Vurdering Av Vegsamband Bergen - E134 Utgåve: 3 Dato: 24.08.2015
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Sunnhordlandsdiagonalen - Vurdering av vegsamband Bergen - E134 Utgåve: 3 Dato: 24.08.2015 1 DOKUMENTINFORMASJON Oppdragsgjevar: Sunnhordlandsdiagonalen AS Rapporttittel: Sunnhordlandsdiagonalen- Vurdering av vegsamband Bergen- E134 Utgåve/dato: 3/ 24.08.2015 Oppdrag: 601879-01–Sunnhordlandsdiagonalen Kvalitetssikring av vegprosjekt Oppdragsleiar: Steinar Onarheim Avdeling: Analyse og utredning Bergen Skriven av: Steinar Onarheim Kvalitetskontroll: Øyvind Sundfjord Framsidefigurar Asplan Viak AS (t.v.) og Sunnhordlandsdiagonalen AS (t.h.) Asplan Viak AS www.asplanviak.no Sunnhordalandsdiagonalen AS Asplan Viak AS 2 FØREORD Asplan Viak har vore engasjert av aksjeselskapet Sunnhordlandsdiagonalen AS for å vurdere trasé, kostnader, finansiering og samfunnsnytte av nytt vegsamband mellom E134 (Åkrafjorden) og ny E39 (Tysnes). Sverre Olav Handeland har vore kontaktperson for Sunnhordlandsdiagonalen AS. Steinar Onarheim har vore oppdragsleiar for Asplan Viak og hatt hovudansvar for utarbeiding av rapporten. Ingvild Nordtveit har hatt hovudansvar for kapittel om finansiering og Geir Arild Slettemark for tekniske vurderingar og kostnadsvurderingar av traséar. Øyvind Sundfjord har vore kvalitetssikrar. Bergen, 24/08/2015 Steinar Onarheim Øyvind Sundfjord Oppdragsleiar Kvalitetssikrar Sunnhordalandsdiagonalen AS Asplan Viak AS 3 INNHOLDSLISTE 1 BAKGRUNN ................................................................................................................... 4 1.1 Skildring av regionen i dag ...................................................................................... 4 1.2 Overordna planar og andre vegprosjekt .................................................................14 2 TRASÉALTERNATIV ....................................................................................................17 2.1 Konfliktpotensiale ...................................................................................................18 2.2 Køyretider ..............................................................................................................31 2.3 Investeringskostnader ............................................................................................35 2.4 Tekniske/trasémessige utfordringar ........................................................................39 2.5 Handtering av tunnelmassar ...................................................................................40 3 FINANSIERING .............................................................................................................41 3.1 Avgrensing .............................................................................................................41 3.2 Premissar ...............................................................................................................41 3.3 Finansieringsplan ...................................................................................................44 3.4 Andre verknader .....................................................................................................50 3.5 Oppsummering .......................................................................................................51 4 SAMFUNNSMESSIGE KONSEKVENSAR ....................................................................52 4.1 Regional utvikling. Ny bu- og arbeidsmarknad........................................................52 4.2 Næringsliv og klynger .............................................................................................55 4.3 Tilgang på næringsareal .........................................................................................56 4.4 Handel ...................................................................................................................58 4.5 Busetnad og senterstruktur ....................................................................................58 4.6 Miljø og utslepp ......................................................................................................61 4.7 Samarbeid om tenester og beredskap ....................................................................61 4.8 Vurderingstabell, samfunnsmessige konsekvensar ................................................62 5 SAMANDRAG OG VURDERINGSTABELL ...................................................................63 5.1 Samla vurderingstabell ...........................................................................................63 5.2 Samandrag ............................................................................................................64 Sunnhordalandsdiagonalen AS Asplan Viak AS 4 1 BAKGRUNN Regjeringa har valt korridor for vidare planlegging av ny E39. Korridoren går frå Bergen til