Trafikksikringsplan 2003
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Ulvik herad TRAFIKKSIKRINGSPLAN Kommunedelplan 2003-2012 FØREORD Det er lagt opp til at alle kommunar i Deltakarar i arbeidsgruppa for Hordaland skal utarbeida ein eigen trafikksikringsplanane har vore: trafikksikringsplan innan 2001, jf vedtak i Hordaland fylkesting 17.2.1998. Ein Elin Øystese Kjerland, Granvin herad, godkjent trafikksikringsplan vil vera repr. for born og unge føresetnad for løyvingar til ”Aksjon Lars Kvamme, rektor Granvin herad skulevegmidlar”. Hilde Gunn Stenseth, Granvin herad Asbjørn Helleve, Granvin herad, Planutvalet i Ulvik vedtok å setja i gang Jorunn Nestås/Knut Endre Folkedal, arbeid med trafikksikringsplan i møte Granvin herad, leiar i hovudutvalet 30.8.2000 etter nye retningsliner og signal Jon Olav Heggseth, lensmann i Ulvik og frå sentrale styresmakter. Det er arbeidd Granvin / ordførar i Ulvik herad med planen hausten 2000 og våren 2001 i (Audun Høyland lensmann i siste del av nært samarbeid med Granvin herad. Dette Ulvik sitt planarbeid) for å få ei brei og god tilnærming til Gunnlaug Lekve, Ulvik herad, repr. for trafikksikring i distriktet vårt, men og av born og unge omsyn til effektiv ressursbruk og sparte Paul Amundsen, Ulvik herad kostnader for begge herada. Ein har Kåre Aldal, Statens vegvesen samarbeidd om felles møteverksemd, Nils Torbjørn Sperrevik, Statens vegvesen konsulentbruk, synfaringar med meir . Voss og Hardanger distrikt Kvart herad har utarbeidd sin eigen plan Arne Aase, Trygg Trafikk der føreliggjande rapport er Ulvik herad Olav Lofthus, Norconsult, Vestnorsk sin trafikksikringsplan med status som Plangruppe. kommunedelplan jf.. Plan- og bygningsloven. Torbjørg Austrud, Ulvik herad, har arbeidd med ferdigstilling av planen for Det viktigaste med trafikksikringsplanen, politisk handsaming frå mai 2003. er at han skal samanfatte og oppsummera problema med ulukker og utryggleik i Ulvik og vera eit handlingsretta verktøy Trafikksikringsplanen for Ulvik er med prioriterte tiltak for korleis ein vil vedteken i Ulvik heradstyre 5.nov.2003, satse på trafikktryggleik i gjeldande sak 71/03. planperiode. Vestnorsk plangruppe, Norconsult Bergen, Ulvik, 14.11.2003 har vore konsulent for prosjektet. Torbjørg Austrud – plan-og miljørettleiar Arbeidet vart for Ulvik herad sin del lagt på is ein periode, men starta opp att våren 2003.. INNHALD Føreord Innhald 1. Innleiing 1.1 Lokale problem og samfunnsproblem 1.2 Kvifor trafikksikringsplan 1.3 Planstatus og oppfølging 1.4 Om innhaldet i planen 2. Visjon, mål og satsingsområde 2.1 Visjon 2.2 Hovudmål 2.3 Satsingsområde 2.4 Fysiske tiltak 2.5 Opplæring og informasjon 2.6 Planlegging, opplæring og kontroll 3. Kort om Ulvik herad 3.1 Ålment 3.2 Busetting og folketal 3.3 Næringsliv 3.4 Vegnett og vegstandard 3.5 Trafikkmønster 3.6 Køyrety i Ulvik pr 1.1.2000 3.7 Skule, skuleskyss, barnehage 3.8 Trafikksikringsarbeidet i dag 4. Utryggleik 5. Ikkje-fysisk trafikksikring 5.1 Ålment 5.2 Opplæring og informasjon 5.3 Planlegging, forvaltning og kontroll 6. Oppsummering og tiltak 6.1 Kvar er det skoen trykkjer? 