JOSTEDALSBREEN 2° Jostedalsbreen nasjonalpark

Vårmarihand ved

Fåbergstølsgrandane 3° Jostedalsbreen nasjonalpark

Eit landskap forma av is og vatn

Jostedalsbreen nasjonalpark har ei enorm spennvidde i naturtypar frå frodig edellauvskog i låglandet til isbrear og høgfjell med arktisk klima. Jostedalsbreen har ei samanhengjande lengde på vel 6 mil, og med sine 487 km2 dekkjer den omlag 2/5 av nasjonalparken. Verdiar knytt til brear, breelvar, morenar og vegetasjon er viktige vernekvalitetar. Kulturlandskapet i stølsdalane har også stor verdi.

U-forma dalar, morenar, blankskurde fjellsider, breelvsletter, rasmarker og urer – i uminnelege tider har is og vatn forma eit landskap i stadig endring. Sprudlande bekkar, elvar og fossar i fjellsider og dalar kjenneteiknar området. Rikeleg med vatn gjev gode vilkår for plantelivet og gjer at dalane i området har uvanleg frodig vegetasjon. 4° Jostedalsbreen nasjonalpark

BrevandringStraumdalen på Nigardsbreen Melkevollbreen

NATUROPPLEVINGAR

Enkle fotturar eller krevjande breturar Jostedalsbreområdet har lange tradisjonar som attrak- tivt turområde, spesielt for brevandring og toppturar. Dei seinare åra har også krevjande turar som vårski- turar «breen på langs» – gjerne med ein avstikkar til den høgaste fjelltoppen, Lodalskåpa, vorte populære. Utan naudsynt kunnskap og breutstyr er ferdsel på bre farleg! Det er mange tilbod om breføring på brearmane kring Jostedalsbreen.

Dei gamle ferdselsvegane mellom dalane kring breen t.d. gjennom Oldeskaret og Supphelleskaret er spennande fotturar. For turistane har Jostedalsbreen, særleg med brearmane i Briksdalen, Fjærland og ved Nigardsbreen, lenge vore eit namngjete reisemål. I Krundalen, Kjenn dalen og Austerdalen går det stiar inn mot breen, 5° Jostedalsbreen nasjonalpark

Utsyn over Fjærlandsfjorden

nokså enkle fotturar med mykje å oppleve. Turen til Lodalskåpa (2083 moh), også kalla Vestlandsdronninga, er ein lang heildagstur som krev breutstyr og svært god kondisjon.

Sunndalssetra 6° Jostedalsbreen nasjonalpark

Jostedalsbreen

LANDSKAP

Største isbreen på fastlandet i Europa Jostedalsbreen er ein platåbre med mange brearmar frå omlag 300 til 2 000 m o.h. Medrekna fleire mindre brear er omlag halvparten av nasjonalparken dekt av bre. Mykje av Jostedalsbreområdet sin nasjonale verdi for naturvern og friluftsliv kjem av at dette er eit av dei største saman- hengande urørte naturområda vi har att i Sør-Noreg.

Brear vert danna som følgje av overskot med snø om vinteren i høve til avsmeltinga om sommaren. Det kan vere kaldt, skya og vindfullt oppå breen, samstundes som det er varmt, sol og vindstille i dalane. Frost og snøfall kan førekome på breen heile året. 7° Jostedalsbreen nasjonalpark

Nyare forsking tyder på at Jostedalsbreen var heilt vekksmelta for 8 000 – 5 000 år sidan. Breen nådde eit nytt maksimum i «den vesle istida» kring år 1750. Fleire stader vart då gardar tekne av den fram- rykkande breen: Brenndalsbreen kalva ned på garden Tungøyane i Oldedalen og garden Nigard vart rasert av Nigardsbreen.

Frå Jostedalsbreen og dei andre breane renn nokre av dei høgaste fossane i verda. Strupenfossen i Myklebustdalen () og Utigardsfossen (Ramnefjellfossen) i Lodalen er med sine over 800 m totalfall høvesvis nr. 10 og 11 av dei høgaste fossane i verda. Andre kjende fossar i nasjonalparken er Vålefossen og Kjøtafossen, båe i Oldedalen.

Fjelltjæreblom og Austerdalsbreen Nordfjordeid Grotli Hellesylt Geiranger Faleide Loen

Innvik Olden Skardstein- fjellet Utvik

Karistova

Sandane

Breimsvatnet Breim

Byrkjelo Myklebust- breen 2002-R125240

Flats Snønipa Brennd 1827 Briksdalsb Briksdal

1844 Ramna Haugen

Befring

Befringstølen Bings Skei gryte Førde net Bjørga NASJONALPARK Jølstravat Kjøsne 1551 sfjord en Supphelle Dvergsdalsstølen Bøy nipa 1731

Lunde abree

Grova- n 1635 breen Brevasshytta Flatbrehytta

Svardals- breen Grøneng Jostefonn 1615 Fjærland Steindals- breen

den r Berge Ånestølen sfjo d Gaularfjellet n Førde

Fjærla

Balestrand Formgiving og digital kartografi: Gåsvatn kart-tjenester, www.kart-tjenester.no Digitale kartdata: Statens kartverk N250. Tillatelse nr. MAD1 Tystigbreen Oppstryn

