______1

KOMMUNEDELPLAN FOR MIDTREGIONEN KOMMUNE

______Kommunedelplan for midtregionen ______2

INNHALD

1. MÅL……………………………………………………………………………………………………………..3 2. PLANOMRÅDET………………………………………………………………………………………………7 3. PLANARBEIDET………………………………………………………………………………………………8 4. KARTLEGGINGAR OG PLANFØRESETNADER……...……………………………………………..…11 5. FØRESEGNER………………………………………………………………………………………………19

______Kommunedelplan for midtregionen ______3

1. MÅL

• Bygdeutvikling Overordna rammer og retningslinjer for kommunedelplan for midtregionen finn ein i ”Kommuneplan for Bykle 1995 – 2004”, ”Hyttepolitisk plan” frå 1996 og ”Masterplan for Hovden som reisemål” frå 2002.

Overordna mål for samfunnsutviklinga i Bykle kommune, er å vidareutvikla eit livskraftig lokalsamfunn ved å satse på reiseliv og reisemålsutvikling.

Intensjonen med kommunedelplanen er bygdeutvikling knytt til hyttebygging. Masterplan for Hovden som reisemål, seier mykje om korleis midtregionen kan spela saman med Hovden for ei positiv reisemålsutvikling.

Det er sett av 3152 dekar til byggjeområde for nye hytter og 175 dekar til kombinert føremål hytter og golf. Det er sett eit tak på totalt 465 nye hytter i midtregionen. Tal hytter innanføre kvart enkelt byggjeområde vert bestemt av godkjent reguleringsplan.

Eksisterande hytteområde utgjer 3204 dekar og er etablert i to tyngdepunkt; - 1) Ørnefjell, Nordli, Geiskelid, Nylund og 2) Løyning. Ein finn mindre hyttefelt ved , Berdalsbru, , Badstogdalen og Solheimsmoen. Nye hytteområde er samla kring eksisterande tyngdepunkt, - og som ein utviding av eksisterande spreidde hyttefelt.

______Kommunedelplan for midtregionen ______4

Godkjende reguleringsplanar og disposisjonsplanar i midtregionen.

AUST FOR

Gnr/bnr Namn Eigar Plan/dato Regulert Bygd

2/8 Solheimsmoen Paul Hovden D/ 29.09.75 35 35

2/15 Badstogdalen Sondov Bjåen R/22.05.03 35 10

3/18 Nordli Kay Jeiskelid R/01.07.76 89 68 R/26.20.00

3/7 Geisekli Kay Jeiskelid D/22.09.72 51 51

3/13 Nylund Hallvard Nylund D/22.09.74 22 22

3/17 Steinsland Sigmund Løyning R/25.08.87 29 24

3/5 Hagemo Sameie D/19.07.74 31 24

3/2 Berdalen Ole Svein R/26.06.00 51 41 Hoslemo

343 275

______Kommunedelplan for midtregionen ______5

VEST FOR OTRA

Gnr/bnr Namn Eigar Plan/dato Regulert Bygd

6/35 Fjellros Anton Lund R/15.11.83 8 3

6/34 Dreng Mosdøl D/05.10.76 7 7

6/25 Ørnefjell Geir Bakken D/02.10.74 57 57

6/5 Ørnefjell Berit L. Bakken R/05.10.83 54 53

6/3 Austre Tverrfjell Åge Vatnedalen R/06.08.85 25 23

6/2 Løyningsåsen Sigbjørn Hoslemo D/17.08.73 30 28

4/3 Hoslemoåni Tallak Bjørnarå D/jan 73 7 7

4/3 Løyning Tallak Bjørnarå R/30.03.95 63 45

4/11 Flæmoen Olav Åsheim D/16.09.75 17 8

5/1 Flæmoen Tallak Hoslemo R/30.03.95 30 23

5/1 Langehaugen Tallak Hoslemo R/09.05.95 14 10

5/1 Hoslemokleiva Tallak Hoslemo D/1973 18 9

4/7 Åsheim E. og O. Åsheim D/16.09.75 6 6

4/2 Hoslemo hyttefelt Gjermund Hoslemo D/1975 58 53

4/5 Åseberget Sigbjørn Hoslemo R/05.12.90 7 3 hyttefelt

401 335

______Kommunedelplan for midtregionen ______6

• Sysselsetting og busetting Hytter gir etterspørsel etter tenester og aktivitetar. Hyttebygging legg eit grunnlag for sysselsetting og busetting både i utbyggings- og ”driftsfase”. Utbygging av midtregionen skal aller helst skje trinnvis over tid med lokal sysselsetting. Auka kundegrunnlag som følgje av hyttebygging, kan motivere til å utvikle tilleggsnæringar som t.d. gardsturisme, foredling av lokale råvarer, verkstad, aktivitetar osb. Det er eit mål å styrke busettinga i grendelaga og difor ynskjeleg med etablering av slike verksemder på landbrukseigedomane/grunneigedomane.

