Mottakar Namn

Total Page:16

File Type:pdf, Size:1020Kb

Mottakar Namn saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 25.04.2019 38344/2019 Eivind Vartdal Ryste Saksnr Utval Møtedato RN 22/19 Regional- og næringsutvalet 06.05.2019 Fylkesrådmannens tilråding 16.05.2019 Fylkesutvalet 03.06.2019 Vurdering av forslag til ny Distriktsindeks og ny inndeling av kommunar i bu- og arbeidsmarknadsregionar Kommunal- og moderniseringsdepartementet har bedt om innspel på sitt arbeid med å revidere to kriteriesett som har stor betydning for både kommunar og næringsliv, nemleg distriktsindeksen og inndeling av kommunar i bu- og arbeidsmarknadsregionar. Arbeidet foregår som to uavhengige prosessar, men bruken av desse modellane heng saman, så vi presenterer det her som ei sak. Bakgrunn - ny inndeling av kommunar i bu- og arbeidsmarknads- regionar Kva er bu- og arbeidsmarknadsregionar, og kva blir det brukt til? Bu- og arbeidsmarknadsregionar (heretter BA-regionar) er ei inndeling som skal skildre korleis forholdet mellom arbeidsstad og bustad gjev regionar som fungerer som eigne økonomiske system. Det er kommunane som er minste eining i BA- regionane, så inndelinga vert brukt til ulike formål der ein ynskjer einingar på nivå mellom kommune og fylke. Eit av dei viktigaste bruksområda for inndelinga i BA-regionar er å avgrense virkeområdet for ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift. I kommunar som tilhøyrer same BA-region, skal det som hovudregel vere lik arbeidsgivaravgift. Her kjem også distriktsindeksen inn, det kjem vi tilbake til. Inndelinga i BA-regionar vert også brukt i regionale analyser. Ofte er det hensiktsmessig å analysere utviklingstrekk og presentere resultat på dette nivået, særleg på kart. Kvifor skal BA-regionane opp til vurdering no? Ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift vert godkjent, notifisert, av EU sitt kontrollorgan ESA for sju år i gongen. Dagens ordning er godkjent ut 2020, og arbeidet med ny notifisering er i gang. Oppdatering av BA-regionane må gjerast i forkant av denne prosessen. Ein annan grunn er at inndelinga må oppdaterast etter dei nye kommunegrensene frå 1. januar 2020. Kva er nytt i forslaget til nye BA-regionar? Det er ein del metodiske endringar sidan oppdateringa i 2013. Det nye forslaget byggjer hovudsakleg på to kriterium, pendlingsnivå og reisetid mellom kommunar. Gjennom ulike kombinasjonar av desse kriteria er det avdekt kva kommunar som heng saman i funksjonelle regionar. Høgt pendlingsnivå og kort reisetid indikerer at kommunar heng saman i felles BA-regionar, lite pendling og lang reise indikerer det motsette. Det er også gjort endringar som følgje av kommunereformen. Det er eit prinsipp at kommunen er minste eining i BA-regionen, og dermed er det ingen BA-regionar som går på tvers av kommunegrenser. Kva betyr dette for inndelinga i Møre og Romsdal? Møre og Romsdal har 13 BA-regionar dagens inndeling. Den ser slik ut: Nytt forslag til inndeling vil gje desse 13 BA-regionane: Endringane som er foreslått kjem alle på grunn av kommunereformen: Hornindal kjem, som ein del av nye Volda kommune, inn i BA-region saman med Volda og Ørsta. Sandøy blir ein del av BA-regionen Ålesund, saman med resten av nye Ålesund, samt Sula, Giske og Sykkylven. Norddal følgjer med Stordal inn i Ålesund BA-region, som del av nye Fjord kommune. Stranda blir eigen BA-region. Vestnes er skilt ut frå Molderegionen, og får status som eigen BA-region. Dette er grunngjeve med at Molde kommune etter samanslåinga med Nesset og Midsund blir geografisk større, og at den gjennomsnittlege reisetida frå Vestnes til nye Molde dermed aukar i modellen. Halsa er på grunn av kommunereformen skilt ut som eigen BA-region, saman med resten av nye Heim kommune. Bakgrunn - forslag til ny distriktsindeks Kva er distriktsindeksen, og kva blir den brukt til? Distriktsindeksen er eit verkty for å peike ut distriktskommunar, og for å måle graden av «distriktsulemper» i dei enkelte kommunane. Indeksen blir presentert som ein skala, der kvar