Ei Lita Gåte Frå Mykland, Med Svar Frå Vegusdal Og Herefoss

Total Page:16

File Type:pdf, Size:1020Kb

Ei Lita Gåte Frå Mykland, Med Svar Frå Vegusdal Og Herefoss Ei lita gåte frå Mykland, med svar frå Vegusdal og Herefoss Frå eg var liten gutunge minnest eg det blei tala mange gonger om «då Terjei Aslakson måtte i frå Auestad» og kom til Vågsdalslia. Slik eg minnest det frå Anders Halvorsen Engesland, var saka at Terjei hadde lånt pengar av han i Vågsdalen, og så bytte dei gard når Terjei ikkje kunne betale. Mannen i Vågsdalen var svogeren til Terjei, og var kjend som Staffen Stållaus. Hjå Anders, Der Nord på Øvre Engesland, hadde dei fleire ting som var komne frå Auestad, blant anna veskelåsen som i dag blir brukt på Aust-Agder bunaden. Dotter til Terjei, Anne, blei nemleg gift med gamle Anders Halvorsen Engesland, og ei anna dotter, Gunhild, var mor til Halvor Andersen Engeslands kone, Asgjerd. Både mormor og farmor til den Anders Halvorsen eg kjende var altså døtre til Terjei Auestad. På den måten kom det mange Auestad- ting til Der Nord, og på den måten var soga om då Terjei Aslakson måtte frå Auestad viktig for Anders. Og Anders fortalde, som om det hadde hendt i går, om at Terjei Auestad og Staffen Stållaus var gift med kvar si dotter til Hans Olson Tveit i Mykland. «Men ken denna Hans Olson va, æ der visst ingen som veit», sa Anders. Me kikka i Myklandsboka, og eg las høgt for Anders, som var blind då, om Hans Olson. «Nei», sa Anders, «der stenne ikkje no’e». Og så: «Hor’e i verden kan han ha kome ifrå?» No har eg svaret. Kan hende finst det slektsgranskarar som og veit svaret, men eg kjenner ikkje til nokon skriftleg kjelde på det. Løysinga på gåta kjem nedanfor, lat oss berre ta med litt meir bakgrunn, og peike på nokre fleire som denne gåta er relevant for. Me er mange som stammar frå Anne Olsdatter og Hans Olsen Tveit i Mykland. I fylgje Myklandsboka hadde Anne og Hans fire born, Ola d.e., Ola d.y., Asgjerd og Siri. Eg stammar frå både Asgjerd og Siri. Asgjerd blei gift med Terje Aslaksen Auestad og Siri blei gift med Staffen Stållaus, eller Stephan Gundersen Lia som han heiter i Vegusdalsboka. Siri blei mor til Berte, som blei gift med seinare lensmann Ommund Olsen Fidjeland. Dette som hende då «Terjei Aslakson måtte i frå Auestad» er nemnt i Vegusdalsboka nedst side 161 og ganske utførleg i Myklandsboka, band I, side 151-152. Staffen kjøpte, kort fortalt, i 1839 Terjei sitt bruk i Auestad for Vågsdalslia og 750 riksdalar. Skamlaust, må ein vel kunne seie, selde han vidare berre eit halvt år seinare til den andre bonden på Auestad, for 1500 riksdalar! Det var som smed Staffen Stållaus hadde fått tilnamnet sitt, og lure det til med gardhandel kunne han tydelegvis og. Om Terjei står det i Myklandsboka at «han var snill, kanskje litt for snill og fekk etter kvart ei stor gjeld». Eg vonar eg har litt frå dei båe, sjølv om det på likningsoppgåva mi vel helst står Terjei å lese… Om Knut Mykland, som skreiv Myklandsboka, har visst kvar Anne Olsdotter og Hans Olson kom frå, så har han i alle fall ikkje skrive det i boka. Men me får greie på at Hans Olson var 29 år då han kom til Tveit i 1787, og at kona Anne Olsdotter var fire år eldre. Dette stemmer godt med folketeljinga for 1801 der ein finn Anne og Hans med dei fire borna på Tveit. No kjem då omsider løysinga. Når ein les vidare, er det lurt å ha Vegusdalsboka framfor seg så ein kan bla opp: Nøkkelen til kvar Hans Olsen kom frå