Skålatårnet Sunndalssetra 1775 Havald-trede Vetledalssetra Sognskards- L ovatnet breen

E Slæom rda Bødalssetra lsb Kupvatnet ree n S

t e

Lodalskåpa g

holtb L o Sty dalsb gge r vatnet e Brenibba en r ee

n Sprongdalshytta Kjenndalskruna een JOSTEDALSBREEN Fåbergstølsbreen Fåbergstølen teinbu Kjenndalsbr Nigards- dalsbreen Høgste breen 1957 Fåberg breen Breakulen Nigardsbreen NR Kvitekoll 1930 Bergsetbreen Mjølver ane Aus terd Gjerde Spørtegg- als Tu b breen ree ns n be

r g dalsbreen Vongsen

1757 Tungestølen

Vigdalstøl Tunsbergdals- Høgebru vatnet Fivla

Veitastrond Leirdal

Skjolden

Navarsete Luster

et n 1613

ondvat

tastr Marifjøra RDEN Vei Nes

AFJO R

ST

Sogndal LU 10° Jostedalsbreen nasjonalpark

Issoleie Bladlav

PLANTELIV

Frå frodige stølsdalar til bre og karrig høgfjell Den enorme spennvidda i naturtypar over korte avstandar skuldast store variasjonar i lokalklima, store høgdeskilnader og påverknad frå breane. I låglandet veks frodig edellauvskog med alm og lind og varmekrevjande planter som breiflangre og vårerteknapp, medan 1500 m «rett opp» veks alpin vegetasjon med t.d. issoleie og greplyng.

Framfor bretungene i låglandet set pionerplanter som raudsildre og brearve farge på det grå landskapet. Plantene si naturlege innvandring når breen trekkjer seg tilbake i dalane er ein viktig grunn for vern som nasjonal park.

Flaummarkskogen på dei slake breelvslettene er tilpassa elvane si skifting i vassføring og elveløp og utgjer ein særleg kvalitet i nasjonalparken. Fåbergstølsgrandane er den største aktive breelvsletta i Noreg. 11° Jostedalsbreen nasjonalpark

Snøsporv Rype på breen

DYRELIV

Den store variasjonen i plantelivet avspeglar seg i dyre- livet. På breane er det lite dyreliv, berre sporadisk vandrar hjorten og dei store rovdyra som gaupe og jerv over breen. Men den vakre snøsporven vil du kunne møte på fjelltoppane kring breen. Lengst nord i nasjonalparken lever villreinen. I fjell og dalar kring Jostedalsbreen vil du også kunne sjå nokre av dei store rovfuglane som kongeørn og fjellvåk om du er heldig.

I dalane kring Jostedalsbreen er hjorten talrik. Her er eit rikt fugleliv i den frodige lauvskogen og kulturland- skapet. Kan hende får du sjå og høyre den sjeldne kvitryggspetten. Jostedalsbreområdet har også poten- siale for uoppdaga artar. På 1970-talet vart det funne to nye artar av fjørmygg som ikkje er funne andre stader i verda, i Vivavatnet i Sprongdalen i like utafor nasjonalparken.

Det er få gode fiskevatn i nasjonalparken. Det høge inn- haldet av slam i elvane gjer at tilhøva for fiske stort sett ikkje er gode inne i nasjonalparken. 12° Jostedalsbreen nasjonalpark

HISTORIE

Jostedalsbreen – ein viktig ferdselsveg i gamal tid Tidlegare var Jostedalsbreen ferdsels- og drifteveg frå vestlege dal- og fjordstrok til indre Sogn og Austlandet. Kyr og hestar vart førde over breen for å seljast på mark- nad på Austlandet, ei lang og farefull ferd. I dag ville det vere vanskeleg å nytte breen som drifteveg, då breen er mindre og dermed brattare og med fleire sprekker.

Kulturlandskapet med gardar, stølar, bjørkehagar m.m. vitnar om at menneska har livnært seg «under breen» frå langt tilbake. Jordbruket er levande i bygdene rundt nasjonalparken. På nokre få stølar er det enno stølsdrift.

Den moderne turismen kom til Jostedalsbreområdet på siste halvdel av 1800-talet då Europa ”oppdaga” fjord- landskapet og breane i Noreg. Turistane kom særleg til Fjærland og Olden med turistskipa. Herifrå det var heste- skyss frå kaien til høvesvis Bøyabreen og Briksdalsbreen. I dag er brearmane frå Jostedalsbreen av dei mest besøkte reisemåla i Noreg, og meir enn 250 000 menneske kjem til Briksdalsbreen kvart år. Andre populære brear er m.a. Nigardsbreen, Bøyabreen og Kjenndalsbreen.

Turistar foran breen 13° Jostedalsbreen nasjonalpark

Breheimsenteret

Forsking Brear kan fortelje om klimaendringar i fortida, og breane sine rørsler fortel om klimaet si utvikling i vår eiga tid. Glasiologisk forsking på Jostedalsbreen har tradisjonar tilbake til midt på 1800-talet, med stor innsats både frå både utanlandsk og norsk forskingsmiljø. Frå breane kan ein lese av mykje klimahistorie, og Jostedalsbreen utgjer såleis eit svært verdfullt klimaarkiv.