kommune får angitt ein verdi mellom 0 og 100. Jo lågare verdi, jo større distriktsulemper. Verdien er ein funksjon sett saman av indikatorar for blant anna geografi og avstandar, nærings- og folketalsutvikling. Distriktsindeksen vert brukt som grunnlag for fordeling av fleire distriktspolitiske virkemiddel: Fastsetting av virkeområde for distriktsretta investeringsstøtte og differensiert arbeidsgivaravgift – saman med andre kriterium i ESA sitt regleverk for regionalstøtte. Inntektssystemet for kommunane – distriktstilskot for Sør-Norge og småkommunetillegg i Nord-Norge. Regional- og distriktspolitiske tilskot – dei regionale utviklingsmidlane som blir forvalta av fylkeskommunane. Distriktsindeksen blir oppdatert no fordi virkeområda for distriktsretta investeringsstøtte og differensiert arbeidsgivaravgift snart skal vurderast og godkjennast for ein ny periode, samt for å tilpasse indeksen til nye mål for distrikts- og regionalpolitikken. Kva er nytt i det reviderte forslaget til distriktsindeks? Konsulentfirmaet Asplan Viak har i sitt forslag konkludert med at ny distriktsindeks bør byggje på desse fire indikatorane: Indikator Vekting SSB sin sentralitetsindeks 60 Folketalsutvikling dei siste 10 åra 20 Utvikling i tal sysselsette dei siste 10 åra 10 Indikator for næringsdifferensiering i privat sektor i kommunen 10 SSB sin sentralitetsindeks vart fornya i 2017 og tek no utgangspunkt i grunnkretsane der folk bur. For kvar grunnkrets blir det telt kor mange arbeidsplassar og servicefunksjonar folk som bur der har tilgang på, innanfor ei køyretid på 90 minutt. Det ligg også inne ei vekting, slik at tilbod som ligg nært tel meir enn tilbod som ligg langt unna. Denne metoden er meir nøyaktig enn tidlegare fordi den tek utgangspunkt i grunnkretsar, og ikkje i kommunegrensene. Til dømes vil Midsund kommune i den nye modellen bli rekna som mindre sentral, og det er ein meir reell indeks enn før, då Midsund vart rekna som like sentralt som Molde. Asplan Viak konkluderer med at SSB sin nye sentralitetsindeks vil fange opp mykje av dei geografiske ulempene som distriktsindeksen skal uttrykke. Utvikling i folketal og sysselsetjing er sjølvforklarande, men indikator fire krev litt meir omtale: Indikator for næringsdifferensiering i privat sektor i kommunen er meint å måle kor stor del av arbeidsplassane i ein kommune som er knytte til ein enkelt bransje eller ei hjørnesteinsbedrift. Det er lagt til grunn at eit einsidig næringsliv er sårbart, medan fleire bein å stå på gjev betre grunnlag for vekst. Geografi er vekta tungt i dette forslaget. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har lagt føringar for at distriktsindeksen først og fremst skal peike ut distriktskommunar basert på geografiutfordringar. Korleis slår ny distriktsindeks ut for kommunane i Møre og Romsdal? (synkande verdi indikerer veksande distriktsutfordringar) Gjeldande Forslag til Endring indeks ny indeks Molde 81 80 -1 Ålesund 90 88 -2 Kristiansund 72 76 4 Vanylven 11 16 5 Sande 47 31 -16 Herøy 71 65 -6 Ulstein 86 81 -5 Hareid 66 66 0 Volda 62 71 9 Ørsta 59 68 9 Ørskog 70 67 -3 Norddal 16 12 -4 Stranda 54 39 -15 Stordal 39 25 -14 Sykkylven 57 42 -15 Skodje 87 86 -1 Sula 91 80 -11 Giske 92 80 -12 Haram 65 54 -11 Vestnes 49 51 2 Rauma 47 44 -3 Nesset 32 17 -15 Midsund 67 40 -27 Sandøy 38 8 -30 Aukra 79 59 -20 Fræna 66 59 -7 Eide 59 45 -14 Averøy 67 58 -9 Gjemnes 54 36 -18 Tingvoll 33 33 0 Sunndal 19 34 15 Surnadal 30 42 12 Halsa 7 14 7 Smøla 31 18 -13 Aure 27 26 -1 Vurdering - nye bu- og arbeidsmarknadsregionar Innspel til metodikken bak inndelinga i BA-regionar Nytt forslag til modell byggjer mykje på målt pendling mellom kommunane, og reisetid. Reisetid er ein krevjande faktor å gjere utrekningar med i Møre og Romsdal. I modellen er reisetida rekna mellom dei geografiske tyngdepunkta vekta etter folketal, altså der folk flest bur i kommunen. Så er 45 minutt brukt som ei øvre grense for akseptabel reisetid. Dette gir nok meining i modellen, men det blir ein del spesielle utslag når dette blir kombinert