• Bærekraft og miljøvenleg hyttebygging Kommuneplanen slår fast at all verksemd i kommunen skal følgje prinsippa om berekraftig utvikling. Det same gjer Masterplanen. Natur- og kultur ressursane er grunnlaget for attraksjonskraft og berekraftig utvikling er ein føresetnad for eit framtidig lønsamt og attraktivt reisemål. Midtregionen skal utviklast og nyttast etter eit prinsipp om berekraftig utvikling kor omsynet til natur, miljø og samfunn legg premiss for utbygginga. Ein skal imøtekome ynskjer frå grunneigar men ikkje la eigeninteresser dominere over desse omsyna. I kommunedelplanen er hytteområda lokalisert utifrå ein samordning av ynskjer frå grunneigarar og omsynet til natur, miljø og samfunn. Estetikk og terrengtilpassing skal vera viktige element i hyttebygginga. Hytteområda skal tilpassast natur- og kulturgitte føresetnader. Hyttebygginga skal leggja vekt på estetikk og visuell kvalitet og tilpassast landskapet og ikkje omvendt.

Utbygginga skal leggja vekt på miljøvenlege løysingar med fokus på ressursbruk og kvalitet i det fysiske og sosiale miljøet. Eit tiltak er å byggje hytter i tun eller klyngjer. Kommunen vil stimulere til dette og ynskjer å støtte prosjekt som utviklar og legg til rette for tunløysingar/klyngjer som gir gode visuelle og landskapsestetiske løysingar, dempar konflikter i høve til annan arealbruk som beite, ferdsel og vilt, og som legg til rette for miljøvenlege løysingar (vatn, avløp og energi).

______Kommunedelplan for midtregionen ______7

2. PLANOMRÅDET

Planområdet er 98860 dekar, ca 100 km2, og dekkjer dalføret mellom Hoslemo og sørenden av Hartevatn. Mot austheia er plangrensa samanfallande med grensa til nasjonalt viktige friluftsområde. Mot vestheia er plangrensa samanfallande med grensa til verneområdet for Vesthei Ryfylkeheiane.

______Kommunedelplan for midtregionen ______8

3. PLANARBEIDET Kommunestyret vedtok i 1993 å setje i gong arbeid med ein plan for hyttepolitikk i kommunen. Planarbeidet vart varsla som ein kommunedelplan våren 1994. Det vart halde grendemøter kor grunneigarane vart invitert til å kome med innspel til nye hytteområde. Det er laga eit temakart som viser ønska hytteområde frå grunneigarane. Arbeidet blei delt i ein tekstdel, hyttepolitisk plan med generelle retningslinjer for hyttebygging i kommunen, og ein arealdel med lokalisering av nye hytteområde. I fyrste halvår av 1996 utforma ein eit forslag til arealdel med 500 - 1000 hytter. Forslaget blei tatt inn i forslaget til kommuneplan for Bykle (1997 – 2004) med høyring i perioden 6 juni til 5 august 1995. Fylkesmannen og fylkeskommunen fremja motsegn. Motsegna frå fylkesmannen var grunngjeve med at dei planlagte hytteområda ikkje var vurdert i høve til viltressursar og villreinen sine leveområde. Dei etterlyste og ein plan for sti og løyper for å unngå ferdsel i sårbare område og dei sa det ikkje var gjort godt nok greie for korleis kommunen skulle takle vatn og avløp i takt med utviklinga av om lag 800 hytter. Fylkeskommunen etterlyste ein overordna hyttepolitikk og meinte føresegnene i planen ikkje styrte hyttebygginga godt nok. På grunn av motsegnene vedtok kommunen å gjere eit betre registrerings- og analysearbeid og sjå nærare på lokalisering av hytter i midtregionen og på Hovden. Kartleggingane og analysene er vist på temakart og omtala i rapportar Reguleringsplan for Hovden vart vedtatt i 1997. I 1996 vedtok kommunestyret å halda fram arbeidet med lokalisering av hytter i midtregionen, i ein eigen kommunedelplan.

Forslag til kommunedelplan for midtregionen var til offentleg ettersyn og høyring i perioden 19 februar til 8 mai 2001. Forslaget var basert på ein samordning av ynskjer frå grunneigarar om hytteområde og omsynet til landskap, kulturminner, kulturmiljø, vilt og villrein. Denne gongen kom det ingen uttale korkje frå fylkesmannen eller fylkeskommunen. Miljøvernavdelinga hos fylkesmannen ville ikkje gi bindande uttale til planen så lenge verknadene for villrein ikkje var godt nok utgreidde.

______Kommunedelplan for midtregionen ______9

Fylkesmannen ba om utsetjing av høyringsfristen til det låg føre betre dokumentasjon på verknadene av utbyggingsplanane på villreinen. Fylkeskommunen kom heller ikkje med uttale. Dei sakna samanhengen mellom Hovden og midtregionen, og ein overordna plan for reiselivsutviklinga. Det vart halde møte mellom kommunen, fylkesmannen og fylkeskommunen våren 2001 kor kommunen fekk fram korleis ein ser reiselivsutviklinga i kommunen under eitt og korleis utviklinga i midtregionen heng saman med reisemålsutviklinga på Hovden. No har me fått masterplan for Hovden som reisemål som seier kva som er dei overordna strategiane for reiselivsutviklinga i kommunen.

