Møteinnkalling
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Sogndal kommune Møteinnkalling Utval: PLAN OG FORVALTNINGSUTVALET Møtestad: Formannskapssalen - Leikanger tinghus Møtedato: 23.01.2020 Tid: 09:00 - 00:00 Eventuelt forfall skal meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 1/20 20/434-1 Plan og forvaltningsutvalet - Opning og konstituering 2020 2/20 19/338-6 Detaljreguleringsplan gbnr. 85/8 m.fl. Hagastrondi på Fimreite - fritidsbustader Klagehandsaming 3/20 20/473-1 Planstrategi - føringar for arbeidet 4/20 20/447-1 Plan og forvaltningsutvalet - Skriv, meldingar, orienteringar og drøftingssaker 2020 Leikanger, 17.01.2020 Malén Røysum (leiar) Sogndal kommune Sak 1/20 Plan og forvaltningsutvalet Saksh.: Maj Britt Brendstuen Arkiv: Arkivsak: 20/434 Saksnr.: Utval Møtedato 1/20 Plan og forvaltningsutvalet 23.01.2020 Sak 1/20 Plan og forvaltningsutvalet - Opning og konstituering 2020 Punkt 1. Opning A. Konstituering av møte: Møtet lovleg sett med følgjande til stades: Malèn Røysum, Arne Glenn Flåten, Bodil Merete Andersen Strand, Ivar Slinde, Lars Trygve Sæle, Magne Bruland Selseng, Rita Navarsete, Stig Ove Ølmheim og Oddbjørn Bukve Frå administrasjon møter kommunalsjef Arne Abrahamsen og politisk sekretær Marit Silje Husabø Innkalling og saksliste - godkjenning Møteleiar: Malén Røysum Ope møte Framlegg: Malén Røysum, Bodil Merete Andersen Strand og Magne Bruland Selseng får fullmakt til å signere protokollen Side 2 av 11 Sogndal kommune Sak 2/20 Plan og forvaltningsutvalet Saksh.: Hilde Helene Bjørnstad Arkiv: Arkivsak: 19/338 Saksnr.: Utval Møtedato 2/20 Plan og forvaltningsutvalet 23.01.2020 Sak 2/20 Detaljreguleringsplan gbnr. 85/8 m.fl. Hagastrondi på Fimreite - fritidsbustader Klagehandsaming Tilråding: Forvaltningsutvalet tek klagar på detaljreguleringsplan for Hagastrondi på Fimreite – Fritidsbustader delvis til følgje, i samsvar med tilrådinga frå rådmann. Forvaltningsutvalet endrar vedtak av detaljreguleringsplanen når det gjeld følgjande punkt: Rammeplan for vatn, avlaup og overvatn i tråd med krav i kommuneplan føresegn 2-1 bokstav c) pkt. 6 skal leggast fram og vere godkjent før reguleringsplanen kan gjevast rettsverknad. VA-plan skal vise løysing for vatn, avlaup og sløkkevatn for utbyggingsområda. føresegn 4.6 skal lyde: Godkjend VA-rammeplan dagsett xx.xx.xx skal leggast til grunn for vidare detaljprosjektering og byggesakshandsaming. Ordning for sløkkevatn må vere dokumentert før byggeløyve vert gjeve. Saka vert sendt vidare til Fylkesmannen for endeleg handsaming, jf. forvaltningslova § 33 fjerde ledd. Vedlegg: 1. Klage frå Naturvernforbundet 2. Klage frå Norsk Ornitologisk Foreining 3. Klage frå grunneigarar på Fimreite 4. Klage frå Fimreite og Borger 5. Klage frå Miljøvernorganisasjonen Grøn Fremtid 6. Motsvar til klage frå plankonsulent 7. Avgjerd om utsett iverksetting av vedtak Saksutgreiing: Detaljreguleringsplan for gbnr. 85/8 m.fl. Hagastrondi på Fimreite - Fritidsbustader vart vedteke av kommunestyret i møte 25.11.2019, sak 52/19. Planområdet er på om lag 60 daa og opnar for 15 fritidsbustader innanfor felta som er sett av til fritidsbustad i kommuneplanen på Hagastrondi. Planframlegget er fremja av