med at kommunegrensene er minste eining, slik at heile kommunen må vere i same BA-region. Til dømes blir då ein person som bur i Tafjord i Norddal kommune ein del av same arbeidsmarknad som ein person som bur i Nørvegata i Ålesund. Lat oss seie at begge jobbar på rådhuset i Ålesund. Personen frå Tafjord vil måtte køyre 10 mil ein veg på jobb, ei reisetid utrekna til 1 time og 45 minutt i følgje Google Maps. Ålesunderen i Nørvegata kan ta bussen i 20 minutt til jobb. Alle med litt lokalkunnskap skjønar at vi i praksis har ulike arbeidsmarknader innanfor fleire av dei BA-regionane som modellen kjem fram til her i fylket. Faren ved dette oppstår dersom denne grove inndelinga i BA-regionar bidrar til å kamuflere dei store skilnadane det er innad i kvar region. Molderegionen strekkjer seg frå høgfjellet i Oppland fylke til Hustadvika. I den regionen er det enorme skilnader i næringsliv, tilgang på arbeidsplassar, infrastruktur og busetjing. Desse ulike utfordringane krev ulike virkemiddel, og det må synleggjerast. Det blir umogleg å drive målretta lokalt utviklingsarbeid om ikkje tiltaka kan differensierast på eit meir lokalt nivå. Det bringer oss over i neste avsnitt.. Bruk av BA-inndelinga som grunnlag for differensiert arbeidsgivaravgift – må ha rom for lokale tilpassingar basert på distriktsutfordringar Inndelinga i BA-regionar kan lett sjåast på som ein teoretisk øvelse som samfunnsforskarane har halde på med, men som har lite praktisk relevans. I realiteten blir dette eit grunnlagsmateriale med direkte innverknad på det viktigaste distriktspolitiske virkemiddelet vi har. Den differensierte arbeidsgivaravgifta gir 14 milliardar kroner i årleg avgiftslette for næringslivet i distrikta. Regjeringa har, etter ei positiv evaluering av ordninga i 2018, uttalt at differensiert arbeidsgivaravgift er ei ordning som skal oppretthaldast inn i framtida (https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/differensiert-arbeidsgiveravgift-fungerer- godt/id2615955/ 25.4.2019). Når det i innleiinga til denne høyringa blir sagt at det i kommunar innanfor same BA-region som hovudregel skal vere same arbeidsgivaravgift, då er det viktig kva kommunar som blir gruppert saman.
Recommended publications
  • Innkalling (.PDF, 0 B)
    Møteinnkalling Utvalg: Utvalg for helse og omsorg Møtested: Kommunestyresalen, Nesset kommunehus Dato: 05.03.2019 Tidspunkt: 12.00 – 15.00 Eventuelt forfall må meldes snarest på tlf. 71 23 11 00. Møtesekretær innkaller vararepresentanter. Vararepresentanter møter etter nærmere beskjed. Svein Atle Roset Lill Kristin Stavik leder sekretær Saksliste – Utvalg for helse og omsorg, 05.03.2019 Utvalgs- Unntatt Arkiv- saksnr Innhold offentlighet saksnr PS 5/19 Godkjenning av protokoll fra forrige møte PS 6/19 Referatsaker RS 3/19 Helse og omsorg oppgaver i enheten - resultat 2018 2018/445 PS 7/19 Nye Molde kommune - videreføring av ordningen med lokal 2008/32 legevakt i Nesset. utplassering av satellitt. PS 5/19 Godkjenning av protokoll fra forrige møte PS 6/19 Referatsaker Helse og omsorg Møtereferat Dato: 14.02.2019 Til stede: Forfall: Referent: Jan Karsten Schjølberg Gjelder: Årsmelding helse og omsorg Sak: 2018/445-37 Møtetid: Møtested: Helse og omsorg Helse og omsorgstjenesten er en enhet med mange ulike fagprofesjoner som yter omfattende tjenester til mennesker i alle aldre. De fleste tjenester er lovpålagte og fortrinnsvis gitt med hjemmel i lov om helse og omsorgstjenester. Tjenester og oppgaver Pleie og omsorgstjenesten hadde pr. 31.12. totalt 48 institusjonsplasser ved Nesset omsorgssenter. Det pågår nå ombygging, og etter ombyggingen vil det også være 48 plasser, fordelt på sjukeheimen 30 plasser, demensavdeling 16 plasser og rehabiliteringsavdeling to plasser. Antall plasser ved Nesset omsorgssenter er sett i forhold til tidligere år redusert med åtte plasser. Bofellesskapet i Vistdal hadde pr. 31.12. døgnkontinuerlig bemanning. Det var ni beboere ved bofellesskapet. Enheten disponere også 16 gjennomgangsboliger/utleieleiligheter på Holtan og Myra.