Kommunestyret vedtok i juni 2001 å gjera ei ny utgreiing som ser på kva konsekvensar planane om hyttebygging har for villreinen. Utgreiinga dekkjer området frå fylkesgrensa i nord til Bykle kyrkjebygd i sør. Kommunen ønska å få ein kartlegging av arealbruk til villreinen og verknadene av eksisterande og nye utbyggingsplanar på villreinen og leveområde. NINA ved Per Jordhøy vart engasjert. Utgreiinga vart ferdig våren 2002. Han slår fast at ein må sjå aust og vestheia som eitt forvaltningsområde. Det vert viktig å ta omsyn til dette i kommunedelplanen og setje av areal til trekkpassasjar. Rapporten seier ikkje noko om kvar i midtregionen villreinen passerer mellom vestheia og austheia. Om kommunen hadde ønska at rapporten sa noko om dette måtte ein ha lagt opp til eit mangeårig feltarbeid med registreringar. I staden for eit langvarig og kostbart feltarbeid, baserer me faktakunnskap om trekkruter på lokale observasjonar og erfaringskunnskap. I samband med arbeidet til NINA vart det halde ein samling med grunneigarar for å samle lokalkunnskap om trekkvegane. Som eit utgangspunkt for drøftingane brukte ein kart over leveområde til villreinen og trekkvegar som vart laga i 1995 og i 1998. Desse var og basert på lokal kunnskap. Deltakarane vart delt i grupper med oppgåve å teikna inn kvar trekkvegane er, eventuelt stryka dei som ikkje finst. Med bakgrunn i gruppearbeida vart det laga eit temakart; ”Villrein og utbygging i Bykle kommune dagsett 31 mai 2002”, som viser trekkrutene mellom aust og vest i heile kommunen. Temakartet vart sendt på høyring til grunneigarane. Kommunen fekk tilbakemelding om at temakartet ikkje stemte med røynda og trekkruter. Kommunestyret vedtok i slutten av oktober 2002 å halde ein ny samling for å avklare og utdjupe observasjonar og lokalkunnskap om

______Kommunedelplan for midtregionen ______10 trekkruter. Samlinga vart halden i november 2002. Det er skreve referat frå samlinga og laga eit temakart som viser kva som er trekkkorridorar mellom vest og aust i heile kommunen. Det er temakartet om trekkruter dagsett 1 mars 2003 som ligg til grunn i kommunedelplanen. Framlegg til kommunedelplan for midtregionen vart sendt på ny høyring og lagt ut til offentleg ettersyn frå byrjinga av mars til 14 mai 2003. Vinje kommune og fylkesmannen i Aust kom med motsegner. I etterkant har Vinje kommune gitt melding om at dei aksepteter resultatet kommunen får i mekling med fylkesmannen. Dei trekk motsegna. I motsegna kravde fylkesmannen mykje breiare trekk korridorar enn det framlegget legg opp til. Det vart halde meklingsmøte mellom fylkesmannen og Bykle kommune 7 oktober 2003. Kommunestyret aksepterte meklingsresultatet . Det inneber mindre areal til hyttebygging og eit tak på totalt nye hytter i midtregionen på 465. Framlegg til kommunedelplan er justert etter meklingsresultatet. Kommunedelplan for midtregionen vart endeleg godkjent av kommunestyret april 2004.

______Kommunedelplan for midtregionen ______11

4. KARTLEGGINGAR OG PLANFØRESETNADER

Temakart 1. Temakart viktige viltområde - Område for orrfugl, storfugl og lirype - Område for rådyr, elg, hjort og villrein

2. Temakart kultur med verdivurdering - Spesielt verdifulle kulturminner/kulturmiljø Hoslemo (referanseområde med omsyn til grendelandskap) Berdalsbru (inneheld nasjonal veghistorie) Steinsland (viktig teknisk kulturminne) Ålmannavegen (kulturminne med nasjonal betydning)

______Kommunedelplan for midtregionen ______12

Kjerreveg Geiskeli – Hartevatn (viser nasjonal veghistorie) Solheimsmoen (bru) - Middels verdifulle område - Vanleg/forringa

3. Temakart prioriterte landskapsområde/rom - Areal over kote 850 - Otravassdraget (100 m sone på begge sider) - Sideelvar (50 m sone på begge sider) - Markerte fjell innanføre store landskapsrom - Stiar/løyper (100 m sone på begge sider) - Gardsområde - Kulturminner - RV 9 (100 m sone på begge sider av vegen)

