Sakshandsamar: Vår dato Vår referanse Dag Endre Stedje - 57643150, E-post: [email protected] 19.01.2015 2013/3800 - /421.3 Eline Orheim - 57643012, E-post: fmsfeor@ fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse Oddgeir Aardal - 57643077, E-post: fmsfoaa@ fylkesmannen.no 03.11.2014

Luster kommune Rådhuset 6868

Fråsegn til offentleg ettersyn av arealdelen til kommuneplanen med konsekvensutgreiing i kommune

Vi viser til oversending dagsett 03.11.2014 og til avtale om utsetting av høyringsfristen til 19.01.2015.

Hovudinntrykket av planframlegget er at det er gjort eit omfattande og godt arbeid med revisjonen av arealdelen til kommuneplanen. I nokre område er det derimot lagt inn arealbruk som kjem i konflikt med nasjonale eller viktige regionale interesser. Fylkesmannen har difor måtta fremja nokre motsegner mot planframlegget. Motsegner og faglege tilrådingar i fråsegna er utheva med feit skrift.

På miljøvernområdet fremjar vi motsegn mot veg 1 Prestesteinsvatnet på Sognefjellet (pkt. 4.1, s. 3-4) og veg 2 Turtagrø - Helgedalen (pkt 4.1, s. 4). Vi fremjar motsegn mot å setje ei byggjegrense etter fylkesvegen langs sjøen i LNF-områda med juridisk verknad. Dette må i så fall berre vere som ei retningslinje (pkt. 4.2, s. 5-6). Vi fremjar også motsegn mot hytteområde H7 Kjøtnes (pkt. 4.2, s. 6).

Når det gjeld ANL 1 motorsportbane Leirmoøygarden krev vi (motsegn) at det i føresegnene til kommuneplanen vert teke inn at det før regulering skal gjerast ei undersøking/kartlegging av fagkunnig biolog i området. Vi tek atterhald om bruk av motsegn mot seinare reguleringsplan (pkt. 4.3, s. 9-10).

Vi viser elles til dei miljøfaglege tilrådingane i fråsegna. Sjå spesielt pkt. 4.1, s. 4-5 om gondolbane til Bolstadnosi og pkt. 4.2, s. 7-9 om helikopterlandingsplass i Skjolden. Den politiske avgjerda om helikopterlandingsplass vil, slik vi ser det, vere heilt avgjerande for korleis dei store kvalitetane knytt til natur og friluftsliv i kommunen skal brukast og forvaltast i framtida.

Vi meiner at det samla sett er lagt opp til å omdisponere for mykje dyrka jord til bustadføremål i planframlegget. Ut frå landbruksomsyn fremjar vi motsegn mot dei tre føreslegne bustadområda B4 Solbakken, B6 Flatane og B7 Mohaugane på (pkt. 5.1.1, s. 13).

Primært rår vi til at bustadområde B1 Grindane vert teke ut av planen. Dersom kommunen likevel vel å ta med Grindane til framtidig bustadområde, krev vi (med motsegn) at det vert innført rekkefølgjekrav i planføresegnene (pkt. 5.1.1, s. 12-13).

Vi viser elles til dei landbruksfaglege tilrådingane i fråsegna.

Hovudkontor Landbruksavdelinga E-post: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Fjellvegen 11, 6800 Førde [email protected] Telefon: 57 64 30 00 Postboks 14, 6801 Førde Internett: Telefaks: 57 65 33 02 Telefon: 57 64 30 00 www.fylkesmannen.no/sfj Org.nr 974 763 907 Telefaks: 57 82 17 77

FYLKESMANNEN I OG FJORDANE 2/15

1 Innleiande merknader Det generelle inntrykket vårt er at det er gjort eit omfattande og grundig arbeid med revisjonen av arealdelen til kommuneplanen. Heile plandokumentet er oversiktleg, ryddig og lett å setje seg inn i. I planomtalen er det vist ei god kopling mellom samfunnsdelen og arealdelen. Utsiling av private innspel om arealbruk som ikkje vart tekne med vidare i planarbeidet skjedde i hovudsak i samband med handsaminga av planprogrammet til kommuneplanen. Kommunen har undervegs i prosessen presentert utkast til ny arealdel i planforum.

2 Konsekvensutgreiinga Når det gjeld konsekvensutgreiinga synest vi metodikken som er brukt er god, og utgreiinga av dei ulike enkeltområda er oversiktleg. Vi kommenterer ikkje fastsettinga av verdi og konfliktgrad for enkeltområde og -tema, men vi er i hovudsak samd i vurderingane som er gjort m.a. for tema naturmangfald, strandsone og friluftsliv. Vi merkar oss elles at det er nokre byggjeområde/tiltak som administrasjonen ut frå den faglege vurdreringa i konsekvensutgreiinga rår i frå, men som på bakgrunn av kommuneplannemnda/ formannskapet si tilråding likevel er innarbeidd i planframlegget.

Vi meiner at konsekvensutgreiinga elles er oversiktleg, og konstaterer at det er gjort greie for konsekvensane både i enkeltområda og for planen samla.

Naturmangfaldlova (nml.) set sterkare krav til vurderingar av tema som t.d. biologisk mangfald ved sakshandsaming etter plan- og bygningslova. Etter det vi kan sjå er ikkje arealbruken/enkeltområda vurdert opp mot naturmangfaldlova (nml.) og dei miljørettslege prinsippa i §§ 8-12. Vi meiner dette burde vore gjort, spesielt for dei nye byggjeområda/ tiltaka som ligg i område med registrerte naturverdiar. Det er laga ei heilt enkel vurdering etter naturmangfaldlova for planen sin samla verknad. Vi synest nok at vurderingane etter dei ulike paragrafane er noko tynn. I samband med revisjon av arealdelen til kommune- planen er det viktig å vurdere planen sine samla verknader for naturmangfaldet, jf. "samla belastning" i nml. § 10. Vi ser det som ein mangel i nml.-vurderinga at dette ikkje er gjort.

Vi føreset at det i konsekvensutgreiinga/avgjerdsgrunnlaget vert innarbeidd vurderingar etter naturmangfaldlova og dei miljørettslege prinsippa i §§ 8-12, både for byggjeområde som kan virke inn på registrerte naturverdiar og for planen sin samla verknad (jf. samla belastning, nml. § 10) før planvedtak. Lova set krav om dette.

3 Planjuridiske merknader Det ligg utafor Fylkesmannen sitt ansvarsområde å kontrollere at innhaldet i kommunale planar er lovleg. Vi strekar difor under at vi som hovudregel berre vil påpeike juridiske feil og manglar i eit planframlegg dersom desse kan ha betyding for ivaretakinga av nasjonale eller vesentlege regionale interesser. Juridiske merknader utover dette vert gjeve som generelle råd og rettleiing til kommunen. Fylkesmannen legg til grunn at eventuelle planføresegner som ikkje har heimel i lov, vert rekna som retningslinjer utan rettsverknad, eller som rein informasjon.

