LANDBRUKSTAKST NORDVOLDEN Neråsvegen 320,6470 Eresfjord GNR 277,BNR 1 og 276,bnr 5 I MOLDE RAPPORT UTFØRT AV: MNLT, TAKSTMANN ANSVARLIG FORETAK: Nils Sanden Nils Sanden,Vølvegen 82, 6475 Midsund Vølvegen 82, 6475 Midsund 970 510 427 92662737 92662737
[email protected] www.morelandbrukstakst 7/20 Side 1 av 19 Etter anmodning frå Amund Øverås,vart underteikna,sivilagronom Nils Sanden,6475 Midsund,anmoda om å utarbeide ein verditakst av eigedomen Øvrås,gnr 277,bnr 1 i Molde kommune Oppdraget vart definert til fastsetjing av eigedomen sin salsverdi/marknadsverdi i samband med sal av eigedpmen. Rapporten er utarbeida av ein frittståande og uavhengig takstmann ,medlem av Norsk landbrukstakst,som ikkje har binding til partar eller aktørar i eigedomsbransjen. Oppdraget er utført med grunnlag i Norsk landbrukstakst sine rettningsliner,konsesjonslova, og retningsliner for verdivurdering gjeve i div. skriv frå Landbruksdepartementet. Før taksten vert teken i bruk,bør oppdragsgjevar gå gjennom dokumentet og gi ei ev. tilbakemelding om feil eller manglar. Takstmannen er ikkje ansvarleg for feil eller manglar som han ikkje kunne ha oppdaga eller fått kjennskap til. Marknadsverdien er den verdien ein eigedom har ved fritt sal,etter vanlege prisar i området, og i samsvar med konsesjonslova sine reglar for verdisetting av landbrukseigedomar. Bebygde landbrukseigedomar med ein avtala salspris på over 3,5 mill kroner ,er unerlagt priskontroll ved handsaming av søknad om konsesjon. Konsesjonsverdien er den øvre grensa for kva prisar som kan godkjennast av konsesjonsmyndigheitene. Ved sal til odelsrettshavarar eller i nære slekt,er det ikkje krav om konsesjon. Verdien av jord og skog vert berekna ved kapitalisering av avkastningsverdien med 4%.