Os. Vidare frå Os er det kryssing over Bjørnefjorden, og mellom Tysnes og Stord er det bru over Langenuen. Mellom Aust- og Vestlandet er E134 over Haukeli peika ut som eit av hovudsambanda, og denne vegen skal gjennom ei stor oppgradering. Sambandet mellom E134 og Bergen er ikkje god i dag, både med omsyn til standard og køyretid. For å få full nytte av E134 må det difor etablerast eit betre samband mot Bergen. Dette vil ikkje berre gi raskare reisetider aust-vest, men også ein del andre ringverknader i regionane vegen går gjennom. Kapittel 1 presenterer kunnskap som er viktig som bakgrunn for analyser og vurderingar som er gjort vidare i denne rapporten. I kapittel 2 vert ulike traséalternativ presentert og kva konfliktpotensiale, køyretider, investeringskostnader og tekniske/trasémessige utfordringar alternativa har. I kapittel 3 er det satt opp døme på finansiering av vegen med vurdering av ferjeavløysingsmidlar. I kapittel 4 vert samfunnsmessige konsekvensar utover dei som er vist i kapittel 2 drøfta. I kapittel 5 kjem ei samanstilling av vurderingane rundt alternativa, og kombinasjonar av alternativ. Kapittel 5 kan lesast som et samandrag av heile rapporten. 1.1 Skildring av regionen i dag 1.1.1 Befolkning Figur 1: Befolkningstettleik i Sunnhordland, Vindafjord og Odda. Sunnhordalandsdiagonalen AS Asplan Viak AS 5 Stord, Kvinnherad og Bømlo er dei mest folkerike kommunane i Sunnhordland, og høgast tettleik finn ein langs aksen Svortland-Leirvik-Husnes og i Odda (Figur 1 og Figur 2). Dei 8 Sunnhordlandskommunane har i dag om lag 64 000 innbyggjarar, og om ein tek med Odda og Vindafjord så bur det nesten 75 000 personar i denne regionen. Stord og Sveio er kommunane som har hatt størst prosentvis vekst siste 15 år, med hhv.1% og 1,2% årleg vekst frå 2000-2014. Også Bømlo har hatt god vekst (0,6% årleg). Odda har hatt størst nedgang i folketalet, med 0,6% årleg nedgang. Årleg vekst i heile Sunnhordland, 2000-2014, var på 0,6%. Dette er lågare enn i heile Hordaland der veksten var på 1,3%. Bergensområdet (Bergen, Askøy, Os og Fjell) hadde sterkast vekst med 1,5% årleg. Befolkningsutvikling 20000 18000 16000 14000 12000 10000 8000 6000 4000 2000 0 1219 Bømlo 1221 Stord 1224 1211 Etne 1216 Sveio 1222 Fitjar 1223 1228 Odda Kvinnherad Tysnes 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 Figur 2: Befolkningsutvikling i Sunnhordlandskommunane og Odda, 2000-2014. (Kjelde: SSB). 1.1.2 Arbeidsplassar og næringsliv Den høgaste konsentrasjonen av arbeidsplassar i regionen finn ein langs aksen Svortland- Leirvik-Husnes-Rosendal (Figur 3). I Ølensvåg og på Fitjar og i Odda er det også relativt tett med arbeidsplassar. Sunnhordalandsdiagonalen AS Asplan Viak AS 6 Figur 3: Arbeidsplasstettleik i Sunnhordland, Vindafjord og Odda. Sysselsette 8000 7000 6000 5000 4000 3000 2000 1000 0 Vindafjord Etne Sveio Bømlo Stord Fitjar Tysnes Kvinnherad Odda Figur 4: Sysselsette fordelt på viktigaste næringar og kommune. (Kjelde: SSB,2011). Sunnhordalandsdiagonalen AS Asplan Viak AS 7 Figur 4 syner at helse og sosialtenester er den «næringa» som sysselset flest folk i regionen. Deretter er det industri den klart største næringa, med nær 7000 sysselsette. Her inngår også mykje av den olje- og gassrelatert verksemda i regionen og den maritime industrien som har vorte eit slags varemerke for regionen. I Interkommunal Strandsoneplan for Sunnhordland1 er det lista opp særtrekk ved næringslivet i Sunnhordland. Nokre av desse er: Dei viktigaste næringane i Sunnhordland er offshore, maritim, fiskeri og havbruk, går fram av nettstaden www.buisunnhordland.no, som regionrådet for Sunnhordland står bak. Desse næringstypane er alle basert på bruk av ressursar i sjøen, eller sjøen som transportveg. Regionen har eit spesielt høgt innslag av industri. Nesten kvar femte arbeidstakar jobbar i denne næringa. I Norge totalt jobbar færre enn kvar tiande i industrien. Næringslivet i Sunnhordland er meir eksportretta enn landet elles. 100 % 90 % Personlig tjenesteyting 80 % Helse- og sosialtjenester 70 % Undervisning 60 % Offentlig administrasjon 50 % Forretningsmessig tjenesteyting Faglig, vitenskapelig og teknisk tj.yt. 40 % Informasjon og kommunikasjon 30 % Overnatting- og servering 20 % Transport og lagring 10 % Varehandel 0 % Bygge- og anleggsvirksomhet Industri Jordbruk, skogbruk og fiske Figur 5: Sysselsette fordelt på næring- prosentvis fordeling innafor kvar kommune. (Kjelde: SSB,2011). Figur 5 viser at for den største «næringa» helse og sosialtenester, er det Sveio som har andelsmessig flest tilsette. Innan industri er det mange sysselsette både på Stord, Kvinnherad Odda, Bømlo og Vindafjord. Reiseliv er også ei viktig næring og både Leirvik, Rosendal og Odda har mange arbeidsplassar knytt direkte eller indirekte til dette (dette kjem ikkje tydeleg fram i figurane mellom anna fordi dei viser