Vi ser det som positivt at kommunen har fastsett minimumskrav til leikeområde og uteopphaldsareal i bustadområda, jf. føresegnene pkt. 5.2.2. Vi legg til grunn at kravet er generelt og også gjeld ved fortetting i eksisterande område, jf. pkt. 5.2.1 og plan- og bygningslova § 11-10 nr. 1. I pkt. 5.2.2 er det vidare sett krav om to biloppstillingsplassar pr. bueining i uregulerte område. Kommunen kan i tillegg vurdere om det er aktuelt å etablere kommunal frikjøpsordning for parkeringsplassar i medhald av plan- og bygningslova §§ 11-9, jf. 28-7.

FYLKESMANNEN I 3/15

Kommunen har under pkt. 5.2.3 fastsett generelle føresegner for naust med heimel i plan- og bygningslova § 11-10 nr. 2. Fylkesmannen gjer merksam på at denne lovføresegna gjeld samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur, jf. Ot.prp. nr. 32 (2007-2008) s. 223. Rett lovheimel for føresegner om utforming og funksjonskrav for naust er pbl. § 11-9 nr. 5 for byggjeområde, og eventuelt § 11-11 nr. 2 for spreidd utbygging i LNF.

4 Natur- og miljøfaglege merknader I gjennomgangen av planframlegget har vi lagt vekt på å vurdere ny arealbruk som er med i konsekvensutgreiinga. Vi har i mindre grad sjekka ut sjølve plankartet, som omfattar både vidareført arealbruk frå gjeldande kommuneplan og ny arealbruk. Vi har lagt særleg vekt på dei tiltaka vi meiner er mest konfliktfylte i planframlegget. Arealbruk som kjem i konflikt med nasjonale eller viktige regionale interesser gir grunnlag for bruk av motsegn.

4.1 Arealdisponering i fjellet Vi ser det som positivt at den delen av Vest-Jotunheimen villreinområde som ligg innafor kommunegrensa på plankartet er sett av til omsynssone villrein. Arealet som kjem inn under Ottadalen villreinområde er også med i denne omsynsona.

Det er i planframlegget lagt inn to vegar der formålet er å køyre turistar med bussar inn mot Fanaråkbreen og Styggedalsbreen.

Veg 1 Prestesteinsvatnet, Sognefjellet - motsegn Området ligg på sørsida av fv 55 over Sognefjellet og vest for Prestesteinsvatnet. Det går i dag ein anleggsveg som er om lag ein kilometer lang innover langs vestenden av Prestesteinsvatnet. Det er i planframlegget opna for å forlengje eksisterande anleggsveg med om lag 1,5 kilometer i retning Fanaråkbreen og opparbeide sti om lag 500 meter vidare fram til brefronten. Brefronten ligg innafor grensa til Jotunheimen nasjonalpark. Formålet med den planlagde vegen er å kunne frakte turistar med buss inn mot breen. Vi legg til grunn at det i enden av køyrevegen må opparbeidast parkering/snuplass for buss.

Av konsekvensutgreiinga går det fram at tiltaket vil få svært stor negativ konsekvens (-4) for naturmangfald. Området som vegen skal gå gjennom er kjent som eit gammalt yngleområde for fjellrev. Sist vinter vart det observert fjellrev ved Prestesteinsvatnet. Fjellreven er på raudlista over truga artar i Norge og har status som kritisk trua. Den planlagde vegen ligg innafor leveområde for villrein, og det går ei viktig trekkrute for reinen i dette området. Vegen vil også gje negative landskapsverknader og vil redusere inngrepsfrie naturområde i fjellet. Med bakgrunn i m.a. negative konsekvensar for både fjellrev og villreinstamma i Vest- Jotunheimen vert tiltaket rådd i frå i den faglege vurderinga i konsekvensutgreiinga. Kommuneplannemnda/formannskapet har likevel ut frå "ei samla vurdering" tilrådd å ha med tiltaket i planframlegget.

I den nye forskrifta for Jotunheimen nasjonalpark er villrein nemnt som eit av verneformåla. Bygging av ein ny køyreveg i konflikt med funksjonsområde for villreinen vil såleis også vere i strid med ein viktig verdi i nasjonalparken. Tiltaket er ikkje vurdert opp mot dei miljørettslege prinsippa i naturmangfaldlova. Sjølv om tiltaket burde vore nærare vurdert opp mot naturmangfaldlova, kjem kunnskapen om villreinen og verknadene av tiltaket klart fram både i konsekvensutgreiinga og i uttalane frå villreinnemnda og villreinutvalet.

Vi viser til uttale frå Villreinnemnda for Sogn og Fjordane som på det sterkaste rår i frå denne vegen fordi den avskjer og forstyrrar ei viktig trekkrute for villreinen. Vestjotunheimen villreinutval er også svært kritiske til vegen innover frå Prestesteinsvatnet.

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 4/15

Vi meiner elles at samfunnsnytten av tiltaket (avkasting av å frakte turistar med buss inn mot breen) er liten sett i forhold til dei store negative verknadene bygginga og bruken av vegen vil ha på naturmangfald og landskap på Sognefjellet.

Med bakgrunn i ovanståande, og med vekt på at tiltaket kjem i stor konflikt med viktige funksjonsområde for både fjellrev og villrein, fremjar vi motsegn mot vegen frå Prestesteinsvatnet og innover mot Fanaråkbreen.

Veg 2 Turtagrø, Helgedalen - motsegn Den aktuelle vegen går i dalbotnen innover Helgedalen og er i dag ein privat landbruksveg. Vegen tek av frå fv. 55 eit par svingar ovanfor Turtagrø. Føremålet med tiltaket er å oppgradere den private landbruksvegen for å kunne frakte turistar med buss inn mot Styggedalsbreen. I enden av vegen må det opparbeidast parkering/snuplass for buss, og det er tenkt å opparbeide turveg/sti fram til breen. Vegen er om lag seks kilometer lang.

Enden av vegen ligg nær grensa til Jotunheimen nasjonalpark og den planlagde stien inn mot breen går inn i nasjonalparken. Vegen kryssar ei viktig trekkrute for villreinen. Øvste del av landbruksvegen går inn i eit område som er prioritert som eit nasjonalt viktig natur- område, Styggedalsbreen. I konsekvensutgreiinga er konsekvensgraden sett til - 4 for naturmangfald (svært stor negativ konsekvens) og - 3 for friluftsliv (stor negativ konsekvens). Med bakgrunn i negative konsekvensar for villreinstamma i Vest-Jotunheimen og dei store verne- og friluftsinteressene i området vert det i den faglege vurderinga i konsekvensutgreiinga rådd frå at vegen vert oppgradert til køyreveg.

Villreinnemnda for Sogn og Fjordane rår på det sterkaste i frå også denne vegen fordi den vil forstyrre trekkruta sør-nord, frå og frå områda vest for Hurrungane og over til nordlege delar av villreinområdet. Vestjotunheimen villreinutval er også svært kritiske til vegen innover Helgedalen.

Vi meiner at samfunnsnytten av tiltaket (avkasting av å frakte turistar med buss inn mot breen) er liten sett i forhold til dei store negative verknadene oppgraderinga og bruken av vegen vil ha på naturmangfald og friluftsliv i området.

Med bakgrunn i at tiltaket kjem i stor konflikt med viktige funksjonsområde for villreinen, og i konflikt med dei nasjonalt viktige friluftsinteressene i området, fremjar vi motsegn mot å oppgradere vegen innover Helgedalen for å kunne køyre turistar med buss inn mot Styggedalsbreen.

