Melding Om Vedtak for Detaljregulering for Hoslemo Hyttegrend
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
«MottakerNavn» «Adresse» «Postnr» «Poststed» 2017/1330-33 Ingunn Hellerdal 07.04.2020 [email protected] MELDING OM VEDTAK FOR DETALJREGULERING FOR HOSLEMO HYTTEGREND Kommunestyret i Bykle har i møte 26.03.2020 vedtatt Detaljplan 201903 for Hoslemo hyttegrend med heimel i plan- og bygningslovas §§ 12-12. Vedtaket kan påklagast til Bykle kommune. Klagefristen er tre (3) veker rekna frå den dato brevet kom fram til påført adressat. Det er nok at klaga er postlagd innafor fristen. Klaga skal sendast skriftleg til Bykle kommune, SARVSVEGEN 14, 4754 Bykle eller til [email protected]. Oppgjev saksnummer 17/1330, kva klaga gjeld, og grunngjeving for klaga. For fleire opplysningar og relevante plandokument i saka, sjå Bykle kommune si heimeside eller ta kontakt med informasjonen. Med helsing Bykle kommune Ingunn Hellerdal rådgjevar areal og plan Brevet er elektronisk godkjent og sendast utan underskrift. side 1 av 8 Saksmappe: 2017/1330 Sakshandsamar: KAJ Dato: 24.02.2020 SAKSFRAMLEGG Utv.saksnr Utvalg Møtedato 37/20 Planutval 02.03.2020 41/20 Kommunestyre 26.03.2020 Slutthandsaming av detaljregulering for Hoslemo hyttegrend, Planid 201903 Kommunestyres behandling av sak 41/2020 i møte den 26.03.2020: Behandling: Kommunedirektøren si tilråding vart samrøystes vedteke Vedtak: I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 vert detaljregulering av Hoslemo hyttegrend, planid 201903, vedteken. Planutvals behandling av sak 37/2020 i møte den 02.03.2020: Behandling: Saka vart drøfta og tilrådinga samrøystes vedteke Vedtak: I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 vert detaljregulering av Hoslemo hyttegrend, planid 201903, vedteken Kommunedirektøren si tilråding: I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 vert detaljregulering av Hoslemo hyttegrend, planid 201903, vedteken. side 2 av 8 SAKSUTGREIING Samandrag/ konklusjon Det ligg føre forslag til detaljregulering for Hoslemo hyttegrend. Planområdet ligg på Hoslemo og er nært skiløypa, planområdet er på ca 300 da og det er 60 tomter i planområdet. Planen legg til rette for fortetting på 10 nye tomter og oppdatering av den gamle reguleringsplanen. Endringane i forhold til den gamle planen går i hovudsak ut på oppdatering av vegar og grad av utnytting. Ved endeleg vedtak av ny plan, reguleringsplan for Hoslemo hyttegrend, vil den nye reguleringsplanen gjelde føre reguleringsplanen for midtregionen. Planforslaget Forslag til detaljregulering for Hoslemo Hyttegrend er motteke frå Møvik byggetjenester a/s på vegne av Tor Hoslemo og Hoslemo hyttegrend velforening. Føremålet med planarbeidet er å få ein ny reguleringsplan som passar betre til dagens standard og dagens bruk av hytter i Bykle. Planforslaget som skal behandlast, består av - plankart i målestokk - reguleringsføresegner - planbeskriving side 3 av 8 Formålet med reguleringa Formålet med reguleringsplanen er legge til rette for ei fortetting med 10 nye tomter for fritidsbustader (sjå figur 1), og ei oppgradering av den gamle disposisjonsplanen frå 1970 talet. Figur 1: fortetting illustrert med raude x: Eigedomsforhold Heimelshavarar i området er Tor Hoslemo og hytteeigarar i planområdet. Forhold til overordna planar Planforslaget er i tråd med arealdelen i kommuneplanen. Fortettinga av Hoslemo hyttegrend var eit innspel til kommuneplanen. Området er sett av til bygging med arealformål Fritidsbustader, og kommuneplanføresegnene stiller krav om reguleringsplan. Kommuneplanens araldel Reguleringsplan for midtregionen i mørk farge, kommuneplan i lysere farge utividing mot vest. Planavgrensning for den nye reguleringsplanen er lik som i kommuneplanen. side 4 av 8 Figur 2: kommuneplanens arealdel i lys oransj mot vest, reguleringsplan for midtregionen i mørk oransj Gjeldande reguleringsplan Den gjeldande reguleringsplanen