kan ein nemleg finne i Vegusdalsboka. Under Ås, øvst på side 669, står det: «Om Tellef Olsen veit me bare at han var bror til Gunder Olsen Omland, Evje, og Hans Olsen Tvedt, Mykland». Er det rette Hans Olsen dette er snakk om då? I såfall er det ikkje så «bare»! At både Hans Olson og Tellef Olsen Aas har ei dotter som heiter Asgjer passar i alle fall godt. Hans må vere fødd om lag 1758, og Tellef er fødd i 1748 står det i Vegusdalsboka. Om me no kunne finne ein syskenflokk frå tida kring 1750 der tre born heiter Tellef, Hans og Gunder, så skulle me ha ein sjanse på å rulle dette opp. Før ein gir seg til å leite systematisk etter slike syskenflokkar, bør ein kanskje tenke seg litt om og prøve seg litt fram. Ein veit jo at folk ofte gifte seg med syskenborn når ein kjem framover mot år 1800. Om no Siri Tveit og Staffen Stållaus var syskeborn, kan Lia i Vegusdal vere ein kandidat. Og, ganske riktig, der er ein høveleg syskenflokk. På side 581 i Vegusdalsboka finn me ein syskenflokk på seks der Tellef er fødd i 1748, Hans er fødd i 1757, og der er ein Gunder og (som då bør vere far til Staffen). Den gamle sogemannen, og han som på sine gamle dagar verkeleg fann utav slektene i Herefoss og Vegusdal, Ole Andreas Pedersen Løland, eller OPL som han skreiv seg, skal som 90-åring, i fylgje Paul Setane, ha uttalt at «me var ofte noko befengt med ønsketenking» når det handla om å finne slektsband. Lat oss sjå om me kan finne fleire ting som kan stadfeste at me er på rett spor. Me veit altså at dei tre namna stemmer, at fødselsåra på Tellef og Hans passar og at både Tellef og Hans har kalla døtrene sine Asgjer. I tillegg ser me at Hans Olsen er gift med ei Anne Olsdotter Væting. Om me no har rette folka, har me altså samtidig spora opp kvar Anne Olsdotter var frå. Me går tilbake til Vegusdalsboka og ser at foreldra til Tellef, Hans og Gunder er Astri og Ole Lia. Asgjer ser ut til å vere eldste dotter til både Tellef og Hans. Kvifor Astri? Det hadde passa betre om ho heitte Asgjer. Etter Vegusdalsboka døydde Astrid i 1782. Eg har sjekka kyrkjeboka for Vegusdal for 1782, og der står det tydeleg at det er Asgier Gundersdatter Lien presten har kasta jord på. Lat oss sjå i Herefossboka om me kan finne Anne Olsdotter der. Under bnr. 5 finn me Anne Olsdotter fødd 1754, gift med Hans Olsen Lien. Einaste som ikkje er heilt bra, er at det står at dei kom til Tveit sokn…, skulle det vere Tveit i Mykland heller, skal tru? Eg har jo bygd mykje av dette på ein råsjanse, nemleg at Siri og Staffen var syskenborn. I så fall er faren til Staffen fødd i 1750 og døydde i 1798, etter Vegusdalsboka. Kan me få bekrefta denne hypotesa? Me møter Staffen att i Myklandsboka under Uldal. Nedst side 366 kan me lese at Staffen var fødd i 1795, og at han berre var fire år då faren døydde. Det passar jo så toleg. Vidare står det at Staffen flytte med mor si til Haugland i Mykland då ho gifte seg med «den fyrste Ola Anderson i Heia». Går me til Haugland i Mykland, får me servert stort sett same soga, og me får vite at syster til Staffen, Asgjer, blei gift med Ole Hanson Tveit, altså bror til kona til Staffen. Det er vel svært mykje her som tyder på at me har løyst gåta, og at dei to tinga som peikar i andre retninga rett og slett er småfeil i bygdebøkene. Eigentleg skulle ein ha sjekka ut alle data her mot originalkjeldene, men eg er overtydd nok, og historia er uansett god nok til at Anders Halvorsen hadde blitt veldig begeistra. .