6.2 Tiltak 6.3 Prioriteringskriteria 6.4 Ikkje-fysiske tiltak 6.5 Fysiske tiltak riks- og fylkesvegar 6.6 Fysiske tiltak kommunale vegar 6.7 Strakstiltak riks- og fylkesvegar 6.8 Strakstiltak kommunale vegar VEDLEGG 7. Grunnlag og problemanalyse 8. Kart over personskadeulukker 1995-1999 9. Trafikkopplæring i Ulvik barnehage 11.. IINNLEIING ”Det gode liv” i Ulvik med fjord, fjell og vakker natur… Me må også arbeida for at fråvær av trafikkulykker og utryggleik i ennå større grad skal verta ein av kvalitetane ved å bu i Ulvik! 1.1 Lokalt problem og samfunnsproblem Ei og ei vert mange… Årleg vert godt over 11.000 menneske skadde eller drepne i trafikken her i landet. Me høyrer nesten kvar dag i nyheitene om enkeltulukker som har kravd menneskeliv. Nyleg kom det fram at den positive utviklinga med færre dødsulukker i 1999, no har snudd og at ein i år 2000 hadde i alt 339 trafikkdrepne i Noreg. 18 av desse omkom i Hordaland. Dette er enkeltulukker med store, tragiske følgjer for dei det gjeld og deira næraste. Slike statistikkar har dei fleste likevel vanskeleg for å ta inn over seg. Tala får ikkje same merksemd som store ulukker med mange omkomne. Her i Ulvik går det heldigvis i regelen ei stund mellom kvar trafikkulukke der nokon vert alvorleg skadde eller drepne. Men, me må likevel minna oss om at ei einaste alvorleg ulukke er ei for mykje! Me har ikkje lov å gøyma oss bak haldningar om at "dette gjeld ikkje oss" eller "ein må berre akseptera at trafikkulukker skjer". Det nyttar… Det kan virka motlaust å ta fatt på eit problem der det kjennest som om det som skjer er heilt tilfeldig. Etter at ulukka har skjedd, er det ofte lett å gjera seg tankar om korleis ho kunne ha vore unngått. Neste ulukke har likevel ein tendens til å skje der ein minst kunne venta det… Ein må likevel berre akseptera at trafikksikring er å famla litt i blinde, der ein kanskje ikkje kan sjå målbare resultat med det same, og der ein til og med kan rekna med å sjå enkelte tilbakesteg. For ikkje å svartmale for mykje, er det likevel viktig å hugsa at historia dei siste 19.11.03 21:14 1-11 tretti åra har vist at ulukkes- og skaderisikoen i trafikken gradvis er senka. Dette kan knytast både til faktorar som sikrare køyrety, vegutforming, og til anna systematisk arbeid med trafikksikring. Som på mange andre felt viser utviklinga at tolmodig, langsiktig arbeid kastar av seg. Det er difor ingen grunn til å la apati og stille aksept hindra oss i å ta aktivt tak i problema. Det er dei enkelte ulukkene lokalt som vert summert opp til eit stort problem for landet. Det er ”våre” ulukker i Ulvik me fyrst og fremst kan gjera noko med. Om enn litt i blinde, må me sørgja for å famla i rett retning. Nasjonalt satsingsområde Trafikksikring må skje lokalt, der ulukkene er, der folk bur og ferdast og kjenner seg utrygge. Under føresetnad av lokalt engasjement kan mange gode trafikksikringstiltak gjerast med forholdsvis enkle midlar. Det er likevel heilt klart at me også er svært avhengige av sentral satsing og støtte med tilrettelegging og finansiering. I arbeidet med Nasjonal Transportplan 2002-2011 har trafikksikring vore fokusert på som ein av dei absolutt viktigaste utfordringane i norsk transport. Signala som er gitt her, både i transportplanen og i ein eigen strategiplan, ”Trafikksikkerhet på veg 2002-2011”, gir von om at me framover vil få ei brei satsing på ulike trafikksikringstiltak frå sentralt hald. Det står att å sjå i kva grad desse uttalte, politiske prioriteringane gjer seg utslag i konkrete tiltak og løyvingar. Ikkje berre fysiske tiltak… Ei vanleg oppfatting hjå folk flest er gjerne at trafikksikring er noko vegvesenet eller teknisk etat har ansvaret for, og at dette handlar om å ”byggja noko ...”