4. Temakart Konfliktområde Med omsyn til kultur, prioriterte viltområde og prioriterte landskapsområde

5. Temakart Villrein og utbygging i Bykle kommune (31 mai 2002).

6. Temakart Villrein og trekkvegar i Bykle kommune (1 mars 2003)

______Kommunedelplan for midtregionen ______13

Rapportar 1. ”Evaluering og verdivurdering av kulturminner i Bykle kommune. Etablering av kulturmiljø i midtregionen”. (Pro Ark AS, 1996) 2. ”Landskapsrapport, kommunedelplan for midtregionen”(Interconsult AS, Rune Skarstein, 1996) 3. ”Bykle kommune – kommunedelplan midtregionen. Vurdering av naturbasert vann- og avløpsløsninger” (Geofuturm, 1998) 4. ”Private hytter i Bykle. En rapport om framtidig hyttebygging i midtregionen” (MIMIR AS, 1999) 5. ”Midtregion vassverk Bykle kommune. Vurdering av ny vannkilde” (Interconsult group, 2001) 6. ”Rapport fra arkeologisk registering av kommunedelplan for midtregionen”. (Castor kompetanse, 2000) 7. ”Turistutbygging av midtregionen i Bykle kommune – forholdet til villreinen” (Eigil Reimers, 2000) 8. ”Planlagt turistutbygging i Bykle- Hovdenområdet. Mulige konsekvenser for villrein” (NINA, oppdragsmelding 2002)

• Villrein Villreinen må kunne trekkje mellom vest- og austheia. Kommunedelplanen set av areal til trekkruter. For å dempe dei negative effektane av auka hyttebygging, skal ein sikre inngangspartia til trekkvegane og ikkje leggje til rette for aktivitetar og inngrep i desse områda. Eit anna viktig tiltak er kanalisering av ferdsel bort frå viktige leveområde til villreinen.

______Kommunedelplan for midtregionen ______14

• Vatn og avløp Kommunen har ein hyttepolitisk plan frå 1996. Han seier eit viktig vilkår for å satste på hyttebasert næringsutvikling i midtregionen, er ein høgstandard utbygging av hytter med vatn og avløp. Kommunestyret har vedtatt ein løysing for korleis byggje ut eit offentleg vatn- og avløpsnett. Det skal vera eit tradisjonelt reinseanlegg med ein mekanisk/kjemisk reinseprosess på Ørnefjellsmoen. Avløpsvatnet skal pumpast og sleppast i Vatnedalsvatnet. Bakrunnen for valet er konklusjonane til Geofuturm AS som seier massane i midtregionen er ueigna for infiltrasjon. Vidare vil oppbygging av kunstige sandfiltre verta særs dyrt, og kvaliteten reinsemessig vil heller ikkje verta god nok. Tidlegare undersøkingar viser at Otra er ein uaktuell resipient grunna liten minstevassføring. NIVA har undersøkt om Vatnedalsmagasinet og kan ta mot avløpsvatn frå eit reinseanlegg i midtregionen. (NIVA- rapport LNR 4646-2003; ”Vannøkologisk status og resipientkapasitet i Øvre Otra med reguleringsmagasiner i forbindelse med avløp fra økt hyttebygging.”). Analysa og berekningane er basert på ein utbygging med 3000 PE til reinseanlegget. NIVA meiner det er ein god løysing å la avløpet gå til Vatnedalsvatnet. Vatnedalsvatnet har i følgje NIVA, ein god resipientkapasitet. Respientkapasitet er definert som mengda næringsstoff (fosfor) ein resipient kan ta imot utan at det oppstår uakseptable tilstandar i form av stor algevekst. Vatnet er i utgangspunktet svært næringsfattig og utslepp av avløpsvatn gir marginale endringar i fosforkonsentrasjonen. Sjølv om eit framtidig reinseanlegg skulle ha driftsproblem vil marginane vera så store at det ikkje skapar problem for vasskvaliteten og økologisk status. Når det gjeld vassforsyning, skal det etablerast eit grunnvassverk ved Geiskeliåni.

Kommunestyret har vedtatt i kva område ein skal byggje ut eit offentleg vatn – og avløpsnett. Det er området mellom Nordli og Berdalsbru. I dette området får alle hyttefelt krav om tilkopling. Krav om tilkopling skal fastsetjast i reguleringsplan. Kravet gjeld ikkje eksisterande hytter dersom det ikkje er bestemt i reguleringsplanane for desse. Det skal leggjast til rette for at dei som ynskjer får kople seg på VA nettet. Eksisterande hyttefelt som har krav om tilkopling, pliktar i fellesskap å gjennomføra tilkoplinga når hovudnettet er bygd.

