Kvifor Likar Vi Den Same Låta?
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Kvifor likar vi den same låta? Låtskriving frå både lyttar og låtskrivar sitt perspektiv Sølve Styve Etnestad Masteroppgåve/Musikkvitskapleg fakultet UNIVERSITETET I OSLO Mai 2016 I II Kvifor likar vi den same låta? «Hvis det er én essens i en låt, så må det jo være kommunikasjonsevne» (Bernhoft 2016) III Copyright: Sølve Styve Etnestad År: 2016 Tittel: Kvifor likar vi den same låta? Forfattar: Sølve Styve Etnestad http://www.duo.uio.no Trykk: Reprosentralen, Universitetet i Oslo IV Samandrag Denne oppgåva fokuserer på låtskriving, både frå låtskrivarperspektiv og lyttarperspektiv. Dette fokuset er ein konsekvens av ei aukande vektlegging av låtskriving i media, i musikkmiljø og i musikkutdanningar, samtidig som at det fortsatt finnes svært lite fruktbar forsking på feltet. Noko av utfordringa ligg i å finne gode metodar for å forske på låtskriving på ein slik måte at låtskriving blir lettare tilgjengeleg og forståelig. Mange nyare studiar og andre mindre akademiske formidlingskanalar som radio, tv osb. baserer seg på intervju av låtskrivarar, for på den måten forstå låtskriving ytterlegare. Dette tenkjer eg er viktige bidrag, og eg ønskjer sjølv å presentere eigne intervju av låtskrivarane Silje Nergaard og Jarle Bernhoft i løpet av oppgåva. Samtidig opplev at eg denne forskinga berre peiker på nokre få sider av eit svært komplekst fenomen. Eg har difor ønskja å legge vekt på lyttaren si rolle, då mitt utgangspunkt er at eg opplev låtskriving som ein plattform for kommunikasjon mellom avsendar og mottakar. Mi faglege forankring finn stad i musikkpsykologi og musikksosiologi, og mitt syn er at ved å sjå desse to fagfelta i samanheng med kvarandre kan ein lettare også forstå samspelet mellom låtskrivar og lyttar. Mitt utgangspunkt for oppgåva er at eg ønskjer å peike på fellestrekk i lyttarar sine opplevingar, for deretter å drøfte ulike musikalske element sine funksjonar i konkrete periodar. Kvifor likar vi den same låta? Kva er det som er avgjerande for at kommunikasjonen mellom artisten og lyttaren opplevast fruktbar og god? Dette er forhold eg ønskjer å diskutere, og mi problemstilling for oppgåva blir: Finnast det intersubjektive opplevingar av kva som engasjerer i musikk? Dette forsøker eg svare på ved å presentere data frå eiga undersøking, gjennomført på 50 informantar. Undersøkinga bygger på etablerte metodar innan forskingsfeltet musikk og emosjonar. Det teoretiske grunnlaget oppgåva byggjer på dreier seg i stor grad rundt omgrep viktige for å forstå vår musikkoppleving. Intervjua av dei to låtskrivarane nyttar eg som tilføyingar av interessante perspektiv, eller understrekingar av sentrale poeng. I tillegg vil eg også drøfte nokre aspekt ved låtskrivarprosessen. Gjennom oppgåva vil eg argumentere for at det eksisterer intersubjektive musikkopplevingar, og at det (i varierande grad) også eksisterer intersubjektive opplevingar av kva som opplevast engasjerande i musikk. For låtskrivarar vil eg også foreslå eit auka fokus på forholdet mellom overordna motivasjonar og bevisste val av metode i møte med låtskriving, samt vektlegge V relevansen av å forstå kreative prosessar som menneskeleg, kreativ utfalding framfor noko overnaturleg, berre unna ei lita gruppe. Eg vil også vie litt tid til å sjå på autentisitet og rolla dette fenomenet speler i måten vi relaterer oss til, og opplev musikk på. Den tradisjonelle tanken om låtskriving som tekst, melodi, akkordar og form blir gjennom oppgåva tydeleg utfordra, med utgangspunkt i funn frå undersøkinga. Element som sound og groove får i mange høver ei mist like viktig rolle i opplevinga, saman med skaping av forventningar og evne til kommunikasjon som det aller viktigaste. VI VII Forord Først og fremst vil eg takke dei 50 personane som har delt sine opplevingar og tankar kring musikklytting i undersøkinga knytt til oppgåva. Takk for interessante og gode refleksjonar. Dette har vore viktige bidrag til oppgåva. Eg vil også rette ein spesielt stor takk til mine informantar: Silje Nergaard og Jarle Bernhoft. Takk for fine og informative intervju. Dei rike skildringar kring låtskriving har vore til stor nytte, glede og inspirasjon. Takk til min rettleiar, Hans T. Zeiner-Henriksen, for god fagleg vegleiing og støtte undervegs i skriveprosessen. Han har vore svært imøtekomande og fleksibel heile vegen. Han sin eigeninteresse for feltet har også vore ein inspirasjon i arbeidet. Takk til familie og nære vener som har støtta meg undervegs i prosessen. Det siste halve året har eg budd på KFUK-hjemmet i London. Takk for hyggjeleg fellesskap og inspirerande omgivnadar. Eg vil også takke mi kjære kone, Edel Kristine, for mykje god hjelp, oppmuntring og forståing gjennom heile prosessen. Sølve Styve Etnestad London, April 2016 VIII IX Innhaldsliste 1 Innleiing ...................................................................................................................................... 