Gondolbane Skjolden Det er i planen lagt inn eit område for gondolbane i Skjolden. Nedre stasjon er plassert i regulert område på sørsida av Eidselva og ligg langs gangvegen mellom cruisekaien og sentrum. Øvre stasjon er på Bolstadnosi. Stasjonsområdet ligg utafor grensene til Mørkridsdalen landskapsvernområde, Breheimen nasjonalpark og villreinområdet Ottadalen.

Ut frå konsekvensutgreiinga er dei største konfliktane som følgje av gondolbana knytt til landskap og naturmangfald. For både landskap og naturmangfald vil gondolbana gi middels negativ konsekvens (- 2). Når det gjeld naturmangfald, vil tiltaket kunne føre til auka ferdsel/aktivitet innover i rand- og kjerneområde for villrein.

Når det gjeld verknadene av gondolbana for naturmangfald, er konflikten først og fremst knytt til auka ferdsel innover i villreinområdet. Vi viser her til fråsegna frå Breheimen nasjonalparkstyre, som rår i frå gondolbana m.a. med bakgrunn i at den sannsynlege auken i ferdsel vil kunne hindre villreinen i å etablere seg att i dette området. Det er også peika på

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 5/15 at tiltaket og auken i ferdsel innover i Breheimen nasjonalpark vil kunne vere i strid med verneformålet. Konflikten med villreininteressene vil truleg auke i takt med tal cruiseskipanløp i Skjolden og tal passasjerar som tek gondolbana. Gondolbana slik den no er vist i planframlegget vil også få negative konsekvensar for landskapet og for dei bustadene som vil få bana i nærleiken.

Etter det vi kjenner til, er det i liten grad vurdert ulike alternativ for lokalisering av ei gondolbane i Skjolden-området. Vi tenkjer då både på ulike alternative lokalitetar for nedre stasjon og øvre stasjon. I vår fråsegn til oppstartvarslet for planarbeidet skreiv vi m.a. følgjande: "Ein viktig del av konsekvensutgreiinga vil vere å utgreie relevante og realistiske alternativ. I ein kommuneplan er det spesielt aktuelt å utgreie ulike alternativ til plassering av utbyggingsområde". Slike alternativvurderingar vil vere naturleg å gjere på kommuneplan- nivå, og vi ser det som ein mangel ved planframlegget at det for eit såpass omfattande tiltak med stort konfliktpotensial ikkje er utgreidd fleire alternativ.

Vi vil med bakgrunn i dei negative verknadene av gondolbana til Bolstadnosi, og manglande alternativvurderingar, rå frå tiltaket slik som planlagt. Vi vil klart tilrå at det vert gjort eit meir omfattande arbeid med utgreiing av aktuelle alternative trasear for gondolbane i Skjolden før kommuneplanen vert vedteken.

Sommarskisenter, Sognefjellet Vi er gjort merksame på at den skisserte plasseringa av utviding av sommarskisenteret på Sognefjellet er feil i plankartet. Den viste plasseringa er i tråd med innspelet frå sommarski- senteret. I konsekvensutgreiinga går det fram at denne lokaliseringa vil vere konfliktfylt for villreinen. Det er difor tilrådd i konsekvensutgreiinga at arealet for sommarskisenteret skal ligge lenger aust, innanfor det arealet som er avsett i regional plan for Ottadalsområdet. Dette samsvarar med det området der skisenteret i dag har aktivitetane sine. Vi legg til grunn at plankartet vert retta opp slik at arealdisponeringa vert i samsvar med tilrådinga i konsekvensutgreiinga.

4.2 Arealdisponering langs sjøen 100-meterbeltet ved sjø er definert som eit område av nasjonal interesse, og det lovfesta strandvernet skal innarbeidast i all arealplanlegging og -forvaltning. Dette inneber at strand- sona, og i alle høve strandlinja, som hovudregel skal haldast fri for bygging og inngrep, og at bygging her bør avgrensast til bygningar og formål som må liggje ved sjøen. I fylkesdelplan for arealbruk, under spesielle retningslinjer for fjordane om forvaltning av 100-metersbeltet, blir det sagt at ”haldninga til eventuell omdisponering i strandsona skal vere streng. Det må vere eit krav om sjøretta verksemd. Det skal gjennomførast vurdering av alternativ lokalisering før strandsone vert teken i bruk.”

Utlegging av hytteområde generelt, og ved sjøen spesielt, bør skje etter grundige vurderingar og prioriteringar i samband med revisjon av arealdelen til kommuneplanen.

Under punkt 5.5 i føresegnene er det fastsett byggjegrenser langs sjø og vassdrag. Her står det m.a. følgjande: "Langs fjorden gjeld 100-metersregelen, med unntak av tiltak på oversida av fylkesvegen". Vi forstår det slik at dette er meint som ei generell føresegn, som også gjeld i LNF-områda. Ei slik oppheving av 100-metersregelen kan berre skje på grunnlag av konkrete vurderingar der det m.a. er lagt vekt på å ivareta omsyna som ligg til grunn for strandvernet (landskap, naturmiljø, kulturmiljø, friluftsliv/allmenn ferdsel). Dette er etter det vi kjenner til ikkje gjort. Vi vil generelt klart rå frå å setje ei byggjegrense i LNF-område, som vil oppheve tiltaksforbodet i pbl. § 1-8, der grensa vert sett nærare sjøen enn 100 meter. Utgangspunktet i LNF-område er jo at det ikkje skal byggjast ut over tiltak som ligg innafor LNF-formålet.

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 6/15

Viss fylkesvegen i eit område t.d. går 20 meter frå strandkanten, vil ein dispensasjons- søknad om frådeling av ei hyttetomt 20-25 meter frå sjøen krevje dispensasjon frå LNF- formålet, men ikkje frå pbl. § 1-8. Vi meiner at å setje byggjegrensa langs fylkesvegen ikkje i tilstrekkeleg grad sikrar omsyna bak strandsonevernet.

Med bakgrunn i ovanståande fremjar vi motsegn mot å setje ei byggjegrense med juridisk verknad etter fylkesvegen langs sjøen i LNF-områda. Dette må i så fall berre vere som ei retningslinje. Når det gjeld byggjegrensa innafor avsette byggjeområde med plankrav, tilrår vi at denne vert vurdert og bestemt i samband med reguleringsplanarbeidet. Viss ein ikkje har gjort ei konkret vurdering av kor byggjegrensa innafor byggjeområda skal liggje i kommuneplanarbeidet, bør ein ikkje fastsetje byggjegrense i kommuneplanen.

Hytteområde ved Kjøtnes - motsegn Området på oppsida av fylkesvegen ved Kjøtnes vart i samband med revisjon av arealdelen til kommuneplanen i 2007/2008 lagt ut som LNF-område med spreidd hyttebygging. Den gongen var det også ynskje om hyttebygging i det smale strandbeltet nedanfor vegen. Grunna konflikt med allmenne interesser i strandsona (m.a. landskap og friluftsliv) vart det berre opna for hytter på oppsida av fylkesvegen.

I planframlegget er det no lagt inn eit byggjeområde for hytter også på nedsida av fylkesvegen, på det eksponerte neset som må seiast å vere eit landemerke ved fjorden. Det er sett av eit om lag ti meter breitt grøntbelte/friområde langs strandkanten.