______Kommunedelplan for midtregionen ______15

Nye hyttefelt som ligg utaføre utbyggingsområdet for det offentlege vatn og avløpsnettet, må leggje fram ein eigen plan og løysing på vassforsyning og avløpshandtering, i samband med reguleringsplan. Bakgrunnen for val av utbyggingsområde for eit offentleg VA nett, er ein samfunnsøkonomisk vurdering som seier det er betre samsvar mellom kostnader og inntekter med ein konsentrert utbygging. Lange overføringsledningar frå spreidde hyttefelt i sårbare område vert ikkje sett på som samfunnsøkonomisk lønsamt. Når utbygginga av vatn – og avløpsnettet skal prosjekterast (lokalisering, dimensjonering og kostander) bør det takast med ei analyse av samfunnsøkonomiske kostnader og vinningar ved å kople eventuelt ikkje kople på, hytteområda som i dag ligg utanom vedtatt utbyggingsområde. Hytteområda som i dag er halde utaføre utbyggingsområdet og som er pålagt eigne planar for vatn og avløp er områda nord for Nordli (Solheimsmoen, Badstogdalen), områda sør Berdalsbru (Hoslemo hyttfelt), Berdalen og område på austsida av Otra opp til Nylund.

Traseane for leidningsnettet skal ta omsyn til natur og terreng og i størst mogleg grad følgje eksisterande infrastruktur av vegar. Det skal aller helst skje ein samordna utbygging av grøfter til vatn og kloakk, breiband, jordkablar og nye vegar. Det skal leggjast fram ein samla plan for plassering av ledningstraseane. Planen skal godkjennast før ein startar utbygging av ledningsnettet. Traseane skal planerast, kleast med jord og såast til med stadtilpassa vegetasjon.

______Kommunedelplan for midtregionen ______16

• Kanalisering av ferdsel Kanalisering av ferdsel er ein av hovudføresetnadene for gjennomføring av hyttebasert næringsutvikling i midtregionen. Det skal lagast ein samla plan for turløyper sommar og vinter. Ferdsel skal kanaliserast til ønska område og ikkje til sårbare område som viltområde og trekkvegar. Ein skal ikkje kanalisere ferdsel inn i vestheia. Det kan leggjast opp til restriksjonar på ferdsel og bruk.

Løypenettet skal take omsyn til og bruke landskap og kulturmiljø som oppleving.

Løypenettet skal kunne brukast av andre enn hytteområda i midtregionen. Plan for turløyper skal ta omsyn til dette og leggje til rette for parkeringsplassar ved startpunkt. Det skal ikkje byggjast eller gjerast tyngre inngrep på ei sone på 10 meter på båe sider av løypenettet. Det kan tynnast. Det er viktig at det ikkje vert bygd hytter så tett inntil løypenettet at det opplevast som privatisert.

Løypenettet skal i størst mogleg grad følgja dalbotn og faste trasear utav planområdet mot austheia til eksisterande løypenett.

- mot Hovden skal ein følgje dalbotn langs riksveg 9 og Otra - mot austheia skal ein starte frå Nordli/Maurli mot Auersvatn og turist løypenettet - mot austheia kan ein starte frå Geiskeli mot Auersvatn og turist løypenettet - mot austheia kan ein starte frå Berdalen mot Tverrheia og turist løypenettet

______Kommunedelplan for midtregionen ______17

• Masseuttak Det er ein del masseuttak i midtregionen. Desse vart etablert før det vart lovfesta at masseuttak krev søknad og godkjend reguleringsplan som styrer korleis arealet skal formast under og etter bruk. Masseuttaka er ein utfordring om midtregionen skal vera eit attraktivt kulturlandskap og naturområde med kvalitet på opplevingar, friluftsliv og rekreasjon. Om grunneigarane ynskjer å gjera noko med eksisterande masseuttak, for å sikre gode estetiske løysingar under og etter bruk, ynskjer kommunen å hjelpe til med økonomisk støtte til planlegging.

• Tilrettelegging av breiband Det skal leggjast til rette for telekommunikasjon og data til vassverk, reinseanlegg, bedrifter og publikum. Det skal leggjast trekkerøyr i samband med utbygging. Traseane for desse skal sjåast i samanheng med trasear for vatn, avløp og vegsystem.

• Etablering av grunneigarsamarbeid Hyttepolitisk plan slår fast at ein viktig førestand for ein positiv berekraftig utvikling i midtregionen er eit grunneigarsamarbeid. Eit grunneigarsamarbeid vert sett på som eit vertkøy for rettferdig fordeling av goder og ulemper, fora for nyskaping og utvikling av nye næringar, ein heilskapleg og langsiktig arealforvaltning uavhengig av eigedomsgrenser, og ein kostnadseffektiv utbygging og drift av teknisk infrastruktur. Då hyttepolitisk plan vart handsama kom eit framlegg om å snevre innhaldet og medlemsskapet i grunneigarsamarbeid til å gjelde dei av grunneigarane som set av areal til hytteområde. Framlegget vart vedtatt. Tema grunneigarsamarbeid var på dagsorden att i desember 2000 kor kommunestyret vedtok at det skal vera på plass eit grunneigarsamarbeid før ein godkjenner kommunedelplanen.

