Folketeljing 1910 for 1629 Jøssund, Aafjord Prestegjeld Digitalarkivet
Folketeljing 1910 for 1629 Jøssund, Aafjord prestegjeld Digitalarkivet 09.09.2014 Utskrift frå Digitalarkivet, Arkivverkets teneste for publisering av kjelder på internett: http://digitalarkivet.no Digitalarkivet - Arkivverket Innhald Løpande liste ................................ 11 Førenamnsregister ........................ 65 Etternamnsregister ........................ 81 Fødestadregister ............................ 97 Bustadregister ............................. 101 4 Folketeljingar i Noreg Det er halde folketeljingar i Noreg i 1769, 1801, 1815, 1825, 1835, 1845, 1855, 1865, 1870 (i nokre byar), 1875, 1885 (i byane), 1891, 1900, 1910, 1920, 1930, 1946, 1950, 1960, 1970, 1980 og 1990. Av teljingane før 1865 er berre ho frå i 1801 nominativ, dvs ho listar enkeltpersonar ved namn. Teljingane i 1769 og 1815-55 er numeriske, men med namnelistar i grunnlagsmateriale for nokre prestegjeld. Statistikklova i 1907 la sterke restriksjonar på bruken av nyare teljingar. Etter lov om offisiell statistikk og Statistisk Sentralbyrå (statistikklova) frå 1989 skal desse teljingane ikkje frigjevast før etter 100 år. 1910-teljinga vart difor frigjeven 1. desember 2010. Folketeljingane er avleverte til Arkivverket. Riksarkivet har originalane frå teljingane i 1769, 1801, 1815-1865, 1870, 1891, 1910, 1930, 1950, 1970 og 1980, mens statsarkiva har originalane til teljingane i 1875, 1885, 1900, 1920, 1946 og 1960 for sine distrikt. Folketeljinga 1. desember 1910 Ved kgl. Res. 23. september 1910 vart det kunngjort at det skulle haldast ”almindelig Folketælling” for å få ei detaljert oversikt over Noregs befolkning natta mellom 1. og 2. desember 1910. På kvar bustad skulle alle personar til stades førast inn i teljingslista, med særskilt merknad om dei som var mellombels til stades (på besøk osv) på teljingstidspunktet. I tillegg skulle alle faste bebuarar som var fråverande (på reise, til sjøs osv) på teljingstidspunktet førast inn på lista.
[Show full text]