    [Show full text]
  • Det-Norske-Myrselskap-1954
    MEDDELELSER FRA DET NORSl(E MYRSELSl(AP Nr. 1 Februar 1954 52. årgang Redigert av Aasulv Løddesøl. MYRENE I EID OG VEØY HERREDER, MØRE OG ROMSDAL FYLKE. Av konsulent Ose. Hovde. Herredene Eid og Veøy ligger på sør-øst-siden av Moldefjorden l Møre og Romsdal fylke. Geografisk betegnet ligger herredene innen• for 62° 38' og 62° 53' nordlig bredde og 2° 52' og 3° 32' vestlig lengde (Oslo meridianen). De 'tilgrensende herreder er i nord Bolsøy, i øst Nesset, Eres• fjord og Vistdal, i sør Hen, Grytten og Voll og i vest Tresfjord og Vestnes. Herredene er gjennomskåret av 3 fjorder, Langfjorden i øst, RØdvenfjorden i midten og Romsdalsfjorden i vest. Utenfor fjordmunningene ligger Øyene Sekken, som er historisk kjent, og Veøya med en gammel steinkirke fra det 11. århundre. Veøya var i middelalderen sentrum og kaupang for Romsdalen. I Eid og Veay er det mest fjellterreng med flere fjelltopper på omkring 100'0 m høyde. Her er gode fjellbeiter med tidligere utbredt seterbruk. I dalene og liene er bra skog, dels furu og dels lauvskog, særlig bjØrk. Her er også mange betydelige plantefelter av gran. Men plantemarken er på langt nær utnyttet, og her er store mulig• heter for skogplanting. Den dyrkede jord og bebyggelsen ligger langs strendene. Det er jord- og skogbruk som er hovedyrke. Men her er også en del industri, særlig konfeksjonsindustri. Ifølge Norges offisielle statistikk var herredenes arealfordeling i 1949 slik: Eid Veøy I alt Totalareal i km2 • • 41 ••••I• I••••••• I 36,12 247,14 283,26 Landareal i km2 ................... 34,98 243,15 278,13 Dyrket jord, dekar e ••I I I••••• I I I I I 3519 10143 13662 Produktiv barskog, dekar I• I I•• I• I I 7272 26994 '34266 Produktiv lauvskog, dekar .........
    [Show full text]
  • Intensjonsavtale Sunndal – Nesset 1
    Sunndal kommune INTENSJONSAVTALE SUNNDAL – NESSET 1 1. Bakgrunn Stortinget har vedtatt at det skal gjennomføres en kommunereform i Norge. Formålet med reformen er å skape robuste kommuner som skal være i stand til å håndtere framtidens utfordringer på en god måte. For kommunene i Romsdal og på Nordmøre har Telemarksforskning gjennomført utredninger basert på hovedmålene i kommunereformen. Sunndal-Nesset kom godt ut i disse analysene og en sammenslåing ble anbefalt av Telemarksforskning. Sunndal og Nesset forvalter store fjellområder sammen. Kommunene har felles krafthistorie i Aurautbyggingen som la grunnlaget for aluminiumsindustrien i Sunndal. De senere årene er vegen mellom kommunene sikret og utbedret ved bygging av Øksendalstunnelen og Skrøotunnelen, slik at reisetiden med bil mellom Sunndalsøra og Eidsvåg nå er under 30 min. Utgangspunkt for denne avtalen er vedtak i Nesset kommunestyre 18.06.2015 og Sunndal kommunestyret 13.01.2016 om å gå i forhandlinger om å bygge en felles kommune. Resultatet av forhandlingene er nedfelt i denne intensjonsavtalen. 2. Geografi og befolkning Sunndal og Nesset ligger i indre deler av Møre og Romsdal fylke. Begge kommunene er store i utstrekning og Sunndal-Nesset vil få et samlet areal på 2 760 km2. Målt etter dagens kommunestruktur vil dette være den største kommunen i areal i fylket. Pr. 1.1.2016 hadde Sunndal 7 160 innbyggere og Nesset 2 970 innbyggere. Sunndal-Nesset vil således få 10 130 innbyggere. Målt etter dagens kommunestruktur vil dette være den nest største land-kommunen i folketall i fylket. Innbyggertall i kommunesentrene pr. 2015 (Kilde: SSB): Kommune Kommunesenter Antall innbyggere Nesset Eidsvåg 940 Sunndal Sunndalsøra 4 046 2 3.
