............................................................................................................. 73 11.18 Plan og næring felles (400) ............................................................................................................ 75 11.19 Bibliotek (510) ............................................................................................................................... 77 11.20 Tenesteeining Plan og Bygg (610) 2013 ......................................................................................... 79 11.21 Drift og kommunalteknikk (620-621) ............................................................................................ 81 11.22 Næring og miljø (650) .................................................................................................................... 84 1 Innleiing Årsmeldinga er rådmannen sin rapport til kommunestyret om korleis vi har nytta dei ressursane som vart stilt til rådvelde. Meldinga omfattar tenesteomfang, kvalitet og økonomiske forhold. Budsjett og verksemdplan for 2013 er det viktigaste grunnlaget for rapportering av oppnådde mål. Fremst i årsmeldinga er felles omtale og kort oppsummering knytt til kvar kommunalsjef sine område. I denne delen prøver vi å gi eit overordna innblikk i drifta, tenestene og økonomien dette året. Den siste delen av årsmeldinga er 2 – 3 sider for kvar tenesteeining. Denne delen er for det meste skriven av tenesteleiar og gir vonleg meir detaljinformasjon om einingane. 2013 er det 9. året på rad der Jølster kommune har overskot i rekneskapen. Netto driftsresultat er på 1,1 mill kr. Det er på 1,9% inkludert fondsbruk og momskompensasjon. Måltal frå staten og KS er at kommunane treng 3 % over tid for å vere «økonomisk berekraftig». Folketalet i Jølster har dei siste åra steget med ca 1 %. I 2013 fekk vi for første gong sidan 2006 ei nedgang i folketalet. Nedgangen var berre på 8 personar, men det er likevel grunn til å ha fokus på folketalsutviklinga. Dette skjer best gjennom å yte gode tenester og å ha tilgjengelege bustadområde. Kommunen har avgrensa tal bustadtomter for sal. Det er private utbyggarar som har tilgjengeleg ferdig regulerte bustadfelt, men det er ikkje sett i verk utbygging i desse. Jølster kommune må og leggje til rette for busetting av flyktningar og arbeidsinnvandrarar, som er viktige ressursar i utviklinga i Jølster kommune Ved fortsatt folketalsnedgang vil kommunen sine inntekter gå ned, og gje mindre handlingsrom for å yte tenester. I samband med budsjett og verksemdplan for 2013, vart det også vedteke ei «10 på topp»-liste med viktige oppgåver i 2013. Administrasjonen har hatt god nytte av denne prioriterte lista gjennom året. Vi meiner også at lista gir eit innsyn i oppgåver og tiltak som administrasjonen jobbar med. Når vi oppsummerer året, så ser vi at svært mykje av det planlagde arbeidet er gjort. De finn eit eige kapittel i årsmeldinga med statusrapport for «10 på topp». Kommuneplanen har vore under arbeid gjennom heile 2013. Samfunnsdelen vart vedteken av kommunestyret 05.11.13, og gjev retning og prioritering for utviklinga i kommunen. Arealdelen av kommuneplanen er fortsatt under arbeid. Arealdelen vart forsinka fordi det var naudsynt å finne ny korridor for E 39 gjennom Vassenden. Arbeidet med traseval for E 39 vart starta i oktober, og vert sluttført i løpet av første halvår 2014 i samband med fullføring av arealdel av kommuneplanen. Planarbeidd er viktig i kommunen. Rådmannen vil nemne nokre av planane som har vorte vedteke i 2013: • Kommuneplan, samfunnsdel • Reguleringsplan E 39 Bjørset – Skei • Privat reguleringsplan bustadområde Fugle • Kommunedelplan Vassforsyning 2014 – 2025 • Kommunedelplan Avløp 2014 – 2025 • Plan for folkehelsearbeid • Plan for dagaktivitetstilbod • Demensplan Planarbeidet har teke vesentlege ressursar i administrasjonen, og det vil krevje fokus og prioritering å følgje opp måla som er sett i dei ulike planane. Planane gjev viktige føringar for investering og drift i åra som kjem. Jølster kommune har hatt stor byggeaktivitet dei siste åra. Hausten 2013 var det byggjestart på utviding av Skei Barnehage. Det nye tilbygget skal innehalde 2 avdelingar tilrettelagt for born mellom -3 og seks år. Byggje skal vere ferdig til start av nytt barnehageår hausten 2014. Anbod på tilbygg til Skei omsorgssenter vart utlyst i og fire tilbydarar melde seg. Når årsmeldinga no vert skriven er kontrakt tildelt entreprenør, og arbeidet er i ferd med å starte opp. Vinteren 2013 innførte Jølster kommune ny grafisk profil. I samband med innføring av grafisk profil vedtok kommunestyret og å forenkle visjonen til Jølster kommune til – «Skaparkraft – i verdas vakraste ramme». Designprofilen er sterk og klar og inneheld element frå tradisjonshandverk i Jølster. Vi meiner den nye profilen som vi nyttar i alle dokument, planar og på heimeside synleggjer kommune på ein god måte. Vi er glad for at næringsdrivande har teke i bruk profilen både i si originale form og kreativt omarbeidd. Jølster er med i interkommunalt samarbeid på mange område. Særleg tett er samarbeidet i Samarbeid i Sunnfjord (SIS) med jamlege møte både på ordførar og rådmannsnivå. For å løyse utfordringane som samhandlingsreforma gjev kommune samarbeider vi tett med andre kommunar. I 2013 vart det gjort vedtak om ny organisering av den interkommunale legevakttenesta for å møte nye krav. Det vil fortsatt vere viktig å jobbe interkommunalt for å løyse krevjande oppgåver.