Ei Lita Gåte Frå Mykland, Med Svar Frå Vegusdal Og Herefoss

Ei Lita Gåte Frå Mykland, Med Svar Frå Vegusdal Og Herefoss

Ei lita gåte frå Mykland, med svar frå Vegusdal og Herefoss Frå eg var liten gutunge minnest eg det blei tala mange gonger om «då Terjei Aslakson måtte i frå Auestad» og kom til Vågsdalslia. Slik eg minnest det frå Anders Halvorsen Engesland, var saka at Terjei hadde lånt pengar av han i Vågsdalen, og så bytte dei gard når Terjei ikkje kunne betale. Mannen i Vågsdalen var svogeren til Terjei, og var kjend som Staffen Stållaus. Hjå Anders, Der Nord på Øvre Engesland, hadde dei fleire ting som var komne frå Auestad, blant anna veskelåsen som i dag blir brukt på Aust-Agder bunaden. Dotter til Terjei, Anne, blei nemleg gift med gamle Anders Halvorsen Engesland, og ei anna dotter, Gunhild, var mor til Halvor Andersen Engeslands kone, Asgjerd. Både mormor og farmor til den Anders Halvorsen eg kjende var altså døtre til Terjei Auestad. På den måten kom det mange Auestad- ting til Der Nord, og på den måten var soga om då Terjei Aslakson måtte frå Auestad viktig for Anders. Og Anders fortalde, som om det hadde hendt i går, om at Terjei Auestad og Staffen Stållaus var gift med kvar si dotter til Hans Olson Tveit i Mykland. «Men ken denna Hans Olson va, æ der visst ingen som veit», sa Anders. Me kikka i Myklandsboka, og eg las høgt for Anders, som var blind då, om Hans Olson. «Nei», sa Anders, «der stenne ikkje no’e». Og så: «Hor’e i verden kan han ha kome ifrå?» No har eg svaret. Kan hende finst det slektsgranskarar som og veit svaret, men eg kjenner ikkje til nokon skriftleg kjelde på det. Løysinga på gåta kjem nedanfor, lat oss berre ta med litt meir bakgrunn, og peike på nokre fleire som denne gåta er relevant for. Me er mange som stammar frå Anne Olsdatter og Hans Olsen Tveit i Mykland. I fylgje Myklandsboka hadde Anne og Hans fire born, Ola d.e., Ola d.y., Asgjerd og Siri. Eg stammar frå både Asgjerd og Siri. Asgjerd blei gift med Terje Aslaksen Auestad og Siri blei gift med Staffen Stållaus, eller Stephan Gundersen Lia som han heiter i Vegusdalsboka. Siri blei mor til Berte, som blei gift med seinare lensmann Ommund Olsen Fidjeland. Dette som hende då «Terjei Aslakson måtte i frå Auestad» er nemnt i Vegusdalsboka nedst side 161 og ganske utførleg i Myklandsboka, band I, side 151-152. Staffen kjøpte, kort fortalt, i 1839 Terjei sitt bruk i Auestad for Vågsdalslia og 750 riksdalar. Skamlaust, må ein vel kunne seie, selde han vidare berre eit halvt år seinare til den andre bonden på Auestad, for 1500 riksdalar! Det var som smed Staffen Stållaus hadde fått tilnamnet sitt, og lure det til med gardhandel kunne han tydelegvis og. Om Terjei står det i Myklandsboka at «han var snill, kanskje litt for snill og fekk etter kvart ei stor gjeld». Eg vonar eg har litt frå dei båe, sjølv om det på likningsoppgåva mi vel helst står Terjei å lese… Om Knut Mykland, som skreiv Myklandsboka, har visst kvar Anne Olsdotter og Hans Olson kom frå, så har han i alle fall ikkje skrive det i boka. Men me får greie på at Hans Olson var 29 år då han kom til Tveit i 1787, og at kona Anne Olsdotter var fire år eldre. Dette stemmer godt med folketeljinga for 1801 der ein finn Anne og Hans med dei fire borna på Tveit. No kjem då omsider løysinga. Når ein les vidare, er det lurt å ha Vegusdalsboka framfor seg så ein kan bla opp: Nøkkelen til kvar Hans Olsen kom frå kan ein nemleg finne i Vegusdalsboka. Under Ås, øvst på side 669, står det: «Om