Strandsona og neset mellom vegen og sjøen ligg eksponert til sett frå fjorden. Bygging av hytter her vil, etter vår vurdering, ha negative verknader for allmenn ferdsel ved at området vert privatisert. Hyttene vil bli liggjande eksponert nær strandkanten og vil gi uheldige landskapsverknader. At det i planframlegget er sett av eit om lag ti meter breitt grøntbelte/ friområde langs strandkanten vil i liten grad dempe konflikten med allmenn ferdsel og landskap.

I konsekvensvurderinga for området er konsekvensgraden sett til - 4 (svært stor negativ konsekvens) for både landskap og strandsone. Konsekvensgraden for «nærmiljø, grønstruktur og friluftsliv" er sett til - 2 (middels negativ konsekvens). I konsekvens- vurderinga står det m.a. følgjande: "Kjøtnes er eit landemerke i Lustrafjorden, og bør av omsyn til både kulturlandskap, friluftsliv, strandsona, opplevingsverdi i reiselivet både på fjorden og frå vegen og ynskje om spreidd hyttebygging på oppsida av vegen - oppretthaldast som LNF-område". Vi er samde i denne vurderinga.

I dei statlege planretningslinjene for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen ligg alle kommunane her i fylket i sona "områder med mindre press på arealene". Av retningslinjene som gjeld for denne sona går det m.a. fram at: "Det bør ikkje tillates utbygging i områder som har spesiell verdi i forbindelse med friluftsliv og allmenn ferdsel, naturkvaliteter, naturmangfold, kulturminner, kulturmiljøer og landskap". Det står også at: "Alternative plasseringer bør vurderes og velges dersom det er mulig. Det bør også vurderes om tiltaket kan trekkes vekk frå sjøen".

Bygging av fritidsbustader eksponert i det smale strandbeltet nedanfor fylkesvegen, slik det er opna for gjennom det nye hytteområdet ved Kjøtnes, kjem etter vår vurdering sterkt i strid med nasjonale og regionale mål og retningslinjer for forvaltning av strandsona. Vi finn difor å måtte fremje motsegn med krav om at dette byggjeområdet på nedsida av fylkesvegen vert teke ut av planframlegget.

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 7/15

Småbåthamn og tilkomstveg, Mosaviki, I konsekvensutgreiinga er verknadene av ei småbåthamn i Mosaviki ved Solvorn vurdert. Ut frå plankartet er småbåthamna plassert like nordvest for Mosaviki, men grensar til dette viktige tur- og friluftsområdet. Mosaviki er mykje nytta som friluftsområde av barnefamiliar, skule og barnas turlag. Plasseringa av småbåthamna i dette området føreset bygging av ny tilkomstveg i lia ovanfor Solvorn.

Ut frå konsekvensutgreiinga går det fram at tiltaket vil gi store negative konsekvensar (- 3) for "nærmiljø, grøntstruktur og friluftsliv", "strandsone - vassdrag og fjord" og "støy og anna ureining". Tilkomstvegen er i konsekvensutgreiinga vurdert til å vere mindre konfliktfylt med berre litt negativ konsekvens (- 1) for landskap. I og med at vegen går heilt ned til sjøen nær Mosaviki, og dels må byggjast på ein mykje nytta turveg, meiner vi at vegen også vil få negativ konsekvens for friluftsliv og strandsone.

Sjølv om småbåthamna er plassert utanfor sjølve Mosaviki og det viktige tur- og frilufts- området, vil tiltaket få store negative verknader for dei allmenne interessene i dette strandområdet. Tilkomstvegen ned til sjøen vil også gi negative verknader. Det er vurdert fleire ulike alternativ for ny småbåthamn, og det føreslegne området ved Mosaviki er samla sett vurdert som det mest eigna.

Det har lenge vore eit ønskje frå båtlaget i Solvorn om å få til ei båthamn i bygda. Dei næraste hamnene er Marifjøra (15 km), Gaupne (17 km) og Sogndal (19 km). Dei store negative konsekvensane (jf. konsekvensutgreiinga) av å etablere ei båthamn slik som vist i planframlegget talar i utgangspunktet mot tiltaket. Fordi Solvorn har store kulturhistoriske verneverdiar der mykje av strandsona er regulert til spesialområde bygnings- og landskapsvern, er det mest uråd å finne alternativ til båthamn i eller nær Solvorn.

Dei negative verknadene av den viste småbåthamna tilseier etter vår vurdering at det i kommuneplanen bør stillast konkrete krav i føresegnene om avbøtande tiltak som skal leggjast til grunn for utarbeiding av reguleringsplanen. Det er sett av eit relativt stort areal til småbåthamn, og vi tilrår å redusere arealet noko ved å ta ut deler av området i søraust slik at avstanden til Mosaviki vert større. Vi tilrår elles å stille krav til maks tal båtplassar tilpassa behovet og krav om at anlegget skal ha flytande konstruksjonar (og ikkje utfylling/steinmolo).

Helikopterlandingsplass Eidsneset, Skjolden Helikopterlandingsplassen er plassert like sør for cruisekaien i Skjolden. Hovudformålet med landingsplassen i Skjolden er å drive turistflyging knytt til cruisetrafikken. Vurderingane i konsekvensutgreiinga omfattar sjølve landingsplassen og den aktiviteten tiltaket fører med seg som følgje av overflyging. Av konsekvensutgreiinga går det fram at tiltaket og helikopterflyginga vil få negative konsekvensar for kulturminne og kulturmiljø (- 1), naturmangfald (- 2), nærmiljø, grønstruktur og friluftsliv (- 4), støy og anna ureining (- 4), areal og transport (- 2) og infrastruktur og off. tenestetilbod (- 1). Det er berre temaet universell utforming som kjem ut med positiv konsekvens (+ 2).

Det er eit mål å auke cruisetrafikken til Skjolden, og helikoptertrafikken vil høgst truleg auke i takt med auken i tal cruisepassasjerar. Sjølv om det er noko usikkert kor omfattande flyginga vil kunne bli, er det grunn til å tru at helikopterstøy vil kunne gi negative verknader for fastbuande i Skjolden, for friluftsliv i og utanfor verneområda, og for villrein.

I konsekvensutgreiinga er det peika på at støyfrie område vert meir og meir sjeldne og behovet for slike område aukar for mange menneske. Stille område vert opplevd som ein stor kvalitet. Sjølve helikopterlandingsplassen ligg ikkje langt frå busetnaden i Skjolden, og

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 8/15 helikopterstøy for fastbuande vil kunne bli ein konflikt. Her må det i samband med ei eventuell regulering/konsesjonshandsaming gjerast støyberekningar som grunnlag for m.a. å ta omsyn til dei som bur i Skjolden.

I konsekvensutgreiinga står det m.a. følgjande: "Hyppig flygeaktivitet kan ut frå dette skapa «støy» for andre delar av besøksnæringa som er viktig for Luster og regionen. Dette gjeld spesielt dei mange tusen besøkjande som kvart år oppsøkjer attraktive turområda som ligg nær til Skjolden, m.a. Fuglesteg, Breheimen med Mørkridsdalen, Jotunheimen med Fanaråken og Horrungane. Andre viktige attraksjonar i Luster der ro og stillheit er i fokus er m.a. Urnes stavkyrkje, Walaker hotell og Solvorn, og Wittgenstein. Plassen ligg ca. 2 km i luftlinje frå landingsplassen, og er i stor grad knytt til filosofen si tenking basert på stillheit".