    [Show full text]
  • Referat Fra Fellesmøte for Konrollutvalgene I Nesset, Midsund Og Molde 30.11.2017
    Sekretariatet: Kontrollutvalgssekretariatet Telefon: 71 11 15 79 - direkte Mobil: 91 37 11 12 E-post: [email protected] for Romsdal [email protected] web: www.kontrollutvalgromsdal.no Kontrollutvalgene i Nesset, Midsund og Molde Deres referanse: Vår referanse: Arkivkode: Sted/dato 2017-447/JAA 1502-033 Molde, 4.12.2017 REFERAT FRA FELLESMØTE FOR KONROLLUTVALGENE I NESSET, MIDSUND OG MOLDE 30.11.2017 Kontrollutvalget i Molde hadde invitert kontrollutvalgene i Nesset og Midsund til fellesmøte 30.11.2017 med fokus på kommunereformen og for at kontrollutvalgene skulle bli kjent med hverandre. Tilstede: Fra kontrollutvalget i Nesset: Ivar Trælvik (leder), Jostein Øverås, Vigdis Fjøseid, Tor Steinar Lien, Wenche Angvik Fra kontrollutvalget i Midsund: Kåre Terje Bjørnerem (nestleder) og Tone Uran Opstad Fra kontrollutvalget i Molde: Trygve Grydeland (leder), Anne Brekke, Knut Ståle Morsund Fra Kontrollutvalgssekretariatet for Romsdal: Jane Anita Aspen, Sveinung Talberg Fra prosjektorganisasjonen for nye Molde kommune: Prosjektleder Britt Rakvåg Roald, prosjektrådmann Arne Sverre Dahl (under statusrapport fra prosjektleder). Program: 1215-1300 Lunsj 1300-1400 Hva er særegent med det enkelte kontrollutvalg? Hva er utvalget opptatt av? Presentasjon av hver utvalgsleder, supplert av medlemmene. 1400-1445 Statusrapport fra prosjektleder for Nye Molde kommune, Britt Rakvåg Roald 1445-1515 Hva blir viktige oppgaver for kontrollutvalgene frem mot ny kommune? v/Sveinung Talberg, rådgiver Kontrollutvalgssekretariatet
    [Show full text]
  • Supplementary Material S1: Images from the Study Area. a Typical Valley
    Supplementary material S1: Images from the study area. A typical valley of western Norway, with a lake surrounded by tall mountains and this image shows the lake Lodalsvatnet (Stryn municipality, Sogn og Fjordane county). Scattered settlements can be found in areas with lower risk of rock and landslides. Ultrasound detectors were deployed here, but the data was not included in the analysis due to precipitation during the night of deployment. In many areas there are no tunnels to protect vehicles from falling rocks and stopping in risky locations is not allowed (near Lyngdalsvatnet, Ørsta municipality, Møre og Romsdal county). The lake Eikesdalsvatnet (Nesset municipality, Møre og Romsdal county) surrounded by mountains higher than 1200 m. Due to high risk from falling rocks and landslides, most areas are not inhabited by humans and roads are protected by tunnels. Ultrasound detectors were deployed in the forested hillsides in the centre of this image. This is a landscape protection area. The landscape in this area is unique and parts are protected in the UNESCO World Heritage programme. This image shows the fiord Geirangerfjorden with a low salinity surface layer. Here, bats show similar distribution patterns to those found in valleys. Although several bat species can be found at northern latitudes in Norway, their distribution is limited to lowlands where mean July temperatures exceeds 12 °C. This image shows elevated areas of Strynedalen (Stryn municipality, Sogn og Fjordane county) and at these altitudes only the northern bat is found during summer. Thus, in this type of landscape, very small portions of the landscape is suitable for most bat species.
    [Show full text]
  • Støtteordninger Ved Næringsetablering I Nesset
    Støtteordninger ved næringsetablering i Nesset ETABLERERVEILDNING: • Ta kontakt med hoppid-kontoret • Det lokale kontoret finner du her • Avtal møte – legge fram idéen • Opplæring og støtte POPPLÆRING - KUNNSKAP • Søk informasjon på https://mrfylke.no/hoppid.no • «Gründerhjelpen» • «Starte bedrift – skal, skal ikke?» • Kurs for nye næringsdrivende – Skatteetaten • Fra idé til marked • Forretningsutvikling FORMÅL: hoppid-midler Å gi støtte til å få gjennomført mindre, men avklarende aktiviteter for å gi gründeren et bedre vurderingsgrunnlag i forbindelse med videre satsing gjennom rådgivning og tildeling av «avklaringsmidler» VIRKEMIDLER: Etableringsstøtte inntil 25.000 kroner Alle etablere og gründer får inntil 10 timer gratis rådgivning Kurs og opplæring KONTAKT: Nesset Vekst AS v/ Dag Myklebostad SØKNADSFRIST: Løpende saksbehandling KRAFTFONDET FORMÅL: • Fondet skal nyttast til finansiering av tiltak som kan fremje næringslivet og trygge busettinga i gamle Nesset kommune. VERKEMIDLAR: • Tilskott til investeringar og bedriftsutvikling KONTAKT: Næringskonsulent John Walseth e-post: [email protected] Eller: Nesset Vekst AS SØKNADSFRISTAR: 1. mai og 1 oktober NB! Kommunedelsutvalget i Nesset styrar bruken av Kraftfondet. Les meir her. (https://WWW.molde.kommune.no/politikk/for- politikere/reglement/reglement-for- kommunedelsutvalget-i-nesset/) UTVIKLINGSFONDET FOR INDRE NESSET FORMÅL: Fondet skal gjøre det attraktivt å etablere og utvikle arbeidsplasser samt skape vilkår for økt bosetting i bygdene Bugge, Eresfjord, Eikesdal og Vistdal VIRKEMIDDEL: Tilskudd til enkle investeringer, prosjekt- og samfunnsutvikling i bygdene Bugge, Eresfjord, Eikesdal og Vistdal KONTAKT: Næringskonsulent John Walseth, e-post: [email protected] Eller Nesset Vekst AS Du finner mer informasjon her: https://WWW.molde.kommune.no/naringsliv- miljo-og- landbruk/naringsliv/naringsfond/utviklingsfondet / SØKNADSFRIST: 1.
