NINA Rapport Dette Er En Ny, Elektronisk Serie Fra 2005 Som Erstatter De Tidligere Seriene NINA Fagrapport, NINA Oppdragsmelding Og NINA Project Report
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
227 Villreinen i Ottadalsområdet Kjetil Bevanger, Frank Hanssen og Per Jordhøy NINAs publikasjoner NINA Rapport Dette er en ny, elektronisk serie fra 2005 som erstatter de tidligere seriene NINA Fagrapport, NINA Oppdragsmelding og NINA Project Report. Normalt er dette NINAs rapportering til oppdragsgiver etter gjennomført forsknings-, overvåkings- eller utredningsarbeid. I tillegg vil serien favne mye av instituttets øvrige rapportering, for eksempel fra seminarer og konferanser, resultater av eget forsk- nings- og utredningsarbeid og litteraturstudier. NINA Rapport kan også utgis på annet språk når det er hensiktsmessig. NINA Temahefte Som navnet angir behandler temaheftene spesielle emner. Heftene utarbeides etter behov og seri- en favner svært vidt; fra systematiske bestemmelsesnøkler til informasjon om viktige problemstil- linger i samfunnet. NINA Temahefte gis vanligvis en populærvitenskapelig form med mer vekt på illustrasjoner enn NINA Rapport. NINA Fakta Faktaarkene har som mål å gjøre NINAs forskningsresultater raskt og enkelt tilgjengelig for et større publikum. De sendes til presse, ideelle organisasjoner, naturforvaltningen på ulike nivå, politikere og andre spesielt interesserte. Faktaarkene gir en kort framstilling av noen av våre viktigste forsk- ningstema. Annen publisering I tillegg til rapporteringen i NINAs egne serier publiserer instituttets ansatte en stor del av sine vi- tenskapelige resultater i internasjonale journaler, populærfaglige bøker og tidsskrifter. Norsk institutt for naturforskning Villreinen i Ottadalsområdet Kjetil Bevanger, Frank Hanssen og Per Jordhøy NINA Rapport 227 Bevanger, K., Hanssen, F. & Jordhøy, P. 2007. Villreinen i Otta- dalsområdet. - NINA Rapport 227. 95 s. Trondheim, januar 2007 ISSN: 1504-3312 ISBN: 978-82-426-1787-3 RETTIGHETSHAVER © Norsk institutt for naturforskning Rettigheter på kartdata gjennom Norge Digitalt: FKB, N50, N250 Right of use by Digital Norway: FKB, N50, N250 Publikasjonen kan siterast fritt med kildeangivelse TILGJENGELIGHET Åpen PUBLISERINGSTYPE Digitalt dokument (pdf) KVALITETSSIKRET AV Eldar Gaare ANSVARLIG SIGNATUR Inga E. Bruteig (sign.) OPPDRAGSGIVER(E) Fylkesmannen i Oppland KONTAKTPERSON(ER) HOS OPPDRAGSGIVER Jørn Karlsen FORSIDEBILDE Rein på vårbeite i Lordalen. Foto: Kjetil Bevanger NØKKELORD Villrein, Reinheimen, Breheimen-Mørkridsdalen, Ottadalsområ- det, Oppland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal KONTAKTOPPLYSNINGER NINA Trondheim NINA Oslo NINA Tromsø NINA Lillehammer NO-7485 Trondheim Postboks 736 Sentrum Polarmiljøsenteret Fakkelgården Telefon: 73 80 14 00 NO-0105 Oslo NO-9296 Tromsø NO-2624 Lillehammer Telefaks: 73 80 14 01 Telefon: 73 80 14 00 Telefon: 77 75 04 00 Telefon: 73 80 14 00 Telefaks: 22 33 11 01 Telefaks: 77 75 04 01 Telefaks: 61 22 22 15 http://www.nina.no 2 NINA Rapport 227 Samandrag Bevanger, K., Hanssen, F. & Jordhøy, P. 2007. Villreinen i Ottadalsområdet - NINA Rapport 227. 