Arkitektkontoret 4B på vegne av Ingmar Fimreite, Odd Einar Fimreite og Per Magne Fimreite. Side 3 av 11 Sak 2/20 Det er motteke 5 klagar på planvedtaket. Administrasjonen har teke avgjerd om å gi vedtaket utsett iverksetting inntil klagene er ferdig handsama, jf. forvaltningslova § 42. Alle klagane er ulike, men det er dei same temaa som går igjen i fleire. Klagane er oppsummert kort, og ligg vedlagd i sin heilskap. Vi vurderer at alle klagane er mottekne i rett tid og at klagarane er part i saka og derfor har klagerett, med unntak for Grønn Fremtid. Sjå eigen vurdering av klagerett for klaga frå Grønn Fremtid. Bakgrunn: Oppstart av planarbeid skjedde i juni 2017. Planframlegget låg ute til offentleg ettersyn i perioda 28.6.18 – 17.8.18. Det kom inn 5 merknader frå private partar og 6 uttalar frå høyringsinstansar. Planvedtaket til kommunestyret vart kunngjort i Sogn avis den 7.12.19 og melding om vedtak vart sendt til grunneigarar m.fl. i brev av 4.12.2019 med klagefrist 28.12.2019. Mottekne klagar oppsummert: Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, 28.12.2019 Klager meiner at vedtaket er i strid med Naturmangfaldlova § 8 då kunnskapsgrunnlaget er mangelfullt brukt og omtalt med omsyn til effekt av påverknader på naturmangfaldet i området. Klagar meiner og at vedtaket er i strid med same lov § 10 om økosystemtilnærming og samla belastning; då det ikkje er handsama og teke omsyn til kva auka ferdsel i strandområda utanfor restriksjonsområdet vil føre til for sjøfuglen i kombinasjon med utslepp frå slamavskiljarar for 15 hyttar i tillegg til utslepp av overflatevatn. Det ser og ut til at utsleppsrøyr skal gå gjennom omsynssona og ut i fjorden. Klager ber om at tett avlaupsanlegg vert vurdert. Klage frå Norsk Ornitologisk Foreining avdeling Sogn og Fjordane, 28.12.2019 Klagar meiner ferdselforbodet i hekkeperioden i strandsona rett utafor det regulerte området vil vere umogleg å handheve effektivt til ein kvar tid i hekkeperioden, og at ornitologen som uttalar seg meiner at det er ein føresetnad for at sjøfuglen ikkje skal bli negativt påverka. Klagar meiner det er svært sannsynleg at brukarar av hyttene på sommaren vil trekke ut på sidane av dette området og bruke dette til bading og anna aktivitet. Klager har registert at brukarar av hyttene kan nytte eit aktivitetsområde over 1 km unna utan at det er utført regulering der (Gjerlog). Klagar meiner at vedtaket er i strid med Naturmangfoldlova si §10 som gjeld økosystemtilnærming og samla belastning. Dette fordi det ikkje er handsama og teke omsyn til kva auka ferdsel i strandområda spesielt aust, men óg vest for restriksjonsområdet vil føre til for sjøfuglen i kombinasjon med utslepp frå slamavskiljarar for 15 hyttar i tillegg til utslepp av overflatevatn. Klage frå grunneigarar på Fimreite: Magnhild Sægrov, Jørgen Binningsbø, Rune Haug, Magni Haug Sims, Jens Fimreite, Sigrun Liseth, Else Berit Fimreite, Hans Jørgen Binningsbø, Astrid Hildur Malmin, Arne Kristian Borger, Gyril Fimreite, 27.12.2019 til klagen ligg vedlegg: Brev til politikarane, fråsegn, kart, lesarbrev. Side 4 av 11 Sak 2/20 Klagarane meiner at 15 nye hytter vil forstyrre dagens balanse mellom fastbuande og hytteeigarar, slik