    [Show full text]
  • Vedlegg Til Jegerkontrakt I Snøhetta Vest 2019
    VEDLEGG TIL JEGERKONTRAKT I SNØHETTA VEST 2019 Informasjon om villreinobservasjoner blir lagt ut på Snøhetta villreinområdes hjemmeside og facebookside. Fjelloppsynet har ikke info om observasjoner utover dette! https://villreinutvalg.no/ www.facebook.com/villreinomrade/ FELLESJAKTAVTALER I tillegg har Lesja fjellstyre inngått følgende fellesjaktavtaler: Rettighethaver Periode Merknad Lesja Heimrast Hele jakta Lesjaskog Heimrast Hele jakta Rettighetshavere i Rauma Hele jakta Nesset fjellstyre Hele jakta Før 29.8 kun sør for Auravassdraget Eikesdal Sameie Ingen avtale Sunndal fjellstyre Ingen avtale JAKTAVTALE MELLOM LESJA FJELLSTYRE, LESJA HEIMRAST OG LESJASKOG HEIMRAST Jegere med fellingstillatelse i Dalsida statsallmenning Vest, kan jakte på Vest-områdene til Lesja Heimrast og Lesjaskog Heimrast. Jegere med fellingstillatelse i Vest-områdene til Lesja Heimrast og Lesjaskog Heimrast, kan jakte i Dalsida statsallmenning Vest. JAKTAVTALE MELLOM LESJA OG NESSET FJELLSTYRE Jegere med fellingstillatelse på alle typer dyr utstedt av Nesset fjellstyre på Vest-området i Eresfjord og Vistdal statsallmenning, kan jakte på Vest-området i Dalsida statsallmenning hele jakta. Jegere med fellingstillatelse fra Lesja fjellstyre, Lesja heimrast og Lesjaskog heimrast på Vest- området, kan jakte alle typer dyr på Vest-området i Eresfjord og Vistdal statsallmenning hele jakta. Unntatt fra dette er området nord for Aura vassdraget fram til og med 28.8. Felles jaktområde på Vest-området i denne avtalen har følgende øst-grense: Grensen mot Sunndal Reinsutvalg / Sunndal statsallmenning, Aursjøvegen mot Aursjøen, Aursjø-bassenget, Trælen, Godsjøen, Sjongsvatnet, Flisarvatnet, Dyratjønn og Jore. Det er fri inngang fra alle utgangspunkt. Ingen kan jakte på de områdene som ev. måtte være fredet. JAKTAVTALE MELLOM RETTIGHETSHAVERNE I LESJA OG RAUMA Jegere med fellingstillatelse på alle typer dyr utstedt av rettighetshaverne i Rauma, kan jakte på hele Lesja sitt Vest-område hele jakta.
