526914 FULLTEXT01.Pdf (532.0Kb)
Forord August Wilhelm Friedrich Hegelschlegel, Leo Løvetann, Arnold Lucifer Negnaf, alle med lausbart og klovnenase: Kjært barn har mange namn, mange masker, men den fyrste gongen eg støytte på han, heitte han likevel Arild Linneberg. Det var i ein gudsjammerleg lang tekst om Marcus Jacob Monrad, brukt i undervisninga på eit kurs eg fylgde. Då eg las den vart eg, for å seia som Linneberg, jævlig glad. For vel har forsøket Linneberg der gjer på å forvandle den halvt gløymde konservative lutheranaren Monrad til ein modernismens apostel vore omdiskutert, men eg likte pennen det var førd med og fann den fandenivaldske attityden sjarmerande: Vi har litt for lett for å glorifisere sume og kaste andre på skraphaugen, og bli blinde for fortida når vi lovprisar samtida. “Nå ser jeg ikke bort fra,” skriv Linneberg, “at noen betrakter det som en fordel at undertegnede begynte å skrive kortere, så enda kortere, og endelig slutta å skrive kritikk […]”. Det stemmer sikkert, men for min eigen del er eg ganske nøgd med at eg oppdaga litteraturkritikken hans. Den har lærd meg mykje og mora meg endå meir. Takk til mine musar Roan, Ottesen og Vatneødegård for å ha halde meg skjerpa i to heile år, ved stendig å tøme vin ned i nakken på meg og å freista stela ifrå meg konfekten min. Hadde det ikkje vore for dykk, ville eg vore ferdig for lenge sidan, og dét ville i grunnen vore trist. Takk til mor mi for korrekturlesing; ho var den einaste eg kunne tillata meg å plage med – og også den einaste eg kunne våge å tiltru – det inkonsistente, neologismerike, ad hoc konstruerte grautmålet mitt.
[Show full text]