Recommended publications
  • Søknad Solhom
    Konsesjonssøknad Solhom - Arendal Spenningsoppgradering Søknad om konsesjon for ombygging fra 300 til 420 kV 1 Desember 2012 Forord Statnett SF legger med dette frem søknad om konsesjon, ekspropriasjonstillatelse og forhånds- tiltredelse for spenningsoppgradering (ombygging) av eksisterende 300 kV-ledning fra Arendal transformatorstasjon i Froland kommune til Solhom kraftstasjon i Kvinesdal kommune. Ledningen vil etter ombyggingen kunne drives med 420 kV spenning. Spenningsoppgraderingen og tilhørende anlegg vil berøre Froland, Birkenes og Evje og Hornnes kommuner i Aust-Agder og Åseral og Kvinesdal kommuner i Vest-Agder. Oppgraderingen av 300 kV- ledningen til 420 kV på strekningen Solhom – Arendal er en del av det større prosjektet ”Spennings- oppgraderinger i Vestre korridor” og skal legge til rett for sikker drift av nettet på Sørlandet, ny fornybar kraftproduksjon, fri utnyttelse av kapasiteten på nye og eksisterende mellomlandsforbindelser og fleksibilitet for fremtidig utvikling. Konsesjonssøknaden oversendes Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) til behandling. Høringsuttalelser sendes til: Norges vassdrags- og energidirektorat Postboks 5091, Majorstuen 0301 OSLO e-post: [email protected] Saksbehandler: Kristian Marcussen, tlf: 22 95 91 86 Spørsmål vedrørende søknad kan rettes til: Funksjon/stilling Navn Tlf. nr. Mobil e-post Delprosjektleder Tor Morten Sneve 23903015 40065033 [email protected] Grunneierkontakt Ole Øystein Lunde 23904121 99044815 [email protected] Relevante dokumenter og informasjon om prosjektet og Statnett finnes på Internettadressen: http://www.statnett.no/no/Prosjekter/Vestre-korridor/Solhom---Arendal/ Oslo, desember 2012 Håkon Borgen Konserndirektør Divisjon Nettutbygging 2 Sammendrag Statnett er i gang med å bygge neste generasjon sentralnett. Dette vil bedre forsyningssikkerheten og øke kapasiteten i nettet, slik at det legges til rette for mer klimavennlige løsninger og økt verdiskaping for brukerne av kraftnettet.
    [Show full text]
  • Lokale Energiutredninger for Kommunene I Østre Agder
    Lokal energiutredning for Birkenes kommune 25/4-2012 Rolf Erlend Grundt, Agder Energi Nett Gunn Spikkeland Hansen, Rejlers Lokal energiutredning, målsetting • Forskrifter: – Forskrift om energiutredninger. (2002-12-16) – Endr. i forskrifter til energiloven. (2006-12-14) – Endr. i forskrift om energiutredninger. (2008-06- 02) • Øke kunnskapen om lokal energiforsyning, stasjonær energibruk og alternativer på dette området. • Dette for å få mer varierte energiløsninger i kommunen, og slik bidra til en samfunnsmessig rasjonell utvikling av energisystemene. • Oppdateres hvert annet år AEN ønsker også å få nytte av LEU • Oversikt over kjente utbyggingsplaner i kommunene på større tiltak til fritidsboliger, husholdninger, tjenesteyting, industri Oppdateres årlig – dette er 6. gang • Planer i kommunene der elektrisk forbruk til vann- eller romoppvarming skal erstattes av andre energibærere Gir det utslag på dimensjoneringen av nettet? Leveringspålitelighet 10 20 9 18 8 16 7 14 6 12 5 10 Birkenes 4 8 Aust-Agder 3 6 2 4 Antall perAntall rapporteringspunkt perTimer rapporteringspunkt 1 2 0 0 2007 2008 2009 2010 2007 2008 2009 2010 Gjennomsnittlig antall avbrudd Varighet på avbrudd Utførte tiltak siste to år Etablering av reserveforbindelser i Birkeland sentrum (Hauane - Valstrand). Skiftet utstyr i Birkeland TS for bedre overvåking av nettet. Kommende tiltak Fornye koblingsanlegg til Glassfiberen (3B) og etablere fjernstyring. Dette vil redusere utkoblingstid ved feil. Utføres september 2012, samarbeid med 3B. Agder Energi Nett søkte høsten 2011 om bygging av ny Vegusdal transformatorstasjon i Birkenes kommune. Gitt at konsesjon gis er stasjonen planlagt bygd imellom 2012 og 2014. Stasjonen vil blant annet legge til rette for småkraft og forbedre leveringspåliteligheten i deler av Iveland, Åmli, Froland, Birkenes og Evje- og Hornnes kommune.