______Kommunedelplan for midtregionen ______18

Grunngjevinga for vedtaket er at dersom kommunen skal koste ei utbygging av vatn og avløp må det bli eit gode for alle enten dei har areal som kan byggjast på eller har areal som blir lagt grøne og ikkje kan byggjast på, men vil vere fine rekreasjonsområde- og friluftsområde. Nyare overordna utviklingsplanar og teoriar om næringsutvikling, slår fast at samarbeid er ein kritisk suksessfaktor for å lukkast med vidareutvikling av reiselivet. Samarbeid er ein av dei viktigaste føresetnadene for ein berekraftig hytteutvikling.

Arbeidet med å utvikle eit grunneigarsamarbeid i midtregionen starta i mai 2000 og fyrst fase vart avslutta med stifting av Fjellgardane grunneigarlag 17 august 2001. Kommunestyret meinte dette samla for få grunneigarar til å tilfredsstille vedtaket i kommunestyret i desember 2000. Kommunen ynskjer at det skal vera eit grunneigarlag kor alle/flest mogleg er med. Difor vart det i byrjinga av 2002 arrangert eit grunneigarmøte for å få fram kvifor ikkje fleire har meldt seg inn i Fjellgardane grunneigarlag. Fleire sa dei er interessert i samarbeid men at dei ikkje kan godta samarbeidsmodellen til Fjellgardane. Det vart løyvd midlar til grunneigarane for å sjå på alternative modellar for samarbeid. Politikarane Olav K. Mosdøl og Trygve Gjerden vart vald til å vera pådrivarar for å finne ei løysing. Resultatet er at det er etablert to grunneigarlag i midtregionen; Fjellgardane grunneigarlag og Midtregionen grunneigarlag. Det har ikkje lukkast å få etablert eitt grunneigralag som samlar alle dei ca 40 grunneigarane i midtregionen. Derimot har ein samla dei fleste i to lag som viser seg å ha mykje like tankar rundt utviklinga i området, samordning og samhandling. Kommunestyret aksepterte i slutten av mars 2004 at ein modell med to grunneigarlag oppfyller intensjonane som låg til grunn for kommunestyrevedtaket i desember 2000.

______Kommunedelplan for midtregionen ______19

5. FØRESEGNER

1. BYGGJEOMRÅDE (PBL § 20 – 4 nr 1)

1.1 BYGGJEOMRÅDE GENERELT For byggjeområde kan arbeid og tiltak som nemnd i PBL §§ 81, 82, 84, 86 a og b og 93, ikkje finne stad før området har ein godkjent reguleringsplan. Jf pbl § 20 – 4 andre ledd bokstav a.

Generelle utbyggingsprinsipp, jf pbl § 20 – 4 andre ledd bokstav b, som skal leggjast til grunn i reguleringsarbeidet; Nye bygg skal plasserast mest mogleg skjerma og skånsamt i terrenget slik at ein ikkje endrar landskapsbildet vesentleg. Ein skal unngå eksponering og silhuett verknad, - og unngå plassering på toppar, høgdedrag og i bratte lisider. Mest mogleg av eksisterande vegetasjon skal takast vare på og ikkje fjernast i byggjeområde og på dei enkelte tomtene. Store samanhengande myrareal skal ikkje byggjast ut. Terrenginngrep og bearbeiding skal samlast og avgrensast til eit minimum. Nye bygg skal ikkje plasserast i område med mykje fjell i dagen. Dette for å unngå mykje sprenging til grøftetrasear og varige sår i terrenget

Område som er brattare enn 1:6 bør ikkje byggjast ut. Om bygging i slike område set ein strenge krav til tilpassing av bygg til terreng. Plassering på tomta, volum, takform, materialbruk og farge på nye bygg skal innordne seg landskap, terreng og byggeskikkrettleiar for Bykle kommune. Nye bygg skal gli inn i terrenget på ein slik måte at ein unngår høge grunnmurar/pålar, store skjeringar og fyllingar og store inngrep/skader på vegetasjon.

______Kommunedelplan for midtregionen ______20

Ein eventuell problematikk kring hytter og sau, skal avklarast for kvart byggjeområde i reguleringsplanar. Kantsoner til bekkar og vatn vert endeleg bestemt i reguleringsplan.

Vegar internt i byggjeområde avklarast og godkjennast gjennom reguleringsplan. Dei interne vegane skal gli godt inn i terrenget med harmoniske overgangar mellom veg og terreng. Vegskuldrene bør såast til med stadtilpassa vegetasjon og sjølve vegane må ha eit toppdekke som tåler brøyting om vinteren.

1.2 HYTTER Grad av utnytting i hyttefelta vert bestemt etter ein vurdering av terreng og estetikk og endeleg godkjend i reguleringsplan. Grad av utnytting skal vera størst i byggjeområde som ligg lengst borte frå trekkruter. Jf pbl § 20 – 4 andre ledd bokstav b.