Store deler av fjellområda kring Skjolden inngår i Jotunheimen nasjonalpark, Breheimen nasjonalpark og Mørkridsdalen landskapsvernområde. Desse fjellområda og deler av randsonene til verneområda er nasjonalt og regionalt viktige friluftsområde. I løpet av året, og særleg om sommaren (i cruisesesongen), er det det svært mange som oppsøker fjell og utmark i Luster for å drive ulike former for aktivt friluftsliv. Mange reiser til desse områda for å oppleve den eineståande naturen, og for å få stillheit, fred og ro i fritida si. Helikopter- flyging i slike naturområde i fjellet vil av dei fleste bli opplevd som belastande og dels provoserande. Dette gjeld nok spesielt for flyging som ikkje er "nyttekøyring".

Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging, T-1442/2012, omhandlar m.a. temaet "stille område". Formålet med retningslinja er å førebygge støyplager og ivareta stille og lite støypåvirkede natur- og friluftsområder (vår understreking). Det går fram at i større naturområde, som t.d. nasjonalparkar og naturområde i fjellet er all framand lyd i prinsippet uønska. Om lag 90 % av befolkninga utøver friluftsliv ein eller fleire gonger i året, og stillheit og ro er blant dei viktigaste kvalitetane for friluftsliv. Dette er dokumentert blant anna gjennom spørjeundersøkingar der rundt 90 % av dei spurte svarar at det å ”oppleve naturens stillhet og fred” og å ”komme ut i frisk natur, vekk fra støy og forurensning” er ein viktig grunn for å gå tur. Fråvær av støy er ein føresetnad for at frilufts- og rekreasjons- område skal ha full verdi. Vi viser elles til rettleiaren til T-1442/2012 der temaet stille område er omhandla i kap. 2.6 "Rekreasjonsområder - stille områder - grønn sone".

Helikopterflyging av eit visst omfang vil også kunne vere forstyrrande, og påverke villreinen negativt. Dette vil naturlegvis bli eit større problem dess fleire helikopterflygingar det blir. Vi viser her til fråsegna frå Breheimen nasjonalparkstyre.

Slik vi kjenner lovverket er det ikkje verkemiddel, verken etter plan- og bygningslova eller i konsesjonshandsaminga av slike saker, for å styre kor helikopterflyginga kan skje, ut over å fastsetje trasé for inn-/utflyging. I verneforskriftene til m.a. Breheimen nasjonalpark og Jotunheimen nasjonalpark, og til landskapsvernområda Mørkridsdalen og Vigdalen går det fram at det er forbod mot lågtflyging under 300 meter over bakken. Dette lågtflygings- forbodet er gjennom verneplanarbeidet sett på som tilstrekkeleg for å ivareta verne- interessene (m.a. friluftsliv og villrein), ut frå det som var eit pårekneleg omfang av flyginga.

Den samfunnsmessige nytteverdien av turistflyging med helikopter er etter vår vurdering liten. Med bakgrunn i konsekvensutgreiinga til kommunen og vurderingane over, meiner vi at helikopterflyging over eit visst omfang vil kunne få negative verknader for dei nasjonalt og regionalt viktige friluftsinteressene. Vi tenkjer då spesielt på at helikopterstøyen vil verke negativt inn på ein viktig føresetnad for at frilufts- og rekreasjonsområde skal ha full verdi, nemleg stillheit og ro. Vi meiner også at villreinen vil kunne bli skadelidande dersom helikopterflyginga får stort omfang. Med bakgrunn i at viktige verdiar som ligg til grunn for vernet kan bli skadelidande, vil vi klart rå frå helikopterlandingsplassen i Skjolden og turistflyging i fjellområda.

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 9/15

Viss det likevel vert opna for etablering av ein helikopterlandingsplass, ser vi det som svært viktig at aktiviteten vert regulert av omsyn til dei nasjonale og regionale interessene knytt til friluftsliv og naturmangfald (villrein). Vi tenkjer her på at aktiviteten må avgrensast m.a. gjennom fastsetting av maks tal flygingar pr. dag/veke. Dette vert først tema i konsesjons- handsaminga etter luftfartslova.

Vi har ut frå ovanståande, og ei samla vurdering, konkludert med at vi ikkje fremjar motsegn mot helikopterlandingsplassen og turistflyginga.

Den politiske avgjerda om helikopterlandingsplass vil, slik vi ser det, vere heilt avgjerande for korleis dei store kvalitetane knytt til natur og friluftsliv i kommunen skal brukast og forvaltast i framtida. Vi stiller spørsmål ved om satsinga på naturarven som verdiskapar (jf. det nyleg gjennomførde naturarvprosjektet i Luster kommune) går i hop med ei satsing på turistflyging med helikopter knytt til cruisetrafikken i Skjolden.

4.3 Arealdisponering langs vassdrag I punkt 5.5.1 i føresegnene, under kategori "bruk og vern av sjø og vassdrag, med tilhøyrande strandsone", er det bestemt at byggjegrensa langs dei elvane og vatna som er lista opp skal vere 30 meter. Vi tilrår at det som gjeld byggjegrense langs vassdrag vert flytta til punkt 5.4 landbruks-, natur- og friluftsområde. Det er lista opp kva for tiltak som skal vere forbode. Dette er å sjå på som ei byggjeforbodssone for dei opplista/bestemte tiltaka kommunen meiner at byggjeforbodet skal gjelde for. I LNF-område må sjølvsagt tiltak som ikkje er i samsvar med LNF-formålet uansett ha dispensasjon frå kommuneplanen, sjølv om dei ligg utafor den fastsette byggjegrensa.

Slik som for byggjegrenser langs sjø, må også byggjegrensene langs vassdrag fastsetjast etter konkrete vurderingar av verknader for allmenne interesser (som landskap, naturmiljø, friluftsliv). Vi er ikkje kjende med i kva grad dette er gjort.

Motorsportbane Leirmoøygarden - motsegn Det er i planen sett av eit område til motorsportbane ved Leirmoøygarden mellom elvane Leirdøla og Jostedøla. Av konsekvensutgreiinga går det fram at det må utarbeidast reguleringsplan for området. Det kjem ikkje tydeleg fram i føresegnene at det er krav om reguleringsplan, og vi legg til grunn at plankravet vert presisert her. Vi minner elles om at motorsportbaner i tillegg må handsamast etter motorferdsellova.

Det aktuelle området ligg ute på ein grusbanke med vegetasjon mellom elvane Leirdøla og Jostedøla. Området er ikkje registrert i den kommunale naturtypekartlegginga, men dette må seiast å vere ein spesiell/uvanleg naturtype. Naturtypen har m.a. gode tilhøve for raudlista insekt, jf. samanlikning med tilsvarande naturtypar andre stader. På andre sida av Jostedøla ligg Ytamo naturreservat (edellauvskog) som har eit rikt fugleliv. I nærleiken er det også registrert hekkeplass for to rovfuglar, der den eine er kritisk trua. Etablering av ei motorsportbane slik som planlagt er konfliktfylt for naturmangfald, men kunnskapsgrunnlaget er pr. dags dato for dårleg til å fastslå kor stor konfliktgraden er. Konsekvensutgreiinga for dette området når det gjeld temaet naturmangfald er mangelfull, og arealbruken er ikkje vurdert opp mot naturmangfaldlova.