    [Show full text]
  • Øyestadposten Menighetsblad for Øyestad Nr
    ØYESTADPOSTEN MENIGHETSBLAD FOR ØYESTAD NR. 1 • 2016 Syngsang - nytt kor Banksjefen i grua Øyestad i gamle dager Se hva som skjer i påsken ØYESTADPOSTEN MENIGHETSBLAD FOR ØYESTAD NR. 1 • 2016 Syngsang Menighetsbladet - nytt kor Banksjef i bakerovn er tilbake Øyestad i ØYESTAD MENIGHET Se hva som gamle dager Vesterveien 721, Nedenes Det er mange som har savnet menighetsbladet vårt og skjer i påsken Tlf: 370 13 360 det er en glede at vi igjen har klart å få laget vårt eget Postboks 5, 4854 Nedenes menighetsblad som alle husstander i vårt sokn mottar. Bladet er ment å fortelle hva som skjer av ulike aktiviteter i vår menighet og på den måten skape en kontakt mellom menighet og soknets innbyggere. Sokneprest Det er Øyestad menighetsråd som er ansvarlig for bladet, men dette hadde Jens T. Johannessen vi ikke fått til uten en aktiv arbeidsvillig redaksjonskomite og ikke minst en Arb: 37013377 Priv. 37095582 erfaren redaktør. Menighetsrådet er svært glad for den oppgaven de har sagt [email protected] ja til. Vårt ønske er at folk finner glede i å lese bladet at det skaper kontakt og Kapellan tilhørighet. Navnet på menighetsbladet gjenspeiler også menighetens ønske Thore Wiig Andersen om et variert innhold og presentasjon av ulike aktiviteter i vårt sokn. Arb: 37013376 Priv.97692250 Øyestad menighet har selvsagt egen nettside og er også på «sosiale medier», [email protected] men vi vet også at mange har savnet et menighetsblad som jevnlig kommer i postkassen. Menighetssekretær Redaksjonen har mange planer og idéer for menighetsbladet, men er åpne Oslaug H. Bergland for innspill og forslag.
    [Show full text]
  • Geological Map of the Western Sørland
    NORSK GEOLOGISK TIDSSKRIFT 25 Ms. rec. Nov. 1944. GEOLOGICAL MAP OF THE WESTERN SØRLAND BY ToM. F. W. BARTH With l geo!. map, 2 plates, and 7 figures in the text. The area covered by the map is limited to the north by 58° 40' N latitude, in the east by longitude 8° l O' E Greenwich. In south and west it is bounded by the North Sea. The area corresponds to the western part of the region which in Norway is known as the ''Sørland". The pubHshed data that have 'been incorporated in the present map have been taken from the following sources: l) Tlh. Kjerulf og T. Dahl!: Geologisk Kart over Det Sønden­ fjeldske Norge, 1858-1865. This is merely a reconnaissance map in the scale l: 400 000 on which rather few details are shown. 2) C. F. Kolderup: Die Labradorfelse des westlichen Norwegens I-. Bergens Museums Aarbog 1896, No. 5; 3): Fjeldbygningen inden rektangel­ kartet Egersunds omraade -. Norges Geo!. Undersøk. No. 71, 1914; 4): The anorthosites of Westen Norway-. Rep't. 16. Internat. Geo l. Congress, Washington 1933, p. 289. In these papers Kolderup has published some field observations on the anorthosite-charnockite petrographic province in the west. But detailed mapping is given only in No. 3 dealing wirh the extreme western parts (country around Egersund). 5) Arne Bugge: Trekk av Sørlandets geomorfologi -. Norsk Geogr. Tidsskr. 7, 98, 1939. This survey stops at the extreme eastern end of the present map; same features of the country around KrisHansand is shown. Special geological and mineralogical details have been collected from the following pa pers: 6) Olaf Holtedahl: The submarine relief off the Norwegian coast --.