______Kommunedelplan for midtregionen ______21

I eksisterande hytteområde med godkjende disposisjonsplanar/reguleringsplanar skal utbygging skje i samsvar med desse. Fortetting innanfor eksisterande hyttefelt skal skje etter ein samla godkjent reguleringsplan for heile området slik at ein vurderer og tek vare på infrastruktur, grøntstruktur, landskapsestetikk og fellesområde.

______Kommunedelplan for midtregionen ______22

1.3 INDUSTRI/LAGER OMRÅDE Eksisterande areal omfattar område i sør enden av Hartevatn. Her er ein godkjend reguleringsplan. Det er sett av areal til industri og lager på Tykkås. Før utbygging skal det vera ein godkjend reguleringsplan for området. Reguleringsplanen må take omsyn til eksisterande og framtidig bruk av Tykkås som ”søppelplass”. Området skal skjermast mot innsyn frå riksveg 9, veg til Ørnefjell og Otra.

1.4 REISELIV – HOTELL/TURISTFORMÅL Eksisterande område omfattar areal til hotell/turistformål i reguleringsplan for Ørnefjell. Området skal koplast til hovudnettet for vatn og avløp. Eksisterande område omfattar og campingplass med hytter ved riksveg 9 ved Hoslemo.

1. 5 BUSTADOMRÅDE Utbygging av eksisterande huskrullar skal skje etter ein samla godkjent reguleringsplan. Det er sett av areal til bustadområde langs riksvegen sør for vegen til Ørnefjell, og sør og nord for eksisterande huskrull. Utbygging styrast av ein godkjend reguleringsplan.

1.6 IDRETTSANLEGG Eksisterande areal omfattar alpinanlegg på Ørnefjell, skytebane på Geiskelid, golfbane på austsida av Otra og skytesenter i sørenden av Hartevatn. Alle områda er godkjent i eigne reguleringsplanar. Det er sett av areal til kombinert føremål golfbane og hytter på austsida av Otra, jf pbl § 20 – 4 andre ledd bokstav b. Lokalisering av hytter skal ta omsyn til byggjegrense på 50 meter til Otra og til generelle føresegner for byggjeområde. Hyttene skal ikkje plasserast nærare enn 50 meter frå Otra. Før utbygging/opparbeiding skal det liggja føre ein godkjent reguleringsplan.

______Kommunedelplan for midtregionen ______23

1.7 KOMMUNALTEKNISKE ANLEGG Det er sett av areal til vassverk ved Geiskeliåni. Det er sett av areal til høgdebasseng ved nordre del av Vatnedalsdammen. Plassering av sjølve reinseanlegget skal vurderast i samband med plan for vatn og avløp og i samråd med arealdisponeringa i kommunedelplanen. Bygging følgjer generelle føresegner for byggjeområde. Før det vert gitt byggjeløyve skal det liggja føre ein godkjend bebyggelsesplan for kvart enkelt bygg, som viser korleis tilfredsstille krav om tilpassing til terreng, estetikk og miljø.

______Kommunedelplan for midtregionen ______24

2 LANDBRUKS – NATUR OG FRILUFTSOMRÅDE (PBL § 20 – 4 nr 2). I LNF område kan ein gjera tiltak som er naudsynt i samband med tradisjonell stadbunden næring. Andre tiltak krev dispensasjon frå plan.

Tiltak skal take omsyn til og samordnast med kulturlandskap, kulturmiljø, kulturminner, biologisk mangfald, friluftsliv og vilt. Det er ynskjeleg at ein ivaretek og skjøttar verdifulle kulturminner og kulturmiljø som eit viktig element for verdiskaping, identitet, trivsel og oppleving. Det skal setjast krav til inngrep, bygg og anlegg som skal byggjast i slike miljø.

2.1 LANDBRUKS-, NATUR- OG FRILUFTSOMRÅDE med vekt på kulturminner (LNF-K) Områda inneheld verneverdige kulturminner.

1. Ålmannavegen Ålmannavegen er eit nasjonalt verneverdig kulturminne. Ålmannavegen er ein gamal ferdaveg. Fram til 1895 mellom Bykle og Hoslemo og fram til 1924 frå Berdalsbru til Hovden. Det skal ikkje gjerast inngrep i eit belte på minimum 10 meter på båe sider av

______Kommunedelplan for midtregionen ______25

”vegen”. Det er viktig at det ikkje vert bygd hytter så tett inntil Ålmannavegen at han opplevast som privatisert. Ålmannavegen skal kunne nyttast til turløype både om sommaren og om vinteren. Vegen og området kan skjøttast og tynnast.

2. Vegbruer ved Steinsland og Solheimsmoen Desse er verneverdige vegminner. Steinvelvbrua ved Steinsland heiter Aurevasså bru. Ho vart bygd i 1911 i samband med ny rideveg mellom Berdalsbru og Hovden . Steinvelvbrua ved Solheimsmoen heiter Tverrå bru og er bygd samstundes som Aurevasså bru, som ein del av same ridevegen. Bruene skal skjøttast og takast vare på som verdfulle vegminner.

