<<

Dette er framlegg til 10 valløfter for . Det er råd å kome med gode konkrete tiltak fram til regionsmøtet.

1 10 valløfter for Sogn og Fjordane!

2 1) Ja til Sogn og Fjordane

3 SV seier ja til ei ny framtid for Sogn og Fjordane, og rettvis fordeling av makt og 4 rikdom mellom folk og regionar. Sogn og Fjordane har både næring, kultur og natur 5 som er viktige å ta vare på, kjempe for og utvikle inn i framtida. Fleire statlege 6 institusjonar har dei siste åra blitt sentraliserte, og difor er det ekstra viktig å lage eit 7 fylke som er tettare på innbyggjarane.

8 SV vil at Stortinget skal skriv ut folkerøysting om framhald eller oppdeling av 9 fylke. Om fleirtalet i folkerøystinga, i ein av valkrinsane, seier ja til Sogn og Fjordane 10 skal Stortinget opprette fylka Sogn og Fjordane og Hordaland.

11 2) Ja til rein Førdefjord

12 SV seier ja til gruvedrift og nei til fjorddeponi og ope dagbrot. SV krev full utnytting av 13 ressursane ved gruvedrift i .

14 3) Ja til eit levande kulturliv i Sogn og Fjordane

15 Eit levande kulturliv treng både dei profesjonelle kulturarbeidarane, institusjonane og 16 det frivillige kulturlivet. SV vil sikre Musea i Sogn og Fjordane og Teater Vestland, 17 musikk-, dans- og dramalinja på Firda vidaregåande skule samt Bokbyen i Fjærland. 18 Vi vil sikre god finansiering festivalar og andre prosjektbaserte tiltak, og gje kulturhusa 19 levelege vilkår.

20 4) Ja til større mangfald i bygdene våre

21 Eit meir variert arbeidsliv og faste heile stillingar, særleg i helse- og omsorgssektoren, 22 gjer bygdene våre meir aktuelle for unge kvinner på jobbjakt. Regionsenter og små 23 lokalsamfunn må få busetje flyktningar, og ta sin del av ansvaret for inkludera. Ein 24 god kommuneøkonomi er avgjerande for heiltidskultur, forsøk med 6-timersdag og eit 25 reelt inkluderande arbeidsliv.

26 Det rike lags- og organisasjonslivet i Sogn og Fjordane må i større grad setje 27 antirasisme og skeive sine rettar på dagsorden, og kommunane må følgje om 28 vedtaket i Vestland fylke om å vere antirasistisk sone.

29 5) Ja til grønt næringsliv

30 Sogn og Fjordane kan bli eit leiande fylke innan grøn industri. SV vil arbeide for å få 31 etablert ein batterifabrikk i fylket og for statleg kompensasjon av meirkostnadene ved 32 utlysing av utsleppsfrie båt- og ferjeruter, til dømes ekspressbåtrutene mellom 33 og Sogn og Fjordane.

34 6) Ja til trygge vegar – skrot ferjefri E39

35 SV vil auke løyvingane til rassikring og byggje trygge vegar med gul midtstripe 36 mellom ferjeleia. Vi vil byggje ny E39 utanfor Førde (Storehaug–Bruland) og gjennom

[email protected] | sv.no/vestland 1 Dette er framlegg til 10 valløfter for Sogn og Fjordane. Det er råd å kome med gode konkrete tiltak fram til regionsmøtet.

37 Gullkista i framfor å bruke pengar på svindyre fjordkryssingar. SV vil støtte 38 fleksible kollektivordningar i Sogn og Fjordane.

39 7) Ja til vestlandsbonden – takk for maten!

40 Bøndene treng ei løn å leve av, og Noreg treng også deltidsbonden. Dei økonomiske 41 verkemidla må bidra til større bruk av beiteareal og lokale ressursar, og betre vilkår 42 for produksjon av grønsaker, frukt og bær. Vi vil verne strengt om matjorda, og 43 myrane som er viktig for å binde CO2. Det må verte eit løft for økologisk landbruk i 44 jordbruksavtala.

45 8) Ja til ein sterk høgskule!

46 Høgskulen på Vestlandet er ein nasjonal og internasjonal forskings- og 47 utdanningsinstitusjon som også sikrar kompetanse til heile Sogn og Fjordane. Vi skal 48 jobbe for vidare ekspansjon av campus i Førde og . I Førde vil vi sikre 49 utdanning av sjukepleiarar og ingeniørar, og i Sogndal skal vi sikre eit bredt 50 studietilbod og profesjonsutdanningar.

51 9) Ja til nynorsk!

52 Det skal vere like lett å skrive nynorsk i alle samanhengar som bokmål. I den nye 53 opplæringslova skal vi sørge for at nynorskelevane vert jamstilt med bokmålselevane. 54 Nynorsk språk må sikrast også i programvare og på nettet.

55 10) Ja til ville vassdrag, reine fjordar og reint hav, og nei til vindkraft

56 Tap av natur og klimaendringar truar livet på jorda. SV vil verne om dei ikkje-utbygde 57 vassdraga i Sogn og Fjordane og seier nei til fleire vindkraftutbyggingar på land i 58 fylket. Vi vil arbeide for ei tilskotsordning i Miljødirektoratet inspirert av Klimasats, der 59 kommunar og andre kan søkje om midlar for å sikre reint hav og reine fjordar.

[email protected] | sv.no/vestland 2