    [Show full text]
  • Birkenes, Herefoss Og Vegusdal PÅ DEN ANDRE SIDA
    Nr. 1 2021 55. årgang BLADET MENIGHETSBirkenes, Herefoss og Vegusdal PÅ DEN ANDRE SIDA Hold ut! Husker du for et år siden, – vi trøstet oss ved å lese «Det går over» på plakater og barnetegninger. Nå blir vi minnet om «Hold ut!» Et helt år er gått, og Erna sier at vi har en bakketopp igjen! Menighetsbladet ønsker å sende varm takk til idrettslag, teplan er unnfanget i trengsel og har ingen garanti når det menigheter, foreninger, klubber og organisasjoner som gjelder gjennomføring. dette året har kjent på frustrasjon og oppgitthet. Planer og opplegg måtte til stadighet enten skrinlegges eller legges «Tilbake til normalen» er drømmen for mange. I menighe- helt om. Mye tid og krefter måtte brukes på å vurdere og tene våre er vel anledningen der til å tenke nytt, – hva skal spørre: hvordan gjør vi det, kan vi, har vi lov? Men nå altså: vi beholde og hva kan vi gjøre annerledes. Hold ut! Men uansett, – påsken skal vi beholde, og den kommer Kirka har vært lojal mot anbefalinger og forordninger, men også i år med dette grensesprengende budskapet om at «vår at det har vært lett? Særdeles nei! Men det har i alle fall ført Gud er en forsonet Gud, vår himmel er nå åpen!!!» til en del nytenking. Vi takker ansatte og frivillige i menig- God påske! hetene våre for jobben som er gjort. Vedlagte gudstjenes- RR Å, GLEDESFYLTE STUND! Å, gledesfylte stund! Var han som gav sitt liv, forblitt i dødens fengsel. Å, hvilken morgenrøde! Hva var vel da vår tro? Vår tro har sikker grunn! Men se, vår Frelser lever! Han lever! Han lever! Se livets første grøde! Han oppstod og han lever! Svein Ellingsen HOLD DEG OPPDATERT!! NESTE NUMMER AV MENIGHETSBLADET kommer ut rundt 20.
    [Show full text]
  • Øyestadposten
    ØYESTADPOSTEN MENIGHETSBLAD FOR ØYESTAD NR. 2 • 2017 Skomakerbu og bedehus Dragekjem- perhelgen Se alle konfir- Lopper og mantene Myggen-ball i Øyestad 17. mai i 1915 Alt som skjer i sommer Vant du i lotteriet? Alle de 150 loddbøkene med til sam- 3.gev. Gryte: Inger Johanne Fredrikson men 3000 lodd ble solgt ut i menig- 4.gev. Gavekort på kr. 500,- Nesheim gart- hetens vinter/vår-lotteri. Vant du? neri: Svenn Solheim ØYESTAD MENIGHET 5.gev. Drill, Hundai: Sparekassen Vesterveien 721, Nedenes Dette er et dugnadslotteri. Mange i me- Tlf: 370 13 360 nigheten tar ansvar for å selge loddbøker. 6.gev. Slagbordrill: Sparekassen Postboks 5, 4854 Nedenes De selger til familie/venner, noen selger 7.gev. Tursekk: Fam Næset på arbeidsplassen til kollegaer. Mange kjø- 8.gev. Fiskesett, allround: Turid Kaland Sokneprest per alle loddene selv. Så har vi noen som 9.gev. Hamburgergrill: Fam. Ragna og Jan Jens T. Johannessen er svært aktive selgere, som tar runden og Fredrik Gundersen Arb: 37013377 Priv. 37095582 selger lodd i hele nabolaget og utover det. 10.gev. Fiskesett: Fam. Straat [email protected] I tillegg står vi på noen butikker og selger 11.gev. Smørbrødgrill: Svenn Solheim lodd. Hvert lodd koster kr.25,- 12.gev. Vannkoker: Elin Råbu Kapellan Det betyr at lotteriet tar inn kr.75.000,- Vi 13.gev. Vannkoker: Eva og Torbjørn Skarpe- Thore Wiig Andersen har utgifter på ca. kr.10,000,- og sitter altså teig Arb: 37013376 Priv.97692250 igjen med et overskudd på kr. 65.000,- 14.gev.Glassvase: Kari Lærum. [email protected] Dette er viktige midler til å dekke opp ut- gifter vi har til lån og avdrag vi har på me- Takk til alle ivrige loddselgere og takk til Menighetssekretær nighetssenteret.