______Kommunedelplan for midtregionen ______26

3 OMRÅDE FOR RÅSTOFFUTVINNING (PBL § 20 – 4 nr 3) Det er ikkje sett av areal til nye masseuttak. Det er krav om at ein utarbeidar og får ein godkjend reguleringsplan før ein opnar nye masseuttak eller før vesentleg utviding av eksisterande masseuttak, jf plan og bygningslova § 20 – 4, andre ledd punkt a.

4 OMRÅDE SOM ER BANDLAGT/SKAL BANDLEGGJAST (PBL § 20 – 4 nr 4)

4.1 AUTOMATISK FREDA KULTURMINNER Automatisk freda kulturminner er merka med R- markering. Ved utarbeiding av reguleringsplanar vert det stilt krav om registrering av fornminner.

4.2 EKSISTERANDE OMRÅDE 1. Forsvaret sitt område på Geiskelid Her er det ein godkjend reguleringsplan. Støysoner rundt skytebanen må innarbeidast og takast omsyn til i nærliggjande reguleringsplanar.

2. Støysoner Støysona rundt sjøflyhamna ved Hartevatn er regulert gjennom reguleringsplan for området. Støysona rundt Badstogviki skytesenter er regulert gjennom reguleringsplan for området

______Kommunedelplan for midtregionen ______27

4.3 PLANLAGT BÅNDLAGDE OMRÅDE 1. Soner rundt drikkevasskjelda ved Geiskeliåni. Det er sett av areal til restriksjonssoner. Det er sett bestemte føresegner til dei ulike sonene. Hensikten er å sikre godt drikkevatn og å sikre drikkevasskjelda mot forureining.

Sone 0 Her er det berre lov med aktivitetar som er naudsynt for drift av vassverket. Området bør gjerdast inn og låsast.

Sone 1 Her er det ikkje lov med nye bygg, uttak av lausmassar, lagring og deponering av forureinande avfall, ei heller infiltrasjonsanlegg. Det skal vera så lite jordbruksaktivitet som mogleg. Bruk av kunstgjødsel og evt. plantevernmiddel skal godkjennast av helsestyresmaktene. Det bør lagast ein beredskapsplan i tilfelle akutt utslepp av kjemikaliar til grunn eller vassdrag.

Sone 2 Her gjeld det same som for sone 1 men med eit større rom for vurderingar i kvart enkelt tilfelle. Bruk av kunstgjødsel og plantevernmidlar er berre lov etter godkjenning av helsestyresmaktene.

______Kommunedelplan for midtregionen ______28

5 BRUK AV VASSDRAG (PBL § 20 – 4 nr 5)

Det skal vere ei byggjegrense/buffersone på 50 meter på kvar side av Otra og andre større vassdrag. Otra og større vassdrag er viktige landskapselement for oppleving, attraksjon, friluftsliv og rekreasjon.

6 VIKTIGE LEDD I KOMMUNIKASJONSSYSTEMET (PBL § 20 – 4 nr 6)

______Kommunedelplan for midtregionen ______29

6.1 VEGNETT Avkøyrsler til byggjeområde skal avklarast og godkjennast gjennom reguleringsplan. Internt vegnett det same. Veglys må vurderast etter behov, tryggleik og estetikk.

Om det vert trong for parkeringsplassar i samband med plan for turløyper, så skal desse godkjennast gjennom ein reguleringsplan.

Det skal ikkje byggjast eller gjerast tyngre inngrep i ei sone på 50 meter på båe sider av riksveg 9. Tiltak langs riksvegen skal retta seg etter ”Rettleiar til utforming av anlegg og konstruksjonar knytt til Setesdalsvegen (rv9).”

For andre større vegar i planområdet gjeld standardkrav til byggjegrense til veg unntatt i området langs vegen mellom Vatnedalen og Ørnefjell kor ein har sone på 50 meter for å gi plass til ei framtidig turløype.

6.2 GANG OG SYKKELVEG Det er ein godkjent plan for gang- og sykkelveg langs veg til Ørnefjell frå riksveg ni. Anlegg av nye gang og sykkelvegar skal skje på grunnlag av reguleringsplan.

6.3 ENERGI/ELEKTRISITET

______Kommunedelplan for midtregionen ______30

Om ikkje andre energikjelder, skal utbyggingsområda knyttast til eksisterande hovudnett av høgtspentlinjer. Nytt fordelingsnett skal byggjast som jordkabelanlegg. Desse skal i størst mogleg grad leggjast i same trase som veg, vatn og avløp for å redusera terrenginngrep mest mogleg. Internt i utbyggingsområda skal ein bruka jordkabelanlegg. Trase godkjennast gjennom reguleringsplan for området.

7 GENERELLE FØRESEGNER Fast utval for plansaker kan gi dispensasjon frå kommunedelplanen, jf pbl § 7.

Eksisterande reguleringsplanar, og disposisjonsplanar gjeld føre kommunedelplanen.

______Kommunedelplan for midtregionen