Oppdrettslokalitet Oltesvik I Gjesdal Kommune, Juni 2019
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Oppdrettslokalitet Oltesvik i R Gjesdal kommune, juni 2019 A P P O R Miljøovervaking av T anleggssona – B-gransking Rådgivende Biologer AS 2918 Rådgivende Biologer AS RAPPORT TITTEL: Oppdrettslokalitet Oltesvik i Gjesdal kommune, juni 2019. Miljøovervaking av anleggssona – B-gransking. FORFATTAR: Bernt Rydland Olsen OPPDRAGSGIVAR: Cargill Aqua Nutrition R&D OPPDRAGET GITT: FELTARBEIDET UTFØRT: RAPPORT DATO: 20. mai 2019 5. juni 2019 24. juni 2019 RAPPORT NR: TAL PÅ SIDER: ISBN NR: 2918 18 - EMNEORD: - Oppdrettslokalitet i sjø - Organisk belasting - Lokalitetstilstand - Fôrbruk KONTROLL: Godkjenning/kontrollert av Dato Stilling Signatur Erling Brekke 24.06.2019 Forskar RÅDGIVENDE BIOLOGER AS Edvard Griegs vei 3, N-5059 Bergen Foretaksnummer 843667082-mva www.radgivende-biologer.no Telefon: 55 31 02 78 E-post: [email protected] Rapporten må ikkje kopierast ufullstendig utan godkjenning frå Rådgivende Biologer AS. Framsidebilete: lokaliteten Oltesvik, foto: Bernt Rydland Olsen FØREORD Rådgivende Biologer AS har på oppdrag frå Cargill Aqua Nutrition R&D utført ei miljøgransking av anleggssona på lokalitet nr. 11908, Oltesvik i Gjesdal kommune. NS 9410:2016 seier at tidspunktet for prøvetaking skal bestemmast ut frå driftssyklus. Ved alle anlegg skal det utførast B-gransking ved maksimal organisk belasting på lokaliteten (definert som ca 75–90 % av total utfôring for produksjonssyklusen). Avhengig av tilstanden på lokaliteten skal det eventuelt også utførast gransking i brakkleggingsperioden, altså før neste utsett, eller ved halv maksimal belasting. Denne rapporten presenterer resultata frå miljøovervakinga i anleggssona med innsamling av botnprøver av sediment og botndyr på lokaliteten etter brakklegging. Feltarbeidet vart utført av Bernt Rydland Olsen den 5. juni 2019, etter fire månaders brakklegging. Rådgivende Biologer AS takkar Cargill Aqua Nutrition R&D ved Kjetil Frafjord for oppdraget. Bergen, 24. juni 2019 INNHALD Føreord .................................................................................................................................................... 2 Samandrag ............................................................................................................................................... 3 Områdeskildring ...................................................................................................................................... 4 Anlegget .................................................................................................................................................. 6 Metode ..................................................................................................................................................... 7 Resultat .................................................................................................................................................... 9 Diskusjon ............................................................................................................................................... 17 Referansar .............................................................................................................................................. 18 Rådgivende Biologer AS 2 Rapport 2918 SAMANDRAG Olsen, B. R. 2019. Oppdrettslokalitet Oltesvik i Gjesdal kommune, juni 2019. Miljøovervaking av anleggssona – B-gransking. Rådgivende Biologer AS, rapport 2918, 18 sider. Det er utført ei B-gransking på oppdrettslokaliteten Oltesvik den 5. juni 2019. Lokaliteten ligg ved sørsida av Høgsfjorden, om lag 3,5 km frå Dirdal. Botnen ved lokaliteten skrånar nedover mot nord og botnen under anlegget er mellom 50 og 125 m djup. Lokalitet Lokalitetsnamn: Oltesvik Type resipient: Fjord Fjellbotn med grus og Lokalitetsnummer: 11908 Dominerande botntype: sand Kartkoordinatar: N58° 51.295/Ø6° 07.465 Djup (min/maks/snitt): 57 m 125 m 94 m Kommune: Gjesdal Anleggstype: Stålanlegg Cargill Aqua Nutrition Eigar av lokalitet: Totalt merdareal: 2304 m2 R&D Produksjonsdata Fiskegruppe: H17 Utfôra mengde: 1149 tonn MTB-tillating: 910 tonn Produsert mengde: 969 tonn Biomasse ved gransking: 6,2 tonn Årleg gjennomsnitt 595 tonn Fôr/m2/år: 0,44 utfôra siste 24 mnd: Gransking Resultat Stad i produksjonssyklus: Før utsett Indeks: 1,78 Granskingsdato: 5. juni 2019 Tilstand: Rapportnummer: 2918 2 B-granskinga viste at miljøtilstanden på prøvetakingsdagen var 2 = "god". Fem enkeltstasjonar hadde tilstand 1 = "meget god", ein stasjon tilstand 2 = "god", to stasjonar tilstand 3 = "dårlig" og tre stasjonar hadde tilstand 4 = "meget dårlig" (figur 1). Det vart funne dyr på sju av elleve stasjonar, frå dyregruppa børstemakkar. Den kjemiske tilstanden basert på pH/Eh målingar på fem stasjonar var "meget dårlig". Botn under anlegget bestod av skrånande fjellbotn, med eit lag av sediment 120 med ein god del blåskjel. Sedimentet var stort sett brunt og inneheldt ein 110 1 120 del organisk materiale. Det var lukt av H2S på seks stasjonar og gassbobling på tre. Stasjonane med dårlegast tilstand låg rundt merd 3 både ved denne 4 granskinga og ved tidlegare granskingar, truleg er botnen noko flatare i 100 110 dette området. 