    [Show full text]
  • MENIGHETEN SAMFUNDET, DET ALMINDELIGE SAMFUND OG ANDRE STERKTTROENDE © 2021 Jonas Yassin Iversen
    De gamle stier Jonas Yassin Iversen De gamle stier HISTORIEN OM MENIGHETEN SAMFUNDET, DET ALMINDELIGE SAMFUND OG ANDRE STERKTTROENDE © 2021 Jonas Yassin Iversen Dette verket omfattes av bestemmelsene i Lov om opphavsretten til åndsverk m.v. av 1961. Verket utgis Open Access under betingelsene i Creative Commons-lisensen CC BY-NC-ND 4.0. Denne lisensen lar andre kopiere, distribuere og spre verket i hvilket som helst medium eller format, under forutsetning av at det oppgis korrekt kreditering og lenke til lisens. Dette kan gjøres på enhver rimelig måte, men uten at det kan forstås slik at lisensgiver bifaller deg eller din bruk av verket. Materialet kan ikke benyttes til kommersielle formål. Dersom du remixer, bearbeider eller bygger på materialet, kan du ikke distribuere det endrede materialet. Lisensvilkår: https://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no Boka er utgitt med støtte fra Fakultet for lærerutdanning og pedagogikk, Høgskolen i Innlandet, Høgskolen i Innlandets publiseringsfond, Fritt Ord, Dalane folkemuseum og forskergruppen DivE ved Høgskolen i Innlandet. Denne boka er utgivelse nr. 41 i skriftserien Kyrkjefag Profil. Dette er en fagfellevurdert monografi. ISSN print: 1502–7929 ISSN online: 2703-8076 ISBN trykt bok: 978-82-02-71975-3 ISBN PDF: 978-82-02-71974-6 ISBN EPUB: 978-82-02-72051-3 ISBN HTML: 978-82-02-72052-0 ISBN XML: 978-82-02-72054-4 DOI: https://doi.org/10.23865/noasp.131 Omslagsdesign: Cappelen Damm AS Omslagsbilde: Bilde av Det Almindelige Samfunds kirke på Krossmoen utenfor Egersund, med bl.a. forstander Theodor Ege og Kristine Skipstad i forgrunnen.
    [Show full text]
  • Folketeljinga 1801. Ny Bearbeiding
    OGES OISIEE SAISIKK 13 OKEEIGA 11 Y EAEIIG OUAIO CESUS 11 SAISISK SEAYÅ CEA UEAU O SAISICS O OWAY OSO 19 IS -337-119- FØREORD Denne publikasjonen gir opplysningar om befolkninga i Noreg i 1801 slik dei er komne fram etter ei ny bearbeiding av teljingsmaterialet frå det aret. Publikasjonen ligg fOre kort tid etter at Statis- tisk Sentralbyrå i særskilt hefte har prenta gamle tabellmanuskript frå Folketeljinga 1769 som tidlegare for ein stor del ikkje har vore publiserte. Folketeljinga 1801 er den første nominative teljinga her i landet, dvs. ei teljing med oppgåver for kvar einskild namngjeven person. Teljingane før og også etter 1801, fram til 1865, skilde seg ut på denmZten at dei lokalt teljingsansvarlege berre laga samandrag for grupper av personar. Tanken om ei ny bearbeiding av det verdfulle grunnmaterialet frå 1801 vart drOfta i Byrået tidleg på 1950-talet. Av ulike grunnar vart det ikkje gjort noko meir med saka den gongen. I 1968 gjorde professor Knut Mykland på vegner av historikarar ved universiteta i Bergen og Oslo og Norges lærerhOgskoie i Trondheim opptak til eit mete med Byrået om same sak. Det var full semje om at ei ny bearbeiding av dette maeiae ettermoderne statistiske isi ie kunne gi langt betre innsyn i strukturen i den norske befolkninga på 17- og 18-hundretalet enn dei kunnskapane ein tidlegare hadde fått ut av teljinga. Det gjaldt til dømes fordelinga etter alder og ekteskapeleg status, etter leveveg og samansetjing i husstandar. Moderne teknisk utstyr ville og gjere det mogleg med fleire kryssgrupperingar av materialet. Ved ny bearbeiding kunne ein i tillegg betre enn fOr stette krava til statistisk kunnskap om små geografiske einingar.