Tellef Olsen veit me bare at han var bror til Gunder Olsen Omland, Evje, og Hans Olsen Tvedt, Mykland». Er det rette Hans Olsen dette er snakk om då? I såfall er det ikkje så «bare»! At både Hans Olson og Tellef Olsen Aas har ei dotter som heiter Asgjer passar i alle fall godt. Hans må vere fødd om lag 1758, og Tellef er fødd i 1748 står det i Vegusdalsboka. Om me no kunne finne ein syskenflokk frå tida kring 1750 der tre born heiter Tellef, Hans og Gunder, så skulle me ha ein sjanse på å rulle dette opp. Før ein gir seg til å leite systematisk etter slike syskenflokkar, bør ein kanskje tenke seg litt om og prøve seg litt fram. Ein veit jo at folk ofte gifte seg med syskenborn når ein kjem framover mot år 1800. Om no Siri Tveit og Staffen Stållaus var syskeborn, kan Lia i Vegusdal vere ein kandidat. Og, ganske riktig, der er ein høveleg syskenflokk. På side 581 i Vegusdalsboka finn me ein syskenflokk på seks der Tellef er fødd i 1748, Hans er fødd i 1757, og der er ein Gunder og (som då bør vere far til Staffen). Den gamle sogemannen, og han som på sine gamle dagar verkeleg fann utav slektene i Herefoss og Vegusdal, Ole Andreas Pedersen Løland, eller OPL som han skreiv seg, skal som 90-åring, i fylgje Paul Setane, ha uttalt at «me var ofte noko befengt med ønsketenking» når det handla om å finne slektsband. Lat oss sjå om me kan finne fleire ting som kan stadfeste at me er på rett spor. Me veit altså at dei tre namna stemmer, at fødselsåra på Tellef og Hans passar og at både Tellef og Hans har kalla døtrene sine Asgjer. I tillegg ser me at Hans Olsen er gift med ei Anne Olsdotter Væting. Om me no har rette folka, har me altså samtidig spora opp kvar Anne Olsdotter var frå. Me går tilbake til Vegusdalsboka og ser at foreldra til Tellef, Hans og Gunder er Astri og Ole Lia. Asgjer ser ut til å vere eldste dotter til både Tellef og Hans. Kvifor Astri? Det hadde passa betre om ho heitte Asgjer. Etter Vegusdalsboka døydde Astrid i 1782. Eg har sjekka kyrkjeboka for Vegusdal for 1782, og der står det tydeleg at det er Asgier Gundersdatter Lien presten har kasta jord på. Lat oss sjå i Herefossboka om me kan finne Anne Olsdotter der. Under bnr. 5 finn me Anne Olsdotter fødd 1754, gift med Hans Olsen Lien. Einaste som ikkje er heilt bra, er at det står at dei kom til Tveit sokn…, skulle det vere Tveit i Mykland heller, skal tru? Eg har jo bygd mykje av dette på ein råsjanse, nemleg at Siri og Staffen var syskenborn. I så fall er faren til Staffen fødd i 1750 og døydde i 1798, etter Vegusdalsboka. Kan me få bekrefta denne hypotesa? Me møter Staffen att i Myklandsboka under Uldal. Nedst side 366 kan me lese at Staffen var fødd i 1795, og at han berre var fire år då faren døydde. Det passar jo så toleg. Vidare står det at Staffen flytte med mor si til Haugland i Mykland då ho gifte seg med «den fyrste Ola Anderson i Heia». Går me til Haugland i Mykland, får me servert stort sett same soga, og me får vite at syster til Staffen, Asgjer, blei gift med Ole Hanson Tveit, altså bror til kona til Staffen. Det er vel svært mykje her som tyder på at me har løyst gåta, og at dei to tinga som peikar i andre retninga rett og slett er småfeil i bygdebøkene. Eigentleg skulle ein ha sjekka ut alle data her mot originalkjeldene, men eg er overtydd nok, og historia er uansett god nok til at Anders Halvorsen hadde blitt veldig begeistra. .

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    2 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us