2 3 4 100 90 3 I perioden 2010-2019 har miljøtilstanden lagt i tilstand 1 = "meget god" 5 6 7 etter brakklegging og tilstand 2 = "god" ved halv eller maksimal belasting. 90 Indeksverdien ved denne granskinga er den høgaste i perioden for "før 80 2 utsett", og indeksverdien er godt innanfor grensa for tilstand 2 = "god". 70 8 9 10 60 80 Neste gransking skal utførast ved neste maksimale 50 1 70 40 60 produksjon. 50 11 40 Figur 1. Oversyn over tilstand for dei grabbhogga som vart tekne i anleggssona på lokaliteten Oltesvik ved granskinga 5. juni 2019. Djupnekoter er markert. Rådgivende Biologer AS 3 Rapport 2918 OMRÅDESKILDRING B-granskinga er utført på lokaliteten Oltesvik i Gjesdal kommune. Lokaliteten Oltesvik ligg ope til på sørsida av Høgsfjorden om lag 3,5 km frå Dirdal (figur 2). Høgsfjorden sitt hovudløp ved lokaliteten er ca 1,5 km, og fjorden er mellom 150–190 m djup fleire km nordvest og søraust for lokaliteten. Ved Dirdal går Høgsfjorden over i Frafjorden. Ved Forsand går Høgsfjorden over i Lysefjorden, som er ein 35 km lang austnordaustgåande, relativt smal og djup terskelfjord. Figur 2. Oversiktskart over fjordsystemet rundt lokaliteten. Omkringliggjande anlegg er markert. Kartgrunnlag er henta frå Fiskeridirektoratet si kartteneste: http://kart.fiskeridir.no. Botn i lokalitetsområdet skrånar forholdsvis jamt og bratt ned mot nord i Oltesvik til 100 m djup ca 180 m frå land ved lokaliteten og vidare ned til 160 m djup ca 300 m frå land (figur 3). Straummålingar frå området viser at den dominerande straumretninga for spreiingsstraumen på 77 m djup er austsøraust (figur 3) (Brekke 2017). Rådgivende Biologer AS 4 Rapport 2918 Figur 3. Utsnitt av nærområdet rundt lokaliteten, med plassering av anlegget med fortøyingar. Straumrose av vasstransport frå straummåling (raud trekant) på 5 m (raud), 15 m (blå), 77 m (grøn) og 123 m (svart) djup er vist. Stasjonar for C-prøvetaking er vist med gule sirklar, stasjon for hydrografiprofil med blå stjerne. Kartgrunnlag er henta frå http://kart.fiskeridir.no. Figuren er gjengitt frå Tverberg og Brekke (2017). 100 50 40 30 20 Figur 4. Oversikt over anlegget ved lokaliteten med merdnummer (grå firkantar) og plassering av grabbhogg (nummererte sirklar). Gul sirkel markerer nærstasjon ved C-gransking (Tverberg og Brekke 2017). Kartgrunnlaget er henta frå http://kart.fiskeridir.no. Rådgivende Biologer AS 5 Rapport 2918 ANLEGGET Lokaliteten Oltesvik har vore i drift sidan 1989 og er godkjent for ein MTB på 910 tonn. Anlegget på lokaliteten bestod på prøvetidspunktet av fisk frå utsett V-19 i merd 1 og 2. Anlegget sin driftshistorikk fram til og med førre utsett er summert opp i tabell 1. På prøvetidspunktet var det nettopp satt ut fisk i merd 1 og 2, med ein ståande biomasse på 6,2 tonn. Fôrforbruk for V-19 utsettet innan 5. juni 2019 var 0,3 tonn. Tabell 1. Anlegget sin driftshistorikk dei siste åra. 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019* Fôrmengd (tonn) 827 173 880 130 796 61 1011 90,3 1081 68 Produksjon (tonn) 779 151 832 100 630 77 1008 90 918 51 * t.o.m. februar 2019 Rådgivende Biologer AS 6 Rapport 2918 METODE På lokaliteten er det gjennomført ei B-gransking som inngår i ei trendovervaking av botntilhøva i anleggsona. Granskinga er gjennomført i tråd med metodikken gjeven i Norsk Standard NS 9410:2016. Utstyr Til prøvetaking vart det nytta ein 0,028 m2 stor van Veen-grabb. Posisjonar for prøvepunkt vart registrert med GPS. Til kjemiske analyser vart det nytta ein WTW Multi 3420 med ein SenTix 980 pH-elektrode til måling av pH og ein SenTix ORP/ORP-T 900 platinaelektrode med intern referanseelektrode til måling av redokspotensial (Eh). Redokselektroden blir kontrollert med redoksbuffer RH 28 frå WTW. pH- elektroden blir kalibrert med buffer pH 4 og 7 før kvar feltøkt, samt med buffer 10 med jamne mellomrom mellom økter. Eh-referanseelektroden gir eit halvcellepotensial på +207 mV ved 25 °C, +217 mV ved 10 °C og +224 mV ved 0 °C. Ved innføring i "prøveskjema" blir det lagt til ein fast referanseverdi basert på representativ sedimenttemperatur (sjå tabell 3). Litt ulike halvcellepotensial ved ulike temperaturar ligg innanfor presisjonsnivået for denne type granskingar på ± 25 mV, som oppgitt i NS 9410:2016. I nokre tilfelle blir det tatt ein sondeprofil, der ein måler temperatur, oksygeninnhald og saltinnhald i heile vassøyla. Dette gjer ein for å sjå eventuelle terskeleffektar eller