    [Show full text]
  • Norway Maps.Pdf
    Finnmark lVorwny Trondelag Counties old New Akershus Akershus Bratsberg Telemark Buskerud Buskerud Finnmarken Finnmark Hedemarken Hedmark Jarlsberg Vestfold Kristians Oppland Oppland Lister og Mandal Vest-Agder Nordre Bergenshus Sogn og Fjordane NordreTrondhjem NordTrondelag Nedenes Aust-Agder Nordland Nordland Romsdal Mgre og Romsdal Akershus Sgndre Bergenshus Hordaland SsndreTrondhjem SorTrondelag Oslo Smaalenenes Ostfold Ostfold Stavanger Rogaland Rogaland Tromso Troms Vestfold Aust- Municipal Counties Vest- Agder Agder Kristiania Oslo Bergen Bergen A Feiring ((r Hurdal /\Langset /, \ Alc,ersltus Eidsvoll og Oslo Bjorke \ \\ r- -// Nannestad Heni ,Gi'erdrum Lilliestrom {", {udenes\ ,/\ Aurpkog )Y' ,\ I :' 'lv- '/t:ri \r*r/ t *) I ,I odfltisard l,t Enebakk Nordbv { Frog ) L-[--h il 6- As xrarctaa bak I { ':-\ I Vestby Hvitsten 'ca{a", 'l 4 ,- Holen :\saner Aust-Agder Valle 6rrl-1\ r--- Hylestad l- Austad 7/ Sandes - ,t'r ,'-' aa Gjovdal -.\. '\.-- ! Tovdal ,V-u-/ Vegarshei I *r""i'9^ _t Amli Risor -Ytre ,/ Ssndel Holt vtdestran \ -'ar^/Froland lveland ffi Bergen E- o;l'.t r 'aa*rrra- I t T ]***,,.\ I BYFJORDEN srl ffitt\ --- I 9r Mulen €'r A I t \ t Krohnengen Nordnest Fjellet \ XfC KORSKIRKEN t Nostet "r. I igvono i Leitet I Dokken DOMKIRKEN Dar;sird\ W \ - cyu8npris Lappen LAKSEVAG 'I Uran ,t' \ r-r -,4egry,*T-* \ ilJ]' *.,, Legdene ,rrf\t llruoAs \ o Kirstianborg ,'t? FYLLINGSDALEN {lil};h;h';ltft t)\l/ I t ,a o ff ui Mannasverkl , I t I t /_l-, Fjosanger I ,r-tJ 1r,7" N.fl.nd I r\a ,, , i, I, ,- Buslr,rrud I I N-(f i t\torbo \) l,/ Nes l-t' I J Viker -- l^ -- ---{a - tc')rt"- i Vtre Adal -o-r Uvdal ) Hgnefoss Y':TTS Tryistr-and Sigdal Veggli oJ Rollag ,y Lvnqdal J .--l/Tranbv *\, Frogn6r.tr Flesberg ; \.