at hyttefolket kjem i overtal. Viktige forhold og verknader for Fimreitegrenda er ikkje greidd ut og grunngjeve i høve til dei vedtak som er gjort. Klagarane meiner at føresetnaden for hyttefeltet i arealdel til kommuneplan er blitt endra fordi ferdselsforbodet ikkje var der då planen vart laga i 2013, og det i tillegg er oppstått behov for ein annan plass å bade. Gjerlog står fram som eit lite realistisk alternativ til badeplass. Alternativet som står att er hjå grunneigarane som bur ved hyttefeltet, der det er langgrunt. Då vil hyttefolket overta dei fastbuande sin plass eller bade i omsynssona for naturtype. Klagar meiner at kommunestyret ikkje har fått saka om badeanlegg på Gjerlog, eventuelt kombinert med utviding av småbåthamna, godt nok opplyst. Dei formelle konsekvensane, knytt til §12-14 i Plan og bygningslova, er ikkje drøfta i rådmannen saksutgreiing til kommunestyret sitt møte den 25.11.2019. Omsynssona dekker til saman om lag 950 meter av strandsona på Fimreite, medan ferdselsforbodet omfattar berre 200 meter av omsynssona. Konsekvensane for fuglereservatet av denne auka bruken av omsynssona utanfor ferdselsforbodet er ikkje vurdert. Det er også uklart korleis ferdselsforbodet skal kontrollerast. Dei viktigaste innvendingane er knytt til det høvesvis store talet på hytter i feltet. Sidan tiltakshavarane er klare på at dei må få byggje minst 15 hytter, ber klagar om at hyttefelt-prosjektet i sin noverande form, blir avvist. Klage frå Gyril Fimreite og Arne Kristian Borger, 5.1.20 Det er etter avtale med sakshandsamar gjeve utsett frist for klage. Vedtaket vil gjere det vanskelegare å drifte områda gbnr. 85/2 og 85/7 med beitebruk for kyr. Dei vurderer å dyrke opp med gran for inntektsbringende utnytting av areala. Utan at felles aktivitetsområde for hyttene er løyst vil arealet klagarane eig aust for restriksjonsområdet og som er namnsett Indrebogen bli brukt til bading. På denne måten blir deira område, inkl. andre naboer sine strandområder ein føresetnad for kommersiell hytteutbygging. Dette er i konflikt med deira grunneigarinteresser spesielt og allemannsretten generelt, og dei klager derfor på vedtaket om å godkjenne reguleringsplanen for Hagastrondi før dette er løyst. Klage frå Miljøvernorganisasjonen Grønn Fremtid, 6.12.2019 Organisasjonens virkeområde og representativitet fremstår uklart, og administrasjonen vurderer at dei tilgjengelege opplysningane om organisasjonen er eit utilstrekkelig grunnlag for vurderingen av rettslig klageinteresse etter fvl. § 28, 1 ledd. Det er ikkje bedt om nærmare informasjon frå klagar, grunna knapp tid for klagehandsaming. Vi har ikkje teke stilling til om organisasjonen har klagerett, og legg til grunn at klaga vert vurdert som om organisasjonen har rettsleg klageinteresse. Klagar ber om at omsynssone H370 vert endra til den avstand i meter fra kraftledninger som gir 0,4 μT (mikrotesla). Side 5 av 11 Sak 2/20 Motsvar til klagene Plankonsulent Arkitektkontoret 4B har gjeve motsvar til klagene i e-post av 9.1.2020. Motsvaret har ikkje innhald som får avgjerande verknad på klagehandsaminga, og er difor ikkje oppsummert her. Motsvaret ligg som vedlegg. Rådmannen sin vurdering: Under følg rådmannen