    [Show full text]
  • Regulering Av Prostigrenser for Molde Domprosti, Indre Romsdal Prosti Og
    DEN NORSKE KIRKE Møre bispedømeråd Vår ref: 19/01520-2 Dato: 01.04.2019 Høringsnotat - Regulering av prostigrenser for Molde Domprosti og Indre Romsdal prosti og evt Austre Sunnmøre prosti 1. Bakgrunn for saken På bakgrunn av kommune- og regionreformen som regjering har iverksatt, har Stortinget gjort formelle vedtak om endringer i kommunestrukturen i Møre og Romsdal. Endringene i kommunegrensene får konsekvenser fra 1/1 2020. Kommunene dette gjelder er: • Molde, Nesset og Midsund - slås sammen til nye Molde kommune • Ålesund, Haram, Sandøy, Ørskog, Skodje - slås sammen til nye Ålesund kommune • Stordal og Norddal - slås sammen til nye Fjord kommune • Fræna og Eide - slås sammen til nye Hustadvika kommune • Volda og deler av Hornindal slås sammen og blir del av Møre og Romsdal • Halsa slås sammen med Hemne og deler av Snillfjord og går til Trøndelag I tillegg har fylkestinga i Trøndelag og Møre og Romsdal gjort vedtak om å overføre Rindal til Trøndelag med virkning fra 1/1-19. Departementet har gjort vedtak om endring av bispedømmegrenser mellom Møre og Nidaros for Halsa og Rindal blir endret med virkning fra 1/-20 og mellom Møre og Bjørgvin for Hornindal fra 1/1-20. Utover dette er det behandlet en rekke søknader om grensereguleringer mellom kommuner. I tillegg er det fortsatt diskusjoner i enkelte kommuner om mulig sammenslåing. Kommunestrukturen har direkte innvirkning på den kirkelige inndeling ved at det i hver kommune skal være et kirkelig fellesråd, jfr Kirkelovens §5. Ved endring av kommunegrenser vil dette følgelig få konsekvenser for fellesrådets grenser. De vedtatte endringene i kommunestrukturen og søknader om grensereguleringer vil direkte berøre alle prostigrensene i Møre bispedømme.
    [Show full text]
  • 45974 Menighetsbladet Grytten Nr.4 2014.Indd
    INFORMASJON Menighetsbladet for Eid/Holm, Grytten, Hen, Kors, Voll, Vågstranda og Øverdalen sokn nr 4- 2014 «Det kimer nå til julefest, det kimer for den høye gjest som steg til lave hytter ned med nyårsgaver: fryd og fred» GOD JUL! Kjære leser Min sang Året 2014 er snart historie. Dette har vært et spesielt år Julen er tiden da vi pynter våre «Det lyser i stille grender, Berre 25 år gamal var den mer- for noen, for andre har det kanskje vært heller ordinært. hjem, fyller huset med god av tindrande ljos i kveld, kelege og allsidige diktaren I år har vi feiret 200 års-jubileet for grunnloven vår. En mat og gaver, og gleder oss til og tusener barnehender Jakob Sande, frå Dale i Sunn- må bare undre seg over hvor framsynte de var disse men- å samle familien til fest, men mot himmelen ljosa held. fjord, då han skreiv diktet «Det nene som samlet seg på Eidsvoll våren 1814. Grunnloven kanskje vil denne julen sær- lyser i stille grender», som no er Og glade med song dei helsar har vært – og er fundamentet for vårt demokrati, alle lig minne oss om de viktigste so kjend og kjær. Det var «Jul sin broder i himmelhall menneskers rett til trygghet, vern og omsorg er grunnleg- verdier i livet. Mennesker som i Sunnfjord» som hadde gjeve som kom og vart heimsens frelsar gende verdier i vårt samfunn. Så er det dessverre også betyr noe for oss – og som vi han dette oppdraget. Det var som barn i ein vesal stall. slik at disse verdiene trues av ulike krefter.
    [Show full text]
  • Forskrift for Tvungen Renovasjon, Tømming Av Slamavskillere, Tette Tanker Mv
    AVERØY EIDE FRÆNA GJEMNES MIDSUND MOLDE NESSET Forskrift for tvungen renovasjon, tømming av slamavskillere, tette tanker mv. i RIR - kommunene Denne forskrift erstatter tidligere vedtatte forskrifter for tvungen renovasjon i RIR - kommunene. Forskriften er vedtatt av kommunestyrene i RIR - kommunene med likelyden- de vedtak og med hjemmel i Forurensingsloven lov av 13 mars 1981 nr. 6, §§ 26, 30, 33, 34, 79 og 83 sist endret ved lov av 21 juni 1996 lov nr.36 og RIR´s vedtekter § 4. pkt 3 slik: Averøy 16-11-1998 K.sak 126.98 Eide 01-10-1998 K.sak. 46.98 Fræna 26-06-1999 F.sak 148.99 Gjemnes 20-10-1998 K.sak 68.98 Midsund 17-12-1998 K.sak 119.98 Molde 28-01-1999 K.sak 3.99 Nesset 27-10-1998 K.sak 113.98 Forskriften trer i kraft 10.10.1999. FORSKRIFT § 1 FORMÅL Forskriften har som formål å sikre en miljømessig og økonomisk forsvarlig oppsamling, innsamling, transport og sluttbehandling av avfall, fremme avfallsreduksjon og legge til rette for gjenvinning gjennom kildesortering i RIR - kommunene. Forskriften gjelder også avfallsgebyr. §2 VIRKEOMRÅDE. Forskriften gjelder i hele kommunen og omfatter forbruksavfall, tømming av slamavskillere, tette tanker, oljeutskillere og annet avfall som likner for- bruksavfall herunder spesialavfall fra husholdningene. Den tvungne renova- sjonen gjelder all permanent og midlertidig bebygget eiendom og også ubebygget eiendom når det på disse forgår avfallsskapende virksomhet. Forskriften gjelder også havner og andre permanente kaier og fortøynings- anordninger for fartøy og ferger i riks- og fylkesveisamband. Forskriften gjelder ikke felles kommunale slamavskillere hvor tilknyttede eiendommer svarer kloakkgebyr etter lov om vann- og kloakkavgift.