Eit sentralt spørsmål når det gjeld naturmangfald er kva som er god nok kunnskap (jf. nml. § 8). Konsekvensutgreiingar i samband med arealdelen til kommuneplanen kan som hovudregel basere seg på eksisterande kunnskap og registreringar. Viss eit område som er aktuelt for utbygging har kvalitetar som tilseier at det kan vere viktig for t.d. biologisk

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 10/15 mangfald eller andre interesser, og kunnskap er relevant for spørsmålet om ein skal seie ja eller nei til planen/byggjeområdet, så krev det god kunnskap. Det same gjeld dersom kunnskap er relevant for fastsetting av føresegner til byggjeområdet/planen. I slike tilfelle kan det vere aktuelt å framskaffe ny kunnskap. Det er ikkje pålegg om ei generell kartlegging av naturtypar/biologisk mangfald.

For at kommunen skal kunne ta omsyn til dei viktige naturverdiane i området, bør ein ha konkret kunnskap om naturmangfaldet i og ved motorsportbana før det eventuelt vert lagt inn i planen. Viss slik konkret kunnskap om naturverdiane manglar, risikerer ein at viktige biologiske verdiar går tapt.

Det manglar pr. i dag ei vurdering av den konkrete arealbruken opp mot naturmangfaldlova, og kunnskapsgrunnlaget er for dårleg til å seie noko om utbygginga sine konsekvensar for naturtypen og raudlisteartar i området. Vi vil difor primært rå til å ta ut motorsportbana av planen.

Dersom kommunen held fast på å ha med området, krev vi (motsegn) at det i føresegnene til kommuneplanen vert teke inn at det før regulering skal gjerast ei undersøking/kartlegging av fagkunnig biolog. Basert på denne nye kunnskapen må det gjerast ei vurdering opp mot naturmangfaldlova slik at ein kan ta stilling til om, og i tilfelle korleis, ei motorsportbane kan etablerast i området.

Vi tek atterhald om bruk av motsegn mot seinare reguleringsplan når kunnskaps- grunnlaget (jf. § 8 i naturmangfaldlova) er godt nok til å vurdere konsekvensane ei eventuell utbygging vil få for naturverdiane i området.

Hyttebygging Osen, Åsetevatnet På austsida av utløpsosen frå Åsetevatnet er det lagt inn eit byggjeområde for hytter. Grensa til Mørkridsdalen landskapsvernområde ligg noko aust for formålsgrensa til hytteområdet. Mot vest grensar byggjeområdet til ei registrert rikmyr som er klassifisert som lokalt viktig (C-område). Det er stilt krav om reguleringsplan for området, men det går ikkje fram kor mange hytter det er tenkt å opne for. Vi tilrår at det vert teke inn krav i føresegnene til kor mange hytter det maksimalt kan byggjast i området. I og med at dette er eit veglaust område (avhengig av helikopter for å frakte m.a. varer til hyttene), føreset vi at tal hytter vert avgrensa til nokre få. Ved utarbeiding av reguleringsplan for hytteområdet ser vi det som viktig at det vert teke omsyn til rikmyra. Vi legg til grunn at hyttene vert plasserte slik at vassiget ned mot rikmyra ikkje vert hindra, og at det vert lagt vekt på god terreng- og landskapstilpassing. Vi tilrår at slike avbøtande tiltak vert teke inn som krav i føresegnene til kommuneplanen, knytt til det konkrete byggjeområdet, for å gi føringar for det seinare reguleringsplanarbeidet.

4.4 Planjuridiske merknader for å ivareta sektorinteresser Føresegnene I føresegnene er det i liten grad stilt krav til utnyttingsgrad (tal bygningar/einingar) eller til storleik/utforming av bygningane innafor dei utlagde byggjeområda med plankrav. For hytter er det laga generelle føresegner som gjeld når ikkje anna er fastsett i kommuneplanen eller i godkjent reguleringsplan. Innafor dei avsette byggjeområda for hytter er det ikkje stilt slike krav i det heile. For t.d. hytteområda langs sjøen eller i fjellet er det då vanskeleg å vurdere konsekvensane for allmenne interesser. Vi vil klart rå til at det i dei avsette byggje- områda for hytter vert teke inn krav i føresegnene til utnyttingsgrad og storleik/ utforming.

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 11/15

Retningslinjene I punkt 6.2 i retningslinjene står det at: "Det kan opnast for spreidd utbygging av bustader, hytter og næringsbygg i LNF-område, når det ikkje er i strid med viktige samfunnsinteresser, og når omsyn til busetting talar for det". Vi tilrår å ikkje bruke nemninga spreidd utbygging for å unngå samanblanding med LNF-område for spreidd utbygging av bustader, fritidsbustader og næring, jf. § 11-7 nr. 5 b. Det bør presiserast tydelegare at dette er retningslinjer for dispensasjonshandsaming av enkeltvise søknader.

4.5 Andre merknader og tilrådingar Hyttebygging på Heggmyrane, Hafslo Det er sett av totalt 1200 daa til hyttebygging på Heggmyrane, ved Sogn skisenter. Deler av hytteområde kjem noko innafor eit område som er nasjonalt viktig kulturlandskap. Hytteområda er redusert samanlikna med det arealet som ligg inn i masterplanen for området (1600 daa). I og med at det i kommuneplanen framleis er sett av store areal til hyttebygging, tilrår vi primært å redusere byggjeområda ytterlegare, m.a. av omsyn til kulturlandskapsverdiane. Vi meiner elles at den nordlegaste delen av byggjeområdet ligg noko for høgt opp mot fjellet. Vi tilrår å ta inn krav i føresegnene om at det ved utarbeiding av reguleringsplanar for hytter i området skal takast omsyn til kulturlandskapsverdiane. Det er i planen sett av omsynssone kulturmiljø, og vi legg til grunn at omsynssona omfattar dette området.

Spreidd bustadbygging Dalen, Dalsdalen Det er sett av eit mindre område til LNF-spreidd bustadbygging i Dalsdalen. Om lag halvparten av dette området kjem innafor ein prioritert naturtypelokalitet (edellauvskog med verdi B). Denne er ved ein feil ikkje nemnt i konsekvensutgreiinga for tema naturmangfald. Vi vil klart rå til å justere avgrensinga på LNF-området for spreidd bustadbygging slik at ein unngår bustadbygging innafor naturtypelokaliteten.

Småbåthamn, Fjøsne ved Skjolden Det ligg ein prioritert naturtypelokalitet (edellauvskog med verdi B) som strekkjer seg heilt ned mot sjøen ovanfor den nordlege delen av arealet som er sett av til småbåthamn. Denne lokaliteten er ikkje nemnt i konsekvensutgreiinga. Vi legg til grunn at det vert teke omsyn til denne lokaliteten i samband med utarbeiding av reguleringsplan for småbåthamna.