. Dette er eit utgangspunkt som ikkje er heilt dekkjande. Det vil nemleg vera feil å berre fokusera på trafikksystemet. Fysiske tiltak som vegutviding, gangvegar, fartshumpar eller rassikring er viktige nok, men trafikksikringsarbeid må også handla om brukarane, haldningar og åtferd i trafikken, og Oppskrift trafikksikring… God blanding av: - fysiske og ikkje-fysiske tiltak - tiltak med kort og langt perspektiv - tiltak retta mot faktisk og følt risiko - offentleg og privat ansvar og innsats. Spe på med gode lokale idear og innspel undervegs. ikkje-fysiske tiltak. Dei fleste ulukker skuldast eit samspel av fleire uheldige omstende, der Ikkje alltid reell stor ulukkesrisiko… Folk kjenner seg ofte utrygge i trafikken i nærmiljøet i og nær bustadområda. Dette må vera ein viktig del av trafikksikringsarbeidet den fysiske utforminga på staden ofte kan vera medverkande årsak. Likevel viser forsking at 19.11.03 21:14 1-12 feilhandlingar og trafikantåtferd åleine er hovudårsaka i rundt 70 prosent av tilfella. Teknisk svikt ved køyrety finn vi svært sjeldan. I tillegg til fysiske tiltak, må satsing på trafikksikring i kommunane også innebera at ein arbeider meir med opplæring, informasjon, haldningar, åtferd og andre ikkje-fysiske tiltak. Ikkje berre reell risiko… Kjensla av utryggleik er ei side ved trafikksikring som kan vera vanskeleg å handtere. Mange stader er det ikkje alltid samsvar mellom stadene folk kjenner seg utrygge og der det faktisk skjer ulukker. Dei reelle ulukkespunkta og –strekningane er viktige for å få redusert talet på ulukker og graden av alvor i dei ulukkene som skjer. Tryggleik og trivnad i folk sine nærområde, må likevel tilleggjast vesentleg vekt. Andre tilhøve… Også mange andre forhold spelar inn. I tid handlar trafikksikring både om mindre strakstiltak, og om større tiltak som ofte kan ta lengre tid å få gjennomført. Det er viktig å arbeida etter langsiktige planar på tiltak som opplæring og haldningsskaping der effekten ikkje kan målast med ein gong. Vidare er det og truleg ein del å henta på lang sikt ved at trafikksikring i større grad vert premissgjevar og del av tankegangen i kommunal arealplanlegging og utbyggingspolitikk. Ressurstilgang eller oftare mangel på ressursar er eit anna opplagt moment som diverre ofte vert ein styrande faktor. Både i heradet, fylket og staten (vegvesenet) konkurrerer trafikksikringstiltak med ei rekkje andre gode tiltaksområde innanfor stramme budsjett. Dette er sjølvsagt også eit spørsmål om politiske prioriteringar. 19.11.03 21:14 1-13 1.2 Kvifor trafikksikringsplan? Det føregår alt mykje bra trafikksikringsarbeid i Ulvik, både i privat og offentleg regi. Det er heller ikkje meininga at ein no ved å utarbeida trafikksikringsplan skal kasta om på alt som vert gjort, eller setje i gang ein flaum av heilt nye tiltak. Siktemålet med ein eigen trafikksikringsplan er å skaffa oversikt over problema, setja eksisterande og nye tiltak meir i system, og gjera det lettare å måla resultat av arbeidet. Utgangspunktet for planen er ei kartlegging av trafikksikringsproblema i Ulvik, både dei reelle og dei som meir gjeld følt utryggleik.