    [Show full text]
  • Tillatelse Til Utsetting Av Ørret I Heitjønn, Froland Kommune
    Torbjørn Mykland Bellandsveien 80 Dato: 01.06.2017 4832 MYKLAND Vår ref: 17/1760-15 Deres ref: Arkivkode: K62 Saksbeh.: Øystein Kristensen Tillatelse til utsetting av ørret i Heitjønn, Froland kommune Navn: Postadresse: Torbjørn Mykland Bellandsveien 80, 4832 Mykland har med hjemmel i lov om laksefisk og innlandsfisk m.v. av 15. mai 1992 nr 47 § 9, fått tillatelse til å sette ut: Fiskeart: Ørret Totalt antall: 500 Størrelse: 0+ Stamme: Høvringen Fra: Syrtveit fiskeanlegg klekkeri i Evje- og Hornnes kommune kommune Tillatelsen er gitt for utsetting i (se kart): Vann/elv: Heitjønn Vatn_lnr: 9964 Vannlokalitetskode: 020-5811 Kommune Froland Vassdrag Tovdalsvassdr Vassdragsnummer: 020 kommune aget Kart: Tillatelse Det er søkt om tillatelse til utsetting av ørret i Heitjønn i Froland kommune. Det fremgår av registreringer i Vannmiljø at det har vært fisk her tidligere. Søker opplyser om det samme. Det er ingen registreringer i artskart som tilsier at det er til skade å sette ut ørret i denne lokaliteten. Det søkes om å sette ut inntil 500 ørret. Dette synes å være noe høyt da vannet er på ca. 80 daa og anbefalingene er at det settes ut 3 – 5 ørret pr daa i fisketomme vann. Det gis her likevel tillatelse til å sette ut inntil 500 ørret i Heitjønn med en anbefaling om å følge utviklingen nøye for å unngå overbefolkning og dårlig kvalitet på fisken. Tillatelsen er gyldig i tre år, t.o.m. 2019 slik at det er mulig å supplere utsettingen de påfølgende år. Forhold til naturmangfoldlovens § 8-12 Utsettingen er vurdert i forhold til §8-12 i naturmangfoldloven.
    [Show full text]
  • Administrative and Statistical Areas English Version – SOSI Standard 4.0
    Administrative and statistical areas English version – SOSI standard 4.0 Administrative and statistical areas Norwegian Mapping Authority [email protected] Norwegian Mapping Authority June 2009 Page 1 of 191 Administrative and statistical areas English version – SOSI standard 4.0 1 Applications schema ......................................................................................................................7 1.1 Administrative units subclassification ....................................................................................7 1.1 Description ...................................................................................................................... 14 1.1.1 CityDistrict ................................................................................................................ 14 1.1.2 CityDistrictBoundary ................................................................................................ 14 1.1.3 SubArea ................................................................................................................... 14 1.1.4 BasicDistrictUnit ....................................................................................................... 15 1.1.5 SchoolDistrict ........................................................................................................... 16 1.1.6 <<DataType>> SchoolDistrictId ............................................................................... 17 1.1.7 SchoolDistrictBoundary ...........................................................................................
    [Show full text]
  • Homogenization of Norwegian Monthly Precipitation Series for the Period 1961-2018
    No. 4/2021 ISSN 2387-4201 METreport Climate Homogenization of Norwegian monthly precipitation series for the period 1961-2018 Elinah Khasandi Kuya, Herdis Motrøen Gjelten, Ole Einar Tveito METreport Title Date Homogenization of Norwegian monthly 2021-04-30 precipitation series for the period 1961-2018 Section Report no. Division for Climate Services No. 4/2021 Author(s) Classification Elinah Khasandi Kuya, Herdis Motrøen Gjelten, ● Free ○ Restricted Ole Einar Tveito Abstract Climatol homogenization method was applied to detect inhomogeneities in Norwegian precipitation series, during the period 1961-2018. 370 series (including 44 from Sweden and one from Finland) of monthly precipitation sums, from the ClimNorm precipitation dataset were used in the analysis. The homogeneity analysis produced a 58-year long homogenous dataset for 325 monthly precipitation sum with regional temporal variability and spatial coherence that is better than that of non-homogenized series. The dataset is more reliable in explaining the large-scale climate variations and was used to calculate the new climate normals in Norway. Keywords Homogenization, climate normals, precipitation Disciplinary signature Responsible signature 2 Abstract Climate normals play an important role in weather and climate studies and therefore require high-quality dataset that is both consistent and homogenous. The Norwegian observation network has changed considerably during the last 20-30 years, introducing non-climatic changes such as automation and relocation. Homogenization was therefore necessary and work has been done to establish a homogeneous precipitation reference dataset for the purpose of calculating the new climatological standard normals for the period 1991-2020. The homogenization tool Climatol was applied to detect inhomogeneities in the Norwegian precipitation series for the period 1961-2018.
    [Show full text]