    [Show full text]
  • Til Midsund Kommune, Molde Kommune, Nesset Kommune, Aukra Kommune
    Til Midsund kommune, Molde kommune, Nesset kommune, Aukra kommune Molde 18.06.18 MASTERPLAN FOR REISELIVET I AUKRA, MIDSUND, MOLDE OG NESSET Vedlagt følger Masterplan for reiseliv 2030, Aukra, Midsund, Molde og Nesset. Bakgrunn Ønsket om satsing på reiselivsnæringen ble diskutert på en større workshop MNF arrangerte for nærings- og samfunnsliv vinteren 2017. Her deltok ordførere, næringsliv, reiseliv samarbeidspartnere mv, tilsammen 40 personer. På workshopen ble utvikling av reiselivet utpekt som et helt sentralt vekstområde for regionen.Workshopen ble fulgt opp med et frokstmøte i MNF i april 2017, der sentrale reislivsaktører var til stede. Møtet konkluderte med at det er behov for en felles plan for utvikling av reiselivet. I etterkant av møtet ble ønsket om reiselivplan drøftet nærmere med reiselivsaktører og senere med ordførere i de tre kommunene. Reiseliv er en av verdens raskest voksende næringer. NHO Reiseliv forventer en økning på nesten 70% de neste årene. Veksten vil gi betydelige ringvirkninger om vi klarer å ta vår del av den. Molderegionen har noen av landets flotteste naturområder og med sin plassering midt mellom to av de mest besøkte naturbaserte turistattraksjonene i Norge har vi et godt utgangspunkt. Molde har historisk hatt en sentral posisjon som reiselivsby, denne posisjonen har over tid blitt svekket, men trafikken har de senere årene tatt seg opp igjen og den er stadig økende. Man har som destinasjon ikke tatt noen posisjon eller gjort grep for å styrke sin posisjon, regionen oppleves som fragmentert og utydelig i reiselivssammenheng. Foruten bynære hoteller og severdigheter og noen få men til dels gode distriktsalternativ innen overnatting og aktiviteter er det mangel på tilbud av kommersielle reiselivsprodukt i de tre kommunene.
    [Show full text]
  • Opptakt V/Rigmor Brøste
    «Opptakt» v/ass.fylkesmann Rigmor Brøste Dagens opptakt vil bestå av: Om Fylkesmannen Regionreform Nasjonale forventningar til kommunane Status kommunereform Møre og Romsdal 2025 Fylkesmannen sine roller og oppgåver Fylkesmannen er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket og utfører mange og allsidige forvaltningsoppgåver. Hovudoppgåver: Formidle og iverksette statleg politikk og forventningar til kommunane. Stortinget Samordne og medverke til samarbeid mellom kommunar, statsetatar og regionale aktørar. Fremje rettstryggleik for einskildmenneske og fellesskap. Regjeringa/ departement Fylkesmannens arbeid: - Kontroll og tilsyn Direktorat - Klagebehandling - Dialog og rettleiing - Kurs og opplæring - Tilskotsforvaltning Fylkesmannen - Forbetring og utvikling - Samordning Vi blir et av landets minste fylker! Hvilke utfordringer gir det oss ? Møre og Romsdal, 266.000 innbyggarar 36 kommunar i dag, og stor variasjon! frå Stordal med vel 1000 innbyggarar til Ålesund med ca 47.000 innbyggarar Halvparten av kommunane har mindre enn 5000 innbyggarar Antall personer i arbeidsfør alder per person over 80 år 2020 2040 10 Demografi Herøy kommune Kjelde: SSB 11 Kommunereform- mål Gode og likeverdig tjenester Helhetlig og samordnet samfunnsutvikling Bærekraftige og økonomisk robuste kommuner Styrket lokaldemokrati 12 2014: Tiårig grunnskole, beredskap mot forurensing , bosetting av flyktninger, avfallshåndtering og avløp, kommuneleger, helsestasjon, somatiske sykehjem, psykisk utviklingshemmede, miljøvern, undervisning barn i institusjoner,
    [Show full text]