for planområdet er reguleringsplan for midtregionen (Planid 200601), planforslaget er i tråd med denne. Den nye reguleringsplanen blir utvida mot vest, og føresegna blir oppdatert. Reguleringsplanen for Hoslemo hyttegrend erstattar reguleringsplan for midtregionen i område A4. Utsnitt frå reguleringsplan Midtregionen (Planide 200601) side 5 av 8 Innkomne merknader til planoppstart I samsvar med føresegnene i plan- og bygningslova blei planen lagt ut til offentlig ettersyn og sendt på høyring til regionale myndigheiter og dei planarbeidet påverkar 14.11 2019. Det kom inn 2 fråsegn frå regionale myndigheiter. Innspill frå Fylkesmannen: «Planforslaget legg opp til ei relativt høg utnytting med maks T-BYA på 210 m2. Etter Fylkesmannens vurdering vil ei så høg utnytting på eigedomane kunne endre områdets karakter som hyttegrend då det vil kunne føre med seg omtrent ei dobling av bygningsmassen i området. Fylkesmannen vil av omsyn til naturmangfald, landskapsomsyn og allmenn ferdsle i området gi fagleg råd om at ein i planforslaget setter byggjegrense mot vassdrag til dei eigedomane som grenser til VFV12 og VFV 13. Vi minner same tid om at kantvegetasjonen langs vann og vassdrag skal oppretthaldast i tråd med vannressursloven § 11.» Svar: Grad av utnytting er i tråd med kommuneplanens arealdel og er drøfta internt på avdelingen. Innspillet om byggjegrense er teke omsyn til med ei byggjegrense på 5 meter mot vatn og vassdrag. Innspill fra Fylkeskommunen: «Automatisk freda kulturminner Reguleringsområdet har blitt arkeologisk registrert uten at det ble påvist noen automatisk freda kulturminner. Administrasjonen anser undersøkelsesplikten etter kulturminneloven § 9 som oppfylt. Administrasjonen har ingen merknader til planforslaget når det gjelder automatisk freda kulturminner.» «Planfaglig vurdering Administrasjonen i Aust-Agder fylkeskommune har av kapasitetsgrunner ikke hatt anledning til å vurdere forslaget til regulerignsplan.»» Formelt grunnlag Plan og bygningslova §§ 12-10, 12-11 og 12-12 Kommuneplan 2018- 2030, arealdel, PlanID 201701 vedteke 28.02.2019 Infrastruktur Det er kommunalt vann og avlaup i området. Vegen inn til planområdet er privat. Parkering og tilkomst for fritidsbustadene er ivareteke i planen med felles parkering og muligheit for parkering på eigen tomt. Opprusting og nye veganlegg skal byggas etter Bykle kommunes vegnormal. Grønstruktur Som vist på vedlagt plankart er grøntstruktur og skiløypa godt ivareteke i plankart. Økonomiske vurderingar og konsekvensar Hyttebygging medfører positive konsekvenser. Administrasjonen kan ikkje sjå noen negative konsekvenser. side 6 av 8 Konsekvensutgreiing Det har blitt vurdert at det ikkje er naudsynt med konsekvensutgreiing jmf Forskrift om konsekvensutredninger § 10. Under føresetnad av at lista utsjekkingar i saksutgreiinga ikkje syner konflikt med lokalitetar som nemnt, kan rådmannen ikkje sjå at dette planforslaget vil ha vesentlege verknader på miljø eller samfunn. Risiko og sårbarheit Det ligg vedlagt risiko og sårbarheits analyse. Administrasjonen kan ikkje sjå at det er noen risiko eller sårbarhetsforhold som har betydning for om arealet ikkje egner seg som utbyggingsområdet. Naturmangfaldslova Kunnskapsgrunnlaget er vurdert som tilstrekkeleg. Det er ikkje gjort nyare funn i aktuelle databasar av truga eller sårbare artar (sjå planomtalen side 24). Kulturminner Høve til kulturminner er i omtalt i planskildringa. Ålmannavegen er teke omsyn til i samsvar med Fylkeskommunens innspel. Konsekvensar for folkehelse Svært gode muligheiter for rekreasjon og friluftsliv, skiløypa går gjennom planområdet, ingen negative konsekvensar for folkehelsa. side 7 av 8 Bykle, Kommunedirektør Vedlegg: 1 Detaljregulering for Hoslemo hyttegrend (Planid 201903) 2 20190918 Hoslemo hyttegrend 3 1 Planbeskrivelse Hortemo Hyttegrend. 4 Bestemmelser Hoslemo 201902 Melding om vedtak blir sendt til: side 8 av 8 .