95 s. Ottadalen villreinområde er det tredje største leveområde for villrein i Noreg, med areal innan 3 fylke og 10 kommunar. Den nordlegaste delen vart i stor grad verna då Reinheimen nasjonal- park og seks omkringliggjande landskapsvernområde vart skipa i 2006. Høvesvis 1899,25 og 400,58 km2 av nasjonalparken og landskapsvernområda ligg innan grensa for ”teljande areal” av Ottadalen villreinområde. Attåt dette kjem Brettingen naturreservat på 5,75 km2. Stortinget har gjennom handsaming av St. meld. nr 62 (1991-92) Ny landsplan for nasjonalparker og and- re større verneområder i Norge, slutta seg til at at det skal utarbeidast framlegg til verneplan for området Breheimen-Mørkridsdalen. Fylkesmannen i Oppland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har fått i oppdrag å fylgje opp Nasjonalparkmeldinga ved å utarbeide framlegg til ver- neplan. Områda i sør ligg for det meste innan utgreiingsområde til Breheimen-Mørkridsdalen, og i alt ligg 1410,6 km2 av utgreiingsområdet innafor teljande areal. Grensa for det som her er kalla teljande areal er ytste grense for valda slik desse er meldt inn frå villreinutvalet til Direkto- ratet for naturforvaltning, og slik grensa ligg i villreinklienten. Dette arealet er av NINA berekna til å vera omlag 5228,6 km2. Villrein er ein art Noreg har særskilt ansvar for, og Ottadalsområ- det er peika på som eit av dei nasjonale villreinområda i prosjektet ”Villrein og samfunn”. Grun- na den store utstrekninga aust-vest og nord-sør, er topografi og miljøtilhøve i Ottadalsområdet vekslande. Reinheimen femner eit stort mangfald av landskap, naturtypar og biologiske sær- merke, og saman med eit verneområde i Breheimen-Mørkridsdalen vil desse områda taka vare på ein særs stor variasjonsrikdom. Desse fjellområda var for omlag 150 år sidan del av eit stort sørnorsk system der reinen i liten grad var hemma i sine rørsler av inngrep frå menneske. Dyra kunne fritt ferdast i fjella mellom Sognefjorden, Nord-Gudbrandsdalen og Romsdalen. Sørover kunne dei nå Hardangervidda, og austover Jotunheimen og fjella i Valdres. Både eldre og nya- re granskingar har stadfesta at dette område har vore nytta av veidefolk i særs lang tid etter- som det huser ei mengd kulturminne knytt til den gamle villreinfangsten, og store areal innan nordområdet, saman med to andre område i Nord-Gudbrandsdalen, gjer det difor til kandidat for verdsarvlista til UNESCO. Grunna kombinasjonen naturlege, topografiske deleliner og bar- rierar gjennom veg og anna inngrep og uroing, er området i praksis delt i to – Ottadalen Nord og Ottadalen Sør. Villreinområdet er for tida delt i 26 jaktvald. I 2006 var fellingskvota sett til 1006 dyr, og det vart i alt felt 669 rein, dvs. ein fellingsprosent på 66,5. Av desse vart 511 felt i nord og 158 i sør. I åra 2000-2007 har det i snitt kvart år vore felt høvesvis 784 og 170 dyr i nord- og sørområdet. Måla for stammestorleiken som villreinutvalet har lagt opp til, ligg på om- lag 2000 vinterdyr i nordområdet og 700 i sørområdet (delt likt på den austlege og vestlege de- len). I høve til den demografiske samansettinga er målet omlag 20 % kalv, 45 % simle, 10 % ungbukk og 20-25 % gamalbukk. Det er stor interesse frå lokalt hald (mellom anna i kommu- nane Luster, Rauma og Norddal) for å bygge oppatt stamma lengst sør og vest i Ottadalsom- rådet. Spørsmål omkring kvifor reinen har slutta å nytte nokre av områda, korleis ein kan få han attende og kvifor dette er viktig, er drøfta. For å kunne seie noko om i kva grad det er mo- geleg å få att ein større reinstamme i Ottadalsområdet, er det naudsynt både med meir kunn- skap om beitegrunnlaget og korleis og kvar utvekslinga