5 Landbruksfaglege merknader Som sektorstyresmakt for landbruk har Fylkesmannen eit særleg ansvar for å ta vare på dei mest produktive jordbruksareala, men samstundes skal vi vege dette mot andre samfunnsinteresser, jamfør jordlova § 9. Stortinget har ved fleire høve understreka at det er viktig å ta vare på den dyrka jorda sidan dette er ein svært avgrensa ressurs, seinast ved handsaming av St. meld 9 (2011-2012) om norsk landbrukspolitikk.

Regjeringa har i si plattform også sagt at vi skal ta vare på god matjord, men samstundes balansere jordvernet mot storsamfunnet sine behov.

Vi viser også til jordvernstrategien for fylket, som vart vedteken av det tidlegare fylkeslandbruksstyret i 2009 og som Fylkesmannen deretter har lagt til grunn i arbeidet med jordvern i plansaker. Her er det mellom anna sagt at ved utbygging i og nær tettstadane våre må det leggjast vekt på fortetting, høg arealutnytting og fastsetjing av naturlege grenser mellom utbyggingsareal og dei større samanhengande jordbruksområda utanfor.

5.1 Konkret vurdering av planframlegget Kommunen har gjort ein god jobb med planframlegget, som er greitt og oversiktleg framstilt. Både planomtale og konsekvensutgreiing gjer det enklare for oss å vurdere og ta stilling til

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 12/15 nye byggjeområde, både når det gjeld jordvern og landbruksinteressene generelt. I fråsegna vår har vi konsentrert oss om arealbruk som trugar dyrka mark og viktige landbruks- interesser.

Kommunen har tidlegare registrert og valt ut dei viktigaste kjerneområda for matproduksjon og kulturlandskap. Dette er med på å synleggjere landbruksverdiane, og vil dessutan gje kommunen eit godt grunnlag for både å prioritere og å avgrense nye byggjeområde. Det står i planomtalen at arealdelen skal følgjast opp med revisjon av kjerneområde landbruk, og i tillegg skal det stimulerast til nydyrking. Vi merkar oss som positivt at kjerneområde landbruk er nytta aktivt som referanse både i planomtale og konsekvensutgreiing.

Planframlegget vil føre til at det totalt vert omdisponert 44 daa fulldyrka og lettdrive jordbruksareal i Gaupne, og 20 daa fulldyrka jord i Vinda, Indre Hafslo. Samla tap av landbruksareal i heile planen er rekna til 85 daa fulldyrka jord, 40 daa overflatedyrka jord og innmarksbeite. I tillegg vil det gå med om lag 600 daa produktiv skog.

5.1.1 Bustadområde Som grunnlag for å finne fram til bustadbehovet i komande planperiode er det nytta erfaringstal frå 2009- 2013, og i tillegg data over folketalsutviklinga i kommunen. Her går det fram at det i perioden mellom 2009 og 2013 i snitt er bygt 38 nye bueiningar per år i heile kommunen. Tabell over folketalsutvikling syner at det særleg er Gaupne og Hafslo som har auke i folketalet, medan det er tilbakegang i mange av dei andre bygdene. Kommunen har lagt som føring for arealplanen at det skal leggjast til rette for bustadbygging i alle bygdene. Dette er også forankra i kommuneplanen sin samfunnsdel, og vi støttar denne strategien.

Dei siste åra har det vore ei god utvikling når det gjeld bygging av rekkehus og leilegheitsbygg, og dermed også færre einebustader i tettstadene Gaupne og Hafslo. Dette meiner vi er positivt då slike utbyggingsformer er meir arealeffektive, og medverkar til å redusere forbruket av dyrka jord. Det står i planomtalen at det skal leggast opp til høg arealutnytting i kommunesenteret, og at store bustadtomter heller bør leggast til bygdene/ grendene. Vi er einige i denne målsetjinga.

Gaupne I utkanten av sentrum i Gaupne er det sett av eit nytt bustadområde, B1 Grindane. Området er på 44 daa, og omfattar om lag 30 daa fulldyrka og lettdrive jordbruksareal. Området grensar til Jostedøla mot vest og eksisterande bustadområde mot sør. I følgje konsekvensutgreiinga har området stor verdi for jord- og hagebruk, og det er konkludert med svært stor negativ konsekvens for landbruket ved ei eventuell omdisponering til bustadføremål. Delar av området er brukt til bærdyrking, som er eit viktig satsingsområde i fylket vårt.

Det går også fram av konsekvensutgreiinga og ros- analysen at området er flaumutsett. Dette kan føre til at delar av området vert bandlagt mot utbygging, og vi fryktar at dette kan hindre effektiv bruk av arealet til bustader.

Kommunen reknar med at det vil vere behov for 160 nye bueiningar i Gaupne komande planperiode. Dersom alt tilgjengeleg bustadareal vert realisert, inklusiv Grindane, vil det i følgje tabell på side 16 i planomtalen vere tilrettelagt for om lag 260 bueiningar i Gaupne. Dette betyr at det allereie finst tilstrekkeleg bustadareal til å dekke bustadbehovet i Gaupne i planperioden, også utan at ein tek med B1 Grindane som nytt bustadområde.

Sjølv om kommunesenteret har hatt ei positiv folketalsutvikling, og vi dessutan må akseptere at det går med dyrka jord til utvikling av kommunesenteret, kan det sjå ut som det er sett av

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 13/15 rikeleg byggjeareal i felta som allereie ligg inne i gjeldande kommuneplan. Vi merkar oss likevel at området Haugane/Tandle, som vart sett av til bustadområde ved førre planrevisjon, no er tilbakeført til LNF- område. Dette utgjer om lag 48 daa, i hovudsak jordbruksareal.

Bustadområda Salen og Verket 2 ligg inne som framtidig byggjeareal i gjeldande kommuneplan. Her der det planlagt byggjestart i 2015 med saman 72 bueiningar. I tillegg er det med utgangspunkt i stadanalyse for Gaupne, lagt opp til ei omregulering av næringsområdet Grandmo og Bruflat treningsfelt til bustadbygging. Dette vil gje plass til ytterlegare 40 bueiningar. Her merkar vi oss at Bruflat også vert vurdert som eit framtidig friidrettsanlegg. Sandvik er eit landbruksområde som i gjeldande kommuneplan er sett av til sentrumsføremål. Området er på om lag 17 daa, og planen er å bruke dette området til bustader med om lag 2,5 bueiningar per dekar. Dette vil gje plass til 46 bueiningar.

Kommunen opplyser at det er lite anna enn dyrka jord som kan nyttast til framtidig bustadbygging i Gaupne. Slik vi tolkar tala i planomtalen, vil det med effektiv arealutnytting i eksisterande byggjeområde, vere tilstrekkeleg bustadareal i Gaupne til å dekke behovet i planperioden, utan at ein treng å ta med Grindane. Då må det setjast krav om høg utnytting og konsentrert utbygging i dei eksisterande bustadområda, m.a. Verket 2, Salen og ikkje minst Sandvik. Det er også sett av areal til bustadområde i Marifjøra, som ikkje ligg langt unna kommunesenteret. Dette området er på 32 daa, og vi ifølgje planomtalen gje plass for 30 bueiningar.