Universiteta og Norsk Polarinstitutt har gjennomført ei rekkje måleprogram, særleg for å følgje tilbaketrekking eller framrykking av bretungene. Frå tidleg i 1960-åra starta NVE (Norges Vassdrags- og Energidirektorat) detaljerte og langsiktige undersøkingar av massebalanse og ulike breprosessar fleire stader på Jostedalsbreen.

Elles har Norsk Bremuseum og ei rekkje andre norske og utanlandske forskingsinstitusjonar mindre program fleire stader på og omkring breen. 14° Jostedalsbreen nasjonalpark

I ein nasjonalpark er du gjest i naturen

• Gå der du vil, på beina eller på ski. Alt som har motor er i utgangspunktet forbode.

• Rast der du vil, nytt gjerne telt for overnatting. Rydd opp etter deg, og ta med bosset heim.

• Du kan gjerne tenne opp bål, men hugs det generelle forbodet mot bålbrenning i skogsmark mellom 15. april og 15. september. Vis omsyn når du sankar ved.

• Du kan plukke bær, sopp og vanlege plantar til eige bruk. Vis omsyn til kulturminne, vegetasjon og dyreliv. Ta ekstra omsyn i hekke- og yngletida.

• Jakt og fi ske er tillate som elles. Hugs jakt-/fi skekort. Ikkje bruk levande fi sk som agn. Du må heller ikkje ta med deg levande fi sk frå eitt vassdrag til eit anna.

• Du kan ta med deg hund, men hugs bandtvang i perioden 1. april til 20. august. 15° Jostedalsbreen nasjonalpark

Kort om Jostedalsbreen nasjonalpark

Kvar: Luster, Sogndal, Balestrand, Førde, Jølster, Gloppen og Stryn kommunar i fylke Fremste særpreg: Svært variert og spektakulært landskap frå U-forma frodige dalar til alpint brelandskap. Jostedalsbreen er den største isbreen på fastlandet i Europa, med fjelltoppar over 2000 m Friluftsliv: Det er merkte stiar og fine fotturar inn dalane mot breen og over nokre fjellpass mellom dalane. Det er gode tilhøve for brevandring og vårskituar i nasjonalparken. Ferdsel på og ved bre kan vere farleg! Breane er i rørsle, og det er alltid fare for isras og flaum famfor breen. Gå aldri nær bratte brear, og aldri inn under breen. Gå aldri på breen utan lokalkjend breførar. Du kan delta på orga- niserte breturar, eller leige breførar m.a. i Jostedalen, Fjærland, Briksdal og Stryn. Slik kjem du til Jostedalsbreen nasjonalpark: RV 604 Jostedalen. E 5 Fjærland. E 39 Jølster. RV 60 til Oldedalen og Lodalen. E 15 til Erdalen Det går bilvegar eit stykke inn mot nasjonalparken i mange av dalane kring Jostedalsbreen, m.a. i Jostedalen, Veitastrond, Fjærland, Stardalen, Oldedalen, Lodalen og Erdalen. Informasjon om overnatting og servicetilbod: Turistinformasjon i alle kommunane. Av større destinasjonar er: www.nordfjord.no/ og www.sognefjord.no/ Kart: Turkart «Jostedalsbreen» (1:100 000) 10 kart i serien «Norge 1:50 000» Turkart “Breheimen” (1:100 000) Breturar (oversikt over breføring på Jostedalsbreen, utgivar Norsk Bremuseum) Oppretta: 1991, utvida 1998 Areal: 1315 km2 Tilgrensande verneområde: Nigardsbreen naturreservat Nasjonalparksenter: Breheimsenteret, 6871 , tlf 57 68 32 50 Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, 6799 Oppstryn, tlf 57 87 72 00 Norsk Bremuseum, 6848 Fjærland, tlf 57 69 32 88 Forvaltning og oppsyn: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, tlf 57 65 50 00 Statens naturoppsyn Sogndal, Postboks 88, 6851 Sogndal, tlf 57 67 56 30 Meir informasjon: www.norgesnasjonalparker.no /03(&4 /"4+0/"-1"3,&3 TE1222 Guri Jermstad AS. GRØSET™ Foto: Tom Dybwad, Arild Lindgaard og Finn Loftesnes Norges nasjonalparkar – natur som får vere seg sjølv

I nasjonalparkane er det naturen sine lover som gjeld. Det er naturen sjølv som er det viktigaste, og naturen skal få følgje sitt eige tempo. Vi opprettar store nasjonalparkar for å ta vare på store naturområde – frå hav til fjell. For naturen si eiga skuld, for oss og for komande generasjonar. Nasjonalparkane byr på eit mangfald av opp- levingar. Flott og variert natur, jakt, fiske, plantar, dyr og kulturminne. Nytt høvet – gjer deg kjent med naturen og nasjonalparkane våre!

www.dirnat.no