1 1.1 Prosjektpresentasjon og problemstilling ............................................................................. 2 1.2 Fagleg orientering ......................................................................................................................... 3 1.3 Avgrensing ....................................................................................................................................... 4 1.3.1 Val av målgruppe ..................................................................................................................................... 4 1.3.2 Kriterium for val av låtar ...................................................................................................................... 5 1.3.3 Avgrensing i analyse ............................................................................................................................... 6 1.3.4 Avgrensingar i munnlege intervju av låtskrivarar .................................................................... 6 2 Teoretiske perspektiv ............................................................................................................ 8 2.1 Kreativitet ........................................................................................................................................ 8 2.1.1 Kunnskap om domene ........................................................................................................................... 9 2.1.2 Kreative prosessar ................................................................................................................................... 9 2.1.3 Inkubasjon og ny innsikt ..................................................................................................................... 10 2.1.4 Inkubasjon som opphav til kreativitet som mytisk fenomen ............................................. 11 2.2 Autentisitet .................................................................................................................................... 12 2.2.1 Tre typar autentisitet ........................................................................................................................... 13 2.3 Intersubjektivitet ........................................................................................................................ 14 2.4 Andre sentrale omgrep ............................................................................................................. 16 2.4.1 Emosjonar ................................................................................................................................................. 16 2.4.2 Låtskriving ................................................................................................................................................ 17 2.4.3 Sound ........................................................................................................................................................... 18 2.4.4 Groove ......................................................................................................................................................... 18 2.4.5 Hook ............................................................................................................................................................. 20 2.4.6 Forventning .............................................................................................................................................. 21 3 Metode ...................................................................................................................................... 23 3.1 Kvalitativ og kvantitativ metode ............................................................................................ 23 3.1.1 Eiga tilnærming ...................................................................................................................................... 25 3.1.2 Ulik innfallsvinkel .................................................................................................................................. 25 3.2 Sjølvrapportering ........................................................................................................................ 26 3.2.1 Utfordringar med sjølvrapportering ............................................................................................. 26 3.2.2 Kontinuerleg respons og retrospektive tilbakemeldingar ................................................... 28 3.3 Utforming av eigen metode ...................................................................................................... 29 3.3.1 Utforming av skjema ............................................................................................................................