Primært rår vi til at bustadområde B1 Grindane vert teke ut av planen. Dersom kommunen likevel vel å ta med Grindane til framtidig bustadområde, krev vi (med motsegn) at det vert innført rekkefølgjekrav i planføresegnene som sikrar at eksisterande bustadområde i Gaupne sentrum vert utbygd, før ein eventuelt tek i bruk B1 Grindane til bustadføremål.

Hafslo I Hafslo ligg det framleis inne så store arealreservar i gjeldande kommuneplan at det dekkjer bustadbehovet også i komande planperiode. I følgje oversikta på side 17 i planomtalen er det i Hafslo stipulert behov for om lag 160 bueiningar, medan kapasiteten i eksisterande felt er på 258 bueiningar. Dette inneber ein arealreserve på om lag 100 bueiningar. Likevel er det sett av nokre fleire mindre bustadområde i eller i nærleiken av viktige jordbruksområde, definert som kjerneområde landbruk.

Nytt bustadområde B4 Solbakken, Hafslo, er på 28 daa og omfattar 4,5 daa dyrka mark, 3 daa overflatedyrka mark og 3 daa skog. Sjølv om arealet grensar til eit eksisterande bustader på eine kanten, der det er bygt 9 bustadhus gjennom dispensasjon, meiner vi det er uheldig å omdisponere meir dyrka jord når det ikkje er dokumentert behov for det. Nytt bustadområde B6, Flatane, Hafslo, er på om lag 3 daa, og består av fulldyrka jord, og ligg plassert innåt eksisterande bustadområde. Bustadområde B7, Mohaugane, Hafslo, ligg midt inne i eit aktivt jordbruksområde, definert som kjerneområde landbruk. Området er på om lag 3 daa, og av dette er 2,6 daa fulldyrka og verdifullt jordbruksareal. Bustadområdet vil grense til dyrka jord på fleire kantar, og omdisponering vil føre til uheldig infiltrasjon og fare for drifts- og miljømessige ulemper for landbruket.

Samla sett er det det sett av rikeleg bustadareal i og i nærleiken av Hafslo sentrum. Dette er meir enn nok til å dekke tomtebehovet i heile planperioden. Vi reiser difor motsegn mot bustadområda B4 Solbakken, B6 Flatane og B7 Mohaugane.

Bustadområdet B3 Vinda, Indre Hafslo, er på om lag 45 daa og omfattar 20 daa fulldyrka jord og 7 daa innmarksbeite. Resten er skog. Området grensar til eksisterande bustadfelt

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 14/15 mot sør og jordbruksareal på andre kantar. I konsekvensutgreiinga er det konkludert med stor negativ konsekvens for landbruket ved ei eventuell omdisponering til bustadføremål. Det aktuelle bustadarealet ligg også innanfor område definert som kjerneområde landbruk. Dette talar sterkt i mot å omdisponere flatt og lettdrive jordbruksareal til bustadføremål. Sjølv om det aktuelle bustadområdet ligg nær skule og barnehage, og det samstundes er viktig å legge til rette for busetnad i Indre Hafslo, meiner vi det er svært uheldig for landbruket å omdisponere dyrka mark til bustadføremål. Primært rår vi i frå å etablere bustadområde B3, Vinda, og vi ber om at kommunen i staden vurderer om det finst alternativ som ikkje råkar dyrka jord. Dersom kommunen likevel finn det nødvendig å legge til rette for fleire bustader i dette området, rår vi til å avgrense feltet til den delen av området som er klassifisert som skog, slik at ein unngår å byggje på fulldyrka jord.

5.1.2 Fritidsbustader Det er sett av areal til nokre nye hyttefelt. Vi merkar oss det som står i planomtalen om at det som hovudprinsipp ikkje skal leggast ut hytteområde på dyrka mark. Dette er i tråd med føringane i jordvernstrategien for fylket. Med unntak av nytt hytteområde H7 Kjøtnes på sørsida av Lustrafjorden, som omfattar noko innmarksbeite nær eit gardstun, har vi ikkje oppdaga at nye hyttefelt er i direkte strid med jordvernstrategien.

Vi stiller likevel spørsmål ved omfanget av nye hytteområde rundt Heggmyrane på Hafslo. Her er det sett av heile 1200 daa til fritidsføremål. I følgje konsekvensutgreiinga er det liten byggjeaktivitet i dei eksisterande og ferdig regulerte hyttefelta i området. Arealbruken vil dessutan føre til tap av beiteområde og skog, noko som er uheldig for landbruket. Dette tilseier at dei aktuelle areala framleis bør liggje som LNF- område. På eit seinare tidspunkt kan det sjølvsagt vurderast å ta i bruk delar av området til hyttebygging. Vi rår difor i frå at det vert sett av meir areal til hyttebygging på Heggmyrane i komande planperiode.

6 Merknader knytt til samfunnstryggleik og beredskap Av planomtalen går det fram at kommunen legg vekt på å sikre ei trygg utbygging av kommunen. Dette kjem mellom anna fram i dei lokale føringane for planarbeidet, og i oversikta over dei mest sentrale problemstillingane som skal avklarast i arealdelen. ROS- analyse og kunnskap om endringar i naturfarar er peikt på som eit viktig førebyggande tiltak for å unngå uheldige arealdisponeringar.

Det er gjennomført ein ROS-analyse for kvart nye utbyggingsområde, og dette er dokumentert gjennom utfylte sjekklister. I tillegg er det gitt ein samla vurdering av risiko og sårbarheit i planområdet sett under eitt. Kommentarane i dei utfylte sjekklistene er noko og stikksordsmessige, og vi saknar ein presentasjon av kva som er vurdert under kvart tema/ punkt i sjekklista. For seinare planarbeid vil vi tilrå at kommunen innleiingsvis gjer greie for kva problemstillingar, kunnskap og føresetnader som ligg til grunn for kvart tema/punkt i sjekklista (til dømes gjer greie for kva som ligg i «vind, ekstremnedbør»). Vi tilrår også at kommunen vurderer å skrive noko meir utførlege kommentarar om kva vurderingar som er gjort.

Det er ikkje lagt inn omsynssone for framtidig stormflonivå/havnivåstigning, og så vidt vi kan sjå er det heller ikkje sett krav til vurdering av stormflo/havnivåstigning i føresegnene til planen. Vi tilrår at kommunen tek inn ei føresegn som sett krav om vurdering av stormflo/havnivåstigning i planar som legg til rette for tiltak nær sjø. Vi ser av retningslinjene (6.4 Samfunnstryggleik) at kommunen har gjort ei vurdering av kotehøgder og tiltaksklassar, og dette kan gjerne tene som grunnlag for formulering av ei slik føresegn.

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 15/15

7 Merknader knytt til folkehelse, barn og unge og universell utforming Folkehelse, barn og unge og universell utforming er med som utgreiingstema i konsekvensutgreiinga. Vi ser det som positivt at det i føresegnene knytt til bustadområda m.a. er stilt krav til minste storleik på leikeareal.

Med helsing

Gunnar O. Hæreid Nils Erling Yndesdal assisterande fylkesmann fylkesmiljøvernsjef

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.

Kopi pr. e-post: Sogn og Fjordane fylkeskommune, plan- og samfunnsavdelinga Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelinga Villreinnemnda for Sogn og Fjordane, v/Siri W. Bøthun