av dyr mellom dei einskilde delområda finn stad. Etter som det no er over 20 år sidan det vart gjort noko systematisk beitegransking her, er det naudsynt med innhenting av nye data for å ha ein trygg grunn å stå på når storlei- ken til stamma skal haldast opp mot ressursgrunnlaget. Det er nokså sterke indikasjonar på at kondisjonen hjå reinen i Ottadalsområdet har gått ned. Opp gjennom åra er det samla ei mengd data, både frå villreinutvalet og jegerane, men desse er så langt lagt ikkje inn i nokon sams database. Ei systematisering og kvalitetssikring vil difor vera naudsynt om det skal takast tak i dei for ein meir djuptgripande analyse. Metodane som har vore nytta under innsamlinga er stort sett godt utprøvde og standardiserte, men for å kunne gjera haldbare, statistiske berek- ningar trengs eit minimum av materiale. Storleiken på materialet for nokre av åra kan væra i minste laget. Det vil vera ei monaleg stor oppgåve å gjera dette slik at ein t.d. kan sjå på nyan- sar ikring dei einskilde delstammane. Tida skulle likevel vera den rette til ein slik gjennomgang no når så store delar av området er verna eller er i ferd med å verta verna, slik at bilete av kva 3 NINA Rapport 227 som trengs av framtidig kunnskap og overvaking vert klårare. Ettersom Ottadalsområdet ikkje er ein del av det nasjonale overvakingsprogrammet for villrein, har det vore opp til villreinutva- let å hente inn data andsynes utvikling i stammestorleik og andre tilhøve naudsynt for ei bære- kraftig handsaming av stamma. Dette er eit stort arbeid og det vil no, etter at Reinheimen na- sjonalpark vart skipa og utgreiingsarbeidet for Breheimen-Mørkridsdalen er starta opp, vera naturleg å ta opp til ny vurdering om ikkje Ottadalen og skal inn på overvakingsprogrammet. Ottadalsområdet er etter måten lite påverka av fysiske inngrep, men uroing frå ålment auka ferdsel kan verta eit trugsmål ser ein framover i tid. Granskingar av menneskeleg aktivitet og tekniske inngrep i høve til rein har alt i alt synt at dyra har eit bredt spekter av reaksjonar and- synes desse, og at dei mellom anna helst held seg unna område med moderat til høg uroing. Område utan uroing vert difor meir nytta, og får auka lokalt beitetrykk. Det beste verktyet så langt for å sjå på konsekvensar av uroingselement eller inngrep, er halsband med radiosenda- rar som har GPS eining. Slike data er og naudsynte for å få ei god forståing for korleis reinen nyttar heile området, og dei ulike delområda, i tid og rom. Slike data vil over tid kunne gjeva indikasjonar på moglege ”problemområde” – dvs. område der bruken av eit areal sett ut frå ein menneskeleg synsstad ikkje samsvarar med det reinen treng. Skal ein kunne ta tak i desse problema/areala på ein konstruktiv måte er det naudsynt med monaleg detaljert kunnskap. Data frå radiomerka rein vil og kunne seie noko om i kva grad det er mogeleg å få attende dyr til dei områda dyra i dag stort sett held seg vekke frå, t.d. når og kvar utvekslinga av dyr mel- lom dei einskilde delområda finn stad. Ein viktig del av denne statusrapporten er det vedlagte kartet. Det er ei oppdatering og utviding av det som i 1998 vart laga av Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Kartet inneheld mellom anna opplysningar om kor dyra går når dei dreg mellom ulike funksjonsområde. Areala er merka i høve til om dei er nytta som vinterbeite, heilårsbeite, sommarbeite eller kalvingsområde.